Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_187_
andre . . . Det vilde vera meiningslaust, tankelaust,
ja uforsvarlegt, aa hjelpa han upp av Bondelivet og
so sleppa han att, — lata han døy i fyrste Akt, i
Slutten av fyrste Delen. Slikt gjekk ikkje an! Det
var ikkje fritt for, at Daniel i sine innste Tankar
so smaatt trugad Vaarherre med, at han vilde slutta
aa tru paa han, dersom han ikkje hjelpte no.
Dette var Tankar, som han sjølv fann formastelege;
men han forsvarad seg for Gud og seg sjølv med, at
dersom han no skulde verta uppraadd, so vilde han
verta nø-ydd til aa tru, at der ikkje var Meining i
Livet. Og so lett som det maatte vera for
Vaarherre —! Han, som hadde kvar Manns Hjarta og
Tanke i si Haand, — kor lett kunde ikkje han stella
det so, at nokon kom og hjelpte? Og Daniel gjekk
og tenkte ut — til Rettleiding for Vaarherre -—
tu-sund Maatar, som det kunde gjerast paa. Eit gamalt
Minne um eit Salmevers sveiv stundom fram for
Hugen hans, nokot um, at Vaarherre gav Borni sine
det, dei trong um, naar dei laag og sov; han gjekk
og soknad og soknad i Minnet sitt etter dette Verset,
men fekk ikkje Tak i det; derimot var der nokre
andre av Kingos Salmevers, som susad so smaatt for
Øyro hans, og som etterkvart song seg upp, so han
tilslutt s3rntest høyra dei, — Vers, som han nok
eingong hadde lært, daa han gjekk for Presten —:
»Mit Hjerte, hvi græinmer du dig,
bedrøver dig saa sørgelig
for Verdens timelig Gods?
Din Trøst sæt til din Herre og Gud,
der alting skabte ved sit Bud.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>