Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
8de Januar 1881.
Fedraheimen.
r
I 1860 hadde han sett upp Mot-
standsprogrammet; det var dette.
han no skulde gjenomføra. Det var
plent det motsette av det. som han
hadde tenkt og viljat, daa han fyrste
Gongen gjekk inn i Kongens Raad.
Og i same Stundi som han vedkjende
seg eit slikt Program. i same Stundi
dømde han seg i Grunnen sjølv som
Statsmann. Hadde han havt ”den ud-
videde og skjærpede Indsigt af det
Almeenfornuftige,” den ”klare Opfat-
telse af Virkeligheden”, dei ”genialske
Aandsevner” og den ”Erfaring,? som
han sjølv eingong sagde var det, som
skapte Statsmannen, so hadde hanal-
dri funnet paa nokot so vonlaust og
sjølvtynande som dette aa vilja styra
eit fritt Land med eit Faatal mot
Aalmannviljen. Det gjekk daa og som
Ein kunde venta. Fredrik Stang laut
Steg for Steg sleppa sine Ungdonis
Draumar, Tankar og Meiningar og
vart driven lenger og lenger uti eit
magtlaust Motstræv, so at han, som
vilde Føraren for Landsens
Framgang, meir og meir misste all
Innflytelse og maatte sjaa paa, at Re-
gjeringi vart berre som ein Kontorgut
under det ”Bonde-Demokratiet,” han
hadde tenkt aa halda nede.
Det var innpaa 50 Aar no etter
Skilsmaalet med Danmark. Ei ny
Ætt var framvoksi, som hadde gløymt
det meste av den gamle Elsken til det
danske ”Moderland,” Den Intelligen-
sen, som no raadde, og som Stang var
den politiske Ærendsmannen aat, hadde
ikkje denne saare Lengting vetter
det «kjøbenhavnske Jerusalem, som den
fyrre Ætti hadde voret sjok av.
Det store romantiske Straumdraget,
som gjenom Danmark hadde brotet seg
inn fraa Tyskland, hadde endaa skapt
eit Slags sentimental Uppgløding for
det ”Nationale”. Sjølve Welhaven vart
riven med av dette og vart paa sin
voret
Maate ein norsk Diktar; dei andre.
fylgde etter, og Kunsten idet heile
gjekk same Vegen. Men det nationale
som desse Folk elskad, var ikkje det
norsk-folkelege, slik som dette i San-
ning var. Dei kjende ikkje eingong
dette. Dei bygde seg eit Draum-Norig,
fullt av Eventyr, Sætergjentur og
Lurtonar, og elskad dette æsthetisk;
men dermed forstod dei seg likso lite
paa Bonden og Norskdomen som fyrr.
Dette viste seg i det politiske. Dei
lovsong Bonden i Eveutyret, den gamle
”Odelsbonden,” :Teaterbouden; men dei
hatad Ole Gabriel Ueland og haus
Fylgje likso gloande, som dei sidan
hatad Søren Jaabæk og Bondeven-
nerne. )
Dei aatte ikkje lenger heime i
Danmark; men dei var likso lite heime
i Norig. Det var dette, som gjorde,
at Intelligensen meir og meir tok til
aa venda Augo mot Aust. For ein
Stad maatte dei hava nokot aa halda
seg til. Dei var.for faa til aa vera
ein Nation for seg sjølv. Den gamle
danske Uviljen mot Sverig og den
romantiske nationale Uppgløding hadde
gjort, at dei hadde voret med paa aa
ynskja Statholdarposten avteken; dei
varsendaa: ikkje :so dangt komne, at
dei «vilde hava ”gamle "Norig” til «eit
Lydrike under>Sverig; det var endaaå
so mykje Æra 1 dei, at dei ikkje kunde
vera ”stolte? av aa synast usjølvsten-
dige. Men Skandinavismen var alt
uppe, og Amalgamismen fylgde snart
etter.
Um Stang vart det trutt i 1861,
at han baade vilde verja Norigs
Jamnrett med Sverig, og at han var
Mannen til det.*) Men det skulde
snart visa seg, at so var det ikkje.
I 1860 hadde Stang sagt, at ban
ikkje vilde hava aarlege Storthing.
Han vilde, at Riksraadarne skulde inn
i Thinget, men vart so Thinget aarfast,
so var han rædd, at me kunde faa
Parlamentarisme. Alt i 1863 fekk
han likevæl framsett Forslag fraa Kon-
gen um, at aarlege Storthing skulde
innførast. Folk hev ofte undrast paa,
at Stang, som alt no var komen langt
inni Bakstrævet, kunde gjera dette;
for han maatte vita, at aarlege Stor-
thing ikkje vilde gjera ”Folkemagti”
veikare enn ho var. Men det hev
sidan komet upp, at Stang nok gjorde
dette for sidan aa faa Thinget med
paa Unionstanken sin. Svenskarne,
som i 1814 hadde vortet so styggjeleg
svyikne i sine Voner um aa faa Norig
innunder seg, og som nok aldri hadde
sleppt Tanken um aa faa «den gamle
Sambandslogji umstellt, dreiv paa med,
at der burde setjast ein ”Unionskom-
mite,” som skulde gjera Utkast til
ei ny Riksakt. Stang, som Folket
meinte vilde verja Norigs Rett, Stang
som i 1847 hadde voret so norsk, at
han hadde arbeidt paa, at Norig skulde
hava sitt eiget Konsulvæsen**), — han
rar den, som daa det kom til Stykket
sette alt det han visste og aatte inn
paa aa faa Norig so langt inn under
Sverig som det daa kunde gaa an.
