- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
80

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

80

Fedraheimen.

21de Mai 1881.

paa Vetoet, liksom ein Mann kann faa
Hævd paa eit Markstykkje elder ei
«Tarestrond*.

— Ja, me er komne langt. Og
dette kallar dei Vitenskap. Det er eit
Sakførar-Innlegg reint og klaart, —
ja det minner kanskje mest um ”Bygde-
prokurator*-Kunsten. Det skal vera
Professor Aubert. som hev ført det i
Pennen. Han var visst ikkje umogleg
til ,.Prukkerattar’%, han.

Dei same 6 snakkar um. at Grunn
loven skal vera so heilag. Jå, me
synest me kann merkja det.

Naar Folkets dyraste Rett, sjølve
Retten yver sin eigen Lagnad, Grunn-
tanken i Grunnloven, *Folkesuveræ-
niteten*, naar den ikke stend tryggare,
enn han kann lurast burt gjenom 60
Aars *Sedvane*, og det endaa at det
stend med reine Ord i Grunnloven, at
Grunntankarne hans kann ikkje paa
nokon Maate umgjerast. — so vert
det ei underleg *Helgd* yver Norigs
Grunnlov.

Nei. de gode Herrar Professorar, —
veit De, kva det norske Folket hev
tenkt seg med det Ordet um. at Grunn-
loven er heilag ?

Dermed hev Folket tenkt seg det,
at Grunnloven var ein Lov, som ingen
kunde gjera Kunster med, ikkje ein-
gong juridiske, Professorar, — ein Lov,
som fekk gjelda som han var skriven,
til dess han paa logleg Maate vart
umgjord, — ein Lov, som sikrad Fol-
ket dess Rett so trygtt, at ikkje tusund
Mistak og ikkje hundrad Aars galen
«Sedvane* kunde lura Retten ifraa det.
Paa Grunnloven hev Folket trutt og
bygt, den hev det trøystat seg til, og den
hev det kjennt seg trygt ved. No ser
det ut til, at denne trygge, rolege Trui
paa Landsens Lov skal skiplast og
undergravast. Og det ser ut’til, at
Juristarne vil fingra og fingra so lengje
paa *vaar Fridoms Klenod+ til det
taper sin Glans og sin Heilagdom.
Men hender det, ja so hev dei gode
Herrarne øydelagt ein so stor ,.Ga-
ranti* for Samfundets rolege, jamne
konservative Utvikling, at um dei vann
det absolute Veto hundrad Gonger —
det vilde vera ingenting verdt mot det.
som var tapt! (Meir).

«Rikspeningen og Ådministra-
tionen*. -

Som Folk vil hugsa, kom det ifjor
Haust upp — av eit reint Hende —,
at den dyre Jarnbrui, som Jarnvegs-
styret havde funnet paa aa kjøpa heim
fraa Tyskland, den var reint ubruke-
leg. Ho maatte sendast tilbage til
Fabrikken. No ligg der daa ein Dixt-
Mann dernede og skal passa paa. at
dei ikkje gjer Fusk ein Gong til.

Me skal ikkje snakka um, kor vit-
laust det er aa faa slike Greidur som
ei Jarnvegsbru støypte i Fabrikkar,
som er saa lite sætande, at dei kann

- levera fraa seg slikt Arbeid. Ei Jarn-
vegsbru. maa vera fullgod all igjenom;
for er ho ikkje det, so kann ho snart
springa, og kvar og ein kann vita,
kva det kunde hava paa seg.

Men Sendingi av den svære Brui

fraa Tyskland til Horten og fraa Hor-
ten til Tyskland att, og Mannen med
Dixten, som no ligg der nede og skal
hava Tilsyn med Støypingl, — ja, det
vert Pengar av det!

No skulde det vera morosamt aa
vita, kven det er som skal betala denne
Leiken. Er her nokon, som vaagar
aa segja, at det altihop gjeng av den
tyske Fabrikkassa? ,

Og so skulde det vera Moro aa
vita, kva Grunnen er til, at ikkje slikt
Arbeid kann gjerast her heime. Det
vilde endaa vera ei Trøyst, um eit Ar-
beid fall dyrt, naar Pengarne daa vart
verande i Landet og skaffad Næring
til Landsens Folk!

Men no øydest det Pengar bunt i
Mengd, — og so utanfor Landet for det
meste. Kor hev dette seg?

