Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
182 ,
Fedraheimen.
Ste Februar 1881.
aldri tru heiltupp meir. Og vil dei
vera særlege Borgarar, skal dei visst
faa hava Bokmaalet sitt i Fred, so
lenge dei vil sjølve. Naar Maalsaki
eingong vinn fram, vil truleg dei
norsktalande vera mykje rimelegare
mot dei dansktålande, enn desse i
lange Tider var mot dei andre. Mange
av dei vil kanhende stydja uppunder
Maalsaki, og det kunne vera godt fyr
baade Partar.
Det er ikkje faarlegt aa segja, at
me stend i eit Vende no. baade øko-
nomisk, politisk og literært. Landet
skylder yver 100 Millionar, Jarnvegerne
gjev litet Inntekt, det hev gjenget til
atters med Skipsferdi. Naar Krubba
er tom, bitst Hestarne. Kongen slæst
fyr sine Prærogativer, dei fleste av
Byfolket og Embætsmennerne ræddast
Stortings-Fleirtalet og ser til Ut-
landet etter Hjelp. ”Me hev ein In-
telligens utan Patriotisme og ein Patrio-
tisme utan Intelligens”. Eit nytt
Bokmaal. arbeider seg fram; og til aa
halde Fred og Roi Landet hev me
eit ”Kampministerium.” Skal det halde
paa slik, som det hev gjort no ei Tid,
so lyt ein ikkje taka paa Politikken
med Lovvottar paa. Det beste var
visst, at det daa vilde ”gaa mykje
jamt og smaatt” med Maalsaki, men
det raar ikkje du og eg fyr. Vert her
Slaasting paa Kniven, kjem nok Maal-
saki, som so mykje annat, ut av Hen-
derne paa dei moderate, og det kann
nok hende det gjeng anderleids enn
me hadde tenkt. Det var elles ikkje
mi Meining i det fyrste Stykket mitt
(Fedrah No. 2), at Maalsaki skulde
skapa ein. ”Revolution” paa den Maa-
ten, at det skulde gaa fyr seg i ein
Svip; det naturlege er, at det gjeng
smaat og jamt. Men at Maalsaki vil
gjera ein Revolution i mangt og mykje,
det er væl alle, Maalmenner og Mot-
- strævarar, med paa. Fedrah. trur, at
det var mi Meining, at Maalsaki vilde
øydeleggje sjølve den danske Bokav-
len, og legg til: ”Slike myrke Spaa-
domar trur me ikkje paa.”
Eg sagde at det danske Aandsliv
kjem til aa skrøkke ihop, naar Norig
— (ikkje med ein Gong, men etterkvart,
meinte eg) — riv seg laus fraa Dan-
mark. Me kann daa ikkje tru, at
Norig veg so litet, at det kann
koma påa eit ut, anten Danmark hev
Norig til literært Lydrike elder ikkje;
daa veit eg ikkje, kvat Maalsaki skulde
vera til*). So sagde eg, at daa vilde
”det danske Maalet ikkje verte stort
gjævare enn baskisk og lappisk, for
so sagde ein Engelsmann nyss um
det norske Maalet, og dei tvo Maal”
(0: Norsk og Dansk) ”vil koma til aa
faa like stor Magt paa Lag”. Detta
hev Fedrah. mistydt. Eg kunne ikkje
vera klok, um eg meinte detta etter
Bokstaven, for daa skulde etter mi
Meining det norske Maalet ikkje verte
gjævare enn baskisk elder lappisk, det
helder, og Maalsaki vart soleids reint
burt i Veggerne. Eg meinte ikkje
annat, enn at detta um baskisk og
lappisk som dei konservative hev teket
til Inntekt fyr seg som eit stort Ar-
gument mot. Maalsaki. er meinings-
laust, for det same kunne ein segja
um det danske Maalet med likso god
Grunn. Nordmennerne er likso mange
og likso gaaverike som Danskarne.
sSindigtt
maa Storthinget vera. Og den rette
Maaten for Storthinget aa vera sindig
paa, det er: aa gjeva alle sine Mot-
standarar so mykje Pengar, Embætte,
Lønstillegg o. s. fr., som dei berre vil
hava.
Storthinget maa vera ”høimodigt”.
Det. maa Ingen kunna segja annat
um Storthinget, enn at det er ”gene-
røst”. Og iser maa ingen kunna segja,
at det kniper for sine Motstandarar.
Storthinget maa vera ”nobelt”. Det
maa ikkje taka ”politiske Hensyn”.
*) At det danske Aandsliv vil skrøkke ihop,
lyt ein taka relativt. Absolut teket kunn
det godt hende, at den indre Framgan-
ven i Danmark vert so stor, at det med
den Hjelp, Danmark vil faa fran Norig
og Sverige vil meir enn vega upp mot
at det misser eit literært Lvdrike.
Tenk, um Kristiania-Damur og
Provinsembættsmenn skulde faa det
aa segja paa Storthinget, at det ikkje
var ”flott” nok! Og at det gjorde
nokon Ting av politiske Grunnar!
