- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
157

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

DOES DOD OD ———

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Eit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No, 40,

Fen den 8de Oktober 1881.

DAT

Det Nesjeualo: og Landsbaten.

Det vart eingong sagt eit Ord
av Statsraadarne Stang, Helliesen og
Bretteville. som me ofta lyt minnast.
Det var eit Ord, som Ein kunde ventat
av ein Landsens Uven, men ikkje av
Folk, som daa skulde vera sette til
aa hjelpa Landet fram. Ordet gjekk

t paa, at var her nokon Ting i dette
Landet, som ikkje trengde Studning,
so var det Sansen for det naffonale
Sansen for det nasjonale var so sterk
i det norske Folket, at Ein snarare
«ånde fæla fyre, at det vart for mykje
av dette enn for litet.

— Aa gjev det hadde voret so væl!
kunde Ein faa Hug til aa yuskja.
For det veit alle Folk i Kulturheimen
no, og det hev dei lært gjenom lange
Stridar, at det, som gjerer feit Folk
sterkt, det er trufast og kjærlegt Sam-
hald. Det er det, at alle kjenner seg
samskylde og dermed samskyldige til
aa arbeida for sams Framgang, det,
at alle vil ”alt for Fedrelandet”, og at
alle hev den fulle Kjensla av Andsvar
for, at det gjeng Fedrelandet godt.
Det, som gjer eit Folk sterkt, og det,
som gjer eit Eolk rikt, er med eit
Ord: Sansen for det nasjonale.

Nasjonalsansen er for eit Folk det
same som Sjølvkjensla og Sjølvverj-
ingssansen er for ein Mann. Kjem
du so langt nedpaa, at du taper Sjølv-
kjensla og Tanken um aa halda deg
sjølv uppe, so kann du vera kven du
vil, — ferdig er du. For ingen kan

hjelpa den, som ikkje bryr seg um aa

hjelpa seg sjølv.

Og so sit vaare Landstyrarar der
co ræddest fyre, at den nasjonale
Sa jen i dette Folket kan verta for
«sterk! — Hadde me havt den fulle
og heile Nasjonalkjensla gjenom alle
desse 60 Aari, so hadde me no voret
ein Gong til so sterke og rike som me
er, og voret ein Gong til so langt
komne i Upplysning og Folkeskikk;
det er Sanningi.

i Kor skulde Nordmennerne ha teket
en altfor sterke Nasjonalsansen ifraa?
I yver 400 Aar hadde dei livt som
- garike under eit framandt Land. Og

se den Tidi stod det nok ikkje rart

«ull med Nasjonalkjensla daa helder.

Gjenom heile den gamle Soga vaar
var Landet sundskilt i Bygder, som
lite kjende kvarandre og lite brydde
seg um kvarandre, ja som ofta slost.
Det var so vidt Landet og Folket
hadde eit Namn, dessmeir, og det hekk
ikkje fastare ihop enn at det det rett
som det var kunde skiljast.

VEE RA

Danskeveldet lagde seg ikkje etter
aa utvikla den norske Nasjonalkjensla.
Landet tapte sit Sjølvvelde, sit Bok-
maal, sin Literatur, alt det, som skulde
kunna samla Folket og halda Sam-
kjensla uppe. Fyrst utimot det 19de
Aarhundrad var det, at ein og annan
av dei beste Nordmenn tok til aa
merkja, at dei hadde ein Nasjonalitet.
Men dei naadde ikkje utyver Lydrike-
Tanken fyrr i 1814. Og ikkje ein-
gong daa heilt. Dei fleste av dei upp-
lyste lengtad endaa etter Danmark;
andre trøystad seg til Sverike. Og
Folket i det heile var ikkje lenger
komet enn dei. Og so skulde Nasjo-
nalsansen i ei Tid av stakkars 60 Aar
ha vakset seg so sterk, at tilmed Land-
sens eigne Styrarar skulde skræmast
av det! — Tanken er vitlaus.

Det fekk daa og dei Herrarne i
Riksraadet høyra. Dølen skreiv t. D.
eit langt og djervt Stykkje imot dei,
der han las upp for dei, so det hadde
Skikk, og sagde ende ut, kva det var,
dei i Grunnen hadde tenkt og meint
med aa tala soleids. ”Desse Folk,”
sagde han, ”dei talar um *europæisk
Kultur’, og det er netupp den, som
som slær deim ihel. Deires Riksstell
og Skulesstell og nationale Upfatning
kann, skreiv Dølen, vera god nok her
blandt Heimfødingar, men naar dei
ropa paa ”Kultur” og Utland, so verdt
dei med eingong Villmenn.

”Kven kunde utan aa ganga i Sko-
gen med Skinnfeld over Okslom tala
om det nationale som desse Herrar
her hev gjort? Det maatte vera
when wild tn wood the noble savage
rann (daa vill i Skog den edle Vill-
mann flaug), og ikke no, daa Natio-
naltanken verdt tekjen up jamvel som
ein Faktor i Moralsystemet. Her gjeng
ein national Luftstraum over Europa
no, men rigtigtnok enno ikke lenger en
eit Stykke nedetter dei store Fjellsidor,
og denne er Draget af den Tenkning,
som sambinder liketil med religiøse
Band Mannen til si Bygd og sit Land
og er ein Part af det solidariske Sy-
stem, som no gjenom alle Rider eller
Veer føder ei ny Tidi Politik og heile
Livsupfatning. Dette er forresten inkje
Nytt, men det verdt meir sambundet
og utlagt; for Franskmannen, om han
i somangt er ein sjølvnyttig og syndig
Mann, han hev endaa lenge sagt med
Talleyrand: La France avant tout
(Frankrike framum alt).

