- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 3:die Aargang. 1879 /
47

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12te Februar 1879·

Fedraheimen.

—Den 2dre Typa sa ein Gong paa eit For-
liksmote, han var stemnd til, fyrdihan hadde komet
til at rispa ein Gut i Kjakeii: »Jeg maa med
Vludsel bekjende, at jeg havde en Nagel; som var
vel lang.«

Den 3die Typa sa ein Gong fyr Retten um
ein, som hadde jult honom nokot litet: ,,Han slog
mig saalædes, at jeg var bange for, at jeg skulde
miste min Stcemmegivning.«

· Dette ,,Stæmmegivning« iStaden syr »Stem-

me« elder »Maalet mitt«, er inkje det fullt so
godt som Asbjornsens:»Du forstaar dig sandelig
ikke noget paa Forstaaelsen"? ,

Det er inkje verdt aa saara desse ,,Typer«
ved at nemiia deim- paa Namn her-; men at dei
»særdes lyslevende iblandt os" alle 3, det er visst
— Og eg kjenner sleire

Den beste Raad til aa faa slike »Typer" til
,,saavidt mulig« rimelige Folk att var aa »gjera
det til Plikt fyr deim aatalasoin Borni i Skulen.

Til Slut berre eit Par —Spursmaal· Ekspe-
ditionschefen klagar hver, at »det er harmeligt at
se vore Bygdemaal lemlcestede og radbroekkede af
Stompere, der i Virkeligheden hverken kunne skrive
Norsk eller Dansk, og som dog gebcerde sig som

·Maalsagens Støtter og Bannersorere« Er det

sytt fyre, at me i Skulen sæt læra at skrioa
Norsk? Og den Dansken, me foer læra der, er
helder inkje rar, som koar Manit veit; det er
—- »Dansk-Nork« Kven kann so rindrast paa, at
me inkje kann skriva korkje sDansk elder NorskJ
Me seer »gaa igjen«« og ,,gel)cerde" (!!) oss det
beste me kami i ,,Dansk-Norsken." Det er harme-
legt dette, det er vist; men kveii hev Skuldi fyr
slith Er det ,,Maalstrceverne«? —- Jnkjedeinorske
Maalstrcevararl ·
Naar Eksp. klagar hver, at Maalsaki heve
fenget s-o mange Vener no, som ,,bruge den som
et politisk Agitationsmiddel og til at vække Splid
og ondt Blod mellem Medborgere-O so maa ein
spyrja: Er det godt Blod, slik Skriving skal setja
,,mellem Medborgere?« Kanske ein og annan kunde
verta rædd fyr aa faa seg ein slik Attest, og difyr
held seg burte fraa Saki? Me fcer vona at det
kjem atter, som Maiinen sa, han( gav Sui.Flesk.
Firdasylke lljde Janiiar 1879· ·
K. H.

47

Eit Sptlrsmaal som snart maa greidast.
Hoyem lyser i «Fedraheimen«, at ein kann senda
Brev til- honom til Nidaros· Heve PostfolketLorjve

. til at skyna, kvat der meinast med detta Namnet,

elder kann dei stikka Brevi av, fyrdi der inkje stend
»Throndhjem«? Er det inkje so, at det er gjevet
Loyve fraa Hogdi til, at ein Embættesmami kann,
um han vil, leggja eit Brev bort, naar det er
skrivet paa Norsk? E. M.

Til det siste Spursmaal lyt me svara jau, so
er det. Men me trur nok, at ein Postmann hev
Lov til aa skyna Namnet ,,S,)iidaros« —— um han
vil, daa —; iallsall hev me her i Kristiania sen-
get Brev, som berre var paaskrivne ,,Oslo.«

Bldst.

!

Kristialiia, den llte Febritar 1879·

Enibcettcs-Uticenkni11gar 7de Febr.: Til Sok-
nevrestar: i Norddalen (Sunnmøre) Kaad.
theol. og jur. N. Astrup; i Fræna (Romsdal)
Kand· theol. J. F. W. Schmidt, i Herod
(Lister) Kaad. E. D. Smidt, i Fjotland Kate-
ket N. A. Mollestad og i Kvaedsjord Kapell
P. O. Vugge; til Stiftskapellaii i Kristiaitia
Bispedome pers. Kapell· V. B. Sorensseiix til
pesonelle— Kapellanar: Kand J. Voss hjaa Prost
G V. Jversen (Jadren) og Kaad. S. H. H-
Swensett hjaaPrestJ. C. Bernhoft(Melhus).
— Til Landsdomar i Namdal Underrettssakforar
A H Erlandsen. —- Til Generalfelttymeister
og Chef fyr Artilleriet General Loytnaiit H. N. S.
Wergeland.

