- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
127

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

S1de August 1881.

Fedraheimen.

197

skjevyrdnaden ein hjartestøyt; for
større vanvyrdnad kann me knapt syne
våre medmenneskje. Tenk deg, å
koma inn, svolten og klar frå hardt
arbeid til 8 skilling dagen og so setja
deg inn åt bordet på helder klen kost
og sjå på *dem sjølve* med betre
mat, dei, som kanskje ikkje hev lagt
tre i kros ykti igjenom; — sit så att-
på kjeringi di heime med mange små,
nakne og svoltne, — eg undrast på um
du ikkje vilde kjenne, at hjarta dit
lite um senn tok til å ise, og at all
godhug liksom rømde ut, og at det
vonde, hatet og viljeløysa kom att ista-
den. Du vilde snart tenkje på lag so:
å, ja, det er ingen, som vyrder meg,
fanten eg er, eg er berre skapt til å
slite og slæpe; det er ikkje vandt med,
korleids eg fer åt, når eg berre kjem
frå di. Slike tankar el me upp ved
denne ufysne standsskilnaden.

Denne standsskilnaden og denne
trongsynte, dumme vanvyrdnad av det
*simple* arbeid er dei frie for i Ame-
rika, og det skriv dei då også heimatt
um, dei, som reiser. *Her er arbeidet
og arbeidaren agtad og vyrd; her fær
arbeidaren kost med sjølvefolkom og
reint helgekost,* — det stend i annat-
kvart brev. Kven kann so undrast
på, at arbeidaren reiser. (Meir).

Er det Aalvor:

Ein Lov um, at Heradsstyri sjølve
skal innsetja Lensmenn, er vedteken av
Storthinget tvo Gonger. Baae Gon-
gerne hev Kongen negtad Sanktion.
Og no vil Storthinget driva Loven
igjenom etter $ 79, dersom der ikkje
onnor Raad er, og det er daa og det
einaste, Storthinget hev aa gjera.

Men no skriv Regjeringi i si Inn-
stilling til 2dre Gongs Sanksjons-
negting, at dersom Thinget gjer det,
so vil me faa ei ny ”betænkelig”
”konstitusjonel Konflikt* elder Grunn-
lovsstrid. — Ein kunde spyrja, um
Regjeringi ikkje hev nok med dei
Grunnlovsstriderne, ho alt hev skapt:
absolut Veto, Bevilgningsveto, Negting
av Storthingets Rett til aa vera heilt
ut Lovgjevarmagt. Men nei; Regje-
ringi er *Kampregjering,* og det
einaste, ho veit aa driva Tidi med, er
aa føra Krig mot det Folket, som løner
henne, og difor fær ho aldri for mykje
av *konstitusjonelle Konflikter.* At
Landet lid vondt under all denne Stri-
den, og at Framgangen vert seinkad
paa mange Maatar ved den, det veit
me, at ho ikkje bryr seg stort um.

Men det er eit Spursmaal, som er
verre aa greida enn dette.

$ 79 segjer, at naar Storthinget 3
Gonger utan Umbrigde hev vedteket
eit Forslag, saa *vert det Lov, endaa
um Kongen ikkje sanksjonerar.* Altso:
naar Storthinget endaa ein Gong —
etter nytt Val — hev vedteket Forsla-
get um Lensmennerne, so er det Lov;
det kann ikkje vera Tvil elder Strid
um det.

Men Regjeringi segjer, at her vert
Strid, ei ”betænkelig” konstitusjonel
Konflikt. Kva er det daa, som

Regjeringi vil reisa Strid um i
dette Tilfellet?

Regjeringi kann ingen Strid reisa,
dersom ho vil lyda Grunnloven. For
den segjer med reine Ord, kva som er
aa gjera i dette Tilfellet. Vil Regje-
ringi faa istand ein Grunnlovsstrid
her, so maa ho tenkja paa aa
gjera Kunster med $ 79.

Er det det, som er Meiningi? —

Utrulegt, men sannt.

Od. Høyem skriv 1 siste Heftet
av På bondebarnets bokmål:

”Di spør, "kvifor eg kjem med
slik bråd ende på samlags-
skrifte?” Ja, det fær framtida svara
Døk heilt på; men so mykje vil eg
segje Døk her, at lage ikkje er mindre
iår æn før; so det kunde vel ha levd
åre ut, ja lenger au, for den skuld; men
sjå, eg må til berre å tenkje på arbeid,
som gjev meg betaling; for ifrå
20de mai d. å. står eg desverre som
opsagt man til om I år å stige løn-
laus ut ur min post som ”kontrollør” ved
seddeltrykkingen i Noregs Bank! Eg
må difor no kaste målstræve for å
ofre meg åt matstræve frå morgon til
kveld ; for eg er langt frami årom (51 år)
og har kona og 7 born (dei 6 ukonfir-
mera) ikring meg! I offentleg tenest har
eg vore i 31 år (8 i kjørkje og skule,
so 6 som telegrafist og no 17 år i Nor-
egs Bank); det verste er soleids, at eg
alt er for gamal og har vore lenge ifrå
til atter å få koma in i skulen eller
telegrafen; eg slo meg mnemleg til ro
i Banken, då eg ikkje visste anna, æn
at eg var tinga dit til tenesteman ”i eit
eller anna arbeid” for heile mi framtid;
og utan ei slik tru (som eg tykte, eg
åtte god grun for) hadde eg sjølvsagt
heller ikkje i 1864 gåt ut av riksens
telegrafverk (der eg stod fast og på sti-
gande løn), og tekje imot tilbode om
post 1 Banken; for eg var alt då 34 år
gl. og hadde born. —

