Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Yo)
=
Fedraheimen.
18de Juni 1881.
Men dette Herstellet hans øydelagde
- Landet; paa Lag 7de-kvar Mann av
Landslyden var under Vaapen, og
alle var Soldatar paa Livstid.
Det var ikkje berre Hermenn, som
Kongen leet Røvararne sine stela elder
hyra i Granpelandi; det var andre
dugande Folk og. Dei gjorde det
utrygt paa Grensurne rundt ikring.
Kongen av Frankrik fangad — baade
i Fredrik Wilhelms Tid og under Et-
termannen hans — aarleg 4 til 5 Hyra-
rar, som var knipne paa frisk Gjer-
ning i hans Statar.
Den ”preussiske Disiplin” (Manns-
tukt) er fraa Fyrstningi og Fredrik
Wilhelms Verk, endaa Fredrik II dreiv
det vidare i same Leidi. Det var sten-
digt Arbeid, strenge Øvingar, ikkje
Fritid, litet til Løn, og ein Kost, som
Hundar vilde vrakat. Det minste Mis-
tak fekk Stokken til aa dansa; var
det ein Sko-Knapp, som sat galet, so
var det i Fangeholet med Mannen —
elder gjenom Spisrotdansen. Sjølve
Kongen kunde bruka Stokken som den
beste Prylemeister. Saag han ein Sol-
dat under Øvyingarne gjorde eit Mistak,
so slengde han Stokken sin til Synda-
ren, som daa laut taka Stokken i Lufti
og bera han attende til Kongen, for
å paa Kne aa taka imot sine Slag
yver Akslerne elder Ryggen. Det var
ikkje altid, at det gjekk so fredelegt
til med slikt. Under ei Øving vart
Kongen misnøgd med ein av Bataljo-
narne, reid so ende innpaa Majoren
og slog han yver Andlite med Stok-
on: ’sin, so Blodet rann. Majoren, som
var ein ærleg gamall Soldat, reid fram
til Kongen, stansad midt paa Plassen
framfor han og drog tvo Pistolar upp
av Sadelposen sin. ”Majestæt; De hev
vanærat meg”, sagde han, ”eg maa
hava Uppreisning!” Og han skaut av
den eine Pistolen i Lufti yver Hovudet
aat Kongen og sagde: ”dette er Kon-
gens Skot!? — men — ”dette er mitt!”
lagde han til, skaut den andre Pistolen
av mot sin eigen Skalle og seig daud ned
av Hesten med det same. Etter den Dag
slog ikkje Fredrik Wilhelm nokon av
Offiserarne sine med Stokken meir.
Dette Skamstyret avlad vill Von-
løysa elder gjorde Folk like sæle. Sjølv-
mord gjekk reint som ein Farang i
| Heren, og i Potsdam skaut Soldatarne
seg under Vindaugo aat sjølve Kongen.
Ein underleg og fæl Tanke fekk Magt
millom Soldatarne: at dersom dei vilde
ut or Livet — og det var den einaste
Maaten dei kunde berga seg paa —,
men dei likevæl vilde sleppa aa koma
i Helvite, so maatte dei gjera det paa
den Maaten, at dei fyrst drap eit Barn,
og so mellte seg sjølv som Mordarar;
for naar dei gjorde dette og so angrad
Ugjerningen, fyrr dei vart avretta, so
trudde dei, at dei fekk fylgja det
drepne Barnet inn i Himmelen. Hel-
lest tenkte dei ikkje paa annat enn
paa aa røma, dersom der skulde fin-
nast Raad til det. Difor vart dei minst
paalitelege av dei sette under Paapas-
sing. I fyrste Rekkja vart dei stellte,
som var hyrde med Tvang; i andre
Rekkja stod dei, som Ein kunde lita
meir paa, og dei hadde Paalegg un
at i Krig og i Fred skulde dei skjota
paa Formennerne sine, dersom det
viste seg Teikn til Uppreist; i 3die
Rekkja stod endeleg dei eldste og mest
herde Soldatarne, og dei skulde, um
det kneip, halda Styr paa baade fyrste
og andre Rekkja.
