- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
71

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

di

-7de Mai 1881.

Fedraheimen.

71

Ein sae der (han hadde høyrt det av
Kapellanens eigen Munn): ”Kapellanen
sae, at der kom til aa kvile ei Gjeld av
800 Dalar paa Kaldet. Der var fyrst
uppteket eit Laan paa 500 og sea eit
paa 300 Dalar”. No fortel Kapellanen,
at der er tilbakebetalt paa det fyrste
Lannet; men det er væl ikkje so mange
Kronur? — Der vart au uppgjevet den
aarlege Inntekt, John Moaes. hadde havt
av Aai; ho var ulik i dei ymse Aar,
men var utreiknat til ikr. 400 Kr. um
Aaret yverhovud. So vart der samrøy-
stes tilslutt valde tvo Menn, som sidan
inngav til Formannskapet ei Forestilling.
Den er no inne hjaa Regjeringi og kann
derfor inkje avskrivast her; men ho hev
i sumt mest same Ordlag, som det, eg
skreiv i No. 9, elder — etter Formann-
skapsprotokollens Forretningsstil — ”re-
sulterer i en Henstillen til Formandska-
bet om at indgaa til Kirkedepartementet
med Forestilling om, at ikke noget nyt
Laan paa Embædet tilstedes den fratræ-
dende Sognepræst Proyst Moses til An-
vendelse i det angivne Øiemed, og at
saafremt formel Adgang dertil haves,
det tidligere Laan maa blive fordret
tilbagebetalt av Proyst Moses”.

Formannskapet hadde so Møte og
vedtok samrøystes, ”at forsaavidt de i
Forestillingen meddelte Oplysninger er
tilforladelige, er Herredstyrelsen enig 1
Forestillingerne angaaende Laanet og
tillader sig saaledes i Ærbødighed at
andrage hos Departementet om, at det
fornødne i saahenseende maa blive fore-
taget og iagttaget. Iforbindelse hermed
henstiller Heredstyrelsen til Departemen-
tet at gjøre det til Pligt for Sognepre-
ster til Hvideseid, at aflægge hvert Aar
hehørigt Regnskab over Elveindtægten
og at holde forsv arlige Damme ved El-
ven til enhver Tid til Beskyttelse for
Prestegaarden.” —

Det kunde kanskje sume segja, at det

«vår Sjavvili aa skrive so mange Sogur

fraa John Moses’s Tid her i Gjeldet no,
daa han er avgjengjen; men eg finn det
just naudsynlegt no, av den Grunn au,
at me snart ska ”beskjikkes” ein ny
Prest, og daa meinar eg, at det gjer
godt, at det kjem upp, korleids det er

og hev voret i denne Menigbeti med
desse Greidurne, for det visar, at det

”nyttar inkje leng med Kampprestar;" for
fær me ein av same Slage att, — fær
me ikkje ein folkeleg Mann, — so skjy-
nar ikkje eg, korleids her-vil verta laga.
Det et ille nok slik, som det alt er; men
daa vil det verta ti Gonger verre.

Pensjonen er no uppgjort, so det
nyttar inkje meir um den; men eg vil
enno segja at det er ein Urett mod vaart
Folk, at slike som John Moses & Komp.
og mange andre fær Pensjon. Ein Urett
mot dei ”mange”, som aldri 1 sitt Liv
fær eit ”Dyrtidstillegg” hell eit ”Alder-
tillegg” hell ei Naadegaave av Staten.
Dei, som kanskje hev arbeidt meir og
voret likso trugne i sitt som dessi, kor
mange av dei ville ikkje verta "rike",
um dei berre ein Gong i sitt Liv fekk
2300 Kr. Men nei! lida vondt i all si
Tid, og so i Alderdomen koma paa Kassa
elder svelta, — det er disses Vilkaar. Er
det "Likhet"? Det er væl so, at ti D.
ein Prest hev ein høgare Gjerning aa
gjera, og difor inkje bør ”sultefcdrast”;
men dei skal daa inkje harya Betaling

