Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_255_
gjord med den Trui, at det galdt aa hava rette
Meiningar. Og det kunde han ikkje koma ifraa enno.
I\va kunde det nytta aa tenkja sjølvstendigt, naar
ein tenkte galet? Og naar ein skulde lita paa sitt
eiget Vit, so kom ein til aa tenkja galet. Fram og
Rud og slike, dei var visst sjølvstendige nok, men
so var dei Rasjonalistar! Og kor langt vilde dei
koma med det?
Det nyttad lite aa vera sjølvstendig, naar ein
skulde døy. Daa galdt det aa hava den rette Trui.
Hadde ein ikkje den, gjekk ein til Hel vite, kor
sjølvstendig ein var. Og her i Verdi var det i Grunnen
paa same Maaten: vrange Meiningar øydelagde sin
Mann.
Det maatte kunna gaa an aa tenkja sjølvstendigt
og rett paa ein Gong, og det var naturlegvis det,
Folk meinte. Men daa galdt det aa vita
Framgangs-maaten. Han ordad eingong innpaa um dette for
Proprietæren. Og denne svarad, at det galdt aa vilja
det rette. Vilde ein finna det rette, so fann ein
det; men leet ein Tanken laupa sjølvstyrd, og var
like sæl kor det bar av, so kunde ein nok tenkja seg
burt i Villska. Daniel totte dette var rirnelegt; han
hadde i Grunnen altid visst, at det var Viljen, det
kom an paa. Like væl fann han, at Saki var mindre
klaar. Tanken, den gjekk sine eigne Vegjer den,
som Gregus Johnsen hadde sagt, og det var væl ikkje
altid aa lita paa, at Viljen hadde Magt til aa halda
Leidi.
Nei, det var ikkje greidt aa tenkja sjølvstendigt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>