Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vestpå einkvar stad, av di dei var so gamle, eller av di
dei hadde kone og born å forsyrgja. Um Per Brageland
hadde Jens Rud sagt, at «ett dåligt hufvud hade han,
men hjertat det var godt>; sidan heitte han Sven Dufva.
Endeleg rekna dei Markus Olivarius Markussen med til
«Ruderne», mest av di han var målmann; det var ein
herdebreid, hårfager trønder, ihuga og smågløgg, med
mange hugmål, snar til å læ, ei livleg sjel. Han
og Halvor Mosebø budde i hop; dei «disputera og lo,
dei disputera og drakk øl», og heldt modet uppe i det
lengste.
Ranglefantane var helst å finna millom dei
«meiningslause», sa Haugum. Der var Isak Abrahamsen Opjorden,
som til slutt vart teken heim frå skulen; og der var Bent
Bu, ein fyr som sjeldan var å sjå. Olsen den fyrste og
Simon Husmo hadde au sine «øl-rider»; men det var
berre ein gong imillomåt. Bernt Bruvik, som «alltid
hadde same meiningi som den han tala med», låg etter
alle dei tjenestgjentor han såg; og kvar gong han fanga
ei, «vart han burte frå skulen i 8 dagar», gjekk ordet. —
— Frå Tarald Ruste fekk Daniel ender og då brev
um at han måtte spara. For spart var spart; og landet
var fatigt; og embetsmennene levde altfor feitt. Lias
skreiv ein hende gong og fortalde, at alt stod godt til,
og at han mest ikkje kunde klara seg. Ingen skreiv um
det einaste Daniel brydde seg um: Inga. Daniel sende
tvo gonger brev til Judit og freista å få henne til å
fortelja frå klokkargarden; men den døta forstod ikkje
meiningi.
Pengar fekk han berre so vidt han kunde slita seg
igjenom. Stundom nådde ikkje sendingane i hop; då
hende det at han laut låna. Men det var ikkje får leg; han
visste han kunde betala. Og han vart alltid berga.
Greidast var austlendingane å beda um slikt;
vestlendingane var meir vare av seg. —
Ein dag kom Jens Rud til han med ei kjærleg helsing
frå kapellan Hirsch. Daniel raudna. «Kjenner De kapellan
Hirsch?» spurde han. «Ja; han er gift med syster mi,»
svara Jens. «Å; so?» — Men Daniel kjende seg styrkt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>