- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 2:en Aargang. 1878 /
75

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24de April 1878»

Fedraheimen·

i Augom, at ein Stein kunde graata, daa skynad
han alt, og det tok han fo skjerande saartumHjar-
tat. ,,Detta gjeng aldri godt," tenkte gamle Aas-
bjorn. ,.,Fara so langt israa Gjenta si er som aa
sleppa fangad Fugl or Haandi; Gjentehugen er
slengjen og ustød, den, liksom Kastevinnar paa ein
trong Fjord·« Di meir han tenkte, di meir hug-
sjuk vart han. Han saag greidt, at Guteii kunde
ikkje onnorleids gjera enn han gjorde; og han saag
likso greidt, at han sjolv hadde Skuldi fyr det alt.
»Og endaa hev eg i tjuge Aar strævat som ein
Trcel fyr aa gjera godt att det eg eingong gjorde
galet,« tenkte han. ,,Men det heng i, detheng i;
det er seigare enn Livet; — det heng i LCtti.««
Han kom til aa minnast sin Faer, og underlege
Tankar braut upp i han ved detta· Han glytte
upp aa Son sin full av Sorg og Ynk. »Gud
veit, kvi so sager· ein Gut skulde faa so leid ein
Arv!« —

Paa heile denne Byferdi vart det mykje tenkt
eg litet talat» Men daa dei var framkomne, og
Leiv steig i Baaten og skulde umbord i Amerika-
skipet, daa tok den gamle Hondi hans og kviskrad:
,,Vil du, so skal eg hava eit Auga med henne,-
Leiv, —- og fortelja henne fraa deg . . . dersom
du skriv til meg-« Leio saag upp med stor Undringz
tvo Taarer braut seg fram or Augo aatden Gamle
og triltad blanke ned etter den skrukkutte Kinnen.
,,Og;«’ sagde Aasbjorn, ,,tak den store Mannen
med deg, og agta deg syr Synd. Og hev eg
Skuld imot deg . . . so tak ikkje det med deg,der
du no fer . ". . for Jngen hev Brev· paa Livet-
Og so maa du fara væl.«

Leiv Undrast, visste ikkje rett aa svara; »Far-
vcel,« sagde han, «»eg skal gjera som du segjer. . ."
J den Stundi kjende han, at han hadde gjort for
- litet av Faer sin. Vaateii skaut seg fraa Bryggja,
og gamle Aasbjorn loynde seg i Folkehopen· Ha11
skjemdest, av di han gret. Men der stod han og
skygnde og stirde, skygnde og stirde til Guten var
umbord, og endaa lengje etter. Daa det vart
myrkt, gjekk han. ,,Du store Mann der nppe«,
sukkad han med seg sjolv, ,,du bryr deg væl ikkje
stort um niiBøn, men . . . hav eit litet Auga med
Guten min! han er so ung, og han ferso vida."—

Han fekk ikkje sova um Notti; tileg um Mor-
gonen gjekk han ned aat Bryggja att. Daa var
Skipet burte.



Aasbjorn gjekklengje og undrast paa, um tru
Son ha11s hadde talat ved Alvhild, fyrr han foor,
so han visste, hon ho var meint. Kannhenda hadde
han spurt henne og fenget Nei; det var fælt rime-
legt. For Gjenturne saag ofta meir etter Glim og
Glans, enn etter det, som dei helder skulde sjaa
paa. Kannhenda hadde Gjenta svarat Ja; Leiv
var ein staut Gut, og sume Gjentur saag mest
etter det. Dansen paa Haugstad hadde han og
hoyrt gjetet, for det stod Ord av den Leiken. Men
kven kunde vita nokon Ting? Han sette seg fyre
at han vilde faa Greida paa Saki.

Hait lagde Merkje til, at Alvhild saag so un-
derleg etter han paa Kyrkjevegen. Em Sundag
stellte han det so, at dei raakadst ute paa Kyrkje-
garden attum Tie-Naturen paa Prestegrefti. God-
dag — Goddag. Fint Vle — fceslt fint Veer.
Fælt godt fyr Aaker og Eng-ja, framisraa godt.
Det stod so godt uppaaHegglid i Aar; hcm viZste
ikkje aa nemna nokon Stad i Bygdi, der det stod
slik. —— Jaso· — Garden kom seg Aar fyr Aar
og svarad seg godt; men det var no Leiv, som
skulde hava ’n maatru· — Var væl det. —— Ho
vart raud, og det gav Aasbjorii Mod. — »Han
er faren til Amerika no, vil sjaa seg um og læra
Folkeskikk, og tena Pengar attaat; for Leiv vil ar-
beida baade seg sjolv og LCTtti upp, maavita.«
Han glytte paa henne, ho stod fraasnudd og saag
uppetter Lidi. Aasbjorn slutte paa seg, so han
fekk sjaa Andlitet hennar fraa Sida. ,,Lell er det
mange som meiner,« sagde han, ,,at denne Ameri-
katanken kotn stolt so braadt . . . og der er nokot
i det. Sjolv sagde han Ingenting um det; men
Ein" gjer seg alltid sine Tcmkar . . . Skal nndrast
paa, nm det finst nokon som oeit nokot?«·

