- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
158

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

158

Fedraheimen.

Sde Oktbr. 1881. |

— Naar det kjem so langt, so lyt
Folk forstaa det. Og daa vil Folket
og skyna, kva det var for ein fager
Tanke den, som Statsraadarne Stang,
Bretteville og Helliesen sette Namnet
sitt under i 1868: den Tanken, at det
nasjonale her i Landet ingi Studning
turvie.

Var her heil nasjonal Sans, vo vilde
t. D. Riksstyret og alle andre Styre
og Pengemagter i Landet gjera det
dei kunde for at Landet kunde faa
alt sitt Arbeid gjort heime. Ista-
denfor det so hev dei gjort det so, at
det meste Arbeidet gjeng ut or
Landet.

Men med Arbeidet fylgjer Peng-
arne. Gjeng Arbeidet ut or Landet, so
gjeng Pengarne og ut or Landet. Og
tilslut maa daa Folket fylgja etter,
der Arbeidet og Pengarne hev faret
fyre.

Me hev fyrr set heri Bladet, at
Styret gjeng til Utlandet etter det,
som det hev Bruk for, endaa um det
kunde faast likso godt og billigt her
heime. Same Hugen hev me set hjaa
Kristiania Bystyre. Og dette gjeng
daa nedetter til dei rike Privatfolk.
Ingen bryr seg um aa hjelpa upp Arbei-
det her. Skal dei hava nokot, som ko-
star Pengar, og som Arbeidsfolket kun-
de tena paa, so gjeng dei til framande.
Slik gjeng det med alt, like ned til
Bokforlag og Bokprenting. —=Vaare
Forfattarer maa til Udlandet med
Bøkerne sine; Folket her heim i Kri-
stlania er so reint utan nasjonal Sans,
at det bryr seg meir um sitt arme
Parti-hat til den og den Forfattaren
elder dei og dei Tankarne, enn det
bryr seg um Landets Æra og Fram-
gang. Bokhandelen vaagar ikkje aa
forleggja Bøker av vaare store Dik-
tarar og andre Framgangsmenn; ”Kri-
stiania-Opinionen? skræmer dei. So
taper daa Bokhandelen sjølv store
Pengar, og dernæst tapar dei, som
liver av Bokprenting, Størsteparten av
det Arbeidet og den Fortenesta, som
dei etter Retten skulde hava o. s. fr.
Det er meiningslaust med Pengar, som
paa den Maaten gjeng ut or Landet.
Og so gjeng Arbeidararne her heime
arbeidslause, og dei, som eig Pengar,
hev ingen Hug paa aa setja dei i
nokot Slags Arbeid. Det nyttar ikkje.
Paa den Maaten fær me ingen Indu-
stri; Arbeidet, som aaleine kann føda
eit Land, gjeng tilbake, og heile Lan-
det vert liggjande atterut. Slik vilde
det ikkje gaa, dersom alle hadde den
rette Andsvarskjensla mot Land og
Folk. Daa vilde kvar den, som hadde
Pengar og skulde kjøpa, halda det
for |ei Samvitssak og ein kjær Pligt
aa leggja Pengarne ned i Landet,
so sannt der fanst Raad; for kvar
Kruna, som vert uppspard for Lan-
det, er eit nasjonalt Framstig og ei
Vælgjerning mot Folket.

Styret vilde gaa fyrst med dette,
og alle Rikmenn vilde gjera som det.
Me vilde faa ein Industri og med den
vilde Rikdomen veksa, men med Rik-
domen vaks heile- Landet, fekk Magt
og Mod og kunde føda fleire og fleire
Folk. Soleids vilde det gaa — her
som 1 andre Land —, dersom, me hadde

nasjonal Sans, dersom me var ein
Nasjon.

Me hev nylig set eit Døme paa, at
den Stangske Tanken um det nasjo-
nale vert fylgd, endaa naar det gjeld
den norske Kunsten. Litet hev me
aa hjelpa Kunstmennerne vaare med,
og det vesle me hev, det skal til Utlan-
det. Sjølve Wergelandsstøtta vilde dei
kloke Kristianiakararne, Hartvig Las-
sen og den Flokken, helst havt utførd
av ein utlandsk Kunstmann. Naar me
er so unasjonale i slike Ting som
Literatur og Kunst, som daa Folk
plar setja si største Æra i, so kann
Ein vita, korleids det gjeng med det
andre.

No hev me paa ein annan Kant
havt eit nytt Døme paa denne lands-
øydande Styremaaten.

Dei norske Skipsredararne tek til
aa forstaa, at skal Landet kunna halda
seg nokonlunde uppe tilsjøs, so ikkje
Utlandet tek all Fortenesta endaa av
vaar eigen Trafikk, so maa dei taka
til med aa byggja Eimskip. So skulde
det daa byggjast tvo slike nye Skip,
og Eigararne var so vidt Folk, at dei
vilde hava dei byggde her i Landet.
For det er svære Pengar, dette, og
Arbeidararne vaare kann trengja litt
Fortenest i desse Tider. No hev Lan-
det eit Verft, som kann byggja slike
Skip, og det er Hortens, — der som
dei byggjer Orlogsskipi vaare. Dei
byd daa Hortens Verft Arbeidet, fortel
V. G. Men Hortens Verft svarad nei.
Dei vilde ikkje hava Arbeidet. Dei
visste, kor saart Arbeidsfolket der nede
kunde trengja det; men dei vilde ikkje
hava det. Og so maatte Eigararne
gaa til Sverig med dei tvo store Skipi;
der gjeng dei Pengarne ut or Landet.