Er Administrasjonen for fin paa
det til aa kunna bruka norskt Arbeid?
Elder finn Administrasjonen det gagn-
legt ender og Gong aa hava Tilføre til
aa gjeva visse Folk Pengar til aa
liggja i Utlandet med? —

Elder er det so kann henda, at
visse Folk hev lettare for aa tena
visse Slags Ekstrapengar, naar År-
beidet vert gjort i utlandske Verksta-
der og gjeng gjenom fleire Hender ? —

Skulde det ikkje vera Raad aa faa
Greida paa desse Ugreidurne ein Gong ?
For nokot ugreidt er her!

T...—

Søren Jaabæk.

(Tone: Et Fædreland jeg elske kan osv.
Ein Bondemann
Eg elske kann;
Paa Lister er han funnen.
Han er so lei ;
Te seia .Nei,
Naar dei vil plyndre Bonden.

Paa Listerland

Det bur ein Mann:

Eg likar gamle Søren.

Han er so lei

Te seia, Nei,

Naar Stang aa Selmer spør’n.

For Futens Sekk å

Han er ein ”Skræk"”,
Gjeng og mot Prestebøren.
Men fær eg Smaa, $
Til Fadder daa

So tek eg gamle Søren.

Dei sae, tung

Var Statens Pung;

Nei stopp! sa" gamle Søren.
Vaar Embætsflokk*

Fær aldri nokk:

Me fø’r ”n *kje: me gjør ’n!

For stor ein Skatt

Dæ hev me radt

Paa Spaen aa paa Plogjen,
Paa Sild aa Rein

Paa Berg aa Stein,

Aa hardt dæ blir for Skogjen.

Men meir og meir

"Til Embætt” fleir

Av Folkjes Pung dei trekkte:
Daa vart han vrei

Aa med sitt Nei

Han norske Bonden vekkte.

Paa Listerland

Bur denne Mann,

Den Bondepotentaten!
Han er saa bra

Te segja Ja,

Naar det er Folkebaten.

Naar me dæ treng,
Daa fram ber gjeng

Fraa Folkje slike Gutar
I Folkepakt:

Aa dei stend Vakt

Som vaare gamle Nutar.

Den Listermann

For Folk aa Land

Sleit trufast heile Dagen.
Han vil ha” Mat

I Smaafolks Fat

Aa Aand i Prestekragen.

Aa Nei aa Ja
Han sei" so bra,
At Lande dæ maa lye.
Aa meir han er
Oss Bøndår kjær
En Schleppegrell aa Rye!
Jørund Telnes.

Kristiania, den 20de Mai.

Fyre Festen sagde Morgenbladet: Me
maa hava ein Festtale, som er roleg
og upartisk; altso maa Bjørnson ikkje
tala.

Etter Festen segjer Mrgbl.: Bjørn-
sons Tale var roleg og upartisk; altso
kunde andre og ha talut; — altso
burde Bjørnson ikkje talat!

«Sit du, so fær du Pryl, fordi du
ikkje stend, og stend du, so fær du
Pryl, fordi du ikkje sit; for Pryl
skal du ha!* sa Mannen.

Og saa vaagar Mrgbl. aa snakka
um, at naar Bjørnson talad so upar-
tisk som han gjorde, so var det fordi
han var — rædd.

Bjørnson rædd.

Hev Bjørnson vist seg rædd fyrr,
naar han hev talat i Kristiania?

Han var *trykket af den oplyste
Opinion*+. segjer Bladet.

- Filister-Qpinionen ,,upplyst*! Bjørn-
son *trykket” av Grosserar Brinchs og
Plade Strangers ,,Upplysning*! Aa du,
aa du!

— Dessutan. var det ikkje nettup
den morgenblads - upplyste ,,Del av
Nasjonen”, som heldt seg burte?

Skuide Bjørnson vera rædd Folk,
som ikkje eingong hadde Mod til aa
møta fram?

*Morgenbladet* er nok so upp-
øst af Sinne yver den fagre Festen,
at det ikkje lenger kann tenkja vitugt.

Stakkars Blad.

Det kann ikkje eingong lika, at
det var godt Ver den 17de Mai. Det
var ikkje godt Ver. segjer Mrgbl.
Det var surt og kaldt! segjer Mrebl.

— Slik er det aa vera i Ulag.
Er Ein sur og kald i seg sjølv, so kann
Ein frjosa um det var 1 ei Badstova.

