- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 4:de Aargang. 1880 /
102

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102

chraheimen.

26de Juni 1880.

— tionen; det er dei store Vende, som manar Kraf-
terne ut.

Riksskipnaden kann hava stor Tydning for eit
Folks Liv, til Gagn og til Skade, alt um me veit,
at ikkje Formi skapar Livet, men Livet den-
Men i rolege Tider vert det meir elder min-
dre yverlatet dei ,,akti»ve Politikarar« aa styra og
. stella som dei best kann, kvat Riksskipnad Ein so
hev. Elder viser Amerika nokot annat? Knaptnok.
Som no Præsidentvalet i denne Tid. Ein kann
segja, at heile Folket her moter upp, ,,passerar
Revy"; men det er vandt for Ein utansyre aa faa
Auga paa dei store Grunntankarne, som skulde skilja
millom Parti og Parti. JVorgarkrigen bytte Na-

tionen seg, som Eiti veit, i tvo Hopar: ,,Demokra- ·

tar« og »Republikanarar·« Naar dei hev sine po-
litiske Mete, brukar kvart Parti aa setja upp si
»Platform« (Standpunkt, ,,Program«) elder si For-
klaring um, kvat det er, dei i det Store ogi Grun-
nen vil og meiner. Men no hev Ein det Sersyn,
at dei lagar seg »Platform« av alleslags Spurs-
maal, som berre byd seg fram som laglege, um det
so er Spursmaal, som er fraa igaar og ikkje liver
til i Morgo.
um nokot stort Spursmaal, er dette iallfall ikkje
uppe no. Negerspursmaalet vartavgjort iBorgar-
krigen, daa visst teoretisk. Spursmaalet um den
einskilde Stats Stilling i Unionen er væl ikkje»av-
gjort, men er ikkje uppe no. Partiskilnaden hev
meir sin Grunn i Mistru og Uvilje enn i ulike
Tankar. Borgarkrigen hev her lein etter seg ein
Arv, som Folk ikkje lett slepp ifraa, og som her-
etter berre vil tyngja og seinka. Det er ein Arv
av Minningar, som gjeng yver til Fordomar, og
sloge Politikkarar —- eg kunde gjerna leggja til
griske Prestar — nyttar desse som dei best kann.
J Kongressen (Unions-Thinget) agtar dei seg væk
for aa taka upp til Forhandling nokotSpursmaaL
som kunde snerta innpaa politiske »Princip« og so-
leids i ein elder annan Maate skada Partiet, me-
dan Motstandararne agtar paa einanuam som Kat-
ten paa Fuglen, um dei skulde faa eit Tilhove til
aa klora einannan· J det Aaret, naar det er
Præsident-Val, gjer Kongressen mest inkje nokot.
.J Metodistkyrkjur kann du hoyra Presten dundra
hogt mot dei nedrivande politiske HugstemnuriSud-
statarne· Ved Val-Urnen brukar dei paa sine Sta-
der alleslags Vaapn mot kvarandre, Lovnadar,«
Trugsmaah smaae Formfeil i Dokumenti, Pengar
o. s. b. Soleids gjekk det til, at Demokratarne
isjor Haust, ved aa gjera Kunster i Val-Brevi,
talde upp ein demokratisk Legislatur (Landsthing)
i Maine, endaa det var valt ein republikansk(dei
kom hellest ikkje utmed det); Republikanararne hev
mang ein Gong brukt same Framferd· J Grunnen
er det ikkje lenger nokon politisk Kamp, som De-
mokratar og Republikanarar fører. Dei miskjen-
ner einannan, fører Klagemaal mot einannan; men
sidan gjeld det aa gramsa etter Magti, elder kanskje
helder etter the spojls, Levingarne etter den gamle
Stilling, medan Grunnen meir og meir sig burt
under dei, og nokot nytt er um aa laga seg.
Men er det ikkje Strid nok millom ,,Demo-
kratar« og »Republikanarar,« so er det dess meir
Strid innanfor kvar av desse Fylkingarne sjølve·
Um Demokratarne veit eg hellest ikkje fo vcel
Greida; ein Flokk av dei, Tildensog hans Menn,
ser det ut til merkjer seg mest ut med det aa
fora sin Valkamp med Pengar, »fiska med Sylv-
kroken.« Striden innan det republikanske Partiet
er livleg nok, og eg vil just ikkje segja at han ikkje
gjeld Grunnsetningar, men han synest ikkje aa naa
so mykje ned iFolket. Det er etter Maaten saae,

