Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
322_
sjaa ut som Bønder sjølve. Daniel saag seg leid paa
a,lt dette. Skulde det halda slik paa, so vilde det
snart ikkje vera nokot framifraa aa vera Student.
Alle desse Bondegutarne drog Studenterlivet ned;
Folk vilde koma til aa. ikkje vyrda Studentarne meir
enn andre Seminaristar.
Punsen gjorde seg fælt drjug, og daa han
endeleg kom, var han ikkje drikkande. Det var
Sukker-vatn. Russetalen hadde nokot av det same. Der
var mykje søtt og lite sterkt, mange Blomar, men
lite "til aa læ aat. Det meste var fagre Ord um
Studenten som »Folkets Søn« og Studenten som
»Berar av Ideen«; Russen helsad alt dette med
rasande Eldhug, og Daniel hadde so nær sjølv vortet
riven med; men so hugsad han i rette Stundi, at
slikt vilde upplvste Folk kalla Frase. —
Og’det vart vene og verre, di lenger det leid.
Soleis var der ein, som talad for vaare »folkelege
Stormenn*, som han sagde var Utslag av den norske
Folkeaand; dei løyste det, som laag bundet i Folket, og
var Folkeførarar, Folkeskaldar, Folkekjempur,
Folke-frelsarar; ein annan talad i svimrande Ord um
»Nordens Aand«, som var alt og var god til alt; so kom
det ein og talad for Folkehøgskulen, som han sagde
var Dotter av Nordens Aand; denne Skulen skulde
vekkja Folket og løysa Folket og spela Folkeprinsessa
ut av Havmannens Vald, men Havmannen var
Materialismen; tilslutt kom det ein ung Bygut upp og
talad paa »Maalet«. Daa vart Daniel baade skamfull
og arg. Han likad ikkje aa høyra denne Bondelaaten
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>