Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Herrarne, at han ikkje var nokon Kastekjepp! og daa
skulde han halda Talen for Fedrelandet. Denne
Tanken gjorde, at han vart rolegare. Og Talen for
Fedrelandet tok han til aa halda med seg sjølv, og det
gjekk godt, totte han —: »Mine Herrar! Under
all vaar Strid . . . er der daa eit Namn, som
samlar oss . . . samlar oss i Eldhug, i Gleda . . . eit
Namn, som . . . naar det vert nemnt . . . fær oss
til aa gløyma alt det, som hellest kann skilja oss aat
. . . og til aa . . . gjeva kvarandre Broderhaand . . .«
— »Underlegt nok«, tenkte han med seg sjølv, »at
ingen av dei andre helder talad for Fedrelandet. Er
det ikkje fint, kanskje? — Jauvist er det væl fint.
Det er berre Internasjonale, som trur, at Fedrelandet
er ein Frase« ... »— gjeva kvarandre Broderhaand
. . . liksom Fedrarne paa Eidsvoll . . . Ja, mine
Herrar! dei store Minni . . . Soga . . . I Rosenlund
under Sagas Hal . . . dei store Fedrarne, Vikingarne,
som vann heile Rike . . . alt dette . . . dei høge
Æser . . . og Aasynjur . . . og dei høge
Helteskikkelsar, som vandrar gjenom Soga . . . dei høge
Haakonar . . . dei høge Olavar . . . Og endaa hev
me Menn, som . . . vil vaaga Liv og Blod . . .« —
— Hr. Jokum sat ved Bordet og nikkad;
Olafsordenen hadde han paa Bringa. Men Grosserar Storr
stod og glodde paa Daniel med heite Augo og sagde,
at Fedrelandet var . . . Fedrelandet var . . . han vilde
segja ein Frase.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>