- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 3:die Aargang. 1879 /
269

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

——-«—2—HSOD-—H-——

edraheimen.

Eit Blad ant det norslie Folket.

Kjem ut kvar Onsdag og Lanrdag.

M Prisny Fjordiingaaret:
» 68
-s .

Kr. 1,10 (= 33 ß) med
Porto og alt. Betaling
fyreaat·

s-

- Lanrdag den 15de November 1879.

Lysingar kostar 10 Øde

(3 ß) Petitlina, og daa

etter Maaten fyr større
Bokstavar.

ZYAag -

Eudaa eit Svar til Chr. Brnnn.
(Fraa G.)
1. Parlauientarismen.

— Politisk Magt er i eit fritt Samfund det same
som »Jnitiatio« o: Tiltak, Evne til aakunna gje-
nomfora nokon Ting, til aa kunna setja Tankar
i Verk og dermed vera styrande i ei Utvikling·
Ei Statsmagt, som hev denne Evnen, er sterk;
ei Statsmagt, som er utan Jnitiativ, er i same
Stundi magtlau-3. Folket gjeng sin Veg fram;
den vert liggjande etter· Ho kann ein og annan
Gong gjera Ugagn, i di ho brukar si juridiske
Magt motUtviklingsarbeidetz men den politiske
Magti, Magti til aa vera styrande, leidande og
drivande i· Folkets Arbeid, —" denMagti hev ei
tiltakslaiis Statsmagt fortapt.

Den norske Regjering, d. v. s. den norske Konge-J-
magti, stend slik. Alle er samde um, alle ser og
»skynar, at slik som det no gjeng, so sig ho meir og
og meir ao i Magtloysa· Folk spyrr ikkje tidt etter
Regjeringi no, utan naar dei er rædde ho skal bruka
si juridiske Magt til aa gjera Ugagn. Storthinget
scer meir og meir all Magti, baade den, det skal
hava, og den, Regjeringi skulde hava. Det finst
ikkje Raad til aa negta detta. Og det sinst knapt
nokon, som trur, at det paa den Maaten er rett-
Jallfall maa alle Kongsmenii sjaa med Uro paa
ei slik Utvikling. Og dersom det skulde sinnast ei
Raad til aa hjelpa Kongsmagti npp att, til aa
setja henne paa nytt upp paa den rette styrande
Plassen paa Riksskipet, so maa Kongsmennerne
vera dei, som fyrst og fremst legg seg etter aa saa
denne Raadi i Vruk.

Ei slik Raad er, vert det sagt, Parlamentaris-
men. Og dei, som forsvarar Parlamentarisme11,
segjer, at den er det einaste, som kann mergsetja
Styresmagti i eit Samfund, som er bygd paa frie
Grunnsetningar og altso ikkje gjev Styret sitt Lov
til aa vera ,,sterkt« ved Politi-Paakar og Gendarm-
Bajonettar. Parlamentarismen gjeo Regjeringi eit
sterkare Jnitiativ, set henne upp paa ein Plass,
der ho kann faa styrande Magt, der ho kann saa
Tilfore til aa gjenomfora Tankar, — ein Plass,
som nok er streng og krev Dugleik og Mod, men
som just derved, og ved aa gjeva stort Andsvar,
samstundes gjev ei Magt, som ei fredeleg Oms-
kraa-Regjering ikkje eingong kann dreiyma um aa
vinna.

Plassen er streng! Og den Ministeren, som
ikkje stend der, han stuper. Men slik ein Ting
som politisk Magt vinn Ein ikkje fyr godt Kjøp.
Vil Kongsmagti vera sterk, so seer ho ikkje sæla fyr

tunge Tak, og det einaste, ho kann gjera ved det
er aa senda Menn i Striden, som er Striden
vaksne.

Ei Styresmagt, som stend i stort Andsvar og
ber Andsoaret med Dug og Mod, og som stend
elder stuper fyr sine Tankar, — ei slik Styresmagt
er sterk. Eit Ministerium kann falla, men Sty-
resmagti stend; Styresmagti (hjaa oss Kongs-
magti) vilpaa den Maaten kunna arbeida seg upp til
ein sovoren Plass i det aalmenne politiske Liv, so
alt Folk kjenner og veit, at det er den, det kjem
an paa her i Landet; det er den, som merkjer
Utviklingi, og den, som held Roren paa Riksens
Skum-

Denne Magti vinn ikkje Styresmagti paa
Valds elder Sviks Veg, men k- som det »hover
i eit fritt Samfund — ved aa vera Reprcesentant
fyr gode, praktiske Tankar og ved aa kjempa fyr
Tankarne med heilt personlegt Mod og med dei
Vaapen, som einast ei klaar og sterk Yvervitning
kann gjeva. Ei parlamentarisk Regjering maa i alle
Grunnspursmaal repræsentera just dei Tankar, som
Folket og Tidi krev sette i Vert; men ho vert ikkje
veik paa dei; det er just paa dei Tankarne ho
kann vinna sin Styrke.

