- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 3:die Aargang. 1879 /
86

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.



86

Fedraheinie«n.

19de Marts 1879.

,,Storegut,« ,,Liv,« og mangt av det, som Jvar Aasen
og Krohn hev skrivet·

· Det skal ingen undrast paa, at Folk i Gud-
brandsdalen segjer: ,,eg matte den Kroppen«, om
han møder Landets ærværdigste Mand-« Etter
Jvar Aasen brukast Ordet Kropp iGudbrandsdalen
,,ofte med Begrebet: Person, Mandzisaerfremmed·«
Bjornson hadde truleg inkje funnet nokon Gjeip
i det, um ein Dol hadde kallat »Landets ærværdig-
ste Mand« »en fremmed Person;« men naar Dolen
kallar han fyr ein »Kropp,« er det just detta han
meiner; han gjeipar inkje etter nokon. Paa En-
gelsk segjer dei nobody og somebody (ingen Kropp
og einkvar Kropp), og brukar Ordet »Kropp« (body)
um fcelt «cerværdige« Korporationar og dei sinaste
,,Laug«!

Mangt av detta, og her hev skrivet um, ligg
det inkje so mykje Lag paa. Bjornson held med
oss i det, som no i Fyrstningi i det minste er Ho-
vudsaki, at Bonderne hev Rett til aa faa den fyrste
Undervisningi paa sitt Maal, til aa læra aa bruka
Maalet sitt i Skrift og Tale, so dei sidan kann
bruka det, naar og kor dei vil fjølve. Kann Bort-
den lesa skikkeleg sitt eiget, vil han hava lettare
fyr daa aa læras Dansk, enn han hev no, naar han
tek paa med Dansken i 7-Aars-Alderen og korkje
lcerer det eine elder andre til Gagns· Den 12

·Aars-Guten, som skreiv den norske Stilen, som stod

i »Fedrh.« No 19, tenkjer eg nok kann læra seg
Dansk og. Og det vil i lange Tider vera naud-
turvelegt fyr dei Bønderne,. som vil hava større
Kunnskap, aa læra seg Dansk elder Svenfk, men
det lyt Maalmennerne arbeidatrottugt paa, at dei,
som inkje hev Tid elder. Raad elder Gaavur til
aa læra mykje,kann faa den Upplysningi, dei treng,
paa Landsmaal, so dei i det minfte slepp aa bala

-med eit framandt«» Maalfore»

Kunne fo Bjornson og andre »bøie vort Skrift-
sprog (o: det danske Bokmaalet) tilrette for den
Almue o. s. v.,« daa vilde dei gjera ei god Gjer-
ning, for te mindre Skilnaden paa dei tvo Maali
vert, te betre vil det vera. Bjornson sjolv legg
Ordelagi sine so nær han kan til Landsmaalet, fo
han arbeider truleg fyr si Meining; men elles er
det inkje stor Framgangen aa sjaa paa den Leidi·
Det knudsenske Maalstrcevet, dei kallar, hev inkje
sett store Merke i »Bogsproget.« Katin inkje »Bog-
sproget« lempa segi Form som i Ordelag etter
Landsmaalet meir enn det hev gjort til no, vil
det visseleg inkje hava lang Tid att til aa liva·
Den reine Dansken er i Lengdi reint ut umogeleg
i Norig. Vil Bjornson vita mi Meining um Potit-
oppidan, skal eg segja det stutt og greit. Kunde
ein Maalmann umskriva Pontoppidan paa Norsk
fo makalattst godt, at han paa den Maaten fekk
heile Presteskapet og heile Aalmugen til aa ganga
med paa Maalsaki, vilde eg endaa segja-

Nei, mange Takk

s Ei Utgrcidiug nm Skapningsoga.
(Etter Godet.)

Det er sume Folk no, som legg liten Agtpaa
Skapningsoga; ho er avfkrziyvd og avsannat av
Vitenskapen meiner dei. Visst er det, at denne i
dei siste Tider hev teket eit uhorvelegt Framstig,
han hev grundat utrulegt langt attende og røkt
etter, korleids Jordi og heile Heimen hev komet
til og korleids det hev vortet slik som det no er,
og mange og forvitnelege Utfinningar hev komet
fram um det, som aldri syrr hev svivet fyr Menns

Hug.

