Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
N
114
Fedraheimen.
23de Juli 1881.
nen kom med Bod til han fraa ein
Adelsmann, som bad han koma til seg
næste Kvelden. Israel trudde fyrst,
at Landmannen narrad han elder var
narrad sjølv, men Namnet paa den
Adelsmannen, som hadde bodsendt
han, gjorde han trygg; det var ein
Herremann Woodcock fraa Brentford
som hadde voret mistenkt fyr ikkje
aa vera tru mot Kongen. Dagen etter
gjekk Israel etter Soleglad til Herre-
mannen. Han førde Israel inn i ei
Bakbygning til eit Kammers, som laag
fyr seg sjølv, og der raakad han paa
tvo andre Adelsmenner.
”Eg er John Woodcock,” sagde
Herremannen, ”og desse tvo Herrarne
heiter Horne Tooke*) og James Brid-
ges. Me held alle tri med Amerika;
me hev høyrt gjetet Dykk, og no vil
me senda Dykk i eit Ærend, som eg
tenkjer De vil lika godt, for endaa De
er ein Røming i eit framandt Land,
vil De visst gjerne tena Heimlandet
Dykkar, og det kann De no koma til,
ikkje som Matros elder som Soldat,
men som Reisande.”
”Seg meg, kva eg skal gjera,”
sagde Israel, som ikkje kjende seg
heiltupp trygg.
”Det skal De faa vita sidan,” sva-
rad Herremannen. ”No hev eg berre
eit Spursmaal aa gjera Dykk, liter De
paa mitt Ord?”
Israel saag fyrst paa Herremannen
og so paa Venerne hans, og daa han
saag det aandfulle, eldhugad og ærlege
Uppsynet paa Horne Tooke, tvilte han
ikkje lenger.
”Min Herre,” sagde han og snudde
seg til Herremannen, ”eg trur, kva
De segjer. Kva skal eg gjera?”
”Aa, ingenting ikveld og ikkje paa
fleire Dagar. Me vilde berre gjera ei
Avtala med Dykk.”
Herremannen slo frampaa um, kva
det var han meinte, og, bad Israel
fortelja um Hendingarne sine, og det
gjorde Israel gjerne, daa han visste,
*) Horne Tooke var ein namngjeten engelsk
at alle likar aa høyra um Lidingar,
som Folk hev havt fyr ei rettferdig
Sak. Fyrr han tok til og fortalde,
skjenkte Herremannen 1 eit digert Glas
med Frukt-Vin aat han, og passad
allstødt paa og fyllte i, men Israel
var var um seg og heldt upp i Tidom,
daa han merkad, at dei gjekk paa
han med Spursmaal. Dett likad
Herremannen og Venerne godt, for dei
saag, at dei hadde funnet ein Mann,
som dei kunde lita paa, og daa lagde
dei ut fyr han um, kvat dei hadde
ætlat seg til. Spursmaalet var, um
Israel vilde gaa med Bod til Doktor
Franklin, som var i Paris paa den
Tidi. ”Me skal betala det, som Ferdi
kostar, og De skal faa Pengar attpaa.
Vil De fara?”
”Eg skal tenkja paa det.” sagde
Israel som ikkje kjende seg heiltupp
trygg endaa. Men so saag han Horne
Tooke i Augat, og daa vart han hug-
heil. Herremannen bad han flytja til
eit annat Stelle, til han reiste, so ikkje
Folk skulde faa ein Mistanke, og gav
han 18 Krunur og eit Brev med til
ein Adelsmann i White-Whaltham; der
skulde han vera, til dess han fekk Bod.
So bad Herremannen Israel retta fram.
den høgre Foten.
”Kvifyr det,” spurde Israel.
”Vil de daa hava nokot imot aa
faa eit Par nye Styvlar til Ferdi,”
sagde Horne Tooke og smilte.
”Nei daa.”
”So fær De lata Skomakaren taka
Maal av Dykk.”
Israel gjekk til White-Whaltham
og fekk Hus hjaa den Adelsmannen,
som Herremannen hadde nemnt. Sidan
fekk han Bod um aa gaa til Brentford
att, og daa han kom der, fann han
dei same tri Mennerne i det såme
Kammerset.
7”No er Tidi komi,? sagde Herre-
mannen, no idag lyt De fara til Paris.
Tak av Dykk Skorne.”
”Men skal eg daa gaa berrføtt til
Paris,” sagde Israel; for han hadde
fenget so god Kost i White-Whaltham,
Tooke, ”me hev nokre Sjaumils-Styvlar
til Dykk. Hugsar De ikkje, at me
tok Maal av Dykk?
No tok Herremannen fram eit Par
nye Styvlar med høge, innhole Hælar
og opnad dei og synte Israel dei Papiri,
som laag inne i Hælarne.
”Gaa att og fram litet Grandet.”
sagde han, daa Israel hadde fenget
dei paa.