for sjølve Gudsgaavurne, væl; um dei
gjeld det væl: ”gjev dei for inkje”, —

men for sitt Arbeid, sitt Bry med aa
studere ut Preikur, sjaa til dei sjuke

osv. Naar dei daa hev ein 2000 Dalar
og meir, 30 maatte dei anten kunna

leggje upp til ein sutlaus Alderdom for
seg, elder au laut dei — som andre —
skjote ihop til ei Kasse til aa taka av,
um dei trong Hjelp paa deires gamle
Dagar. Det var meire Rettferd det.
Men Prestarne vil visst med Nebb og
Klo setja seg imot ei slik Ordning og
banstøyta. den i Kyistendomens Navn.

Kor mangein Gong fær ein inkje no
liksom høyre, at dei bånstøyter heile
den ”liberale Politikken”. Men, naar
dessi Røysterne, som vil hjelpa paa Naudi
og Armodsdomen iblandt konn, fær meir
Magt, og det maa dei snart faa, so nyt-
tar det knapt for Prestarne aa skræma
med ”den sørgelige Sandhed, at de So-
cialisters eg Komunisters frygtelige Lær-
domme ogsaa udbrede sig inden vort
kjære Fædreland —; Bøndarne skjynar
betre, dei; dei vil inkje sleppa Kristen-
domen, men dei vil hava Fridom, og det
vil Kristendomen au.

Eg skal tilslutt takke H. Moses for
at han skreiv. Det vore godt, um her
kunne koma Forbandling istand um
dessi Tine, og daa trur eg, det var godt,
um Prestarne ville svara. Ein kann
godt bli for heit i denne Striden, for
ein er mangein Gong hardt egga. Lat
oss derfor faa Svar: men svara slik, at
me skjynar dykk,og gjev inkje Steinar
for Braud. Tidi er slik no, at det knapt
nyttar, um de kann finna ein ”Form-
feil” i Stykkji vaare og so gjera Braak
med den; ”Sanningi er sterk” i desse
Dagar, ”og ho vil vinna”.

Hallvard Strond.

Kristiania, den 6te Mai.

Norigs gamle Merke, Merket hans
Magnus Barfot, vil visa seg paa nytt
ved Wergelandstesten den 17de Mai,
er det Von.

Og kven er det. som skal bera dette
stolte, storvyrdelege Merket, Norigs
historiske Merke, den raude Duken med
den gyllte Løva?

Det skal Norigs Bønder.

So skriv Dagbladet:

”Vi er sikre paa at møde Tilslut-
ning blandt Norges Bønder, naar vi
herved tillader os at opfordre dem til
at fremmøde i Masse for under egne
Faner og Flag at deltage i Proces-
sjonen. Skytterlagene Lør stille sine
Faner og Flag til Dispositiou, for at det
store Tog kan have Samlingsmerker nok.

Toget vil kunne samle sig under en
egen Fane, som vil blive forfærdiget
for Anledningen. Det vil blive Norges

gamle Fane, Maenus Barfods Fane: Rig S-
San en gylden Løye med Brlen,
paa rød Bund. Og i Bue over Vaabe-
net tænkes anbragt som Indskrift:
”Norges Bønder.”*)

Kvar Bore som hev Hug til aa
heidra Henrik Wergelands Minne og
Norigs Fridoms Dag, og som kann
koma seg avstad so langt som til Kri-
stiania, lyt væl i Veg no, anten han
er rik elder ring, graaklædd elder
blaaklædd, Austmann elder Vestmann
elder nordifraa.

Det vert fyrste Gongen, at Norigs
Bønder kjem til aa stiga fram fullt
jamsides Byborgararne under sitt eige
Merke — og det under slikt eit Merke
Norigs gamle nasjonale, som Bønderne
framum andre hev Rett til aa bera —;
det verdt ærefullt aa vera Bonde den
Dagen, og Henrik Wergeland vil gleda
seg 1 si Grav av aa sjaa sine kjære
norske Odelsbønder samla seg um
Minnestytta hans under dette Merket.
Møt upp mannsterke her, Bønder! De
hev ein serskild Rett til aa vera med
paa denne Dagen, og kjem de mann-
sterke, so vert den 17de Mai 1881 ein
stolt Dag i det norske Bondestands Soga.

