- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
76

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hans
Den Styngjen ber Sjur enno Merkje av

Fedraheimen.

14de Mai 1881.

Sjur Mo var ein av Gamlekararne
fraa ”Krigens Tid”. Han var fødd
1795 i Kinsarvik i Hardang; difor
kallad dei han og Hardingen, daa han
sidan kom derifraa. Han vart utkom-
mandera Nyaar 1814 og tente som
No. 42 i Grayens Kompani. Sjefen
var Kaptein Beckmann, og Løytnanten
heitte Collin. Majoren deira var ein
Coucheron, og Bataljonen hadde Namn
av *Bergenhusiske Skarpskytterba-
taljon*.

Sjur Mo var med ein Gong, Nord-
mennerne reiv ned ei Bru yver Glaama
og dermed stengde Vegen for Sven-
sken. Sidan saag han paa, korleids
Svenskarne reiv ner Prestegardshuset
paa Rakkestad og gjorde Bru av Tim-
berverket, so dei tilslut kom yver. So
slogst dei daa; men der var berre
600 Nordmenn mot tri Gongjer so
månge Svenskar, so Norsken laut gjeva
seg den Gongen. I den Veitla fekk
Sjur ein svensk Bajonett gjenom Laa-
ret paa seg, daa han og Kameraten
skulde hjelpa Kapteinen sin.

den Dag 1 Dag er.
Dette var Storhendingarne 1 Sjurs
Liv. Han hey ærlegt tent si *Verne-
pligt* for Folk: og Land, og er visst
ikkje mindre vyrdande enn Stormengdi
av desse uppstrokne, raudrandutte
og gullsnørde *Militærherrarne*, som
gjeng her og stryk paa Bygata og i
dei fine Salarne og er fælt so kaute,
endaa dei aldri hev luktat Krut. No
er Sjur gamall, og han er fatik med.
Det Brevet eg saag, gjekk ut paa, um
det ikkje skulde vera Raad aa skaffa
den trufaste gamle Hærmannen og
Arbeidaren ein liten Pension, endaa
han aldri hev havt nokot stort og feitt
Embætte. Den Pensionen fær han
visst; for han er ikkje *stornøyten*,
gamle Sjur Mo, og han hev so visst

gjort Rett for seg i dette Landet.
Pee

Kristiania, den 12te Mai.

sRetræt 18 Høgrebladi hev sleppt
Vonerne no um aa faa skipla Werge-
landsfesten. Dei forstend endeleg, at
det, som er avgjort. er avgjort. Det
er leidt; men det er so. Wergelands-
komiteen er ikkje Ungar, som kann
skræmast, elder Stakkarar, som held
sine Meiningar fale. Det er leidt,
fælt so’leidt; men — det er so, og so
fær Ein finna seg i det.

Dette er vitug Tale av Høgrebladi.
Det einaste, Ein kann undrast paa, er,
at dei ikkje hev havt so mykje Vit
fyrr. For kva nyttar mo- heile det
Staaket, dei hev gjort i denne Saki?
Det nyttar dei ikkje eit Grand, men
hev berre gjort vondt; for no ser Folk,
kor lite dei meiner med det Snakket
sitt um Wergeland og um kor glade dei
er i honom, — og no hev Folk paa nytt
set, kor diger Raaskapen er hjaa dei,
som daa gjerna vilde vera ,,Nationens
bedre Del*.

— Ein Ting hev Staaket like væl
voret godt for. Det hev gjort, at Folk
hev komet til aa leggja meir Merke
til baade Festen og Henrik Wergeland,
enn dei hellest vilde gjort. Og Fol-
kebladi hev dermed fengje Tilføre til

aa leggja fram for Aalmenta ei heil
Mengd med Upplysningar um Werge-
lands sanne Meiningar og kva han hev
diktat og tenkt, og um Bjørnson og
hans Høye til Wergeland, og mykje
slikt. som Folk berre hadde godt av aa
vita. — Men det var væl ikkje det, Høg-
rebladi og Kvristianiafilistrarne vilde,
so ein like fullt maa hava vondt av
dei, fordi dei ikkje hev havt Vit til aa
*bøygja seg under Lagnaden* fyrr.

Men betre seint enn aldri. No er
dei so mjuke, at det er reint svært.
Sjølve Morgenbladet lovar og forsikrar
seg paa, at det ikkje vert noko Ule-
ven paa 17de Mai. *Aftenbladet* gjeng
endaa vidare og prøver aa gjeva *Dag-
bladet* og Vinstrepressa Skuldi fyre,
at det i det heile hev voret Snakk um
«Spektakel*. Dei skjemmest, maatru,
og vil ikkje lenger vera ved, at dei hev
tenkt paa sovoret.

