Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
av det dei elles gjekk og tagde med. Pengesorger og
synder, narreverk og dårskapar vart framlagde so
tru-hjartigt og heilt som dei stod for sin siste domar. Daniel
kunde ikkje lenger bera sine elskhugssorger åleine;
Gregus Johnsen lét Ortvedt vita at han arbeidde på eit
stort syrgjespel som skulde heita Keisar Kaligula; «det
var fanden!» lo Ortvedt; taut Cæsar, aut nihil,» sa
Gregus Johnsen. Men Hærland, som no var komen upp
av sitt blide lag, gjekk og la ut for Haugum so busti
fauk, at læra um Kristi guddom var ubibelsk. Og dei
drakk dus med heilag ihuge, og heldt av kvarandre og
trudde på kvarandre, og lo i store glade låttar at ingen
verdsens ting. Ender og då sette dei i med Sjungom
studentens\ då gløymdest alt anna, og alle song med:
ilåtom oss frøjdas/» — men straks koka drøset uppatt,
og verset vart aldri utsunge. Lufti stod tett som ein
eim av tobakksrøyk og toddy-eim; Haugum fekk sett
eit vindauga på glytt; men det hjelpte ikkje mykje.
So klinka det på eit glas; ein eller ein annan steig
fram raudøygd og bleik og heldt ein skåltale for det
eller det, for den eller den; og då Hærland hadde tretta
seg trøytt med Haugum um Kristi guddom, heldt han
ein stor tale for «dei velduge ideane, som no som ein
flaum braut inn-yver oss frå Europa». Det vart mest
morgon fyrr dei slutta.
Men av slike kveldar hadde dei fleire. Og dei song
og bråka og skifte ord um alle ting; slost um politikk
og store spursmål, so dei mest vart uvener stundom;
ofte fekk dei Aslak Fjordan og Halvor Mosebø til å
stevjast, eller Hærland til å fortelja eventyr på
sogne-mål.
Når dei so pratande og småsullande dreiv arm i arm
burt gjenom gata langt på natt, hadde dei mest jamt
ein konstabel siglande i hælane på seg; «han forstod
det var russ, og lurde etter bøter,» meinte Hærland. No
skulde det frå gamalt høyra med til studentlivet å
liggja i ufred med politiet; men den ufreden lét dei
vera; når dei høyrde konstabeltakten etter seg, vart dei
støde og ålvorsame som eit formannskap. Den gamle
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>