3) ”Dagbladets”, Redaktion vil sætte sig i
Forbindelse med Festkomiteen og arran-
gere det fornødne med Hensyn til Pro-
cessjonens Plads i det store Tog”.

Plass til i Utvalet aat han,

Hær-Musiken skal ikkje faa Loy til
aa spela ved Wergelandsfesten, er
det sagt.

Kven hev Rett til aa negta
det? Er det ikkje Folket, som beta-
lar baade Hæren og Hær-Musikken?

Det. maa væl vera ein høg Kar det,
som vaagar seg til aa raa yver den
norske Hær-Musikken paa den Maa-

ten —?
Filisterdomen her inne hev væl
tenkt, at paa den Maaten skulde dei

faa øydeleggja Wergelandsfesten. Men
Kristianiafilistrane vil læra det baade
denne Gongen og fleire Gonger. at det
finst andre Folk enn dei, som hev
Meiningar og Magt 1 dette Landet. —

Naar ikkje Wergelandsnemdi kann
faa norske Spilemenn til den 17de Mai,
so skaffar ho andre likso gode. Dei
skal alt ha telegraferat til Gøteborg og
Kjøbenhavn um dette.

Der er Ting, som heng so høgt. at
ikkje eingong Pengesekkjerne kann naa
upp! — og det er godt.

Men at Kristianiafolket ikkje skjem-
nest av aa driva det til det, at Sven-
skar og Danskar skal maatte hjelpa
Nordmennerne til aa halda Fest for
den største nasjonale Skalden sin, —
det maa me storleg undrast paa.
Men det er den nåsjonale Æreløysa,
som er ute att. Me kjenner den
fraa fyrr.

— Åa, kor Maalmennerne meir og
meir. fær Rett i den gamle Læra si,
som Folk fyrr hev funnet so rar:

at der i dette Landet er tvo
Nasjonalitetar!

Tak med Blomar og Kransar til
Henrik Wergeland, naar Støtta hans
skal avslørast den 17de Mai! — segjer
*Verdens Gang*. Me vil segja det
same. Tanken er fager og god. Hen-
rik Wergeland var so glad i Blomster.

Fidsvollsmonumentet tek dei no til aa
arbeida paa aa faa istand. Fyrre
Laurdagen heldt dei ”Innbjoarmøte*
og vedtok Seudebrev til alle Nordmenn
um aa vera med og gjeva Pengar til
Monumentet, og eit *Arbeids-Utval*
vart utvalt, som skal samla inn Pen-
gar og hellest fremja Saki paa alle

Maatar. I dette Utvalet sit 18 Mann,
derimillom — Præsident Sverdrup,
Statsminister Selmer, Prof. Sars,

Bisp Essendrop, Bilæthoggar Skei-
brok, Kunstmaalar F. Thaulow, Or-
ganist Lindemann, Grosserar P. W.
W. Kildal og andre kjende Menn.
Gamle Løvenskjold vilde some faa
med; det skulde endaa upprettast ein
men det
gjekk ikkje. Og væl var det; for ein
Mann, som hev sett fram Forslag um
full Grunnlovsumstøypning med Over-
hus og alt vondt, burde ikkje vera med
og reisa Minnesmerke yver Fedrarne
paa Eidsvoll. Seinast til Vaaren 1883
skal det vera nytt Innbjoarmøte til
Forhandling um det, som er gjort og
det, som skal gjerast.

Kvar Mann i Landet, som ikkje er
Fant, og som vil hava Rett til aa
kalla seg Nordmenn, vil sjølvsagt leggja
ein Skilling i dette Nationalmonumen-
tet. Ingen er so arm, at han ikkje
kann leggja av 1 elder ’, Kruna paa

eit Aars Tid elder tvo til eit Minnes-
merke for Norigs Fridom og Sjølv-
stende! Ea

ON. 3. Sørensen fekk av Overretten
same Domen som for Underretten: 60
Dagars Fengsel og Sakkostnaden, en-
daa Referenten hadde innstillt honom
til aa verta frikjend. —Saki gjeng til
Høgsterett.

