- Project Runeberg -  Bondestudentar /
290

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_290_

med der, Huslærar?« spurde Viborg ertande; han
stakk ofta paa Glaset. Daniel riste paa Hovudet;
han vilde ikkje ljuga . . . »Kva var De vilde fortelja
um Monsen?« sagde Stensrud. Jau, Fyren gav
seg ut for, at han vilde pipa, og fekk paa den
Maaten Fribillett; men i god Tid fortalde han so det
heile til ein Konstabel, og sidan gjorde han Mynt ut
av, at han ikkje hadde pipet! »Ja dei Bønderne,
dei Bønderne!« lo Hr. Petersen; han kunde ikkje
finna paa nokot vittigt no; for han var full.

Daniel likad seg ikkje lenger millom den
formelle Daning. So snart han saag seg Kans til det,
stiltrad han seg ut og gjekk og lagde seg.

Men det varde lengje, fyrr han fekk sova. Han
laag og harmad seg yver, at han hadde klarat seg
so kleint, og no, etterpaa, fann han ut ei Mengd med
gode Ting, som han burde ha sagt til dei fine
Herr-arne. Innimillom vreid han seg i Spursmaal og Tvil
um, anten dei i Røyndi visste nokot elder ikkje; ymse
og underlege Ord hadde fallet; men dei kunde daa
væl aldri tru, at han var slik ein Fyr som denne
Rødberg elder Peder Monsen! Og so hadde dei gjort
Narr av han —! og han hadde ikkje kunnat klara
seg. Nei, frons urbana, den maatte til; ein kunde
ikkje berga seg utan den; men hadde ein den, so
kunde ein segja og gjera kva ein vilde ... Og so dumt
som det var, at han ikkje hadde talat for
Fedrelandet. Hadde han gjort det, so hadde dei daa set,
at han var nokot til Kar . . . Men i Morgo, i Morgo
skulde han fara klokare. Han skulde syna dei vise

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0299.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free