- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
107

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So gjorde Danie! det. Ikkje kvar dag; kjenningane
kunde undrast på det; men ofte. Og det vart oftare
og oftare

Dei «åndfulle bøkene» fekk han låna av Gregus
Johnsen for ei flaske øl so då og då; etter kvart slo han
seg på romanar. —

— Men smått um senn tok pengane hans til å minka.
Eit av tvo laut han gjera no etter kvart: sjå seg um
etter noko å tena skillingar med, eller taka til å spara
alvorsamt.

Han valde sparetanken. Ein fekk vera fri student
so lenge ein kunde; og hjelp kom det vel ein gong,
den som berre heldt ut.

Lias måtte ve! få selja sitt skjerp no snart; so vart
me berga alle. Og um det skulde knipa, so sa det
seg sjølv, at det måtte vera snart gjort å få arbeid i
ein so stor og rik by som Kristiania.

Det einaste han kunde spara på no var maten. Men
det var som det skulde vera. Filisteren levde so han
kunde eta; ein student åt so han kunde leva; ein sann
student og idealist skulde leva på smai kost. Og Dølen
hadde levt sine beste dagar når han ikkje fekk
middagsmat.

Dette vilde Daniel freista. Tvo dagar um vika lét
han middagen vera og levde på «heimemat». Og det
totte han gjekk godt i grunnen.

Men pengane minka og minka.

Ein fekk knipa inn ein middag til. Det var ikkje
onnor råd; dessutan var der det gode med å halda
middag heime, at det var so makleg. —

Han vart meir og meir lat. Um morgonen låg han
og las og røykte til langt på dag; og når han kom
upp, so bar det i veg med same arbeidet.

Det var so hyggeleg å lesa um kjærleik. Mest alltid
fann han ei gjente som kunde vera Berta Maria, og ei
som kunde vera Inga Holm; og då var det som
draumane hans fekk liv. Men livet sjølv vart ein draum
som han gløymde.

Han tok til å forstå hin guten som ynskte å vera

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free