Ei Nemnd vart sett, og ,,Unionsfor-
slaget” kom til Verdi, — Unionsfor-
slaget, som Fin kann segja er den
Tuva, som hev velt Fredrik Stangs
politiske Livs heile Lass,
Unionsforslaget gjekk ut paa aa
”utvikla? Unionen. Aa ”utvikla” Uni-
onen kann ikkje segja annat enn aa
gjeva Norig meir og mer inn under
Sverig. For Sverig er sterkaste Lan-
det; Sverig hev Sjølvkjensla og Byrg-
skap; Sverig gjev ingen Ting upp.
Etter det Stangske Unionsforslag skulde
Norig ikkje lenger hava nokon eigen
*) Det vart og meint, at han enno i (det
store og heile vedstod sine politiske
Meiningar traa 1834. ”Morgenbladet”,
som den Gongen hadde same Redaktøren
som no, skreiv soleids ein ”Leder” um
Stangs Utnemning til Minister, der det
stend desse merkjelege Ord:
”Under en parlamentarisk Regjering,
hvor Ministeriet befinder sig i en stadig
og levende Vexelvirkning med en Natio-
nalforsamling, renses det let og næsten
umærkeligt for Koteriindflydelserne; el-
ler rettere: det Slags Sammenhold, der
under en mindre fremskreden Samfunds-
ordning er tilbøjeligt til at forsnevre
sig og antage Karakteren -af Koteri,
udvikles og foræd!es under et parlamen-
tarisk Styrelsessæt til et organiseret
politisk Parti. De stærkeste.Baand, som
holder de i Fællesskab virkende Perso-
ner sammen, bliver da i Overensstem-
melse i politiske Principer og Fællesskab
i store og berettigede offentlige Interes-
ser, medens Familjehensynene, : det
personlige Kammeratskab og den
tilvante Samstemmighed bliver dé
mere uvæsentlige og tilfældige Fore-
ningsmomenter.” 3
**) Naar nokon talar um slikt no; .sa segjer
Morgenbladet, . at han .vil öydeleggja
Uniouen.
Hovudstad, og ikkje lenger hava nokon
Representation i Utlandet: og det fyr-
ste Steget framimot eit ”Unionsparla-
ment” vart gjort. Det var Intelligensens
Amalgamationslyster, som her fekk eit
politisk Uttrykk. Intelligensen, som
ikkje lenger hadde nokot Fedreland,
og som ikkje vilde vera heime 1 No-
rig, søkte seg eit nytt, ”større” Fedre-
land i Sverig.
Det fell seg so rart, at samstundes
som Unionsforslaget kom til, skulde
Fredrik Stang, Ordføraren for Intelli-
gensen, sjølv faa Tilføre til aa forklara
seg um, kya det var, som laag under
i heile denne Politiken. Det var i
1868. Gjenom Stortlunget var det
komet fram eit Forslag um, at gamal-
norsk skulde innførast som Lærefag
paa Seminarskularne. Dertil svarad
Stang med desse forunderlege og syr-
gjelege Ord, som no er kjende yver
alt Landet:
”— — Da der formodentlig ikke
kan være Spørgsmaal om at tillægge
Kundskab i det oldunorske Sprog nogen
umiddelbar praktisk Nytte, saa skulde
den væsentlige Grund til Oldsprogets
Optagelse i Skolen være dette Studi-
ums formentlige Evne til at styrke
Nationalfølelsen.. Det er vistnok ogsaa
fra Bestræbelser i denne Retning, at
Forslaget om at gjøre Oldnorsk til
Skolefag oprindelig er udgaaet. —
Men i ethvert Fald kan vi ikke ind-
rømme det beføiede i for Norges Ved-
kommende 1 Hensigt at støtte Natio-
nalitetsfølelsen at træffe nogen Foran-
staltning, som muligens 1 andre
Henseender kan medføre Skade og
Ulempe; thi er der nogen Side
af Følelseslivet, som hos den
norske Nation i Almindelighed
og dens studerende Ungdom i
Særdeleshed erstærkt udviklet
og ingen ny Støtte tiltrænger
saa er det Kjærligheden til,
Interessen for og Troen paa det
nationale”
Og han legg til:
”Paa dette Felt (naar det gjeld
Nationalkjensla) tør der være lige-
saa stor Føie til at frygte for
Overdrivelser som for en Slap-
hed, der skulde tiltrænge ydre
Stimulantser.”