Eldbrmm FyrreLaurdags Kveld brende Fjo-
set og alle andre Uthus paa Gjerpen Prestegard.
2 Hestar, ein Gris og nokot ,,Fjaerkrce« umkom i
Logarne.· Stovelaani vart bergad — ved hardt
Arbeid av Brandfolki fraa Skien. Paa Stoveta-
ket hadde det samlat seg ei stor Folkemengd, som
var i Vegen. Byfuten i Skien, som var paa Brand-
staden, bad deim ganga ned, men dei lydde ikkje
eingong Raadsmagti, og sat rolege paa Taket
allesaman so nær som tvo. Dessetok seg til aa
slaast deruppe til stort Gaman syr Fjeldeii nede
paa Tunet, segjer »Skiensposten."

Rikstcvisiollctl hev innstillt paa Tilsvar av
desse Utgister fyr 1875:
1. Utgifterne ved Reiser av Kanonkontroloren og
Kanonkonstruktoren til utlendske Kanonfabrikkar
og framande Lands Artilleriverk fyr aa faa

Upplysning um Effekt og Styrke av Baklads
ningskanonar av svært Kaliber»m· m. 14·59
Spd. 32 ß. Samtaystes·

2. Honorar til ein Korpslcekjar fyr aa ha drivet

· .Ambulanceskule paa Øvingsplads m. m. 200—
Spd. 1 Revisor royster mot Tilsvar (Gaarder).

3. Utgisterne til ei kgl. Nemnd til aa utarbeida
Forslag uin Løn vg Kosthald aat Underoffiee-
rar og Soldatar 1486 Spd. 50 ß. 1 Revisor
røyster imot Tilsvar (Kildal).

Idet Logfvrsltig um Aalmugskulen i By-
arne, som er sramsett fyr Thinget iaar, hei- —
ter det i § 62: »Ved Undervisningi i andre
Fag (enn Religion) maa ikkje brukast nokor Lære-
bok,sominneheld rangeog faarlege Læreset-
ningar.« Det er Meiningi, at Domstolarne skal
avgjera, u1n Læresetningarne er range elder rette,
faarlege elder tiieinlatise. Yvertilsynet (Stiftsdi-
rektionen) skal likevel gjevast Rett til strakst aa
sorbjoda Brukeii av ei Bok, som Amtmann, Bisp
og Skuledirektar finn faarleg elder rang, naar det
er naudsynlegt. Den kgl. Nemndi, som hev utar-
beidt Forslaget, segjer, at ho hev ,,·anseet det
sorsigtigst at foreslaa dette ligefrem udtalt i Loven«-,
det er alt, Eiii seer vita 11m,kvifr)r eit·slikt Logbod
skal vera navdsynlegt· Det vert naturlegvis mest
likso mange Meiningar uni, kvat som er rangtog
saarlegt, som der er Menneskjur, og den eine
Stiftsdirektioneii og Doinstolen vil sjolvsagt finna
det rett og meinlaust, som den andre finn rangt
og faarlegt. —— Siegw. Petersen-I ,,Norges Historie«
lyt no fyrst og fremst brennast, daa det stendi
henne, at »den lovgivende Magt er hos-Fol-
ket og hos Kongen iForeningx« »dendømmen-
de Magt er hos Landets Hojesteret og de lave-
reDomstole« Etter Grunnlogi (§§ 49 og 86)
er nemleg detta ,,range.« og dermed ogso ,,faar-
lege« Læresetniiigar. Likeins »Eriksens og Paiil-
sens Lcesebog,« imindsto Zdje Vandet, daa det er
ein ,,rang« Læresetning, at Karl Ploug ,,som politisk
Skribent, Taler og Digter har væretFolkesrihe-
dens trofaste Forkjemper,« liksom at A. O. Vinje
,,bruger Jvar Aasens ,,Landsmaal’««; det finnst
ikkje nokot Maal, som heiter 2lasensk’i). Vinje
brukad, og Aaseii og mange, mange fleire brukar
derimotdet norske Tungemaal, Norronaniaalet,
Nynorskem det norske Landsmaalet.

ilm ,,Fo:drelandets« Mcldingsav Bruuns
»Folkelige Grundtanker« skriv Bladet ,,Norge«,
at denne Melding vitnar um ein større Forstaaelse
ao Hr. Bruun og nm eit mindre Einsyn, enn det

.Partiet jamnast viser mot Folkehogskulens Menn.