Um dei tvo Fylkingarne er skilde«

men unegteleg dugande, frisynte og viljefaste Menn,
som hev sett seg til Maal aa halda nppe ein sunn
politisk Moral og aa fora Kamp mot det, som dei
med eit godt merkjande Ord kallar »Maskinpolitik-
ken", den Styremaaten, som hev voret driven av
dei Statsmenn, som kom upp og sekk Magt etter
Ufreden. Det hev gjeuget her, som det ofte vil
vera Tilfelle etter ein Borgarkrig: her hev voret
brukt ikkje litet Tvang og Sjolvtykkje.· Det repu-
blikanske Partiet kjende seg eigande Magti, og Fø-
rararne var ikkje altid nøgne med, korleids dei
brukte henne. J eit Fristyre kann det ofta vera
Rom for egoistisk (sjølvvis) Politikk, daa Folket
ikkje all Tid er unydt til aa vera paa Vakt for
Fridomen sin, allvisst ikkje mot monarkiske Yver-
grip; iser i eit Land som Amerika, der Ein hev
slikt vevelegt Mas med Forretningar og Arbeid, vil
Folket i rolege Tider ikkje bry seg um aa uroa seg
so mykje med Politikken. Dessutan vil i ein so
stor Stat som denne mykje av dei politiske Saker-
ne vera ukjennt for Stormengdi av Folket, og eit
Strcev etter aa samla Magti paa visse Hender vil
mest naudsynleg koma upp. Det hev soleidsiAme-
rika utviklat seg ein Krins av Fagpolitikkarar, som
væk ikkje kann trassa Folkeviljen, men som daa i
nokon Mun synest vera i Stand til aa bruka ho-
nom til sine Fyremaal. Det ser difor ut som
der var mykje i det, naar dei ,,,uavhengige Repu-
blikanarar« elder»Klorarar« (,,the 1ndependeuts,·t
,,Soratoheks««), som dei vert kallad, gjev denne Po-
litikken Namn av »Maskinpolitikk«x og dei motar-
beider honom visst med Rette. For dei republi-
kanfke Statsmenn, som er uppe etter Usreden, er
ikkje just utmerkte ved dei politiske Gagnsverk, dei
hev gjort Landet. Politikken deira liver mest paa
,,Undsegjingar« av d’et Demokratiske Parti, som ikkje
hev voret ved Magti sidan 1860, som ikkje lenger
er til Faare syr Landet, ja som knapt er til isame
Meining som fyrr. (Meir.)

Ludvig den sjortande.

(Etter Tysk.)
(Frambald.)

Rundt ikring eit glimande Hov og aandrike
Bokmenn raadde djup Ukunna og gruseleg Ussel-
dom. Alt Descartes sluttad sraa denne Motsetning
millom Magti og Glansen aat Monarkiet og Stak-
karsdomen hjaa det franske Folket, at Skattemaaten
maatte vera falsk. Men dei fleste gjekk i 200 Aar
kaldt framutn Naudi aat dei lægre Klassar. Dei
heldt ho for naturleg og naudsynleg, hell saag
jamvoel paa ho som eit gagnlegt Vilkor for Sam-
fundstrivnaden. Richelieu skreiv i sit Testament:
»Livde Folket i Velstand, vilde det ikkje lett lata
seg halda innan dei loglege Grensur««x og tilmed
Filantropistarne (dei Menneskekjoerlege) i fyrre
Huudradaaret meinte, at Bondenikkje vilde arbeida,
dersom han ikkje stødt vart driven av Naad. Falske
Synsmaatar og hardtLynde møttest. Det er ikkje
so, at berre Kunskapen gjeng fram, og at Morali-
teten vert nokot so nær den same. Moralen gjeng
fram liksom Upplysningi; Folk vert msir og meir
godlyndte, ettersom dei vert meir upplyste. Jngen
vaagar meir aa sjaa paa det store Folkefleirtalet
berre som Gmne for Kongar og Storfolk, so som
det ofta vart sagt aa vera i den Tid.

