Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
160
Fedraheimen.
8de Oktbr. 1881.
plent no; men du hev kanskje leset
det. Nok av det: eg sette meg fyre,
at eg vilde slaa alle Giftetankarne
ifraa meg.
Det hadde eg gjort og, dersom eg
ikkje ei Stund etter var komen her til
Byen og hadde set Jomfru Hilda. Men
daa eg saag henne, blid og uskyldig
som ho der gjekk, so tenkte eg, at det
var kanskje ikkje rett av meg aa lata
henne vandra gjenom Livet med ein
Tufs til Mann, elder kanskje aaleine.
Ho var veik og fin og kunde trengja
Studning. Og ettersom eg kunde for-
staa, vantad ho ikkje paa korkje Vit
elder god Skikk. Ho var altid snild
og blid, naar eg ein Gong imillom
kom der i Huset; ho saag ikkje paa
meg, for ho var bljug, Stakkar, men
fann helder paa eit og annat aa snakka
um. Underlegt nok snakkad ho helst
um Soldatar. Eg hev aldri vorét Soldat
og bryr meg ikkje um det Slags Folk;
men ho var so barnsleg, ho Stakkar,
ho totte so Moro aa sjaa paa dei
blanke Uniformerne. Ja eg trur knapt
det var andre Ting ho brydde seg um.
Endaa naar Talen var um ein slik
Ting som ei god Haandskrift, so kom
ho innpaa desse Soldatgreidurne sine;
for etter hennar Meining var det den
venaste Skrifti, naar alle Bokstavarne
stod strake og stive i rette Rader lik-
som Soldatar i eit Geled. Det var no
ikkje mi Meining daa; men ho tok det
so barnslegt, so Ein kunde ikkje verta
vond paa henne helder. So gjekk det
daa og eit Par Soldatar og dreiv der
i Huset, ein gamall Tambur, som hadde
trommat Øyro av seg, og so Fin Ser-
sjant, som hadde eit uhorvelegt Munn-
skjegg. Det var Folk, som eg ikkje
brydde meg um; eg kunde sannt aa
segja knapt hugsa kva dei heitte ein-
gong. Naa ja; det var no nokot, som
ikkje skilde meg. Uduglege Folk var
dei, baade den eine og den andre;
men meg var dei ikkje i Vegen. Eg
trur knapt eg snakkad tjuge Ord med
nokon av dei; for det var ingen Ting,
dei hadde Vit paa.
Men so var det Jomfru Hilda. Di
meir eg tenkte paa henne, di stødare
vart eg paa, at her burde eg gjera ein
god Gjerning; for ho var altfor mykje
til Gjenta til dess, at ho skulde verta
gangande aaleine elder kasta seg burt
til Kvardagsfolk. Og tilslutt skreiv
eg’. .. eg brukar altid aa skriva,
kann du vita; for eg hev slik ei maka-
laus Haandskrift. Og for aa gjera
Jomfru Hilda rigtigt til Lags, so maalad
eg upp Bokstavarne so stive og strake,
plent som Soldatar i eit Geled, og un-
der skreiv eg ”J. Petersen” — eg skriv
meg Petersen no, etter at eg er komen
til Byen —, ”J. Petersen” altso, med
Bokstavar, som saag ut som ei Tropp
av berre Sersjantar. Og lengst nede
sette eg med yrende smaa Skrift Adressa,
der eg budde. Ja, Dagen etter kom
det Svar. Hilda sagde Ja og takkad
til, og bad meg koma upp til henne
paa ein viss Dag og Time; eg trur
endaa mest det var same Dagen. Naa
ja, eg flidde og ferde meg og gjekk,
og tenkte som so: tredje Gongen er
det, at det sæter. Daa eg kom inn,
fann eg henne aaleine. Men du liv-
ande Malebarius! for ein Trut ho sette
upp! Naa, Kjærasten min, sagde eg,
var det ikkje paa denne Tidi eg skulde
koma? ”De —? krvein ho, mest inni-
mot Graaten. ”Ja, eg; eg underskrivne
J. Petersen?” — No tok ho til og vilde
liksom koma paa Laatten. ”Heiter De
Petersen?” spurde ho. ”Javist heiter
eg Petersen, Imbert Petersen ... du
veit daa væl i all Verdi, kva eg heiter?”
No sette ho i aa læ. Eg stod som
ovandotten. Var Gjenta fraa seg?
— ”Eg hev altid trutt, De heitte O1-
sen, eg!” sagde ho tilslutt; ”for Ser-
sjanten, ser De, han heiter Petersen!”
