Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
102 p
Fedraheimen.
2dre Juli 1881.
sikker. Det nyttad ikkje nokon aa
koma med nokot, som ikkje stod i
den; og i Grunnloven stod — iallfall
ikkje meir enn suspensivt Veto. Og
um no Kongen endeleg vilde hava
det, — naa, so var det ikkje vandare
idet. Det kunde han gjerne hava
for den Skuld; for Ein kunde daa
aldri tru annat um den norske Kon-
gen, enn at han vilde bruka eit slikt
Veto med Vit. Dette var Tenkjemaa-
ten; og difor var det, at Thinget og
serleg Thingbønderne tok det so rolegt
med denne Saki.
Lågthingspræsident Enge forklarad
dette greidt og godt i Ordskiftet um
Vetosaki ifjor. ”Me hev aldri visst
um det absolute Veto,” sagde han;
’”me saag nok, at ein og annan Juri-
sten kunde setja det upp som ein
Theori; men at det nokon Gong skulde
* koma upp for Aalvor, — 1 eit Regje-
ringsdokument, framlagt for Thinget,
— nei, det var det ingen af oss, som
tenkte.” Dette er so sannt og histo-
riskt som nokon Ting kann vera.*)
« No forstend me, at det var galet
av Bønderne og av dei liberale, at
dei tok det so rolegt med denne Saki.
Dei skulde ikkje ha litt so trygt paa,
at Høgre- og Skandinavpartiet til all
Tid vilde visa seg loyalt. Og det er
eit Lyte ved Bønderne vaare, og hev
voret det endaa meir fyrr, at dei
tigjer, naar Skrivaren talar, anten
dei so finn, at han hev Rett elder ikkje;
— for dei skal nok taka sin Mon att,
dersom det kjem til Aalvor, tenkjer
dei. Dette er ein galen Skikk, som
dei maa venja seg av med, og som dei
alt hev vant seg ikkje so lite av med
no og; — for det kann koma ille med,
at Ein ikkje greidt og ærlegt hev
sagt si Meining, endaa naar det ikkje
syntest aa ”gjelda paa.” Det var daa
og galet, at Bønderne og dei liberale
ikkje strakst fraa fyrste Tidi gjorde
seg heilt upp Greida paa Vetospurs-
maalet, so at dei all Tidi kunde ha
ført ein klaar og fast Politikk i den
Saki. Men det høyrde nok med til
dei ”historiske Forhold”, det og, so
det vilde vera rangvist aa skjella paa
dei for det. Og so er der ein Ting
til; men den kunde der vera meir
Grunn til aa bruka strenge Ord um.
Det hev voret Tilfellet med den libe-
rale Politikken vaar, at han ikkje altid
hev voret heilt ut mannsleg og ærleg.
Det hev hendt, at naar det t. D. var
ei Sak, som dei liberale svært gjerna
vilde faa fram, so kunde dei godsnakka
meir for Kongemagti enn dei i Grun-
nen sjølve stod ved, for aa faa Kon-
gemagti til aa ikkje gjera Krangel.
Det kann vera styggt aa segja dette;
men det er sannt. Der er fleire Grun-
nar, som kann forklara det, so me
*) At det fanst Bøndgy, som trudde paa
det absolute Veto, — naa, det hev iall-
fall hendt. Søren Jaabæk trudde paa
det ein Gong i sine Dagar. Men det
var nok i den Tidi, som han sjølv sidan
hev kallat for si ”politiske Umyndig-
hedstid;” og Jaabæk fraa den Tidi hev
nok i slike ”høgpolitiske” Spursmaal lite
aa segja mot den fullmogne og fullvaksne
Politikkeren Jaabæk fraa 1880!– Jaa-
bæks ”tidligere Jeg” bør altso ikkje
brukast mot hans ”nuværende Jeg”, —
sml. Prof. Getz.
skal ikkje bruka dei strenge Ordi her
helder. Det var Arv fraa eldre Tider,
som gjorde Folk veike i slike Ting,
og der raadde ei sterk Tru paa, at
slikt kunde forsvarast i Politikken meir
enn 1 andre Ting, ja at just slikt var
Politikk. Dertil kom, at Tilhøvi ikkje
altid var so greide for det norske
Storthinget, og at Thinget ikkje altid
kunde lita paa aa hava eit verkelegt
Folk i Ryggen, um det vilde vaaga
seg til aa driva ei Sak ut paa Odden.