Fraa Mideltidi av hev Folketal, Sedhævd og
den aalmene Velstand vakset stødt. Berre sermerkt
uheppne Have hev ender og daa seinkat Utviklingi,
soleids t. D. iTyskland 30-aarskrigen· Framstiget
i Civilisation ligg meir i det, at Velstand og Dan-
iug breider seg ut i vaksande Krinsar, eun i den

Hogd av Vitskap og Dygd, som einskilde Menn
kann naa. Denne Vidkiiig av Krinsen for Kultur
og større Livslukka er det folkelege Draget, som
skil vaar Tid fraa alle sramfarne Tidskiste» J den
Maaten er Grunnlaget lagt under Ludvig den
14de, ikkje for Frankrik einaste, men for heile Cu-
ropa. Det er nyttigt aa setja grannt sram fyre
seg, kvat me hev vunnet sidan; men sor at døma
hin Alderen retferdigt, maa me doma han etter
seg sjolv aa jamfora han. med det, som var fyrr.

Dei store Umbroytingar i Samsundslivet, som
skil den nye Tidi fraa Mideltidi, var sullforde fyrr
Ludvigs Styre. Den politiste Magti aat Adelen
var broti. Betalte Hermenn var komne i Staden
syr Lensherrarne. Yvergangen fraa Naturalskatten
(Skatt, som svarast med Arbeid hell Varur) til
den moderne Pengeskatten hadde fylgt etter; det

-Skiftet i Prisar og i Verdet av dei edle Metall,

som fylgde denne Ynergangen og Uppdagingi av
Amerika, var mest slutt; Bondetrwldomen var aa
kalla til Ende i dei gamle LandslutarneiFrankrik
Den kjovande Magti aat Kyrkja var broti der mest
likso heilt som i det protestantiske Tyskland.

Medan 30-aarskrigen i Tyskland loyste upp
det gamle Riket, medan i England ein veldig Um-
støyt gav Stat og Kyrkja eit nytt Lag, settei
Frankrik Kongedomen seg i Staden fyr dei gamle
politiske Magterne. Ludvig 1X hadde kuat dei store
Vasallarne, Henrik 1V hadde skapt Fred og Orden
i Riket etter den upprivande Borgarufredeii. Riche-
lieu hadde undertrykt den spansk-østerrikske Ætti, haldet
dei Store nede, gjort Ende paa den protestantiske
Stat i Staten. Mot den protestantiske Religionen
viste han seg tolsam; Mazarin fylgde honom her
og brukte ofte Protestantar til hoge Postar. Det
siste Sparket av- Adelen vart undertrykt i Fronde-
ufreden, som endaa ein Gong herjad og oydelagde
Landet. Daa Mazarin doydde i 1661, var Giv-
veldet sullskipat. Der fannst ingi Magt meir utan-
um Kongens. Den siste Freistnaen av Parliamentet
i Paris paa aa setja segimotden kongelege Biljen,
vart gjort upp i inkje av 16-Aars-Kongen sjølv.
Sidan vart hans Kongebod aldri sette under Dryft-
ing, men berre »innskrivne«. Ludvig x1v hadde ervt
Riket 5 Aar gamal og hadde vortet laakt upplaerd·
Men medan han leet Mazarin stella med Nikssak-
erne, og syntest berre tenkja paa Elskugssaker
og Fjas, hadde han lagt Merke til baade eit og
aunat og steig inn i Styret, 23 Aar gamal, med
fuld Stodleik og fullhugad paa ikkje aa lata nokon
koma upp jamsides med seg, ikkje eingong nokon
Fyrsteminister.

Det galdt aa byggja den nye Samfundsskikken,
og Franskmennerne hev Orsak til aa vera byrge av
denne Bygnaden·

Fyrr hadde Frankrik ikkje voret stort medi
det aalmenne Kulturarbeidet, i dei store Uppsinn-
ingarne (Bokprenting, Krut), i Utviklingi av
Astronomi og Fysik, i Uppdagingarue i Aust og
Vest; Frankriks politiske Jnnflytelse hadde voret
liten alt til mot Slutten av Richelieus Tid. No
steig det frami Brodden fyr alle Nationar. Av
den sterke aandelege Rorsla under Borgarufreden
var ei TEtt av kraftige Aander gjengne fram. Me
skal berre nemna dei mest frægde Namn: Diktar-
arne Corneille, Racine, Lasontaine og Moliere,
Filososarne Descartes, Malebranche og Bayle,Ma-
thematikararne Pascal, Fermat og Gassendi, dei
teologiske Bokskrivarar og Talarar Bourdaloue,
Masillon, Bossuet og Fenelon, Maalararne Poussin,
Lesueur, Lebrtm Claude Lorrain,Byggmeistararne
Perrault og Mansard.

Desse Strrmennerne livde tildels isyrsteLuten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1880/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free