Tenkje seg ein Fyrsteminister 1 eit
Land, som er rædd Nationalkjensla,
rædd, at Nationalkjensla skal verta
for sterk! — Den nyare Soga kjenner
ikkje Sidestykke til dette.
Det var i Aaret 1871 den 16de
April um Kvelden, at Unionsforslaget
vart avgjort i Norigs Storthing. Det
er Fredrik Stangs Skam, at han fram-
sette Forslaget; det er hans Livs
Skipbrot, at han ikkje fekk det fram.
Men det er den norske Intelligensens
usløkkjelege Skam, at det fanst so
mykje som syttan Mann, som sagde
Ja til eit Forslag som dette; det er
Intelligensens Skam, og det er Lands-
skam. —
Men etter den Dagen vart Fredrik
Stang Kampmimister. Han gav upp
alt det han fyrr hadde trutt og set
for aa liksom taka Hemn for sitt Livs
Nederlag.
- Etter det som no vart hendt, saag
han, kor ravgalet han hadde gjort,
daa han gjekk med paa aarlege Stor
thing. Og no galdt det aa gjera alt
det som kunde gjerast for aa døyva
ned att den Magti, Storthinget ved
den Reform hadde vunnet. Han tok
til med aa negta Thinget aa haldast
so lengje, til det kunde gjera seg fer-
digt. Og daa han i 1872 fekk eit væl
fortent Mistillitsuttal av Folkeforsam-
lingi, so vaagad han ein Ting, som
etter hans eigne Meiningar fyrr i Tidi
var det ravgalnaste og mest ukonsti-
tutionelle ein Minister kunde finna
paa; han leet Kongen personlegt
stiga fram for aa verja Ministeriet;
han innførde dei ”kongelege Dikta-
nina”.
— Det, som sidan hev hendt, veit
alle. Det er ei vill Flugt fraa alt det
som han hadde vigt sitt Liv til. Riks-
raadssaki, som han havde arbeidt fyre
130 Aar, Riksraadssaki, som var hans
Livs Tanke, den gav han upp og sagde
han nei til, daa Thinget 4 Gonger i Rad
baud han henne, Sine eigne Logfortol-
kingar, som han hadde vunnet sitt Namn
paa, kastad han yver Bord. Ja han
gjekk tilslutt til det juridiske Fakul-
tet for aa faa det til aa tyna hans
eigne - Fortolkningar. Og daa han
endeleg. trøytt og bøygd, gjekk ned
av Statsraadstolen etter 20 Aars gagn-
laust Stræv, so gjorde han ikkje dette,
fyrr han hadde fengjet lagt alle dei
Meinkrokar han kunde 1 Vegen for
Folkets Arbeid for aa faa seg eit godt
Landsforsvar. Det var som den gamle
Mannen ynskte, at naar han hadde
tapt i sitt Livs Strid, so burde ikkje
Landet helder verta sterkt nok til aa
verja seg. Han syntest tenkja med
Peer Gynt, daa denne kom heim etter
sitt store Livstorlis:
”Maatte jeg under Skjæbnens Piskeslag hyle,
der gives vel dem, jeg igjen kan pryle.” ’
Og Enden paa Visa vart den, at
han, som alle andre ”væltente?” Futar
og Skrivarar fekk — ”Komplimenta-
tionar” av dei Samlag og Embættsmenn
han fyrr hadde styrt. Han kann en-
daa takka til. at han ikkje fekk eit
Kaftfiservice av Sylvplett. —
Han fekk ingen til aa taka Arv
etter seg. Den einaste, som var liten
og stuttsynt nok til aa taka Sessen
hans, — det var C. Å. Selmer.
Reis paa Folkehøgskulen.
Ja reis paa Skulen, sofere du vel*
Bin gjere væl mot seg sjølv, Ja mot
andre au, trur eg; for det er mesteso
naar nokle reiser, so eggjar dei andre
au til, men naar ingjen reiser,.so blir
det med det sama stødt. No paa ei
Tid hev det vori ansleis, det er daa
nokle, som hev komi seg til aa reist
paa Høgskulen, daa visst av Gutar;
men kvi skal kje Gjentunne liksovæl
reise? Kvi skal kje dei au :lære?
Eg trur ikkje Gutanne treng detmeir
hell Gjeutunne. Men like godt for
alle. Ja det gjer ein meir godt, hell
ein kjem ihug, fyrr ein reiser. .Det er
væl rart i Fyrstningi, naar det er so
mangt aa bisne paa; men uaar ein
hev vori paa Skulen ei Tid, so skal
ein finne at det blir gildare og onale-
gare til kvar -Dagjen. Ja det totte
daa eg, og alle dei eg var isaman med:
for eg var paa Folkehøgskulen, og den
Tidi trur eg aldri eg vil gløyme. Eg
høyrde der so mykje godt og uppli-
vande; ja naar me sat og lydde paa,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>