Etter alt dette vil Ein kunna for-
staa eit Ord, som Krunprins Fredrik
sagde ein Gong til den gamle Prinsen
av Anhalt, daa denne under ei Myn-
string i Pommern undrast yver, kor
godt Soldatarne førde seg, og kor plent
og gløggt dei greidde sine Ting. ”Det
er ein annan Ting, eg undrast meir
paa”, sagde Krunprinsen. ”Kva er
det?” spurde Prinsen av Anhalt. ”Det
er det, at me kann vera trygge
midt imillom desse Soldatarne”.
Mot Folket sitt foor Fredrik Wil-
helm fram etter same Maaten som mot
Heren. Naar han viste seg paa Gata
i Berlin, so rømde Folk so fort dei
kunde; Gaturne vart tome, og Husdø-
rerne stengdest. Raakad Kongen eit
Kvinnfolk, so gav han seg til aa skjella
paa henne elder slaa henne med Sta-
ven;. var det ein ung Mann, kunde han
venta aa verta send til Heren som
Rekrut. Um det so var Prestar, so
gjekk dei ikkje frie for Munnen aat
Kongen, naar dei møttest med han
paa Gata.
Fredrik Wilhelm hadde visstnok
eit Slags Rettferdskjennsla; men han
kunde ikkje skilja millom store og
smaae Brot, og det fanst ikkje Vit
hjaa han, naar han fyrst vart vond.
Ein Skattekrevjar i Kønigsberg, ein rik
og vyrd Mann, hadde eingong ein stor
Sum Pengar i Kassa, som det ikkje
just var Bruk for daa; han laante daa
sjølv 2000 Thaler av desse Pengarne
og lagde Skuldbrev for Laaneti Kassa.
So kjem reint uventande Kongen til
Byen, etterser Kassa og finn Skuldbre-
vet. Mannen vart hengd paa Flekken
”for Kassesvik”.
Ein Dag, daa Kongen som vanleg
gjekk i Hagen sin ved Potsdam og
røykte, kom det ei Kona til han og
greet og sagde, at Mannen hennar
heldt seg med andre. Mannen heitte
Fischbak; Kongen sende Bod etter han;
men baade han og Son hans — ein 14
Aars Gut, som Mori sagde visste um
Ulivnaden aat Far sin — negtad plent
og visste ikkje um nokot. Daa vart
Kongen vond, fekk upp eit Telt i Ha-
gen og sette seg til Doms med Pipa
i Munnen. Den arme Gutungen skulde
tvingast til aa tilstaa — for slike stygge
Sogur trudde Kongen strakst. som raae
Folk plar gjera —, og so vart den
stakkars Krypen slegjen av tvo av
Kongsfylgjet so lengjen, til dess han
laag i Uvit paa Marki. Daa Faeren
heldt paa med aa segja seg saklaus
i det, som han var skuldad fyre, leet
Kongen 4 Underoffiserar banka han
slik, at det var eit reint Vidunder, at
han slapp fraa det med Livet.
(Meir)
1500 Dalar
fekk Statsminister Stang i Pension.
1500 Dalar um Aaret. Er ikkje
det gilde Pengar? Enn um eg og du
hadde so mykje um Aaret? — Me skul-
de træla mykje for det.
Men so mykje hev Stang fengje
berre i Pensjon. - Han legg ikkje tvo
Pindar i Kross um Aaret for dei Pen-
garne: han berre gjeng ned i Zahl-
kassen og tek imot dei og kvitterar
— skriv Namnet sitt 12 Gonger um
Aaret —; det er det heile.
Men so hev han væl arbeidt so
mykje meir fyrr? — Aa ja.