,,Det gjer godt aa sjaa detta. Der er baade Hjor-

V) Det er ei Foriii av det norske Maalet,
kan kalla ,, Aasensk«, det er det Heile

som Eiii

maatte jamna seg!««— Han vart tydeleg— lettare.
No fekk han iminsto Dag 1) med Avgjerdi· —
Han skreiv. Fyrst eitSpursmaal paa Samvit
og Æra, um Hauk var Kristen elder daa heldt paa
den kristne Læra. Men dersom han ikkje gjorde det,
um han daa vilde lova, at han likevel skulde sinna
seg i kyrkjeleg Vigsla, at han aldri vilde freista
paa aa draga Ragna inn paa fine Tankar, og at
Borni — um Giid signad theskapet med slike —-
skulde saa Daap og full kristeleg Fostri.ng. —— Brevet
vart sendt same Dagen; Ragna fekk vita det etter-
paa. Ho likad det ikkje, men gjekk inn paa, at
ho ikkje skulde skriva, syrr det kom Svar paa detta
Brevet.
» Svaret kom og var stutt og kaldt. -,,De kann
væk ikkje i Aalvor tru, Hr. Pastor,« stod der, »at
eg lær meg avkrevja Vitnemaat um mi Tru paa
denne Maaten· Det maa vera nok, at eg stendiden
lutherske Statskyrkja, og at eg aldri hev sagt elder
gjort nokot, som ’gjev Grunn til aa tru, at egikkje
er ærleg Maan. Um dei Vilkori, De set upp, skal
eg berre segja, at eg ikkje vil binda meg soleids

1) Frist.

s-» —-

paa Fyrehaand. Dersom Ragna elskar meg, so er
ho mi, og daa er ho den einaste, som kann setja
meg Vilkor. Eg hadde — ærleg sagt t— ventat
Svar fraa henne fyrst; sor egtenkte ho var sterk

nok til aa avgjera ei slik Sak sjøl·v·« — Detta

Brevet gjorde ikkje godt, og Hauk haddeiGrunnen
sendt det i den Trui, at no var alt ute. Presten
provde aa- telja Ragna ifraa endaa ein Gong.
Men alt han sagde visste ho aa svarapaa so klaart
og fast, at han ingen Veg kom. Han gav seg til-
slutt hver. ,,Du fcer gjera som du vil,« sagde han;
,,men min Vilje hev duikkje, og eg vil inkje And-
svar hava.« Ho leid grøteleg under detta, men
stod fast. Og ho fekk Hjelp av Moer si, som saag,
kor hardt ho trong um Kjærleik og mild Studning
i denne tunge Striden.

Ho skreiv tilHauk: ,,Det var ikkje med min
Vilje, at du fekk det Brevet fraa Faer. Eg er
di, for eg kann ikkje vera annat; um eg skulde
lida alt vondt, vil eg fylgja deg. Eg kann ikkje
setja upp Vilkor; eg vilde skjemmast av det, og det
vilde ikkje nytta. Eg trur paa deg; det er alt eg
kann segja. Dei segjer fyr meg at du er Fritenkjar.
-Um so er, vil eg beda fyr deg, og det maa du

»»«4k» »– -

tru, at den som elskar som eg, han kann beda-
Eg gjer Faer min svært imot med detta. Gud
sorlate meg det; for eg kann ikkje annat. Men
han held meg i Grunnen ikkje lenger fhr Barn, og
i detta kann eg ikkje lengje halda ut. Og det er
det einaste Vilkoret eg set. Men eg legg det alt
i dine Hender. — —«

No var Hauk scel. Han var so sæl, at han
kjende Hug til aa osra henne alt. Ho var meir
verd enn all Verdsens Tankar; ho var Livet, det

.c»gode og sanne og sagre i Form. Skulde han

tenkja seg ein Guddom, maatte det vera nokot so-
voret som ho. Og den, somiElskhug aatte ei slik,
han var i Livssamband med det Evige. Det var
Koinna, som bar Livsens sorunderlege Loyndom,
den store Livsgaata, Upphavet til all Gleda og all
Sorg, og det var ho, som aatte Magti paa denne
Jord yver alle Menns Htig og Hjarta. Kvinna
var Kjærleik; og Kjærleiken var Gud, men Gud
var Sanningi og Livet. Han gjekk derisi Hjartans
Scela og bygde seg upp ein heil Filosofi elder Re-
ligion um detta. Men daa han fortalde sine Tankar
til Kandidat Breide, svarad denne stutt og beint, at
han var galen. (Meir.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1879/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free