- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
106

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

bonderespekten for alt som lukta «øverheit» sat dei alle
i blodet; ja Daniel vart fastande, når han såg lovens
mann. Det kunde henda, at Aslak, når han hadde
dugeleg i hatten, fekk hug til å «godprata litt med den
konstabelslusken,* som han då vilde «spretta upp i
rygg-saumane» eller «slå hovudet ned gjenom halsen på»;
men då hysja dei på han alle i hop. Daniel var so redd
at han var på livet; det var ikkje godt å vita kva veg
det bar, dersom ein kom i klørne på politiet, meinte han.

Men elles kunde dei våga seg ut på ville vegar
Laus-slopne frå alle tuktemeistrar, frå dei strenge bondeskikkar
og den gløgge folkedom, totte dei at dei burde bruka
sin fridom. Kristiania nattliv stod for dei som eit vilt,
lokkande eventyr; ein burde kjenna dette utrulege
var-ulv-liv utanfor al! regel og utanfor all moral, utanfor
det menneskjelege samfund. No kunde det henda, når
dei var kvike og kvate og natti var myrk, at Ortvedt
nemnde «01 ovenpå»; og so gjekk dei dit, der dei
«kunde få øl etter klokka 12 s>. Men det hadde dei lite
moro av; eventyret var ikkje noko eventyr. Jammerleg
Kristiania-prosa var det, råskap og rotenskap og lukt
som i ein rennestein. Det var utruleg at slikt kunde
vera til, og at folk kunde bli so ulkeleg fæle. —

— Daniel vart snart leid av å gå på fyrelesningar. A
si^a der uppe på det svarte universitetet fire fem timar
kvar dag og høyra på endelause utgreidingar um vinklar
og kategoriar, det var ikkje stort likare enn å vera i
skule. Ikkje lærde han noko heller. Han undrast på
um det ikkje var slike fyrelesningar professor Darre hadde
meint, då han tala um åndlaus ser vitskap. Og
filosofien, — ja den var ikkje til å forstå, som Hærland
hadde sagt.

Han gav seg til å forsøma. Når det leid til eksamen
kunde ein plugga i seg det som turvtest av bokene;
det gjorde same nytta. Og det var mange som gjorde
det so. Andre-eksamen var dessutan lett. Og hadde
so lite å segja; ein kunde nytta si tid betre; ein kunde
sitja heime i ro og mak og studera menneskelivet gjenom
åndfulle bøker.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free