Ho var raud og varm og makalaust fager.
,,Du lyt helsa naar du skriv,« sagde ho og gjekk,
liksom stokkt av sine eigne Ord. ,,c5-iudskjeloo!«
tenkte Aasbjorn, ,,so er det daa avgjort millom dei
Unge.« —

Urn eit Par Maanar fekk han Vrev fraa Leiv.
Han skreiv nm mange Ting, var komen godt til
derburte og hadde godt Mod. Tilstut stod der:
,,Du sagde eit Ord daa me skildest, som eg hev
nndrast mykje-paa. Visste du nokon Ting um det,
som er millotn meg og Alvhild? Er det Lars,’ som

hev fortalt um det, maa du jaga hansor Bygdi.
Jngen maa vita nokon Ting um det ·enno. Men
henne vilde eg gjerna helsa; eg meiner ho skal
ikkje trega paa det som ho hev gjort." Detta Bre-
vet sekk Aasbjorn stikka til henne ein Dag med
Kyrkja. Han saag ho vart glad. Sundagen etter
fekk han Brevet att, og inni laag ein liten Setel
,,Til Vel agte UngkarlLeiv Aasbjornson Hegglid i
Amerika.« Sidan hende det fleire Gonger, at det
gjekk Smaabrev dei imillom, og gamle Aasbjorn
stellte det fo fint, at Jngen tok Mistanke.

Alvhild var i eit underlegt Tilstand. Ho fekk ,
aldri sine Tankar fraa Leiv; denne Elsken batt
henne som ein Troldom. Men sumetider var ho
meir tyngd og sorgfull enn glad, og hennar lette
Lynde var reint som sloknat. Ho kom litet saman
med hin Ungdomen, og um ho kom, fo var hoikkje
paa lang Leid stik som fyrr.s Folk undrast paa
detta; men den rette Grunnen var det ingen som
kom paa. Dei visste at Alvhild var for god Manns
Dotter til aa tenkja paa Leiv, maa vita. —

Git nokot Bil etter at Leiv var utreist, fekk
Alvhild Brev fraa Bjorn Haugstad· Han hadde
lagt Merkje til, korsorandrad ho var, og han
vilde vita, kor detta hadde seg. Han meinte paa
det, at ho hadde ikkje altid voret so framande, og
ho skulde vita det, at han hadde trutt paa henne,
og at ho gjorde ei stor Synd, um ho sveik han.
Ho las Brevet og svarad:

»Eg er eldre no enti den Gongen og hev
umtenkt meg. Det gjer meg vondt, at du hev
gjort deg Tankar, som det ikkje vert nokot av;
men det finst fleire Gjentur enn eg. Verikkjeleid
paa meg, men gloym meg. Alvhild.«

Knut Aasen drygde, han. Men kunde han
sinna Have til aa segja henne eit godt Ord, so
heldt han seg sramme. ,,Med slike maa Ein gjeva
Taal,« tenkte Knut· ,,Dei gjeng so lengje og vel
og vrakar, til dei ein god Dag er glade til, at
det daa er Ein etter, som dei ikkje hev styrt
fraa seg.« (Meir.)

Kristiallin, den 24de April 1878.

Lllksclog. Næringsnemiidi hev vedteket eit
Utkast til Log um Fiskingi, at Fjordedeilen av
Elvefaret, Djupaalen, skal oera fri fyr Fisking, so
Laks og Attre kann sleppa gjenom, og at det skal

- — s– s

og so brende sin eigen Bergningsmann, den urædde
Munken med den glodande Tunga, som hadde refst
deira Synder og rivet Hyklarkaapa av Pavedomet.
Det var underlegt at vandra i det tarvelege Klost-
ret, der han aatte heima, standa i det vesle Kotet,
der han budde, og hadde bedet sine brennande
Bo11er. Jtalienarfolket heve altid voret likt seg
sjeld, eit æsande Skumfolk, i Dag elska dei, i
Morgon hata dei, i Dag graata dei, i Morgo1i
skratta dei.-

Det var myket med Spott uppe i Florens,
daa eg var der. Eg hoyrde unge Folk sitja og-
spotta Jomfru Maria, og i Glaset i dei fleste Bu-
der hekk det Vrengeteikningar av Paven og Prestarne.

