Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_186_
Naudi var størst. Ein Dag, naar han kom heim
svolten og trøytt, og reint modlaus, laag der eit Brev
paa Bordet til han med 100 Dalar i, og berre dei
Ordi: »fraa ein ukjend Ven; friskt Mot!« Og naar
dei Dalarne var slutt, so kom der eit nytt Brev av
same Slaget . . . Han sat og reknad ut, korleis han
paa beste Maaten skulde bruka desse Pengarne; men
han kom etter, at 100 Dalar var reint for litet, og
so drøymde han Draumen um att, men so, at no laag
der 200 Dalar i Brevet. So bankad det paa Døri,
og so kom Gregus Johnsen, og sat ei lang Æva og
snakkad um Keisar Kaligula. —
Dagen etter gjekk Daniel upp i Universitetshallen
og saag etter, um der var nokon Huslærarpost utlyst.
Jau, der var ein, — hjaa ein Doktar burtpaa
Strilelandet. Daniel gjekk att med ein Gong; Vaarherre
kunde daa aldri vilja, at han skulde grava seg ned
paa Strilelandet. Der maatte vera Maate med alt.
Han hadde ikkje lenger R,o til aa sitja inne og
lesa. Ikkje kunde han gaa paa Forelesningarne
helder. Han gjekk mest og dreiv paa Gata for aa
døyva sine rædde Tankar i Draumar, og han hadde
ei løynleg Von um, at han paa denne Maaten kanskje
kunde slumpa uppi nokot; Lukka hans sat kanskje
og ventad paa han her elder der, berre han kunde
koma yver henne. Maten! Por ein so jammerleg
Ting som Maten kunde daa ikkje ei Sjæl gaa under.
Alle Heltar i alle Dikt fekk altid Maten; det var
raatt aa spyrja um slikt. Maten maatte koma.
•Vaarherre var væl ein likso god Diktar som dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>