- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
126

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

Fedraheimen.

13de August 1881.

Silkepung i Lomma paa ein Tiggar!
Gakk ut av Huset mitt, din Radd, Du
hev stolet.”

Israel visste ikkje, kvat han skulde
svara. Det var greidt han kunne
ikkje fortelja, korleids han hadde fen-
get i denne Silkepungen, og ikkje alt
det underlege helder, som hadde hendt
han, fraa di han reiste fraa Land-
mannen. Han gjekk reint hugfallen
ut or Huset og svarad ikkje eit Ord
paa alle dei Fantordi, som den gamle
Husbonden hans sende etter han, daa
han for paa Døri. No ruggad han av
til ein annan Ven, som hadde hjelpt
han eingong fyrr i den største Naudi.
Denne Venen laag i faste Svevnen.
Israel kakkad pea Døri, men han fekk
ikkje vekkt andre enn Kjeringi, som
var eit illskefullt Ubeist, og daa ho
fekk sjaa ein Tiggar so langt paa
Natti og i slik skarve Bunad, so tok
ho til aa skjella og smella, so det
knakad etter. Han naudbad Trollet,
um at ho skulde vekkja Mannen sin,
men ho skreik:

”Hav Dykk undan paa Flekken,
elles so slær eg Vassbytta yver Dykk.”

Israel drog seg nokre Stig attende
og naudtagg Kjeringi so vakkert um
ei gomol Brok.

”De ser, kor hardt eg treng til ho,
aa hjelp meg fyr Guds Skuld.”

”Hav Dykk undan,” skreik Kjeringi.

”Broki, Broki, her er Pengar,” sagde
Israel og var so sinnad, at han var
reint ifraa seg. Kjeringi skrellte att
Glaset, og Gardshunden, som truleg var
harm, fyr di skikkelege Folk vart uroad
høgst aa Natt, tok Tak i Kjoleflaki
hans Israel, og gjorde reint Ende paa
dei, og reiv Hatte-Kollen reint av.

”Det er Løni, som ein Fedrelands-
ven fær,” sagde Israel hugsjuk og
gjekk sin Veg. Han freistad tridje
Venda og gjekk til ein Kjenning, og
han var mildare enn hine. Israel for-
talde han so mykje som han trygt
kunne fortelja, og spurde, um han
vilde selja nokre av Klædi sine, og
denne Handelen vart dei lett forlikte
um, daa Israel synte fram Gullet til
Herremannen.

”Kann De no segja meg, kor Horne
Tooke og James Bridges bur,” spurde
Israel.

«Horne Tooke? Kva hev De med
honom aa gjera?* spurde Landman-
nen. *Var han ikkje Ven med Herre-
mannen Woodcock? Stakars Herre-
mannen! Kven skulde tenkt, at han
skulde døy so braadt! Han fekk
Slag, og slikt kjem yver ein som ei
Kanonkule.”

”Eg tok ikkje i Mist,” tenkte Israel.
”Kann De daa ikkje segja meg, kor
Horne Tooke bur?” sagde han.

”Han budde i Brentford fyrr, og
der bar han Prestekjolen; men dei
fortel, at han hev selt Kallet sitt og er
faren til London og skal studera Log og
Rett, og der vil De truleg finna han.”

”Kva Gate og Nommer?”

”Det veit eg ikkje. Det vert som
aa finna ei Naal i ei Høyløda.”

*Og veit De, kor Hr. Bridges bur?*

«Eg hev aldri høyrt gjetet nokon
Bridges, so nær som ei Jomfru, som
beiter Molly Bridges og bur i Bride-
well. (Meir.)

Husmannsstellet paa Austlandet.

(Av Ivar Kleiven).

Husmannsspursmaalet er vel enno
ikkje av dei *brennande;* iminsto hev
ikkje husmennerne sjølve, sett fram
faste og klåre krav på umbøting av
alt det mislege, dei hev å dragast med
framfor andre lag i samfundet. Hel-
ler ikkje trur eg, at husmennerne av
seg sjølve kjem til å setja fram slike
krav; det blir no visst ikkje so snart
det, um so er, og grunnarne til di er
mange. For det fyrste trur dei ikkje
på, at det nyttar. Og so hev de
harde og ufrie livsvilkår, dei i so lang
ei tid hev trælat under, brote ned det
moralske mod og haldet deim utanfor
den upplysning som skal til, for at eit
samfundslag kann setja fram krav,
som hev vegt. Endeleg hev me Ame-
rika-ferderne, denne store avlaups-
renna, som fører ut or landet somykje
misnøgje, armod og hat. Istaden for
å krevja større fridom, reiser dei ut
or landet. Men når det soleids er so
stillt og rolegt millom husmennom,
kvifor då røre upp i denne saki? Når
husmennerne tigjer, kann altid dei
andre tigja. ,

