Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
yver det, som gjorde det strengare; Daniel spegla seg
og fann ut, at når han no berre fekk større skjegg, so
skulde ingen kunna sjå at han hadde vore bonde.
På denne byferdi fekk han sjå att eit par gamle
kjenningar. Han sat ein kveld inn på ein hotell-kafé
saman med student Stensrud, Endre Storr og Knutzon;
so kom det nokre karar og sette seg ved eit bord nære
ved og gav seg til å drikka toddy; ein av dei var
ukjend; dei andre var Aslak Fjordan, Gregus Johnsen
og Strand. Dei var visst alt på ein lette; og noko
fjonge såg dei ikkje ut; Daniel snudde seg ifrå dei;
i hans lag no vilde dei ikkje høva.
Storr sat med ein raudvinspjolter og la ut um, at
marknader var uskikk; Knutzon la imot, og Daniel
totte han hadde rett gode grunnar. Men endeleg rauk
Knutzon; kunde ikkje klara seg mot Storr. Då fortalde
han roleg, at det han her hadde sagt, det hadde han
frå ein mann som grosserar Lainpe; og ein skulde då
tru at den mannen visste kva han sa. Hm, so slike
folk og kann vera usjølvstendige! tenkte Daniel; han
lika seg. Men at dei hadde mod til å vera ved det!
Storr dreiv på med nasjonaløkonomi. Han banna
bøndene, som hogg ut skogane sine og dermed øydde
sin eigen og landsens kapital; men kann henda måtte
me bli fant, so me vart nøydde til å læra å arbeida.
Det me helst hadde tevt på fyrr, skogen, skipsferdi,
fisket, det var for mykje lutspel, gjorde oss til
drøymarar, lærde oss låk moral. Der gjekk folk burtetter
hav-kanten og sette alle sine spareskillingar i skipspartar
eller fiskedrifti; slo det godt til, so tente dei pengar
og sette dei i andre skipspartar; gjekk det so gale, so
ramla heile stasen ; og dei stod att med tvo tome
hender; der var ei Grundung utan underlag; det måtte
enda med armod. Men det verste var, at det øydela
framtak og viljekraft. Folk lærde seg til å lita på
sluropelukka; vilde bli rike i ei snøggvending, drøymde
i staden for å årbeida; grov etter gamle skattar eller
tok skjerp på svovelkis og kråkesylv . . . Sjølve
religionen vart bruka til å læra folk upp i denne villmann-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>