”S0,” sagde eg; kva skilde det meg?
Men at ho hadde gløymt mitt Namn!
— ”Ingvald Petersen heiter Sersjanten,”
sagde Hilda, og vart so raud og rar.
— ”da so,” svarad eg. ”Og so trudde
eg, ser De,” — og ho vart endaa rau-
dare, og endaa rarare, snudde seg til-
slutt reint burt, — ”so trudde eg, ser
De ... at Brevet, ser De — at Brevet
var ... .” Aa-haa! No forstod eg det.
”At Brevet var fraa Sersjanten?” ”Hyss,
hyss, javisst!” — Og ho gav seg paa
nytt til aa læ, ja heilt upp til aa storlæ.
— Ja so, so dette var altso den
bljuge og barnslege Jomfru Hilda. Og
det var derfor, at ho hadde likat so
godt aa snakka um Soldatar. Og det
var derfor, at ho ikkje hadde lagt
Merke til . . . hadde gløymt kva eg
heitte . . . Nei, no vart det meg klaart,
at ber hadde eg teket i Mist. Hilda
var ikkje den Gjente, eg hadde drøymt
um. Ho var eit dumt og lettferdigt
Kvinnfolk, ho som alle dei andre.
Ikkje Grand av Vit paa ein Manns
sanne Verd, ikkje Tanke um det, som
er det fyrste og største hjaa den, Ein
skal elska. Berre denne tankelause
Galskapen etter det som blenkjer og
tek seg ut, etter Uniformer og breide
Aksler. Daa eg klaart forstod dette,
so sagde eg til Hilda, at det skilde
ikkje meg, um ho tok Sersjanten;
men, sagde eg, dersom ho gjorde det,
so fekk ho sjølv taka Skaden; for no
hadde eg gjort det eg kunde. Dermed
gjekk eg. Men eg høyrde kor ho
kneggjad og lo alt ut i Gangen og
heilt ned gjenom Tropperne.
Etter den Dagen var eg fullstød
paa, at eg hadde Rett til aa lata
Kvinnfolki fara. Eg kunde hava vondt
av dei, som soleids gjekk og kastad
seg sjølve burt; men Skuld for det
hadde eg ikkje, og so kunde det kvitta
meg eit. Og soleids vart eg Svein-
kall. Det skulde hellest alle vera etter
mi Tru. Eg hev set so mykjei Verdi,
at eg kjenner Kvinnfolki. Og dei er
alle av same Slaget, den eine litt verre
enn den andre. Dei løyp alle galne
etter det, som inkje duger, men skyr
det, som er ægte. So skulde dei og
hava det so godt, og helst skulde dei
ingenting hava; for daa veit eg, dei
kom til aa sansa seg. Men det kann
vera meg like godt. Eg er bergad
for min Part, og det beste som er,
det er aa vera sin eigen i denne Verdi.
Dei, som kunde fengjet meg, men ikkje
fekk meg, lat dei trega; dei hev ikkje
betre fortent.
— Eg skulde hellest undrast paa,
korleids ho hev det, denne Gunnvor
Bakken! Ho er enno ikkje gift, hev
eg høyrt, so ho hev væl fengjet trega
sin Ungdoms Daarskap til Gagns.
Kanskje meir en ho hadde fortent?
— For i Grunnen var ho visst snild, so
dum ho var. Det skulde vera Moro
aa snakka med Gunnvor Bakken! —
Grense ETT ass
Ein Stevbundel.
Det er ingen Sta, dei kved Stev
so vent og so mangeleissom i Sæters-
dal. I Telemarki, so no, der er Stevi
i det heile liksom kvassare og sprækare,
det er meir Sprett og Sprøyt i dei,
dei gjeng meir med Vit og Løgje;
dei er meir paa Spissanne liksom, so
dei vert ofte upp i Vriur og Vrengjur
og Sneiding og Slengjeord; men so er
dei betre formlaga og versa. Dala-
stevi i det Stelle tykkjest vera meir
formrike og ufellelege i Rimlage og
Versingi, men so heve dei ein varmare
og linnare Lit og ein djupare Grunn
i Kjennslunne.
Naar du kjem te Telemarki austa-
fraa, so er det med Maale og likeins
med Stevi, at dei tykkjest høyre det
meir som eit Mannsmaal, og naar
du kjem te Telemarki Bygdanne vesta-
fraa daa tykkjest du høyre meir som
eit Kvendemaal aa kalle, liksom lin-
nare der. Men i Telemarki møtest
dei so fagert desse Hugdragi fraa baae
Siur, soleis at det i øystre Luten heve
meir av Åustmannlage, og i vestre
Luten, og daa allvisst i Fyrrisdal, heve
meir av Vestmannlage, som heve Heim-
staden sin i Sætersdal. Eg trur so-
leis, at det er meir hell eit Hende
aa kalle, at det er mest av Gjente-
stev dera.