Kva Grunnen var til, at det norske
Verftet ikkje vilde hava eit slikt Ar-
beid? — det er der ingen, som veit.
Heile Soga vart tagd med so godt
det var Raad, og dei er nok reint
vonde, fordi V. G. hev fengje Tak i
ho. Dei hev væl altso ikkje gode
Grunnar for Aatferdi si. Fin kan gissa
paa baade eit og annat. Men kva
Grunnarne er elder ikkje er: hadde
me livt i eit Folk med nasjonal
Sans, so kunde slikt aldri ha hendt,
og so hadde me havt dei Pengarne i
Landet.

Men ikkje berre dei. Andre Skips-
redarar, som heretter skal byggja Eim-
baatar, vilde og ha gjenget til Horten.
Etter det, som no er hendt, vil dei
gaa til Sverig alle ihop. Million etter
Million vil strøyma ut or Landet paa
den Maaten, og dessimillom vil Ar-
beidararne vaare svelta og Arbeidet
liggja nede. Det er ingen som kann
rekna ut, kva eit Land kan tapa
paa slikt.

— Slik gjeng det, i det eine som
i det andre. For ”er det nokon Ting,
som ikkje treng Studning,” so er det
det nasjonale! —

Litet eig me, og litet hev me aa
gjera med. Men det vesle me eig,
det skal ut or Landet. So lyt daa
Folket same Vegen. Nasjonen hev ikkje
Sans for seg sjølv og sin eigen Fram-
gang; han maa vantrivast. Og held
me fram slik, so kan me rekna ut

so visst som Laas, at paa den Maaten
gjeng Nasjonen tilslutt under.

Er det kanskje det, dei vil, dei,
som styrer i dette Landet? Vil dei,
at Nasjonen skal armast ut og øydast
burt, for at Landet dess lettare kann
siga inn under — Unions-Vetoet?

Dei steller seg iallfall som um dei
vilde det.

— Aa, gode Nordmenn baade høgt
og laagt! Er der i dette Landet
nokon Ting, som treng al den Stud-
ning og Vekkjing og Upphjelp, som
det kann faa, so er det Sansen for,
Trui paa og Kjærleiken til ”det na-
sjonale.” Det er Saki, og det er
Sanningi, og fyrr me lærer det, kjem
der aldri Liv i vaare ”lokale Forhold.”

Rettstilstand i Norig.

”Samfundet”, eit godt og billegt
Blad, som kjem ut tvo Gonger i Vika,
hev teket seg til aa greida upp i ymse
Rettsspursmaal. I Numer 173 tek
Bladet Ordet fyr, at Vatn- og Braud-
straffi vert teki ut or Logverket vaart.
I Sverig er Fengsel paa Vatn og Braud
ikkje sett som aalmenn Straff, men
vert etter den 17 Aar gamle ”Nya
Strafflagen? (Kap. 2 $ 10) berre brukt
som Naudhjelp i Tilfelle, daa det hos
den, som blifvit till böter fålld, sak-
nas tillgång till deras fulla gåldande,
men likevæl ikkje so hardt og strengt
som i Norig og Danmark, daa ingen
svensk Mann kann setjast paa Vatn
og Braud i meir enn 20 Dagar. I
Norig og Danmark læt dei Folk sitja
i Sveltestraff. heile Maanaden (30 Da-
gar), og mangein Mann hev gjenget
fraa Fengslet med broti Helsa og radt
inn i Dauden, so den barbariske Stratfi
viser seg i"mange Tilfelle aa vera
Livsstratf. So lind Straffi er i Sverig,
er det endaa mange der, som arbejder
fyr aa faa Vatn- og Braudstraff heilt
ut or Logi. — I Tyskland kjenner
dei ikkje Sveltestraff. Den tyske
Straffelogi (6te Mars 1876 $ 13 flg.)
hev åa. Livsstraff, 0. Tukthusstraff,
c. Fengsel (med Løyve fyr Fangen til
aa arbeida etter Evne og Hug), d. Fest-
ningsarrest (d: Fridomstap under Upp-
syn med Arbeid og Livevis), ce. Arrest
(Heft 0: simpelt Fridomstap), og /f.
Bøter. Bøter, som den Dømde ikkje
kann greida, umgjerest til Feng-
sel (c.) fyr Brot og til Arrest (e) fyr
Veilur (Vergehen). — I Storbritania
og Irland er det helder ikkje 1 vaar
Tid Tale um Sveltestraff. Dei brukar
Livsstratff, Straffarbejd, Fengsel med
hardt Arbejd, Fengsel utan hardt Ar-
bejd og Bøter, fyr Logbrjotarar under
16 Aar serskilt Fengsel paa minst
10 Dagar og deretter Innsetjing i
certified reformatory. So school i2—5
Aar. I Frankrig hev Vatn- og Braud-
straff ikkje voret i Bruk 1 dette
Aarhundrad. - Der straffar dei med
Livsstraff, Straffarbejd paa Livstid,
Landlysing, Straffarbejd paa viss Tid,
Reclusion, Fengsel, Bøter og derattaat
Detension fyr politisk Stempling. —
I Ungarn, som hev ei ny Straffe-
log (av 1878) hev dei helder ikkje
tenkt so ille som aa vilja setja Folk
paa Sveltestraff. Der er logsett 1. Livs-