”Han vert visst uppdagad,” sagde
Horne Tooke, ”høyrer De ikkje, kor dei
knerkar?”
”Nei lat oss ikkje spøkja,” sagde
Herremannen, ”Saki er for aalvorleg
til det. No, Venen min, de lyt vera
klok og ædrug, hav Augurne uppe. og
ver snar og var um Dykk.*
Israel fekk flust baade med Raad
og Pengar og for til Frankrike og
kom væl fram, og Folk var snilde med
han, av di han var Amerikanar og
Franskmennerne hadde Samhug med
Amerikanarne. Daa han var komen
til Paris, spurde han etter, kor Dok-
ter Franklin budde, og skundad seg
dit. Daa han gjekk yver Pont-Neuf,
var det ein Mann, som heldt til ved
Stytta hans Henrik den fjorde, som
stansad han. Han hadde ei liti Krukka
med Sko-Sverta og nokre Bostar fram-
fyr seg, og ei Krukka hadde han i
Handi og svingad med og gjorde Teikn.
*Kva vil De, Venen min,* spurde
Israel, og det var ikkje fritt, han vart
rædd.
” Ah, monsieur,” sagde Mannen og
javlad ein heil Brote fransk, som
Israel ikkje skynad det Slaget av, og
som han ikkje hadde fenget Meining
i, men so peikad Mannen paa Søyla
paa bBrui, paa Føterne hans Israel og
paa Bostarne sine; det var liksom
han var harm fyr, at ein *Gentleman,*
som saag so fin ut bellest, skulde
vera so skiten paa Beini, naar han
gjekk paa Gata”). ”Ah, monsieur,
monsieur,” (Herre, Herret) sagde han
og tok fat i den høgre Foten til Israel.
* I dei store Byarne i Utlandet er det
Men vaar gode Ven Israel fekk med
ein Gong ein Mistanke til Fyren og
spente til Sverte-Krukka, so ho valt
i Bakken, og dermed lagde han i Veg
det meste han var god til og brydde
seg ikkje um alt det Sko-Kostaren
skreik etter han.
Daa Israel var komen til det Huset,
som Franklin budde i, kakkad han
paa og vart ikkje litet forundrad, daa
han saag Døri gjekk upp av seg sjølv,
liksom det var Trollskap. Han kom
inn i ein Gang og derfraa inn i eit
Gardsrom, og der kunne han ikkje
finna fram, men so høyrde han nokre
sat og svallad 1 eit litet Vindauga, og
der sat det ein gamal Mann og lappad
Skor, og utmed honom sat det ei
gomol Kjering. Daa Israel spurde
etter Doktor Franklin, reis ho upp og
kom ut og fylgde han upp i tridje
Høgdi. Israel kakkad paa, *kom inn,
var det ein, som sagde, og Israel var
inne hjaa den namngjetne Doktor
Franklin.*) Denne staute Gubben sat
der i ein Slaabrokk, som var utsaumad
med Algebra-Teikn liksom ein Troll-
Kjole, og han sat utmed eit stort Bord,
med Papir, Bøker og Blad i Mengde-
vis paa. Veggerne i Stova saag nokot
trollslege ut fyr stakars Israel; der
hekk det allslags Barometer, Vegg-Kort
yver Amerika, som var mest blanke
og her og kvar hadde Innskrifti: Øy-
demark, og Vegg-Kort yver Rike i
Europa, som var mette av Namn og
fargad med mangeslags Fargar.
(Meir).
Ordskiftet i Stortinget um
Bevilgning til norsk Bibelumskrivt.
(Or ”Storthingstidende”.)
Kyrkje-Komiteen hadde innstillt:
For Budgetaaret 1881—82 bevilges
Præst Belsheim til literære Arbeider
2,000 Kr., hvoraf 1,000 Kr. extraordi-
nært til Prøveoversættelse af det nye
*) Ikkje nokot Tenarskap, som fyrst skulde
melda den framande. Franklin livde
ikkje som ein Utsending fraa dei ame-,
Politikar og Filolog, som i Revolutions- at no var han komen i Godlaget sitt. mange, som liver av aa kosta Styvlarne rikanske Nybygderne, men som ein
tidi heldt med Amerikanarne. ”Nei langt derifraa,” svarad Horne til Folk, som vert skitne paa Føterne. smaafarande Privatmann.
set Åsehehougske Princip.* min aa føra Pennen. Ja, vil den det,|krigførande mot Samfundet. Men det|Det er Handel og Næringsdrift, der
(Av A. 0. Vinje.)
(Framhald).
Staten kan krevja Livet af sine Hær-
menn til sitt Forsvar, og det lønlaust.