Storthinget var samlat nettnpp den Tidi, eg
var der. Den Gangen var Florens endaa Hovud-
staden.’ Eg var uppe og hoyrde deim tala. Det
var. nett som at hoyra vaare Talarar paa Riks-
sorsamlingi i Eidsvoll, gamallmodig Stil, store og
hogtraavande Ord og Talemaatar· J Theatret
leikad dei og ,,Za«1·re·« av Voltaire, dette Stykket,
som me syr lenge sidan er ferduge med her Nord,
etterat Wessel gjorde so syndugt Narr av det i
,,Kjærlighed uden Strømper««» Men her sat Folk
endaa og tutad yver desse tilgjorde og sleikte Versi.
Det var, som eg var sett eit halvt hundrad Aar
attende i Tidi·

» Eg foor derisraa og upp aat Venezia. De

sødt-— L-

veit inkje, kvat det er syrr ein fodd Vestlending at
faa sjaa atter Sjoen og kjenna den friske Havgusti.
Eg strauk strakst ut til Lido, ei av desse flate
Øyarne, soin liggja sramfyre Venedig, vend mot
Adriaterhavet· Eg pardt glad som eitBarn· Det
blaae, endelause Havet-lang milevidt fyre meg, eg
hoyrde Baarorna skvala inn mot den kvite Strondi,
tusnnd av dei sinaste Sjoskjel laag fyre Foterne
mine. Eg fekk slik Hitg til at leggja meg fyre her,
sanka Skjel og klan Hus av Saiid og Leir, sjaa
Soli gloda paa Vatsskorpa, droyma og tenkja dei
fagraste Eventyr og lengta ut med dei kvite Segl,
som foor langt, langt burt til ukjende Lond. Og
daa Gondolen um Kvelden svam som ei svart Svana
paa den skire Vatsflatm daa dei mange Oyama
rundt ikring spegchd seg i Sjoen med Taarii og
Hris og Ruster, daa alle Klokkorna tok til at syngja
sitt Aoe Maria, medaii Spirar og Kyrkjekvelv fraa
Byen teiknade seg paa den underfagre Gullgrnnnen,
der Soli nett hadde gladat, og so Notti kom dra-
gande attansyre oss med sitt dimnie Slør, den
smale Maaneringeii vardt ljosare, og fo til Slut
Stjernorna tok til at blakkra paa den djupblaae
Himmelen, medan Lon paa Ljos kveikte segiByen
— aa det var ei Syn eg aldri gloymer. Slike Stun-
der kan ein inkje tala, ein berre ligg og skodar og
skodar og syg i seg alt dette straalande Skinet fraa
Himmel og Jord.

Det er no skrivet so myket um denne symjande
gravstille Byen Venedig, der ein inkje hoyrer Vogn-
rammel og inkje ser Hestar, men Gatorna er Vatn
og Hesten er Vaaten, at ein maatte kunna det
ut og inn. Likavel verd ein hugstolen, kjem ein
dit. At ro ei Maaneskinsnott paa den store Kana-
len millom gamle, sintbygde Slott og sjaa i Tan-
ker det gamle, stolte Venezia, Havdrotningi, stiga
sram or Bylgja, hoyra Sangen og Mandolinen,
som kling, sjaa Skuggarne glida uppetter Marmor-
tropperna, sjaa dei lutande, morkne Murarne av
eitkvart Huset, der fillutte Plogg hengja utigjenom
Glaset istadenfyre dei gullsaumade Bordedukarne, det
kann du inkje finna Maken til andre Stelle· Og
so Markusplassen um Kveldeiit Det er som at
koma inn i ein uhorveleg Festsal· Himmelen med
blakkrande Stjernor er Taket, dei sinaste Slott, alle
bygde i same Stil, er Veggjerne, og beint imot
deg ligg Markuskjyrkja i Halvdimma med sine bleike
Kuppeltak, med Stopeleii og ,,Dogepaladset« atmed
som eit austerlandsk Eventyr. Og paa Plassen yr
det med Folk, Musikken spelar, Gasljosi fraa alle
Ljoskrunorna i dei straalande ,,Kafeerne« glima
utyver, Folk sitja med Smaabord med sin Is, sin
Kasse, sitt Vin, sin Chokolade, og Kroemarar surra
kring deg og bjoda from, Sjostjernor og Skjelpad-
dor og Perlekransar og alt som til er-

(Meir.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:34 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1878/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free