Dei tyrste 10 Aari han var Riks-
raad, gjorde han mykje tilgagns. Han
bygde Vegjer og Eimbaatar og fekk
upp Telegraflinur og annat slikt. Men
-— det hadde han 3000 Dalar wn Aa-
ret for, so han gjorde det ikkje for
ingenting. —
So vart han helselaus og gjekk av.
Men — ay dei 3000 Dalarne um Aaret
fekk han hava dei 2500. Han skulde
altso ikkje klaga yver, at Landet ikkje
betalte han. 15 Aar (1856—1861) hadde
han desse 2500 Dalarne — for ingen-
ting. So vart han Statsraad paa nytt
— Fyrsteminister.
Arbeidde han svært i den Tidi?
Aa ja. Han arbeidde visst det vesle
han kunde. For han skulde føra Krig
mot Folket. Den nye Unionsakti var
det, ban lagde Krafti si paa: han vilde
leggja gamle Norig meir inn under
Sverig. Og daa det ikkje vilde luk-
kast med dette, so fekk han det annt
med aa slaast mot Norskdomshugen,
Fridomshugen og Folkepolitikken i
Landet, fordi det var desse Magterne,
som stod hans Unious- og Bernadotte-
Politikk imot. Han hadde det visst
stridt nok. For det er ingen Barne-
leik for ein einskild Mann aa
mot Folket sitt; — helst naar han sam-
stuudes skal liva av dette Folket.
Stang hadde det stridt. Men so
arbeidde han ikkje for inkje i denne
Tidi helder. Med Den og alt
hadde han ei Løn, paa 10,000 Dalar
um Aaret, — firti tusund Krunur..,
Folket betalad han godt for den Kri-
gen. han førde imot det; — ingen skal
segja annat!
No skulde Ein tru. at naar Stang
iso mange Aar hadde havt so gild
ei Løn, so maatte han no kunnat berga
seg sjølv. Han burde ikkje ba turvt
Fraa Spania.
(Framhald.)
Det hev vore lagt Merke til, at dei
spanske Bajassanne og andre slike Ko-
mediespelarar mest altid er fraa Valen-
cia, og at det er mindre Tobaksrøyking
her enn i Spania hellest. I Umgang
er Valenciafolke høviske, fine og kvike
i Munnen, det er hjaa dei, at fransk
Sed og Skikk mest hev komeinn. Kun-
sten hev og hayvt ein sers Heim her lik-
som i Andalusia, og det austlandske
Lage og den levande Hugsyni, som Folke
hev i baade desse Landskapi, syner seg
og i det, at dei er like i religiøs Oviru.
Festgongur, Helgensogur og Under stend
i fraudig Bløming i Valencia. Det vert
fortalt dei utrulegaste Ting, og det som
meire er, dei vert trudde av det faa-
kunnige. ovtrune Folke. Verjehelgenen
for Byen, den namngjetue Vicente Fer-
rer, som døydde 1418 hev gjort dei
vidunderlegaste Ting, like til det aa
gjøye i Morsliv, noko, som skulde tyde,
at han vilde ”gjera Jagt paa Ulvanne
aat Kjættarskapen like inn i sjølve Hel-
vite”. Nokre av Undri hans talar tyde-
leg nok.
Eingong er Valenciafolke ferdig til
aa eta kvarandre av Svelt, for Byen er
kringsett; daa bed den helige Mannen
paa Straandi, og sjaa — ein Flote med
Mat kjem — like fraa Himelen; der var
ingen Styrmann umbord, ja ikkje ein-
gong ein Matros!
Ein Mursvein fell ned fraa ei Stel-
ling just som Vicente gjeng framum.
