Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
av denne helsingi; og han lova seg sjølv, at han ikkje
skulde gløyma sin gamle lærar.
Våren var seinare her enn heime. Det tok til å letna
alt i mars, med varm sol og høg himmel; men so kom
april med vinter; og når den slutta, og det rett tok til
å verma i bakkane, so kom mai med ein kald
nordan-vind som aldri tok ende Jau, på resten rann juni upp,
— juni med si kvite sol og sin tette ølrøyk burt-yver
fjorden og dei fagre åsane. Og sumaren sprang ut på
ei natt.
Men då vart det for varmt att. I byen var det som
i ein bakaromn; ein kunde knapt nok anda.
Då Daniel hadde lengta seg leid etter frimånaden, —
so kom frimånaden med. Då var dei som blåsne burt,
alle dei underlege fuglane på Heltbergs fabrikk; og
Daniel gjorde seg ikkje drjug, han heller. Ein forunderleg
ting skulde det bti å koma heim Kristianiamann. —
— Inga Holm var bleikare no, og meir vaksi, men
ikkje mindre søt. Dette drag av mild lengt, denne dåm
av blid drøyming, låg yver henne enno som eit
huldre-slør. Men kvi var ho so bleik, den vene møy? Hadde
ho sorg? Gjekk ho i ein lengt som ikkje fann ord?
Kunde ho ikkje sova um natti for tanken på ein ven?
Og Daniel kjende bringa si gå full av søte straumar
ved den tanken, at kann henda var det honom ho bleikna
burt for i løynd. Men . . . dersom det no var ein annan.
Og kor rimeleg var ikkje det. Då vart det gråkaldt og
tomt ikring Daniel. Og inni bringa hans vart det like
eins gråkaldt og tomt, med små rivande stynger.
Når han var til kyrkje, sat han i skulemeisterstolen
no, til eit merke på at han var komen upp yver
ålmugen. Og han sat der og gjorde seg til for Inga Holm på
fråstand som i gamle dagar. Men ein sundag hende
det ein uventande og forunderleg ting: Då messa var
slutt, kom gamle klokkar Holm og bad han med seg
heim til middags. Daniel vart blodraud og reint fortrylt.
cTakk . . . Takk», sa han. Kunde det vera Inga sjølv
som —! Saman med ein av dei eldste skulemeistrane
fylgde han med bivring i bringa klokkaren heim.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>