Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_314_
i godt Lag, og dessutan, naar ein fyrst med Slit og
Slæp hadde arbeidt seg upp or Bondelivet, so vilde
ikkje han vera med paa aa støypa seg ned i det att.
Han reiste seg og gjekk ut i eit Siderom. »Eit
Live! fyre da’ norska Maalet!« skreik Maalstrævaren ;
»Hurra! Hurra! Hurra —!« svarad Salen; Daniel
meinte dei var galne.
Han sette seg ved eit Bord og stakk paa Punsen.
Han kjende seg so leid og aaleine. Bønderne kunde
han ikkje lika, og millom Byfolket var han nok helder
ikkje rett heime. No hadde han fenget som ei* Von
um aa naa fram til fin Folkeskikk; men so gav
Byfolket seg til og vilde vera Bønder att; det var
plent liksom det, han hadde strævat etter i alle sine
Dagar, no ikkje lenger skulde vera nokot tess. Han
forstod ikkje slikt; det tok til aa gaa i Bing for han.
Tilslutt vart hans harmfulle Tanke heftande ved
Kapellan Hirsch. Hadde den . . . den . . . Drøymaren
lært han upp paa vanleg Latinskulevis, so hadde
kanskje alt no voret godt. Men slik var det, naar
Fatikmanns Son skulde fram i Verdi; so gjekk det
paa Slump, og so gjekk det deretter. »Hurra! Hurra!
Hurra!« kom det dundrande fraa Salen som kvasse
harde Toreskrell, »Hurra! Hurra! Hurra!« verre og
verre ... og so ein Dur, eit Dunder av Klapp; og
ut av Braket arbeidde det seg fram ein Tone, ein
Song, sterkare og sterkare, sterkare og sterkare, og
Songen vart til ein Storm, som fyllte Huset —:
»Ja vi elsker dette Landet
som det stiger frem
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>