- Project Runeberg -  Bondestudentar /
304

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_304_

ei straalande Lygn. Naturlegvis veit eg, at det finst
det, som er godt og fagert i Byen og; der er baade
Kunst og andre Ting, som kann lyfta og gleda Aanden,

— eg vil ikkje tala um alle dei gode Menn og
Kvin-nur, som ein der kann raaka og tala med, Folk, som
liver eit sannt Menneskeliv midt i Tomleiken og
Staa-ket. Det, eg talar um, er det, som me serleg kallar
Bylivet, dette Livet, som gjer Folk til Pyntedokkur
og Dansemeistrar og drep alt Liv og all Aand og alt
Aalvor i eit endelaust Jag etter Fjas, og tømer Folk
so reint for all aandeleg Merg, at dei tilslutt ikkje
kann hava andre Meiningar og Tankar enn dei, som
er paa Moten. Og det vil du kjenna til likso godt
som eg. Nei, — som eg trur eg paa min Maate lærde
deg: Mannen er Gudskelov annat enn ei Parykblokk
elder uppklædd Dokka, og Livet er nokot annat enn
aa kunna dansa godt og vera Løva i ein Balsal. —

— Og det er det største, eg hev lært her paa
Lands-bygdi: at kor armt og skralt og ofta ufagert
»Folkelivet« kann taka seg ut for den, som ser det
»ovan-fraa« gjenom Lorgnettar, — det er daa det, som eig
mest av Sanning og Aalvor og Hjartelag; det er daa
det, som er det rikaste og sannaste i Grunnen. Her
er lite Form, men dessmeir Innhald; det er klaare,
klingande Malmen, ein her finn; Yta er kald og myrk,
men under den gjøymer der seg Gull, Hjartegull.
Her maa me byrja, her maa den arbeida, som vil
vera med paa aa vekkja Folkeaanden i Norig.

Du vil hava set, at eg i desse Aar hev havt
mykje aa staa i. Eg hadde ikkje tenkt meg Folket

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0313.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free