Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Han dreiv på og tagde med sine meiningar som
fyrr. Men han gjorde det på ein annan måte; for
ljuga vilde han ikkje. Når proprietæren kom med sine
setningar, heldt Daniel fram kva motpartiet meinte;
«so og so segjer dei; kva skal ein svara til det?» —
og so lét han sistpå proprietæren vinna. Dette gjekk
godt. Daniel var i grunnen leid av den politikken.
Ti! byen lengta han meir og meir. Kvar dag såg
han etter i «Borgeren», um der kunde vera nokon post
åt han der inne. Men det såg smått ut. Um der var
noko, so var det anten for stort for ein student med
haud, eller for smått til å leva på. Han tok til å drøyma
um Lias i Amerika, Kann henda råka den slampen
upp-i eitkvart der; fann gull i Kalifornia; gifte seg rik;
og so sende han ein god dag heim ein veksel, ein stor
veksel . . . Det var forunderleg at Lias ikkje hadde
skrive enno.
Jau; ein dag skreiv han. Daniel såg
Amerikastem-pelen og reiv brevet upp med bankande hjarta, Lias
fortalde at han hadde slite mykje vondt og havt «mange
slags forretningar», men at han no var komen i ro for
det fyrste og lika seg godt; for no hadde han fenge
fast post og var fjøs-kar. Daniel grein; vart både fiat
og lang i andletet. Fjøs-kar! Og so skreiv den slampen
so modigt som han skulde ha funne gull . . . rødde
um politikk; um den amerikanske «fridomen» ; her
var so fritt her, skreiv han. Ja visst. Det skreiv dei
alle. Det var noko tøv. Her var skam fridom nok i
Noreg med; den som berre hadde pengar . , . Daniel
la brevet ifrå seg; Amerikavekselen var nok ikkje noko
å drøyma um.
Dess meir drøymde han um byen og um den
formelle daning. Ein ting kunde han skaffa seg straks,
som vilde hjelpa på det formelle, meinte han; og det
var brillor. Han tok til å jamra seg yver at han vart
veik i augo; og då proprietæren reiste til Kristiania i
marknaden, fylgde Daniel med til å søkja råd for dette;
og brillor fekk han. Det hjelpte svært. Brillone tok
burt noko av det godslege i andletet, la ein kald glans
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>