Det galdt altso av mange Grunnar aa
”taka det med Ro” og vera fornøgd
med lite. Endeleg maa Ein væl segja,
at det er eit Naturdrag hjaa oss Nord-
menn, at me vrid oss 1 det lengste
for aa koma upp i nokon Strid, som
kunde kosta nokot; me slær helder av
paa eit og annat, og tidt paa det, som
me ikkje skulde slaa av paa, fyrr me
vaagar eit aalvorlegt Tak. Alt dette,
og meir til, maa minnast, naar me
skal døma Thingets Framferd retteleg ;
og naar me tek alt med, so vil me
forstaa so mykje av det, som er galet
gjort, og paa same Tid verta so glade
yver alt det, som daa likevæl er godt
gjort, at me vil gløyma vaare strenge
Domar. —
Men det, som er galet, det er galet,
og det skal me vedkjennast; for det
maa me veksa av oss. Klaar, ærleg,
mannsleg Politikk er det, me heretter
maa leggja oss etter; for den er den
einaste moralske og den einaste for-
svarlege, og den, som i rette Røyndi
fører lengst fram.
— Men kva skal me segja um dei,
som no vil bruka Folkets gamle Mis-
tak og vonde Vilkor som Vaapen mot
Folkets Rett, som Vaapen mot Folkets
Rett og Æra gjenom all Framtid!
Kva skal me segja um desse norske
”Vitenskapsmenn,? som, for aa faa
Folkets Sjølveigar-Rett tynt og avte-
ken, med hjartelaus Sakførarkløkt
tek seg dess Synder og mislege og
umyndige Politikk til Inntekt! — Me
kann visst ikkje bruka mildare Ord
um det, enn at det er — styggt.
(Meir.)
Israel Potter.
(Utdrag etter Israel Potter, his fifty
years of erile.)
(Framhald.)
Tridje Juli kom Washington sun-
nantil og tok Styringi yver Upprørs-
Heren. Den engelske Heren i Boston
vantad Mat, og Washington gjorde alt
det han kunne til aa hindra, at han
skulde faa nokot. Han budde til 3
Skip med Kanonur til aa stengja fyr
Tilførsel fraa Sjøsida. Eit av desse
Skipi var Brigantinen Washington paa
10 Kanonur under Kaptein Martindale.
Det var fælt vondt aa faa i Mann-
skap, og dei bad Soldatarne møta
fram som Friviljuge. Israel var ein
av dei, som møtte fram. Tri Dagar
etter Brigantinen hadde siglt fraa
Boston, vart han teken av eit engelsk
Skip paa 20 Kanonur. Israelog hine
vart fangad og sette umbord paa Fre-
gatten Tartarus, som fekk Paalegg um
aa gaa radt til England. Der var 72
Fangar umbord. Israel manad paa,
at dei skulde setja upp, og dei lagde
upp Raad um aa taka Skipet, men
dei vart forraadde av ein engelsk
Røming, som fyrst hadde rømt fraa
Engelsmennerne og no sveik Amerika-
narne. Israel vart sett i Jarn, og sat
der til Fregatten kom til Portsmouth.
Paa Vegen hadde umkring Tridjepar-
ten av Fangarne gjenget med av Smaa-
poka. Dei, som var att, vart sende
til Spithead og sette umbord i eit Fan-
geskip. - I denne Skuta sat Israel ein
heil Maanad, liksom Jonas i Buken
paa Kvalen; men ein Dag vart ein av
Rorskararne paa Chefens Baat sjuk,
og dei tok Israel i Stellet fyr honom.
Daa Offiserarne var gjengne i Land,
vilde nokre av Mannskapet, at dei som
lystuge Engelsmenner skulde gaa inn
i ei Bud tett med og drikka nokre
Pottur Øl. Dei gjekk, og Israel vart
med. Daa Israel var komen inn i
Budi, fann han radt paa ei Fyrebering
til aa gaa burt fraa Kameratarne sine.
Han tok Beini paa Nakken og rømde
og stanad ikkje, fyrr han var komen
ei tri Fjordungar fraa dei. Han tok
Vegen til London, daa han tenkte som
so, at i slik ei uhorveleg Maur-Tuva
vilde det vera Uraad aa finna han.
Daa han var komen ei halvonnor Mil
paa Vegen, og han trudde, han var
heiltupp trygg, var det ein Soldat,
som ropad til han, rett som han gjekk
framum eit Gastgjevar-Hus. Han lagde
radt til aa springa, men dei naadde
han snart att og tok han. Daa han
skynad, at det kunne ikkje nytta aa
ljuga, gjekk han strakst ved, at han
var ein rømd Fange. Offiseren, som
hadde teket han, hadde han med til
Gastgjevar-Huset og sette tvo Soldatar
til aa passa paa han. Israel vart radt
Basen der. Heile Kvelden var Gast-
gjevar-Huset fullt av Framande, som
vilde sjaa den Yankee’en, som hadde
gjort Upprør, og som dei tenkte seg
var liksom eit Slags undarlegt og reint
ukjent Dyr. Israel var fælt pratsam
og brydde seg korkje um Skjemtet
deira elder Fantordi deira. Han
hadde berre ein einaste Tanke, aa
smetta av.