Det vilde vera fælt. Daa er det likare
at Folket betalar litt større Skattar,
og at Fridomsarbeidet gjeng som det
kann; — det fær og vera det same,
um Regjeringi daa fær Magt til aa
sitja og driva Bakstrævarpolitikk og
segja absolut Veto, so lengje ho sjølv
finn for godt. —
Ja, so maa Storthinget fara aat.
Det maa aldri minnast, at det tilslutt
vil vera Folket. som fær svida for
Storthingets ”Sindighed”. Kva gjer
det, um ein Bonde elder Arbeidar elder
Husmann elder Fiskar betalar nokre
Skilling meir um Aaret i Skatt? ”Fol-
ket” hev det for det meste so surt
fyrr, at litt surare kann ikkje skilja
stort. kHovudsaki er, at Bakstrævet
ikkje ”fær noko aa segja”.
Og so er det greidt, at Embætts-
og Regjeringsfolk — dei maa og liva!
Folket liver altid; for kor galet det
enn gjeng, so hev daa Folket Fatik-
kassa aa trøysta seg til Men Em-
bættsmennerne —! Skal Landet verta
so væl styrt, som det til dessa hev
voret (sml. alle dei digre gilde ”Over-
skridelser? 0. m.), og skal Regjerings-
politikken og Svenskefjæsket kunna
veksa og trivast i Landet, slik som
det hev gjort fyrr, — so maa Em-
bættsmennerne og deira —Partifolk
ikkje berre liva, men dei maa liv:
godt!
Eg gløymer aldri eit Stykkje, som
stod i. Morgenbladet for nokre Aar
sidan, daa Storthinget sist hadde Lø-
ningsspursmaalet for seg. Det var
”ei Husmor”, som skreiv, Kona aat
ein Embættsmann. Ho bad Storthin-
get veent um aa gaa so høgt med
Lønerne som det var Raad. For tenk,
leidt det er. skreiv ho, naar el
Husmor gjeng paa Torgi og skal kjøpa
inn til Middags, og so ho ser ein vrig-
tigt teit og god Bite. som ho hev
fælande god Hug paa, men lyt taka
kor
ein annan, som er mindre god, fordi
ho ikkje hev Raad til aa taka den
beste! Kor mykje gladare vilde dei
ikkje verta heime, um ho kom heim
med ”beste Biten”! No kann det henda
at Mannen set upp eit surt Andlit,
naar han til Middags fær ei Steik som
ikkje er so god som ho kunde voret!
— Det var eit røraude Stykkje.
Det gjorde nok Inntrykk paa Storthin-
get og. Hadde Storthinget voret ”ube-
sindigt? og tenkt litt meir paa det
mange tusund rundt i Landet, som
aldri fær den beste Biten, men som
maa takka til, berre dei fær ein
Bite —! ja. so hadde her voret endax
fleire swe Embættsmanns-Andlit
Landet enn her er!
Embættsmennerne maa hava den
beste Biten. Knip det, so maa Lan-
det slita seg upp paa aa føda Em-
bættsstanden sin. Det hev ikkje stort
annat aa gjera. Og di meir ufolke-
lege Embættsmennerne vert, di meir
dei legg seg etter aa hjelpa Regje-
ringsmagti i hennar Strid mot Folket
— dess meir Pengar og dess fleire
Embætte bør dei faa. Storthinget maa
halda sine Motstandarar uppe. For
dersom ikkje Storthinget gjorde det,
— kven skulde so gjera det?
Eg kom til aa tenkja paa desse
Ting, daa eg i Dag fekk sjaa det nye
Universitets-Budgettet, som Regjering:
hev lagt fram for Storthinget.
kjem Regjeringi so beintfram og tru-
skyldig, som Ingenting var, og krev
baade det eine og det andre, nye
Postar og Auking av Løningar i dei
gamle. Og derimillom hev ho eit For-
slag um større Løn til Styraren av
den ethnogratiske Samling, Stipendiat,
Bladskrivar og Dr. Yngvar Nielsen.
Yngvar Nilsen hev søkt um eit Tillegg
av 600 Kr,; so høgt vaagar ikkje Re-
gjeringi seg; men ho prøver med 200
Kr., og um 3 Aar til skal det veksa
til 400 Kr.
Ja. her hev me eit godt Eksempel.
Her maa Storthinget utan Kvink
segja jæ-
Columba.
Korsikansk Forteljing etter Prosper Mérimée-
Å XVIII.
I Millomtidi, litt etter at Orso var
faren, hadde Columba fenget vita gje-
nom Speiaranne sine, at Barricini-sønene
laag paa Lur etter han, og fraa den
Stundi var bo i ei einaste Uro. Dei
saag ho renne rundt Huse paa alle
Kantar, fraa Kjøkken upp til det Romi,
ho hadde skipa til, utan aa gjera noko,
men altid annsam: alt i eit stana ho
for aa sjaa, um ho ikkje kunde open-
daga noko uvanlegt. Upp mot Klokka
elleye reid ein stor Ryttarflokk inn i
Landsbyen; det var Obersten og Dotter
hans, med Tenarar og Førar. Daa Co-
lumba tok imot dei, var det det fyrste
ho spurde um: "Hev De set Bror min?”