Han læt han hengje i Lufti, til han
hev vore burte aa fengje Lov av Abbe-
den i Klostre sit til bergje han med
eit Under: daa kjem han attende og
læt Stakkaren blideleg dala uskadd ned
paa Jordi. —
Fit Folkeferd for seg sjølv i Spania
er Katalanaranne; ein fransk Bokmann
hev skrive um dei, at dei korkje er
Spaniarar hell Franskmemer. Dei lik-
nar likevæl mest paa Spaniaranne med
det. byrge Syne, den verduge Gonga og
den sermerkte Sjølvkjensla, men dei
stend langt over dei fleste Spaniaranne
i Trott og Annsemnd, i Uthald og Her-
digskap. Saknad, Motburd og Møde sta-
nar dei ikkje men fær dei berre til aa
stride seg fram burtimot Maale med so
mykje større Traustleik. Paa Stader i
Spania stend Jordbruke so høgt. Bon-
den er utrøytande, og det er eit Bisn
so kraftigt og herdsamt han tyingar fram
ein rik Avl or Jordi som oftaste er
laak, steinutt og sundkløyvd av Berg-
knabbar. Difor segjer det spanske Ord-
tøkje: El Catalan, saca de la pie-
dre pan, d. €&. Katalanen fær Braud
ut or sjølve Steinen. Dei er over-
lag hæve til aa nytte dei mange «Vats-
drag i det steinutte Lande til Vatning
og dei driv det so vidt med det, at dei
jamvel dyrkar upp Fjelltoppanne.
Handverksdrivt og annan Verksdrift
stend mykje høgre i Katalonia enn i
noko anna spansk Landskap, og Barce-
lona er største Verkstaden i Spania med
Spinning og Veving av Silke og Ull
og Bomull og med Vaapenverk, Glas-
verk og Hattefabrikkar. - Katalanen hev
ikkje Diktar-Givnad, han dyrkar korkje
Diktarkunsten, Maalarkunsten hell nokon
annan Kunst. Han legg seg meir etter
det nyttige, og dei andre Spaniaranne
segjer at han er kald, uttenkt og sjølv-
nyttig: og mæler alt ut etter Skilingen
— det er heiltupp same Domen som
Parisaranne og Franskmennenne hellest
giv Normandi-Folke, me" dei likevæl
ikkje kann anna enn vyrde dei for Dug-
leiken deira. Katalanen er skapa til
Verksemd. Soga hans syner, at det er
so, like fraa den harde Striden med Mau-
raranne til Skipingi av det megtige
Herredøme, han grunna vrundt ikring
ved Middelhays-Strendenne. Hau hev
eit vodt Ord som Hermann, naar han
berre vil gjeva seg under Mannstukt og
vera lydig. Som Sjømann er han kje id
paa Strendenne lengst burte. Han er
modig og dristig, det segjer alle, og
med ein Stødleik som ikkje kann rug-
gast fylgjer han det Merke han hov
valt seg, soleids t. D. under den span-
ske Brvefylgjekrigen, daa Katalonia
misste Serrettanne sine for at dei heldt
fast ved Austrike; likeins under Fri-
domskrigen mot Napoleon og endeleg
- å Å E > Mo
under Borgarkriganne i seinste Tidi, daa
dei fleste og blodugaste Uppreister hev
vore i Barcelona; den store Arbeidsflok-
ken der er allstødt ferdug til reise seg
for Fridomen. Republikken hev hayt
sine varmaste Vener der.
Baade i Aatferd og Maal bev Kata-
lanaren noko hardt, raatt og støytande.
Han hev ingenting av det: høflege og
mjuke aat Valencia- og Andalusia- ”Man-
nen; derimot vert han lett krenkt og
hemmer seg ofte overlag hjartelaust.
Spaniaren Melo fortel i Soga si um Upp-
reisti i Katalonia under Filip den fjorde,
at Katalanaranne paa hans Tid, i Mid-
ten av det 17de Hundradaare, etter slike
Hemnmord oftaste rømde til Skogs og
til Fjells og vart fredlause Røyarar.
Pott
dei
slaast .
Ve
nå GE
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>