”Det kunde synas vera godt aa
høyra fraa saa god ein ”Autoritet,” at
vaar akademiske Ungdom er so patri-

otisk, som desse Herrar segja; men

RR SSE

dei er vist likso vel uplyste i det
eine som det andre, so at dersom her
ikkje var andre Vitnemaal for/det norske
Sindelag i Landet end desse Menns
Ord, so skulde vist ingen bli vis paa
vaar Tilstand. Det skulde vel ingen
hava høyrt ei slik Klage af nokon
Statsmann i nokot Land! Den burde
bli oversett i eit europæisk Tungemaal,
forat Utlandet kunde sjaa dei Folk,
som styra her. Men du bør tru, at
ingen af os kan vera so upatriotisk,
at han paa den Maate vil bera ut
vaar eigi Skam; for me maa alle
svara for vaart Riksstyre, baade hi-
storisk for vaar Framtid og for Livet
den Tid som no er. Der skal ingen
av oss koma og tvaa sine Hender og
segja: ”eg er uskuldig.”

”Tanken i Ordet Samfund er eit
Samheng og eit Medandsvar. Me hava
alle liksom medunderskrivet det Bor-
garbrev, so du kan taka ein for alle
og alle for ein. Han var ein likso
stor Politikus som Poet den gamle
grekiske Skald i Don Juan, daa han
song:

Vaar Landsens Armod bryter fram

blandt dette bundne Folk i meg.

Eg veit daa Fødelandets Skam,

50 naar Eg syng, SO raudnar eg.

Eg Fullmagt er. Mi Taar er Tolk.

D’er Graaten for det heile Folk.

”Stang kan ikkje sjølv hava so liten
Sans for det, som gjev ein Nation sin
beste Styrke, at han av seg sjølv
skulde koma med denne Klaga over
Ungdomens Fedrelandssinn. Eg hev
høyrt gode patriotiske Tankar av honom
i some Retningar, so det maa vera
ved Paavirkning og 1 ein veik Augne-
blink, at han hev gjort seg til Tals-
mann for det skandinaviske Selskap, *)
som ingenting er so rædd som Norsk-
domen. Og Selskapet hev Rett i det,
at der ikkje er stor Utsigt for deires
Planar, naar den nationale Tanke rett
verdt vekt i vaar uplyste Ungdom, so
den fyrst og fremst vil, at Landet skal
vera seg sjølv, fyrr det verdt svensk
eller dansk. Me hava, som tidt paa-
visat her i Dølen, set av mange Ting,
at det skandinaviske Selskap er ein
Tenare og Erindsvein for dette Mini-
sterium, og so er det inkje meir en
rimelegt, at Ministeriet tener Selska-
pet, naar so kan skje. ”Den eine Te-
nesta er den andre værd.””

Og det var fleire enn Dølen, som
forstod Samanhengen. Men Ordet
var sagt. Og dei, som hadde sagt

*) Det var i den Tid, Skandinavismen var
paa det verste. Fedrh.

d. Aarg.
det, — hadde meint det. Ikkje
likefram, naturlegvis, for daa var

Tanken vitlaus, men med denne skan-
dinaviske Baktanken, som gjekk ut
paa, at Landet snart laut bøygjast
inn under eit annat og større Rike
kor som var, so det vilde berre vera
til Ugagn, um her kom upp nokon
sterk norsk Nasjonalsans. Onnor
Meining kunde slik Tale ikkje hava.

Det galdt den Gongen eit reint
aandelegt Spursmaal, nemleg det, um
Gamalnorsken skulde inn som fast
Fag paa dei lærde Skularne. Og fordi
det galdt berre slikt eit aandelegt
Spursmaal, brydde Folket i det heile
seg mindre um det. Like eins hev
det voret med heile vaart ”nasjonale
Stræv.” Det hev berre voret eit Faa-
tal, som hev kunnet sjaa, at eit Stræv
som dette kunde hava nokot aa segja
for Landsens Vælferd. Kunde ikkje
Landet vera like rikt og like sælt,
fordi um det ikkje hadde nokon ut-
viklad Nasjonalitet? Kva gjorde det,
um me ikkje hadde eit nasjonalt
Tungemaal og ein nasjonal Bokheim?
Og kva kunde det skilja, um me ikkje
aatte. eit serskilt heilnorskt Flag? So
lengje Striden stend um slike meir
aandelege Ting, fo hev Folk altid
vandt um aa forstaa, at det gjeld
nokot. Folk i det heile tenkjer paa
det praktiske, og det gjer dei Rett i;
men stundom hender det, at dei Ting,
som ser mest høg-aandelege ut, like-
væl til Slutt kann faa stor praktisk
Tydning. Soleids gjekk det daa og
med dette nasjonale.

Sanningi var, og Sanningi er, at
Nasjonalsansen i dette Landet er so
veik som det kann ventast etter dei
historiske Forutsetningarne. —Maal-
mennerne sagde det, og ingen trudde
det, men det hev meir og meir vist
seg aa vera sannt: me er ingen
Nasjon, me er berre Raa-Emnet til
ein Nasjon. Folket er ikkje saman-
vakset, hev ikkje naatt den fulle og
rette Samkjensla, det nasjonale ”Med-
andsvar”, den aalmenne Kjensla av
aa vera Fedrelandet ”alt” skyldige.
Og det er Grunnen til, for det fyrste
at me bryr os lite um sjølve den na-
sjonale Saki, so me er likesæle um
Maal og Flagg og slike Ting; for det
andre hev det gjort, at Politikken vaar
er komen dit, der meno hev han, for
i eit Folk med heil Nasjonalkjensla
kunde aldri slikt hendt; — men for
det Tredie hev denne Armod paa na-
sjonal Sans gjort, at Landet lid
Skade paa sin reint materielle
Framgang.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free