Det maatte den kunna gjera med oss
Allesaman og mest deim, som den føder
og klæder best. Var den ikkje so gje-
nom latterleg denne sokallad ”Uafhæn-
gigheit,” so var den upprørande. Fædre-
landet, Samfundet er Alt i Alle, og
kann ikkje vaare beste utvalde Menn,
Storting, Regjering og alt annat Styre
stella og styra som Rett er, so er det
ute med heile Greida, og ei sokallad
”uafhængig” Stand inne i dette heile
Samfund kann daa korkje frelsa seg
sjølv elder Andre, men Limerne maa
fylgja Hovudet, og den eine Limen kann
ikkje Liva, naar den andre Likamen
døyr. Dette er so greidt, at me ikkje
trengde til Historiens Lærdomar for at
sjaa det. Jamvel Domstolane i Frank-
rike døma no etter Napoleon, og Jury-
erne i England dømde etter Cromvell.
Aa tala om ”Uafhængigheit” for Em-
bættesmenn er derfor reint ut Barnaskap.
Som Samfundet gjeng, ganga dei Andre.
Vil Armen kanske motsetja seg Viljen
so er den sjuk. Det maa vera Gigt
eller annan Valenskap i den. Og denne
Gigt er det, som skal vera heilag og
”uafhængig !”
Bit Landsstyre vil altid vera so
som sjølve Folket er. —Solenge som
her er Fornuft og Tanke i Folket, so
vil Styret, Storthing og Regjering, i
det store vera tenksamt og fornuf-
tigt. Det er derfor ingen Fare for,
at nokon einstak Mann skal lida Over-
last av Riksstyret i det lange Drag,
idetmindste ingen Embættesmann, so
han ikkje tarv kringgjerda seg med
svart paa kvitt om mit og dit. Her
verdt ikkje kravt meir enn rett og rime-
legt er, og Staten vil altid vera den
bedste Husbonden for Tenaren sin.
Men, den kortsynte Mann og Stand
karar altid under Gryta si, naar han
kann. Med Privatmann kann dette
ikkje vera anderleids; for han stend
utanfor eit Samband med Staten so syn-
legt som Embættesmannens. Men aa
lata denue ”privatisere” paa same Maa-
ten, det er aa gløyma det, som Embættes-
mannen er skapt til aa vera.
Det forstend seg, det er altid godt,
solenge det varer, aa fara etter svart
paa kvitt, som her nevnt, og aa vera
er ikke Tanken, at ein Embættesmann
skal bli rik. Vil han bli det, so bør
han taka paa med nokot annat. Han
skal liva anstendigt og vera ideal, det
er hans Magt, og den er til Slutt den
største. Han kann, naar han er som
han bør vera, setja Foten paa Nakken
af Millionæren liksom Paven fordum
gjorde med Keisaren.
”Men han lyt og liva.” Javisst lyt
han det, og ingen Politik er daarlegare
enn den, aa løna sine Tenestefolk smaatt.
”Du svelter Tenaren og føder Tjoven,”
heiter det. Er Lønerne for smaa, so
legg paa; men krev fulle Karar, som
liva for si Gjerning! Ver ikkje smaa-
saar og lat Folk fara paa Viking! Er
her for smaae Løner no? Ja det er eit
nytt Spursmaal. Men dei fleste vilde
visst her enno til all Lykke svara Nei
paa det.
Dette Aschehougske Princip er i
Grunnen Ordet for denne heile Borger-
krig og denne Handel og Vandel i alt,
som skulde vera utanfor denne ”Trafikk.”
Det er ofte Tale om denne Kræmaraand,
som no er, og den Living over Evne.
Er dette so, som ikkje eg trur er verre
enn i alle gamle Dagar, so er dette
”Princip” eit godt Uttrykk for dette.
Tanken og annat stort og godt skulde
vera. Det er so du kann bli rædd dette
Handverk, som det verdt gjort af ”Stu-
diet.” Det er aa ”koma i Veg” og
sjeldan annat. Herregud, me maa liva;
men det er fælt aa høyra Studentar og
Vitenskapsmenn tala om all denne Ma-
ten. Der maa vera som paa Olympen
der. ”At han gjeng der og ikkje kjem
i Stilling,” verdt det sagt av Folk, som
skulde vera Mønstermenn. ”Stilling,”
”koma i Embæt,” ”faa Løn,” vera ”uaf-
hængig” det er deires ”Phantasier,” og
derfor verdt det so litet tenkt paa Sam-
fundet. Og kven skal tenkja paa det,
naar ikkje dei Folk, som faa Upplæring
og Løn for det, gjera det? Handels-
menn og andre borgerlege Folk maa
strida for seg sjølve, men Embættes-
mannen skulde vera Folkets Tenar og
Verjemaalsmann paa ein langt annan
Maate. Det er hans Kall. Hot skulde
det ellers vera? Men det er dette, som.
dette Princip gløymer, og derfor høyrer
du Samanlikningar imillom det, ein
FEmbeættesmann kann tena, imot ein stor
Handelsmann f. Ex. Handelsmannen
fær stræva nokot annat han, og det paa
det Uvisse. Og anten no det er betre
eller verre aa vera FHmbættesmann, 80
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>