Men naar me so vil tenkja etter, korleids denne
Skapningsoga hev komet fram, kaan Ein daa tru,
at det er berre MannsverkP Aa halda det fyr
LEttarsogur elder Segjande-Segner, som hev gjenget
fraa Munn iilMunn nedigjenom, er no reint raad-
laust, soframt det er sannt, at Menneskjet hev voret
Slutten og Endemaalet fyr heile Skapningsverket.
»,,Kor var. du, segjerHerren til Job, daa eg tyftad
Jordi, og Guds Vorn song av Fagnad?" — Hell
tru ho skulde vera eit Utslag av gomol Visdom-Z-
grunding?« Men denne Tanke-i um Skaping av
Plantar og Dyr fyre Menneskjet, um dette jamne
Framstiget, som heile Soga er bygd paa, denne
Tanken kann knapt nokon Grundar i Forntidi hava
tenkt sjolvo seg. Og um sjzxilve Ordet Skaping
kann Ein merkja seg, at det aldri hev voret uppe
isden gamle Tankeheimen med den Tydning, som
det hev i Bibelsoga. »

Me skal sreista aa greida nokot ut um desse
Ting, um Skapningsoga kann vera ei Guds Open-
berring og korleids denne er vori, og so korleides
ho hører med det Vitenskapen hev utfunnet.

— 1. Opeubcrringi.
Me veit av Bibelen, at Gud skilde ut Jsraels
Folket fraa dei hine, for at dei Raadgjerder, han

hadde teket til Heimsens Frelse, der skulde buast,’

( til dess dei vart fullborne i Kristus· For at Is-
raelsfolket retteleg skulde kunna føra fram dette
Guds Vert, maatte det faa Tilleiding og Lærdom;
og den Lærdomen som er den fyrste og fremste og
Grunneii i alle dei hine; det er den, at Gud er
ein, og Jnkje umfram honom; det andre, som er,
deter gjenget ut fraa honom. At det er ein Gud
til, det er nokot som alle Folk veit, fjolve’ Guds-

kjenfla er- nedlagt i kvart Mannshjarta, men hoz

nyddest burt i Polytheisme og Materialisme; det er
ikkje»berre Gud som er evig, det kann vera andre
jamsides honom. Toet (Materien) er likso evigt,
det er ikkje skapat, men berre skipat til. Paa den
Maaten vert det materielle hellsanselege likso sterkt
og evigt som det aandelege og sæt lett Magti med
det; heile Livet kjem naturleg til aa siga ned i
Synd og Ukjurskap, soleids som Paultcs skildrar
det (Rom. Kap. 1.). Me ser, at utan denne Kunn-
skapen um Grid· at han er ein, kjem baade Læra
og Livet paa Billa, og me ser, at det berre er
thraels Folk som hev denne Kunnskapen, klaar og
greid fraa fyrste Stund, midt i den yrjande Mann-
heimen. At dei sjvlveskulde hava komet paa denne
Læra er vandt aa tru, for dei hadde det slett ikkje
med det, at dei var nokot framifraa grundsame og
fundvise; dei stod i fo Maate langt under andre
Folk, sjaa betre Hellenarne» Det er sume, som
meiner, at dei semitiske Folkeslagi skulde hava havt
ein naturleg Tilhug til ei sovori Læra, elder at
dei skulde ha havt ei serskild Gaava til aa taka
slike Tankar. Men me segjer som den aagjæte
Granskaren Max Miiller: «Gr det truande, fegjer
han, at Ein-Guds-Tanken kann hava komet upp
hjaa alle dei Folki, som bad til Glohim, Jehovah,
Zebaoth, Moloch, Nisroch, Rimmon, Nebo, Dagon,
Ashtaroth, Baal elder Vel, Baalpeor, Baalzebub,
Chimosch, Milcom, Adrammelech, Annamelech,
Nibhoz og Tartak, Archima, Nergal, Succothbenoth,
Soli, Maanen, Planetarne og alle Himeleiis Stjer-
nur?« Og so minner han framleides um, at Ein
ikkje maa slutta fraa slike som Abraham, Moses,
Elias, Jeremias til eit aalmennt Hugdrag i fjølve
Folket. Og Soga fortel, at dei ofta gav seg reint
burt i Heidendom, so det maatte sramifraa Til-
halding gjetiom Profetarne, for at dei ikkje skulde
missa Trui paa den eine, sanne Gud.