Nei, me skal ikkje tigja, når me
ser nokon lida urett, endaa um den,
som ber uretten ikkje mukkar. Langt
mindre skal me stå rolege og kalde og
sjå på, at eit heilt stand av harde
og trællugume livsvilkår blir drivne
utor landet. Eg trur, at det er vår
skylda å gjera det me evlar til å setja
husmennerne på den same frie foten,
som me sjølve står, og vert ikkje det
gjort, so vil det føre ulykke yver ein
stor del av sjølve landet. Ser me etter,
kva veg det ber no med husmanns-
og arbeidsstandet, so trur eg me vil
skyna, at det trengst um å bli gjort
nokot. Sjå no berre på desse Ameri-
ka-ferderne. Dei aukar år fyr år; kvar
vår, som kjem, ser du lange ferder av
desse helgeklædde folk og desse rau-
målade kistor draga etter vegen for å
segja heim og heimland farvel. Det
finnst vel knapt ein husmann no, mindre
han hev skyldingar, venner elder kjen-
ningar i Amerika; bedst det er, so
kjem *billetten,* *vekselen* elder kan-
skje båe slagji, og so reiser heile
huslyden. Desse Amerikabrevi er plent
som ein magnet, som dreg dei bedste
arbeidskrefter, Norig eig, over havet.
Mest kven du talar ved av husmennom,
so tenkjer han på Amerika. Av dei
unge er det knapt ein av tie, som
tenkjer seg til å vera 1 fedrelandet til
døyanddagen. Og kann me vera glade
i dette? — Å, på ein måte lyt Ein væl
vera glad over, at det finst ein stad,
der landsfolket vårt kann berga seg
av, når det vert for tungt for deim å
liva i det tunge stræve i vonlaus armod
og usseldom, som Norig byd deim.
Me kann ikkje misunne deim framtids-
vonerne derburte, når me her ikkje
hev stort annat å bjoda «enn eit ned-
trykt tilvære i næringssut og matstræv
frå vogga til grav. Men når me for-
stend, kva fedrelandet lyt lida ved
dette, at det etter hand misser sine
arbeidarar og sine sterkaste armar,
då lyt me nok spyrja, kva ende det
skal taka. Det er arbeidaren som held



landet uppe, dei er liksom laftsteinarne
under huset; og når dei glid unda,
kjem nok heile huset til å stå skjeivt
og skakt. Det ser mest ut til, at det
skal gå den vegen, som eg hev høyrt
folk hev meint det vil gå her i bygdom,
at det tilslut *bli att berre øver-
heit og lægdfolk,” og det kann no
ikkje vera mykje å trå etter. Ameri-
kaferderne er som ei årelating for
landet; kvar vår tappar Amerika av
oss vort friske, sunne blod, og meir
og meir tek det til kvar vår. Eingong
lyt magti minka. Å stanse reint ut-
ferderne, det stend ikkje i vår magt;
helderikkje vilde me hava nokot tent
med di. Norig er eit lite land, og det
kann vera some krefter, som det lik-
som ikkje hev bruk for, og som Ame-
rika med glede tek imot. Lat slike
reise; men når det held på å koma i
den skora, at det trast ikkje er nokon
i sine bedste år av husmenn og ar-
beidsfolk, som tenkjer på å bu og
byggje i landet, då ber det galet avstad.
Me kjem ikkje frå å tyda denne veks-
ande utferdshugen soleids, at fedre-
landskjærleiken held på og døyr ut;
so er det ikkje. Eg er viss på di, at
stordelen av deim, som reiser, og aller-
vist folk, som er nokot ut 1 åri, skjil
seg ved den vetle fatige heimen sin
med sårt hjarta. Men dei kjenner seg
liksom drivne ut; sjølve blir dei trotne
av strævet, og so er det tanken på
borni og umsorgji for deim attåt. ”Her
er ingjor framtidsvon; det blir berre
slit og slæp i armod;”? det hev eg høyrt,
dei hev sagt i tjugetal gonger, og det
er skjerande sårt å høyra på. Og
grunnen til, at folk liksom skyr fedre-
landet meir og meir, det vågar eg å
segja er den trældomen, som husmanns-
stellet vårt held arbeidarstandet under.
Det vert da her på Austlandet, dette
gjeld; på andre kantar av landet er
eg ikkje kjend med arbeidshøvi.

