Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_303_
Kapellanen forklarad Grunnarne til, at han ikkje
hadde skrivet fyrr; det hadde mest komet av, at han
meinte Daniel burde faa utvikla seg heilt ut fritt,
sjølvstendigt. No trudde Kapellanen, at Guten
var vaksen nok til aa taka imot baade Raad og
Rett-leiding; »Rud hev fortalt meg, at du sidan i Sumar
hev voret Huslærar paa Landet, og der veit eg du
hev samlat deg og komet til full Klaarskap um det,
som maa vera Grunnen i Livet ditt«, skreiv han.
Og han heldt fram: »Eg vonar for visst, at du hev
bergat Barnehugen din gjenom Strævet; for du veit,
at det er Barnet, som eig Himmeriket, og eig den
sannaste Visdom. Og iser trur eg meg trygg paa, at
du hev haldet deg fri av - alt dette Byvaset, denne
tome, hole, skraslande » formelle Daning« elder kva
dei kallar det; du var ein for varm og ægte Natur
til, at slikt skulde kunna bergtaka deg. Du hev set
so mykje av Bylivet, at du veit, kva det er verdt.
Kaate Munnar og kalde Hjarto, Smaamoro istadenfor
Aalvor, Vitsar istadenfor Visdom, Dans ikring
Gullkalven og Aping etter aandlause Motar istadenfor eit
Liv i Kjærleik og Kraft, — det er nokonlunde
Kjen-nemerki paa dette Livet, som dei vil skal gjelda for
det høgste, — eg vil ikkje tala um all den Sedløysa
Styggedomen, som løyner seg attum Stasen, og
som ikkje er til aa nemna. Kvar aalvorleg Tanke
drep dei med Laatt; deira Livs Maal er aa eta og
drikka og sola seg i Naadestraalame fraa dei, som
hev Magti. Dei sel sine Meiningar for eit Smil og
sine Sjæler for ein Orden, og heile Livet deira er
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>