Vinstrebladi fær altso Rett: den
17de Mai 1881 vert ei stolt og fager
Høgtid. Raaskapen og Hatet vil *sitja
heime og skjera Tenner ;’* men Folket
vil møta upp og halda Fest. Og
Henrik Wergeland vil faa Lov til
aa vera den, han i Sanning var, og
hans beste og fagraste Tankar vil stiga
livande fram for Folket paa nytt gje-
nom Bjørnstjerne Bjørnsons Tale.

Den, som hev ZEra av aa vilja negta
Hær-Musikken aa spila ved Werge-
landsfesten er nok ingen annan enn vaar
gode gamle Kjenning og Ven — Hr.
Statsminister Selmer.

Skulde du tenkja slikt! Norigs
Regjering! — Sjølve Landsstyret
vil hindra Nordmenn 1 aa halda Fest
for Nationalskalden sin! Selmer hev
væl tenkt som Stang, at Nordmennerne
er nasjonale nok fyrr, so Ein bør ikkje
hjelpa dei til aa verta endaa verre. i
den Vegen. -— Og sjølve Landsstyret
vil føra den Skammi yver Nordmen-
nerne, at dei skulde laana Musik av
Svenskar og Danskar til sin største
Nationalfest! Selmer hev væl tenkt
som so, at det var ikkje so faarlegt,
um Nordmennerne gjorde seg til Narr,
for det hev dei gjort fyrr. —

— Men litt Skam hev det daa voret
i Høgre, Dei hev forstadet, at dette
gjekk væl vidt. Den Generalen, som
fyrst sagde Nei, sende sidan Bod til
Komiteen, at han hadde ikkje nokot
med det; det var ein annan, dei skulde
spyrja. Og daa Komiteen gjekk til denne
andre — det var etter at Selmer hadde
sagt at han ikkje vilde —, so svarad
denne langt um lengje ja.

*Retræt!* Dei hev drivet det so
vidt, at dei maa fira paa alle Kantar.
Brigademusikken kjem til aa
spila ved Wergelandsfesten likso
visst som Bjørnson kjem til aa tala.

Fleire og fleire Samlag og Stender
her i Hovudstaden melder, at dei vil
vera med ved Wergelandsfesten: Good-
Templarordenen, Bokprentarsamlaget,
Bakarar, Sjømenn o. fl. Kunstnarsam-
laget, som hev B. Bergslien til For-
man, vedtok som du veit med 12 mot
11 Røyster, at dei ikkje vilde vera
med; no hev ikring 50 Kunstmenn,
d. e. mest alle, som er her i: Byen,
meldt, at dei gjeng med like godt!

So skal det vera.

— So kann Grossistarne meir enn
gjerne*faa Lov til aa sitja heime.

Bønderne kjem og til aa møta upp.
Mange hev meldt seg. Merket er
snart ferdigt og Merkesmannen vald.
Dei skal samlast paa Stortorget, høy-
rer me, Kl. 21), E. M. Det. vert visst
ei Mengd, som vert med.

So skal det vera!

Bjørnstjerne Bjørnson kom til Kri-
stiania Maandag den de Kl. 17,
Ikring eit Par Tusund hadde samlat
seg paa Bryggja og helsad honom med
stormande Jubel. Eit Par av *den
gode Ordens* Menn hadde møtt upp
for aa gjera Staak, og dei prøvde seg
so smaatt med Piping elder Hyssing;
men dei kom so reint burt, atdet
berre var faae som visste um dei, fyrr
etterpaa.

Bjøruson var sim same: staut og
frisk. Han er no her i Byen — bur
hjaa Fru Thaulow —, og vert verande
her til etter den 17de.

Wergeland og Sverdrup. Ikring 1840
— fortel Samfundet — gjorde Studen-
tarne eit Fanetog til Prof. Georg Sverd-
rup. Henrik Wergeland vilde vera med
og prøvde aa koma inn i Processionen;
men so galne var Folk paa han, at ingen
vilde gjeva han Plass. Daa steig ein
ung Student ut av fyrste Rekkja, der
Skyldfolket til Georg Sverdrup hadde
fengjet Plass, og sagde til Wergeland:
”Vær saa god, Hr. Bureauchef,*) jeg
ser, at man ikke har Plads for Dem;
kanske De vil iudtage min?

Den unge Studenten var
Sverdrup.

Johan

Utskiftningsløven vart forkasta i Stor-
E ØK
tinget (plenum) med 91 mot 18 R.
Baade Odelstinget og Lagtinget vilde
hava Loven, men dei var usamse om
eit Par Paragrafar i honom; han kjem
vel fram att og vert vedtekjen næste Aar.

Nye Tækjar-Embætte hev Tinget be-
vilga Pengar til i Lyngdal og Bals-
fjorden.

Til Lærarne paa Landet er bevilga
av Rikspengar 500,000 Kr. Til Bylæ-
rarar 95,000 Kr.

Til Boksamlingar er bevilga 8000 Kr.