Til lykke har eg den trøysta, at eg
ikkje sjølv har volda denne ulykka ved
å gjera noko ilt i tenesten; dette segjer
hellerikkje bankdireksjonen, men skriv, at
eg segjes op, fordi seddeltilverkingja er
dreve slik, at Banken no har nøgda ”for
en længere årrække”, og at tilvirkingja
difor frå juli 1882 skal kvile ei tid.
Men då eg er skuldlaus i dette, voner
eg, at Gud (”og godtfolk”) vel ænno
har ei råd for uråd og hjelper meg og
mine fram, om det æn er ein overlag
hardsøkt lagnad, serleg i min alder, å
bli sagt utur ei årsløna stilling og det
i eit slikt institut som Noregs Bank,
etter å ha vore bruka der i heile 17
(blir 18) år!”

— Naar du hev leset igjenom dette,
so vil me spyrja deg: Kann du for-
staa det? Hev du høyrt gjete nokot
sovoret?

Aa taka ein Mann etter 17 Aars
Tenest, ein Mann, som alt er uti Aari,
ein Mann som hev Kona og Born, ein
Mann, som var fullgod til sitt Arbeid,
som hadde all Grunn til aa tru, at
han her sat trygt, og som ingenting
galet hadde gjort paa nokon Maate, —
og setja han paa berre Bakken utan
annan Grunn enn den: *me kann vera
deg forutan!* — kva skal me kalla
slikt?

Og so den Grunnen, dei gjev. Dei
hev arbeidt upp slik ei Ovmengd av
Pengesetlar, at dei treng ikkje meir
paa mange Aar, segjer dei. Ja, men
kven hadde bedet dei um det? Dei
maa altso i denne Tidi ha arbeidt upp

mykje fleire Setlar, enn Landet no

treng. Kven hadde bedet dei um
det?

Ø. IT. vil vita, at dei hev havt slik
ei Åann med aa faa prenta upp desse
Setlarne, at dei hev prentat baade i
Throndhjem og i London. Prenta utan-
lands — og so prenta meir enn Lan-
det treng! Skal det og heita Økonomi?
Elder er der andre og "høgare Hen-
syn,’* som hev sett slik Fart i desse
Bank-Herrarne?

Men um so var, at dei hadde Set-
lar nok for ei Tid, er der daa ikkje
annat aa gjera i Norigs Bank enn aa
prenta og telja Setlar?

Ø. IT. fortel, at Høyem i Vinter hev
søkt ein elder tvo andre Postar i Ban-

ken. Men det var andre, som fekk
dei. Og desse andre var ikkje paa

nokon Maate betre til Arbeidet enn
Høyem. Kor kann so dei Bank-Her-
rarne (Konsul Lundgreen, Borgarmei-
ster Strøm, Konsul Lorck, Assessor
Selmer — Gram skal ha voret sjuk —)
kor kann so dei snakka um, at der
ikkje lenger er Arbeid aat Høyem?
Aa nei. Dei gode Herrarne fær
ikkje mange til aa tru paa slikt. Dei
fleste vil koma til aa tenkja paa andre
Ting, som det gjeng Ord um. Høyem
er Fridomsmann og hev voret med i
Throndbjems Årbeidarsamfund. Der
hev han ein og annan Gong, som no
sist 17 Mai, lagt sine Meiningar fram.
Dette hev naturlegvis ikkje dei store
Høgre-Herrarne, som Storthinget hev
sett til aa styra Banken der uppe, likat.
Dei skal daa og ha sagt fraa til Høyem
um, at han burde halda seg ifraa slikt;
for dei "likad ikkje Politik i Banken.
Men Høyem trudde væl, at han var
vaksen Mann og fri Borgar hån so
væl som dei. Han dreiv ikkje "Politik ;*
men naar det høvde seg so, at han
skulde tala, so sagde han det han
meinte. Det maatte han daa hava Lov
til. — Men dei høge Høgre-Herrarne
likad ikkje "Politikk i Banken!

Dette kjem Folk no til aa minnast.
Og daa vert Hendingi — styggare enn
stygg.

— Men me kjenner vaare Høgre-
Herrar no um Dagen. Di verre det
gjeng med Politikken deira, di olmare
og uvyrdnare vert. dei.

— Storthinget var so ”hensynsfullt”
der uppe i Throndhjem i Aar. Det
skulde ikkje taka Inntekti ifraa nokon
av dei Høgrekaksarne, som sat der.
Det vilde vera so altfor strengt for
dei rike Herrarne. No sit dei rike
Herrarne trygge i 3 Aar, — og no fær
Storthinget sjaa, kva *Hensyn* dei
brukar.

