- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
109

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han hadde kjenningar; men dei turvte sine skillingar
sjølve. Haugum skulde heim til nyår og taka ein
skulepost; Ortvedt skulde upp på landet og vera
huslærar; Aslak Fjordan hadde nok alt slite sterkt på
bankboki si, og Hærland og Sven Dufva — levde på
lån som dei fleste andre. Dessutan heldt kjenningane
seg meir ifrå han no. Daniel tok til å sjå soleis ut, at
dei alltid var redde han kunde vilja låna pengar.

Han tenkte ikkje på å vera fin; dei draumane hadde
han lagt til sides for det fyrste. Kisteklædi sine måtte
han spara so lenge han kunde; og med kvardagsklædi
var det heller skralt. Trøya hadde skift leter, so ho
var midt millom flaskegrøn og oskegul, og ho hekk i
posar um han som ein sekk; vesten knappa han att
heilt upp åt halsen til å løyna skjorta, som sjeldan var
i vask, av di vask kosta mynt; og um halsen hadde
han ein papirsnipp som ikkje vart bytt ofte. Håret
fekk veksa som det vilde sjølv; og raude skjeggfliser
grodde på hoka etter sin eigen tilhug. Men ned-etter
føtene låg broki i store kne, og upptafsa og fæl ut-yver
dei skeive, sprukne støvlane. Han trøysta seg med at
no vinteren kom, kunde han løyna det verste av
armods-domen med vinterfrakken.

Toddykveldane kunde han ikkje vera med på lenger,
av di han ikkje hadde råd til å vera vert sjølv nokon
gong. Dessutan vart han so snart full no, og so reint
brysam. Han vart meir åleine, og la seg meir og meir
i hie; det ideale studenterliv fekk han drygja med no,
til dess han fekk skillingar.

Kvar dag gjekk han og venta på brev frå Lias um
malmgruvone. Men det drog ut. Og Daniel kunde
snart på dagen rekna ut når han vilde vera
skillings-laus.

Husleiga tor den siste månaden hadde han alt vore
kravd for. Den gongen hadde han sloppe frå det på ei
vis; men nytt krav kunde han venta når som helst.
A, at ikkje Lias kunde skriva! —

— Jau; ein dag skreiv Lias. Han skreiv, at han
vilde selja garden og draga til Amerika. Han hadde no

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free