Offiseren sagde, at dei skulde riva
i so mykje Øl og Brennevin paa Israel,
som han vilde hava den Kvelden.
Israei nyttad Aaføret og baud dei tvo
Soldatarne, at dei skulde drikka med
han. Ein Lentekrok fann paa, at Is-
rael skulde dansa, for han hadde
høyrt, at Yankee’arne var so hæve til
aa dansa, sagde han. Dei kom med
ei Fela; Israel var harm, fyr di dei
for slik med ein stakars Fange, men
han grundad berre paa ein Utveg til
Flugt og gav seg til aa dansa. Gjest-
erne i Gastgjevar-Huset let han ikkje
halda upp, fyrr han var reint andslop-
pen, og Sveitten silad av han. —Sist-
paa gjekk Gjesterne. Dei sette Hand-
jarn paa Fangen, og lagde ein Kvitel
paa Golvet utmed Sengi til dei tvo
Soldatarne, so han kunne kvila der.
No gjekk det nokre Timar, og alt var
stillt. Daa elder aldri laut han røma.
Dei tvo Soldatarne var fulle, men
Israel var bunden. Kvat skulde han
gjera? Han vilde freista med eit
Spikk og ikkje bruka Magti, utas
det ingi onnor Raad var. Han høyrde
ei Mulling; ein av Soldatarne snakkad
i Sømne: ”Tak dei, fakk dei, faa i
den Rømingen!”
”Kvat som er tids, Phil?” var det
eit, som hikstad. ”Ver still, segjer
eg deg.”
”Eg segjer deg, det er ein Fange,
som er rømd, tak han, tak han.”
”Reis paa Veggerne med dei drukne
Daumarne dine; slik er det, naar ein
drikk for mykje.”
Nokre Minuttar etter laag Drøyma-
ren i faste Sømnen og stor-raut. Den
andre, som laag vaken, pustad slik, at
Israel skynad at Sømnløysa hans kom
av same Grunnen som Draumarne aat
den andre. Han grundad ei Stund
paa, kvat han skulde gjera. Endeleg
ropad han til dei tvo Soldatarne og
sagde, at dei laut fylgja han ut. Sol-
datarne bannad og skjellte paa den
Yankee-Farken, som hadde so litet
Folkeskikk, og dei tok han, ein under
kvar Arm, og vilde gaa ned Troppi
med han. Men dei hadde ikkje fenget
upp Døri, fyrr Israel var so svint som
ein Elding og reiv seg laus og lagde
av Garde midt i Myrkret. Han kom
ut i ein Hage og fann ingen Utgang,
men det stod eit Tre upp til Hage-
muren. Israel kleiv upp med Hand-
jarnet paa og let seg glida ned paa
den andre Sida av Muren og lagde av
Garde alt det han orkad, medan dei
tvo Soldatarne flaug umkring i Hagen
og skreik.
Daa han badde sprunget ei halv
Mils Veg, stanad Israel til aa faa av
seg Handjarnet, og det var ikkje so
vandt. Daa det vart Morgon, saag
han, at han var paa ei fin vældyrkad
Slett med ymse Gjerde og allestader
prydd med. friskt Vaargrønt. ”Gud
hjelpe meg,” tenkte Israel, ”no vert
eg visst fakkad, eg er nok komen upp
i Parken til einkvar Herremannen.”
Han skundad seg lenger, og daa han
kom til ein Veg, merkad han, at det
han hadde. teket fyr ein Park, berre
var Englands grøne Vollar — ein stor
og herleg Park, kringfløytt av Havet!
Han gjekk framum ei Eng og saag tvo
menneskelege Skapningar, som stod
og arbeidde. Desse tvo hadde raude
Kinner og digre Legger, blaa Hosur,
som gjekk upp alt til Kneet, og hadde
lange, vide Kjolar og Straahattar med
breide Skuggar paa Hovudet. Israel
saag dei berre fraa Sida.
”De maa ikkje fortrjotå paa, at eg
spyrr dykk, mine Damur,? sagde han
og lettad paa Hatten, ”ber denne Ve-
gen til London?”
Dei tvo snudde seg og glanad paa
Israel liksom ei Ku paa ei raud Laa-
vedør, og Israel vart likso forbinad
som dei, for no saag han, at dei var
Karfolk og ikkje Kvinnfolk.
”Ber denne Vegen til London mine
Herrar?” spurde han.
*Mine Herrar? Ja,
Herrar,* svarad den eine.
Herrar,* sagde den andre.
me er fine
*Ja, fine
Baade Bønderne lagde fraa seg
Reidskapen og saag nyfikne paa Israel
og riste paa Hovudet.
«Ber denne Vegen til London, mine
Herrar? Gjer so væl og svar ein stak-
kars ulukkeleg Mann.*
*Aa, skal De til London? Jau daa,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>