straff, 2. Tukthus, a. paa Livstid, 5.
fraa 2 til 15 Aar, 3. Statsfengsel fraa
I Dag til 15 Aar, 4. strengt Fengsel
(Kerker) fraa ’, til 10 Aar med Ar-
beidspligt, men Rett til aa velja eit
av dei Årbejd, som er innførdei Feng-
slet, 5. lindt Fengsel fraa I Dag til 5
Aar med Arbeidspligt, men Valrett
paa same Maaten, og 6. Bøter fraa I
til 4000 Gulden. I Straffedomar, som
gjeng ut paa Bøter, skal setjast den
Fridomsstraffi, som skal trede i Sta-
den fyr Bøterne, dersom den Domfelde
ikkje kan greidasdesse. — Um Fin-
land segjer ein svensk Professor (Hag-
strømer): de allmånna straffarterna

skola för framtiden blifva frihetstraff

ochiböter. Dödsstraffet samt alla skam-
och kroppstraff (dæribland jamvål fån-
gelse vid vatten och brød) skolu såle-
des försvinna ur lagstiftningen. —

”Me kunde” segjer Bladet — ”ganga
Verdi rundt og leita etter Sveltestraffi
med Diogeneslykta, det vøre faafengt
Arbeid, me vilde ikkje finna denne
Straffi paa andre Stader enn i dei 3
smaa Land, Norig, Danmark og Sverig.
Men Norig vil gjera væl, um det byrjar
aa tenkja aalvorlegt paa aa reinska
Straffelogi si og faa ut or henne denne
Skamflekken. I Sverig er det ikkje
stort av den, og vil Danmark halda
paa Villmannskapen, so gjerna fyr oss.
Landet er ikkje tent med, at Utlandet
veit um, at me her set utsvoltne Tigg-
arar, Husmenn og Inderstar i Feng-
sel paa Vatn og Braud i 20 elder 30
Dagar, fyrdi kannbhenda den harde
Naudi hev drivet dei til aa taka eit
Tre i Annanmanns Skog. Og kva vil
det upplyste Europa segja um vaar
Høgsterett, som instiller Menn, dømde
til Straffarbeid 1 "/, Aar, til Kongens
Naade soleids, at dei fær sitja i Feng-
sel i 20 Dagar paa Vatn, litevetta
Braud, som jamvæl er laakt sume Sta-
dar, t. D. i Kristiania, og lite Grand
Salt?

Og so dei Logreglar og den Praksis,
som gjeld fyr Fengselsstrafferne hjaa
oss. Log 20de Aug. 1842 segjer 1
Kap. 6 $ 5 og G:

”Naar nogen skal dømmes til Feng-
selsstraf, bestemmer Dommeren, paa hvil-
ken af de i Kap. 2 $ 15 nævnte Maa-
der (Arrest, sedvanlig Fangekost, Vand
og Brød) Straffen skal anvendes. Ved
Valget taves Hensyn til Angjeldendes
Alder, Legems- eller Helbredsbeskaffen-
hed, Næringsvei og øvrige Stilling.
Ved Bestemmelse af Straffetiden bliver
og hertil at tage Hensyn. — Ved Idøm-
melse af Fengselsstraf for nogen For-
brydelse, som omhandles i Kap. 41 (For-
falskning), med Undtagelse af $$ 6 og
15,:i Kap 19 (Tyveri), i Kap. 20 (Rø-
veri), i Kap. 21 (Bedrageri), med Und-
tagelse af $$ 18 og 23, og Kap. 22 $
14 (Naskeri) paaligger det Dommeren
at fastsette Fengsel paa Vand og Brød
eller, hvor seregne Omstendigheder
taler imod Anvendelse deraf,
Fengsel paa sedvanlig Fangekost, men
i intet Tilfelde Arrest”.

Til dette kjem Kap. 2
lyder slik:

ӯyrigheden afgiver Beslutning om,
paa hvilken af de i $ 15 næynte Maa-
der Fengselsstraf skal trede istedenfor
Bøder. Ved at afgive Beslutningen paa-
ligger det Øvrigheden at tage Hensyn
til de i Kap. 6 $ 5 nevnte Omsten-
digheder”.

Hev ikkje dei Juristarne, som
skreiv Straffelogi, gjort som Novem-

$ 30, som

J

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free