Nei det- er raadlaust aa skyna, korleids Israel
millom alle Heimsens Folk skal ha fenget denne
Tanken um ein Gud, annat me maa tru, at det
er ved ei serleg Openberring fraa Gud sjolv·

Det er Skapningsoga som ber fram denne
Guds Openberring um seg sjølv, smed di ho fortel
at Gud aaleine er evig, og at alt an·nat hev sitt
Upphav fraa honom, hev vortet til ved honom.
Denne Sanningi kunde ·ha vortet forkynnt paa
andre Maatar enn ved ei Forteljing um Skapingi.
Gud kunde ha sagt det som ein Lærdomssetning
elder eit Dogme, til aa lærast som eit Katekjessvar.
Men Gud brukarikkje denne Læremaaten, han berre
fortel, soleids som me og gjer det, naar me vil
læra smaae .ZBorn nokot (og JZraels-Folket var
endaa berre som eit Barn, aa kalla, mot dei fram-
stigne og kultivera Nationarne no um Tider)· For
Gud vil ikkje berre fanntaka Vitet, men ogso Hjartat-
han vil, at det skal vera ein livande Lærdom, som
kanii vera ei Magt i Einz difyr talar han soleids,
atdetfsteidtkannleikaiHugen og festa seg i. Hjartat.

Elder han kunde provat Læra ved ei viten-
skapleg Utgreiding um Allheimens Upphav og dei
Naturloger, som alt er skipat etter, t. D. med den
Kopernikanske Lærebyggnad fullt utformad, foleids
som me no hev ho. Han kunde hava gjevet ei
famanhengjande, fullfort Lære i Astronomi, Geologi-
Fysik, Kemi, Botanik og Zoologi·

Men dette vilde ikkje hova med Trudomens
rette Lug, for Trui er ei fri Viljesak, og det er
ikkje Tra, naar Ein trur, fordi Ein veit det, fordi
Ein hev fulle Vismuner uin det. Lærdomen hadde
helder ikkje vortet ei Folkeeign paa den Maaten,
han hadde væl vortet klaar fyr dei Lærde, men
duld fyr Aalmugen, og det er ingen rett Religion
det, som berre. er fyr dei Lærde. — Dessutan
hadde den religiøse Lærdomen daa betre vortet
som nokotattaatNaturkunnskaven og difyr kometi
Skuggen til denne og soleids snart vortet avgloymt
Og so er det det, at Gud fer ikkje med aa læra
oss Vitenskap. Han hev gjevet Menneskjet Emne
og Gaavttr til aa« granska ut desse Ting, og so
er det hans Vilje, at dei skal bruka desse Gaavur.
Det er berre det religiøse, det som vedkjem Sam-
hzxivet millom Gud og Mann, som han maa open-
berra; men han hev sett det som eit Fyremaal og
eit Kall fyr oss, at me skalsjolve grunda og freista
aa finna ut det, som er soleids laga, at me med
Trott og Tol kann finna det ut. Me kann sjaa
paa alt det Gud openberrar, at han gjer det paa
ein sovoren Maate, at han aldri tek framum Viten-
fkapen, men han gjeng breidd-med den. Sjaa no
korleids han forkynner Daniel um dei 4 Ævur
elder Aldrar, som skulde lida, fyrr Messias kunde
koma. Han gav honom ikkje ei historisk Utgreiding
um Soga aat Babylons- og Persar- og Grekar-
og Romarfolki, men han liksom sveipte Soga deira
inn i Bilcete, som han let Daniel sjaa. Ei Flog-
løva, det er den Babylonske Magt, ein ngrn, som
stig fram, tung og aalvorsam, det er Medarne, ein
Leopard med 4 Hovud, som tanar ogsflyg yver
Jordi, det er Aleksander og hans Rike, som skjott
kom upp og skjott gjekk ned att, — og so eit sur-
delegt Ubeist, som tyner og trampar ned alt, det
kjem burt aat, det er Romarveldet; og so etter alt
dette og som Enden paa det, Bilcetetav ein Manns-
son, som kjem i Skyerne, tydande paa den sanne
Mannamagt, -cherleiken, som kjem ned fraa Him-
melen fyr aa grunnleggja det sanne og frie»MannZ-
Rike paa Jordi· Soleids underviser Gud i Soga,
naar han vil gjeva sine Tenarar Kunnskap um kom-
ande Tider. Han held ikkje Fyrelesningar, han
katekiserar ikkje, han upplyser ved Bilcete.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1879/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free