Tru dei liberale kann læra nokon
Gong?

Skyttarsong,

songen ved ein Skyttarfest i Bergen den 31te
Juli 1881.

Tone:
No hev me voret til Møtes med Skiva, —
endaa for henne det var ikkje Naud;
var ho ein Bjørn! — aa! — ho vilde *kje

liva
no, men av Kyss og av Klapp vera daud.
3: Klapp? Ja, kjær ho er oss i Grunnen, :;
kvar Gong me kyste ho, helst midt paa
Munnen,
det saud.

Paal sine Henor paa Haugen uttsleppte.

Blodet av Elskhug i Aadrom

Undarlegt nokk; — slik ein kongeleg Hugnad

letst dei ”kje sjaa, dei, som Raad til han har;

betre til Dans og i Gjestebods-Dugnad

smakar aa skryta og — lita paa Far.

:: Nordmenn, høyr! — me dregst med ei
Sykje ::

endaa av Idtrott me eig ikkje mykje,

trur me oss vera slik fullvaksen Kar.

Skyttar, som ikkje av slikt nokot lider,
men, som vil verja og styrkja vaart Land! —
sjaa upp til Fedrom i daadrike Tider,

søk ikkje ”Ryggstød” og skjelv’kje paa Hand.
:: Ingen veit, kor Veg det kan taka —: :5:
dei, som vaar Idtrott forsmaa no og vraka,
torde faa sakna, kvat bert kann ”ein Mann”.

”Ryggstød?” Ja, slikt eit var godt, det,
maa vita;

men kvar ein Skyttar han maa daa staa
fritt. —

Soleids, du kjære vaart Folk, no maa lita
bert paa deg sjølv og paa det, som er ditt.
5: Urøyvt du vaart Sjølvstende liva! — 65:
Deg med vor Rifla eit Blad vil me skriva. —

Soga det ogso skal nemna som sitt. V
M.

Ordskiftet i Stortinget um
Bevilgning til norsk Bibelumskrivt.
(Or ”Storthingstidende”.)

(Fraa f. Nr.).

Hektoen: Det har ingenlunde
været Tanken hos Pluraliteten ialfald
her at reise Spørgsmaal om en officiel
Ibrugtagen af en Bibel oversat paa Fol-
kesproget, naar her tales om en Over-
sættelse; det Spørgsmaal er ikke engang
kommet i mine Tanker, naar den Tid
kan komme, og jeg tror neppe heller
hos Komiteen; det vil blive Gjenstand
for kommende Tiders Forhandlinger.
Men det vilde ialfald i mine Tanker
være et stort Gode, om man opnaaede
at have en Oversættelse, som blev aner-
kjendt for at være en brugbar og god
Oyversættelse. og som det kunde staa
enhver frit for at benytte sig af. Der-
næst har Komiteen ogsaa gaaet ud fra,
at Oversættelsen skulde foregaa direkte
fra Grundsproget til Folkesproget og
ikke fra mellemliggende Oversættelser.
Naar man har troet, at det endnu er
for tidlig at gjøre Forsøg her, fordi
vort Folkesprog endnu ikke er saa be-
arbeidet, og Dialekterne ialfald ikke saa
samarbeidet, som ønskelig kunde være,
saa skal jeg dertil svare, at det kan
gjerne være muligt, at det er saa. Jeg
er ikke sagkyndig paa dette Felt, jeg
har her nærmest kun at holde mig til
andre, som jeg betragter som sagkyndige.
Jeg vil forøvrigt blot minde om, at det
nok er vel bekjendt, at Bibelen er over-
sat paa Sprog, som før har været lidet
eller intet bearbeidede som Skriftsprog.
Jeg tror i saa Fald, at man her staar
overfor et Tilfælde, der har mange Be-
tingelser for et gunstigere Udfald, end
mange Bibeloversættelser har havt ellers.
Det forekommer mig forresten, at det
er eu meget væsentlig Indrømmelse, der
er gjort av Repræsentanten fra Tromsø,
Hr. Biskop Smitt, naar han siger, at
en Prøveoversættelse af et enkelt Afsnit
vilde være til stort Gavn for Sprogets
Bearbeidelse, om det ikke skulde lede
til en fuld og hel Oversættelse. Plura-
liteten har gaaet ud fra, at det først
kun skulde være en Prøveoversættelse,
og Komiteen har sagt, at det skulde
bero paa Udfaldet heraf, om man vilde
yde Bidrag til en fortsat Oversættelse.
Det forekommer mig, at man ogsaa efter
Komiteens Indstilling vil opnaa den
samme Fordel, som af Hr. Biskop Smitt
paapeget, nemlig Folkesprogets Bearbei-
delse. Jeg har tidligere erklæret, at
jeg for min Part kan stemme subsidiært
for Hr. Sverdrups Forslag, men jeg vil
udtale, at jeg principaliter fremdeles
holder paa Komiteens Indstilling.

J. Smitt: Ja naar Komiteen taler
om at faa istand en Bibeloversættelse,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free