Dei, som her i Landet er imot parlamenta-
riskt Styre, er knapt imot det i den Trui, at det
skal avveikja Styresmagti, men syrdi dei veit
at det vil øydeleggja det System, som tilfelligvis
no hev Magti, — og det hev deiRetti· Stangs
System kann ikkje liva, naar Parlamentarismen
kjem upp, og det av den gode Grunn, at Stangs
System berre hev sitt Liv i det aa motarbeida
Parlamentarismen. Men um Stangs Styre fell,
so sell ikkje dermed Styresmagti. J parlamenta-
ristiske Statar heiter det med ei snggg Umskriving
av ein annan vælkjend Setning: Minisieriet er
sallet —- Ministeriet levet Styresmagti hev
sin same hoge Plass og sin same styrande Styrke,
um so her fall eit Ministerium i kvar Maanad.
Det som gjev Styret si politiske Magt, er at alt
Folk veit: det er Regjeringi, som er Berar ao
dei leidande Tankar, og det er den, som hev Magti
og Skyldnaden til aa setja dei i Verk, — men
ikkje det, at den og den tilsellige Regjering hev
Magt til aa siija so og so lengje paa Krakken.

Men Kongen? — Kongen personleg vert under
parlamentariskt Styre just det, som ein konstitu-
tionel Konge skal vera· No um Dagen er den
norske Kongen dregen ned til aa vera ein Parti-
konge; Parlamentarismen skal lyfta honom upp att
til aa vera Folke-Konge. Og Magti hans skal i
rette Royndi styrkjast, — ikkje just paa den Maa-

ten som Bruun tenkjer seg det, men so, at no vert

han den, som gjeng i Fyre-Enden; um hans Stol
og Spir samlar seg no dei styrande Tankar og
dei dugande Menn; Kongen stend ikkje lenger som
ei Motstandsmagt mot Folket, altso aaleine og
i Strid fyr sitt eiget Tilvære, ikkje lenger som ein
Meinkrok, som samlar Hat um seg, — men han
stend som den ovste Hovdingen, som hev Magti
og Retten til aa setja Folkeviljen i Ver og gjeva
Folketankarne Form, — og som Folket hev Tru
til, fyrdi han er det ovste og kraftsulle Utslag av
dess eigen Vilje. — So skal, elder kann, det dera-

Bakstroevet trur, at Kongens Styrke ligg i
det, um han kan halda uppe og gjenomfora ein
personleg Vilje mot Folkeviljen. Vert den Tan-
ken godkjennd, so er mei same Stundi utanfyr
det frie Samfund- Det sermerkte fyr ei fri For-
fatning iLikning med ei ufri er just det, at i den
frie er denne Motsetningi millom ein personleg
Kongevilje og ein aalmenn Folkevilje løyst, og det
so, at i den aalmenne Viljen maa all Samfunds-
magt hava baade sin Styrke og sin Rett; Konge-
magti serskilt fcer sin sanne Styrke i det aa svera
Utslaget og Verksetjaren fyr Aalmannviljen.’
Detta er so kjennt, at Chr. Bruun væl ikkje vil lika
aalesaum det dihelder; og like væl er det ikkje sjel-
dan, det vert gløymt, naar Ein i ei snogg Vending
skalgjera Aagang mot »Vinstre·« Gg maa altso
like fullt faa Lov til aa draga det stam, og det
so mykje meir, fyrdi det hoyrer med i denne Utvik-
lingi i det heile·

Aa arbeida fyr Parlamentarisme vert altso i
seg sjolv ikkje annat enn aa arbeida fyr, at vaar
frie Forfatning, slik som me hev henne i Dag,
med Kongemagt og all Ting, skal koma til full
Sanning og faa fullt Liv. Den, som personlegt
er Fristatsmann, trur, at alt Arbeid fyr veksande
Fridom til siste Slutt ber mot Republikkenz altso
trur han, at Parlamentarismen og ber dit; men
prova det kan han ikkje, og disyr gjer haii vcel i
aa tigja med slike personlege Truer og Ynskje, naar
han skriv offentlegt um denne Sak. Aa ,,vera i
Sanning« er daa vael ikkje det same som aa vera
kritiklaus? —— Naar Ein sit og snakkar ,,privat,«
so kann detvcelhenda, atEin ikkje tek det so nogje
med Kritikken; daa kann det henda, at Ein blan-
dar sine Ynskje ihop med sine Tankar og forkynner
personlege Troer som um det var visse og prov-
sette Sanningar. Men ingen Mana, som hev Kri-
tikk og Samvit, vil gjera slikt offentlegt. Han vil
daa veel vita aa skilja imillom det, som er objek-
tin paaviselegt, og det, som berre hev si Rot i
hans eigne, subjektive Ynskje, og han vil ikkje
forkynna annat som visst, enn det han kjenner

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:21:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1879/0265.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free