Skal me altso arbeida imot Ame-
rikaferderne, så at dei ikkje tilslut blir
ei landsulykke for oss, så lyt me setja
husmennerne på ein friare fot. Sjølve
tidi krev fridom og likskap for alle
lag i eit samfund, um ikkje Amerika-
ferderne dreiv oss til å tenkje på dette.
Me kann ikkje vera so sjølvgode, at
me arbeider for fridom for oss sjølve
og læt eit annat samfundslag træle un-
der tvang. Det ordet vil me ikkje
skal koma ut um det norske gardbru-
karstandet. Lat oss difor taka til å
arbeida for, at husmennerne kjem på
den same frie foten, som me sjølve,
soleids, at dei kjem til å eiga den jordi,
dei sit på, med den same rett og dei
same plikter som gardmennerne; med
andre ord: lat dei lite i senn verta
sjølveigarar!

Denne tanken er ikkje ny; me veit
at han møter motstand; men eg trur
også, at han vil finne, og kanskje alt
hev funnet mange venner. Eg trur
no fullt og fast, at ”vinstrepartiet”
ikkje vil vera imot, men at dei vil
taka tanken upp som ein av hovud-
tankarne sine. Og sjølve ”høgre” vil
truleg sjå, at nokot lyt gjerast. Ellest
vil spursmaalet vinne fleire og fleire
venner ettersom det blir meir og meir
dryfta og soleids bli klårare, og etter-
som det meir og meir vil vise seg, at

me lyt gjera nokot her for heile lan-
dets skuld.

Slikt som eg hev lært å kjenne
husmannsstellet her i heimebygdi mi
— og det same gjeld nokonlunde for
heile Gudbrandsdalen — er det ei skam
for eit fritt land; det er igrunnen,
for stormengdi av husmennerne, berre
ein mildare trældom. Og denne træl-
domen hev, på den lange tidi han hev
tyngt over husmannsstandet, boret låke
frukter og avlat fram mange av desse
mishøve, som tyngjer på bygderne.
Soleids desse umogleg tunge fatigut-
gifter, dei kjem mesta derfrå. Det er
berre som eit hende, at eit fatiklem
høyrer gardmannsstandet til. Så har
me .denne standsskilnaden, ei av dei
styggaste ugrasvokstrarne, me hev på
heile Austlandet. Og denne stands-
skilnaden hev so igjen født av seg
denne syrgjelege sedløysa, denne fæ-
lande råskapen, som husmanns- og
arbeidsstandet ligg so reint nede i.
Kor mykje me kostar på skulen, kor
mykje me arbeider på å lyfte hus-
mannen og arbeide han upp i sedsemd,
kunnskap og upplysning, det monar
ikkje sålengje husmannsgreida, som
ho no er, stend ivegen; ho bryt ned
likso fort som me byggjer upp.

Tenkjer me etter, så skal me sjå,
at slike sedlause tilstand må koma
fram av standsskilnaden ilag med
fatigdom og ufrie kår. Det er mest
ikkje annat samliv millom dei tvo stand
enn det, som arbeidet fører med seg.
Hender det ein og annan gong, at ein
gardmannsgut gifter seg med ei hus-
mannsgjente elder umyvendt, so er det
ei skam både for skyldfolket og mest
som for heile standet. Difor er det
også undershende, at det gjeng for seg,
kanskje eit giftarmål av 100. Gjer
gardmannsfolket morolag, ”ballar,” som
det no heiter, so kann ikkje husmenn
og arbeidarar godt vera med; dei er
*for råe* og for grovt klædde. Klædi
gjerer mykje no for tidi, og det, at
du kann te deg fint, endå meir; *er
kufta gamal og kroppen grå, då skal
du vandt nokon vyrdnad få.* Ja, dei
er for råe til å vera med *bra folk*
å moroa seg; dei kunne bli fulle, og
skjemme ut heile laget. So lyt dei då
gjera seg moro sjølve, — "fille fridan-
sar* burti hyttom; og der gjeng det
mangeingong villt til med drykk, slåst-
ing og uleven. Det er sannt, at hus-
manns- og arbeidarstandet for det
meste er råe. Men det er standsskil-
naden sjølv, som avlar denne råskapen.
Slik som me vyrder eit menneskje, og
slik medferd som det fær, slik blir det,
og me hev faret soleids åt med hus-
mann og arbeidar no 1 eit manns
minne, at dei hev misst vyrdnaden
for seg sjølve. Tenk deg, når du
vart set ned på, som um du var av
eit låkare slag, berre skapt til å kara
i mold og grus, trur dei ikkje då, at
du snart vart likesæl um deg sjølv og
di eigi ære elder skam? Når ingen
gav deg nokon vyrdnad, so vilde du
nok gløyme, at du hadde nokon. Når
me «sjølve* sit ved ein ende av bordet
med betre mat, og husmann og tenar
ved den andre med helder klen mat,
elder når me smøygjer oss uti kleven
med maten vår, då gjev me menne-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free