Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ei tid fare galen og havt skjerpefeber og øydt upp tid
og pengar på det verste juks; no kunde han ikkje klara
seg lenger. Jens i Larsebakken eller banken fekk taka
garden, og ho mor fekk vera hjå Judit, som no skulde
gifta seg med ein snikkar ned på Neset; han sjølv vilde
fara med næste båt.
Daniel sat og las dette, og det var som eit berg av
draumar ramla ned yver han med brak og gov; no låg
han der. Kvar skulde han no av!
A, at ikkje Vårherre kunde hjelpa. Han som åtte
heile verdi; han, som var allmektig , . . Kunde han
ikkje hjelpt Lias til å finna noko malm? Kunde han
ikkje med eit ord ha skapt ein malmgang i det fjellet
der Lias hadde teke skjerp ? Kunde han ikkje . . .
kunde han ikkje skapa dette brevet um til gull . . .
eller gjera den lampa til gull; eller blekkhuset . . .
«Den som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde,»
stod der. Men det var ikkje sant! Hundrad tusund
glade gutar gjekk ikring i denne verdi og gjorde ingen
ting, anna enn ugagn, og levde likevel, levde godt, levde
høgt, av di dei hadde ein rik far, eller ein stor arv;
kvi skulde ikkje ein annan vera likso nære til slikt
som dei, tru f
Då Daniel hadde tenkt seg trøytt på dette og skjma
at han ingen veg kom, drog han ein tung sukk og sa
til seg sjølv, at no fekk han freista det siste.
I ein by som denne var der arbeid nok. Det galdt
å finna noko som ein kunde lika.
Han tenkte etter. Men alt som kom for han var so
åndlaust; der var ingen idealitet i det. Dessutan kunde
han det ikkje.
Kva kunde han? Føra bøker? Nei. Vera lærar i
musikk? Nei. I matematikk? Nei. I latin eller gresk?
Nei. I tysk eller fransk? Knapt nok. Ingenting kunde
han, som her var brukande.
Og kven skulde han gå til? Han kjende ingen. Ingen
som hadde pengar eller makt. Han fekk sjå etter i
bladi, um der skulde vera noko.
Nei. Ingenting for honom. For handelsfolk og tenest-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>