Telegraf-Budsjettet. Innkomurne er
sette til 900,000 Kr., Utleggi til 987,000.
Det er bevilga til nye Traadar millom
Ure og Henningsvær i Lofoten og mil-
lom Bredvik og Eidsfjorden i Vester-
aalen.

Hans Ross vil Fleirtalet i Lønnings-

nemndi hava til Professor 1 Norsk.
Birkeland, Johanssen, NSaxe og Vindal

vil berre gjeva honom Stipendium.

Haandverksloven hev no Lagtinget
og vedtekje. Men der er gjort nokre
Brigde i han, soleids skal det berre
vera 1 Meistar og 1 Arbeidar i Retten
og 2 av kvart Slag i. Overretten.

Kristiania skal faa ein ny Bank:
Kristiania Handelsbank. Der er
teikna 2 Mill. Kr.

famle Volk. I Raade hev daae ei

Kjering, som var 105 Aar gamall; i
Alexandria i Amerika ei (ogso norsk)
som var 110 Aar. Den siste reiste over
i 1867 — 97 Aar gamall.

Rusland. Det vert tala att og fram,
some "lider segjer dei at Keisaren vil
gjeva Riket politisk Fridom, men so
meiner nok dei fleste at det ikkje vert
anna enn eit betre Pengestell, mindre

*) NV. var ”Bureauchef i Riksarkivet”.

Hær-Tyngsler og slikt. . Det er vel
vandt, Ryssarne lit seg med det lenger.
Det gjeng Ord om, at Nihilist-Nemndi
alt hev dømt Aleksander 5 au av med
Livet.

Til Amerika strøymer det Folk i store
Mengder. I April Maanad kom der
50,000 til Ny York. I dei 4 fyrste
Maanadarne var Talet 105,543. Det er
some Stader derover, at dei tykkjer, det
vert for mykje Folk, det er nok ikkje
so godt for Arbeid allestad der helder.

I det danske Likbrennings-Samlaget er
dæ no 1000 Medlemer.

Frankrike hev sagt upp alle Han-
delspakterne sine med andre Land, soleids
ogso med oss. Men det vert væl til
det, at baae Partar vert samde om at
ho skal koma til an gjelda frametter
likevæl.

Lagthinget hev tekje ved Hærloyen.
Mot honom røysta desse 8: Motzfeldt,
Aschehoug, Lambrechts, Krag, J. Smitt,
Hansen, Svendsen, Essendrop.

Die danske Folkethinget hev vorte opp-
løyst. «Styre kunde ikke bli sams med
det om Finansloven. Det nye Valet skal
haldast den 24de og Tinget møta isa-
man alt «den 27de.

Dæ tyske Rikstinget hev tekje ved ein
Lov om at der i Særtinget i F!sass-
Lothringen berre maa talast tysk. Der
er 57 Tingmenn, og av desse er det mest
20 som ikkje forstend tysk, berre fransk,
so det er eit bardt Aatak paa den franske
Tjodskapen aa gjeva ut slik ein Lov.

Paa Panama-Kanalen arbeider dei no
sterkt, det er alt byet ein breid Veg
Hav-imillom, og Ingeniørarne trur, at
Kanal-Arbeidet ikkje skal verta 50 vandt.

Det skal no myntast 5-Kronor av Gull.

Fraa Ekspedisjonen.

1. Ikkje sø faae bed om aa faa stg
Fedraheimen tilsendt 9 lukket Omslag*.
Me her spurt Post-Departementet, om detta
læt seg gjera, men me hev fengje mei
til Svar.

2, Dei som ikkje hev betalt for dre
Hjordungaaret lyt no gjera diæ.

Ly sSingar:

Oyerreissagforer Kr. J. Olsen,

Torvsaden 57%, Firistianis.-

Reisekammerat
for Åmerikafarere,

6 Ark, indbunden 50 Øre, tilsalgs hos Bog-
handlerne og i ,
Nikolai Olsens Bogtrykkeri,

Torvgaden 5 b.

Østlandsk Tidende

kan tinges fra I5de Mai.
denne Tid og

til 30 Juni

”- 31.Deobr.
:— Postpenger beregnet.
i Torvgaden 5b.

Nordmanden

udkommer i Kristiania. Bladet kan tinges -

fra Iste April. Den koster fra denne Tid og
til 30 Juni . Kr. 0.83.

» 3L Desember i

Ekspedition Torvgaden

3 er
Til Amerika.
For I Doliar
kann ein.i Anierika faa til seg sent:
anten Fedraheimen i8 Maanadar
elder Nordmanden i 7 ==
elder Østlandsk Tidende i 37, —
For 2 Dollars
anten Fedrah. og Østl. Tid. 5 Maanadar
elder Fedrah. og Nordm. 9

Bladet koster fra

Kr. 1.08
5.24

Expeditionen er

5 b., Kristiania.

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free