Deretter spurde ho Føraren kva Veg
dei hadde fare, og kva Tid dei hadde
tekje ut um Morgonen. Etter Svari, ho
fekk, kunde ho ikkje skyna, at dei ikkje
hadde møtt kvarandre.
”Kånhende Bror Dykkar hev fare
yver Høgdi”, sae Føraren; ”me foor ned-
under Bakken.”
Men Columba viste paa Hovude og
tok paa aa spyrja att. Endaa so sterk
som ho var, og endaa det no galdt aa
ikkje visa seg veik for dei framande,
var det umoglegt for henne aa dylja
Uroi si, det varde ikkje lengje, fyrr ho
hadde gjort Obersten og endaa meir
Miss Lydia likso urolege, som ho sjølv
var, daa, ho hadde fortalt dei um Ut-
soningsforsøke, som hadde hayvt slik ein
uheppen Utgang. Miss Nevil vilde, dei
skulde sende Folk til alle Kantar, og
Far hennar baud seg til aa stige tilhest
att og fara stad med for aa
leite etter Orso. Daa hugsa Columba
Skyldnaden sin som Vertinne i Huse.
Ho tvinga seg til aa smile, nøydde
Obersten til aa setja seg tilbords og fann
tjuge rimelege Grunnar for, at QOrso
hadde vorte burtheft, Grunnar, som slog:
seg sjølv ihel strakst.
Obersten, som trudde at det var hans
Skyldnad som Mann aa freiste na halda
Mode uppe hjaa Kvinnfolki, sette fram ei
Utereiding soleids:
KFøraren
”Bo vaagar,” sae han, "at della
Rebbia hev raaka paa Villt: han hev
ikkje kunna staa seg mot Freistingi, og
me skal sjaa, at han kjem att med Skyt-
tarskræppa si stappfull. Me høyrde
sanneleg fire Byrseskot paa Vegen og!"
lae han til; ”dei tvo small mykje meir
enn dei andre, ov eg sa til Dotter mi:
Ev skal vaage det er della Rebbia, som
er ute og veider:; det kann berre
mi Byrse;-som gjer slikt Braak”.
Vera
Columba bleikna: Lydia lae væl
Merke til ho og forstod strakst, kva
Tankar Ordi aat Obersten hadde gjeve
henne. Etter ei Togn i nokre Minutt
spurde Columba braadt, um dei tvo
harde Smellanne hadde kome fyre hell
etter dei tyo andre. Men korkje Ober-
sten, Dotteri hell Føraren hadde gjeve
større (aum etter det.
Daa ingen av dei Bodi, som var ut-
sende, var komne att til Kl. L samla
Columba alt sitt Mod og nøydde Gjestenne
til aa setja seg tilbords. Men
kunde eta noko, utan Obersten. So snart
det rørde ute. flaug Columba til
Gilase, men sette sec ned att tune i Hu-
gen kvar (iong: meir og meir sturi
stræva ho aa halde uppe ei livlaus Sam-
tale, som ingen avta paa, og Som vart
avbroti ved lange Millomrom av Togn.
ingen
seg:
Med eitt høyrde dei ein Hest koma
setjande i Tansprang inn paa Plassen.
”Aa! Denne Gongen er det Bror min,”
sae Columba og sprang upp. Men daa
ho fekk sjaa Chilina skrevande yver
Ryggen paa Orso’s Mest, skreik ho
med jammerfullt Mæle: "Bror min er
daaen !”
Obersten sleppte Glase or Handi,
Miss Nevill sette i eit Skrik, alle sprang
til Husdøri. Fyrr Chilina kunde hoppe
or Sadlen, vart ho lyft ned som ei Fjør
og mest klemd Pusten or av Columba.
Barne forstod, kva det galdt um, og det
fyrste Orde hennar var: ”Han lever!”
liksom Kore i Othello. Columba heldt
upp med aa klemme ho, og Chilina datt
so lett ein Kattunge ned paa
Bakken.
”Dei andre?” spurde Columba med
haas Røyst.
Chilina gjorde Krossteikne med Peike-
og Millomfingeren. Daa vart Columba
lysande rand i Andlite istadenfyr lik-
bleik. Ho sende eit brennande Augne-
kast til Barricinihuse og sae smilande
til Gjestenne sine: "Lat inn
og faa oss Kalte.”
Den lille Bodberaren aat Røyaranne
hadde ei lane Soge aa fortelje. Byg-
demaale hennar umsette Miss Columba
paa italiensk, og Miss Lydia deretter
paa engelsk. —Forteljingi mana fram
mang ein Eid fraa Obersten og mangt
eit Sukk fraa Miss Lydia, men Colnmba
lydde paa med ei kjenslelaus Mine; ho
sat berre og vreid og vreid paa Damask-
som
OSS gaa
Der:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>