Og so kann Bladet paa ingen Maate
lika. at alt gjekk. so fredelegt og ro-
legt som det gjekk. Det harmar seg
ut paa Politimeisteren, fordi han hadde
fengje istand eit sterkt friviljugt Or-
densvern. =,,Det Ordensvernet kunde
gjerna voret burte!* meiner Mrgbl.

Aa ja, Mrgbl. hadde vel ikkje havt

nokot imot, at Ordensvern og Politi

hadde voret burte. For kven veit, kva
Ein daa kunde ha brukt *Slagtargu-
tarne* til —!

— Væl bekome deg.
Fint fer du aat, og
er du.

Morgenblad.
eit fint Krek

Røysteretten vart idag avgjord i Stor-
thinget. Etter at dei Qram-Løbergske,
Daae-Sørensenske og dei Par fyrste av
dei Sverdrupske Forslag var forkasta,

i

vart Syerdrups Forslag III vedtekje
med 74 mot 34 Røyster. Dei 34 var:

Roll, Schrøder, Jebsen. F. Steen,
Bruun, Helland, Skattebøl, Hurum,
Aschehoug, Grimsgaard, Birkeland,

Lambrechts, Fougner, Johanssen, Saxce,
Blackstad, Hansen, Motzfelt, Andresen,
Naur, Helliesen, Knudsen, J. Smitt,
Hirsch, Bonnevie, Jenssen, Harbitz,
Hille, Kaxrud, L. Smitt. Reinhardt,
Krag, Thuesen, Essendrop. Borte var:
Frilset, Bang, S. Solberg, Rasch, Ja-
cobsen, Schjørn.

Etter det vedtekne Forslaget skal
alle faa Røysterett, som skattar etter
ei aarleg Innkome av 800 Krunor i
Byarne, og 500 Kr. paa Landet, og
dertil dei, som hev bruka skyldsett Jord
i 5 Aar og endaa brukar henne — dei
tarv ikkje hava bygsla Jordi. Det er
utreikna, at etter dette skulde det v.rta
kringom 40.000, som fekk Røysterett,
derav 12—14000 i Byarne. +Fyrr er
det ved Lag 140,000 som hev Retten,
derav 25,000 i Byarne, so um det no
vedtekne Forslaget vert Lov, so vert
det berre *, Partar av alle, som vert
nye.

Kapt. Jacobsen hev idag fenge seg
ein Høgsterettsdom paa 40 Kronors
Bot til Rikskassa av di han i Haust
ein Gong reiste fraa Kongsvinger inn
til Kristiania utan Lov.

1 Pension til Stang vil Høgremennerne
i Nemndi — Birkeland, Johanssen, 8:–
— gjeva 10,000 Kr. Vinstre hev sl
seg i tyo: Aretander, Liljedabl ov Vi &
dal vil bevilga 6000 Kr. men Jaabæk;
Juel og Ueland — ingen Ting.

K. Motifelt sagde i Ordkastet om
Marine-Budgettet i Tinget, at Kongen

ingen. Rett hadde til aa-segja Veto i
Bevillingssaker.

I Kristiania vil dei no faa i Stand
eit Lag, som skal byggja Bimbaatar til
Vare-Føring. Det var ikkje for tidleg.

Ryssarkeisaren heve sagt at han vil
halda ved med Kine-Styret.

Frankrike og Tunis er no vortne for-
likte att. Beyen vert mest berre som
ein Understyrar under Frankrike.

det halde
Dei frilynde hev fengje stort

I Spania er
skapsval.
Fleirtal.

Hispux.

Fraa Wergelandsfesten. IT. Ein Student
(spør ein liten Gut, som gjeng med i Smaa-
gut-Ferdi): ”Naa, Far din skal væl og fut
og halda Fest i Dag?” Guten:
fær ikkje Lov”.

”Nei, han

DO. Etter Festen kjem ein gamall Skri-
var upp i Athenæet, der møter han ein Prest.
”Aa, Pastor”, segjer Skrivaren, ”De kån ikkje

fru, kor fagert Bjørnson talad, — so rolegt,
so moderat —!” Presten: ”Det var daa
ille.”

Lysinger.
Restbeholdningen af

Rörlæggerfirmaet Olsen & Cos. Kon-
kursbo’s Varebeholdning

realiseres inden kort Tid til end yderligere
nedsatte Priser fra Torvgaden No. 26, inderst
i Gaarden.

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

Formann-

dte

>

te

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free