Stortinget hev med 57 R. mot 52 ved-
tekje eit Forslag av Steen om at Grunn-
loys-Nemndi skulde dryfta dæ 6te Ka-
pitlet i Stortings-Reglementet og koma
mæ Forslag til Brigdingar i dæ, om ho
totte at slike var turvelege. Steen totte
ikkje dæ var rett, at Præsidenten 3

Gonger skulde tala ein Tingmaun til
Rettes, som kom mæ wusømelege Ord,

fyrr han kunde spyrja heile Tinget om
han skulde utvisast.

Der er bevilja 12,000 Kr. til dæ
bergenske Fiskeselskapet, og dei høgare
Skular hev Tinget gjeve dei vanlege
Bevillingar.

Odelstinget bev tekje ved Regjerings-
Forslaget om ny Handyerkslov. Denne
gjer dæ noko fastare en fyrr millom
Meisteren og Arbeidaren, og set ein ny
Slags Rett til aa døma i Saker millom
desse. I Retten skal Underdomaren
vera Formann og desutan 2 Meistrar
og 2 Arbeidarar. Domen kann krevjast
inn for ein Overrett av 3 Meistrar og 5
Årbeidarar. — Fraa den gjeng Ein like
til Høgste-Rett.

Lagtinget hev vedtekje Loven om Av-
taking af Borgarvæpningarne i Byarme.
Dei som røystad mot var berre desse 4:
Aschehoug, Lambrechts, Hansen, Syend-
sen. Dei segjer at Regjeringi vil sank-
tionera Loven denne Venda.

Wergelandstytta. ”Østlandsk Tidende”
skriv, at Bjørnson var den fyrste som
kom fram med den Tanken aa reisa ei

Stytte for Henrik Wergeland — dæ
hadde nok vore tenkt paa fyrr, men
hadde vorte reint bortgløymt. Dæ var

i Mandagsforeningen Bjørnson fyrst ta-
lad paa dæ, og alle var samse mæ honom
valde ei Nemnd (B. Bjørnson, H.
Ross, E. Sars, 0. Skavlan) til aa greida
mæ Saki. Desse fekk nokre andre gode
Menner mæ seg, og spurde so Storthin-
get om ikkje dæ vilde telja Nolket til
aa reisa Minnestein for sin største Dik-
tar. Nokre og seksti Tingmenner (fraa
Kristiania ikkje andre en D. Kildal)
skreiv so Namni sine under den Inn-
bjodingi, som vart send utyver Landet.

og

yfædrelandet* stivde seg upp og heldt
ei Moralpreika for Morgenbladet og her
ein Dag, fordi det sistnemnde Bladet
paa ein beilag Skirtorsdag hadde komet
med eit raatt og forargelegt bibelsk-
politisk ”Dikt” um Bels Prestar og dei
74-i Thinget. Det hender so sjeldan
no um Dagen, at ”Fædrel”. preikar
Moral for andre enn sine politiske Mot-
standarar, at me lyt fortelja dette Til-
fellet som nokot serleg merkjelegt, — og
kanskje som eit godt Merkje for Fram-
tidi —?

Yngvar Nielsen hev teket til aa gjeva
ut ei ”Norges Historie efter 1814”.
— 80 skulde daa det store og vigtige
Arbeidet fyrste Gongen verta utført av
den Mannen. — Me veit dermed so no-
konlunde, kva me hev aa venta.” Sjølve
”Fædrelandet” finn, at Mannen hev lagt
svært stort Lag paa ”Karl Johans For-
tjenester af Norge”, det vil væl segja
at han paa god November-Vis hev for-
talt Nordmennerne, at det er Karl Jo-
han, som av sin Naade hev gjevet oss
ei fri Forfatning o.s.tr. Ynevar Niel-
sen er Morgenbladsmann og Amalgamist
som me veit, og det er væl dessutan
ikkje for ingen Ting, at Boki kjem
just no.

Kanskje nokon av Vitenskapsmen-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free