”Leag dit Øyra innat mi Bringe
so fær du høyre, koss eg lyt meg tvinge,”
stende det, og naar dei daa fær syngje
ut, daa løyser seg Suti, daa lettnar det,
som du tok ein Stein av Hjarta, og
daa vert det, som dei segjer: Hjarta
talar, og Tunga svarar, hell: det Tan-
ken tele, det Munnen mæler — daa
vert det Poesi, sann Poesi. Alle Pre-
star skulde reise te Sætersdalen, der
skulde dei lære aa verte meir baans-
lege og hjartelege i Talanne sine, for
sæle Baanebragdi høver fulla best
med Kristenlage. Det tykkjest liksom
vera meir Kjærlegheit i Folk der hell
andre Stader; alt so gjeng det um den,
og ho tykkjest au liksom vera meir
fyr Augo synt og hava sterkare Magt
i Live; soso kved dei:
Fyrr eg paa Gifta mi sille trege,
nei fyrr eg vill uti Otri reke;
fyrr eg sill trege paa Gifta mi,
fyrr sill" eg stupe meg ende i.
Og Kjærlegheiti maa vera rein og
utan Skam; soso kved dei:
Eg vi alli paa Hesten stige,
kann eg kje baanlaus mæ 0” vigje;
eg vi alli te Presten gaa,
fyrst eg han kje kunna me Æronn faa.
Ei Austmanngjente kunne aldri
dikte so varme Stev. Det er ingen
Utmann, som kan dikte Dalastev, for
Riming og Versing er det mindste,
men Bjarteliten og Hjartesvipen er det
meste. Ein maatte kaste fraa seg
baade Kriker og Krokar og vera som
eit Menneskje, ja endefram huga som
eit Baan. —
Ster o’ Sætesdal.
Av Kjærlegheit kann han ver” forstyra,
so han kann kom” i ei stor Uvyra;
han kann ver” forstyra af Kjærlegheit,
so han kjem seg alli paa Jori mei.
Kjærlegheiti ho æ so lagji,
ho hev daara so mang ein greie Kare,
Kjærlegheiti hev daara meg,
men no vi eg be, du vi passe deg.
Eg ha ein Gute, som heitte Olav,
aa han var veni hell Soløyblomar;
eg ha ein Gute, var ven aa sjaa
som Seljuteinar ve Vallar Aa.
No hav” me tura ihop so lengji,
no hev eg Kjærlegheit te ”0*) fengje?
no hev eg tura me *o i Løynd,
no æ de vondt, um han vore gløymd.
t) fyr honom.
Den Kjærlegheit, eg hev te ’0 fengji,
ho æ so stor ho tek alli Endi,
den Kjærlegheit, eg hev fengji te deg,
ho æ so stor, ho forfygjer meg.
Dei Løyndekvellanne me hav” halle,
han sa” de sjav, at han gløym” dei alli;
dei Løyndekvellanne me hav” havt
han gløym” dei alli, de hev han sagt.
Gud trøyst" aa bære hans falske Tunge,
som narra meg, daa eg var so unge;
Gud trøyst’ aa bære hans falske Maal,
som narra meg, daa eg var eit Baan.
Eg var eit Baan, eg var snar te narre,
men han var komen te Aar aa Alder;
eg var bare eit blaute Baan,
men han var fimm, seks aa tjuge Aar.
Dæ hev vorte spaatt meg, mæ eg va unge,
eg sille fadde *) av Sut so tunge, :
dæ hev vorte spaatt meg, mæ eg va Baau5”
eg ska faa Sut i mi unge Aar.
Dæ æ mykje bete aa døy hell blunde
enn faa ei Sut, mæ eg æ so unge;
dæ æ bete aa døy som Baan,
enn faa ei Sut i si unge Aar. b-
Fyst eg ha” lute i Vogga legje,
so ha" eg sluppe fraa Sut aa Tregje,
ha” eg liti maatt fadde burt,
aa so alli store turt vakse upp!
Trøyst” aa bære meg, eg ska ver" fød(d)e
si Suti ska meg so tileg. møte, å
eg ska ver” fødde av Mors Liv,
si eg ska forspidde mi Ungdoms Ti!
Som Grase falmar, aa Lauve bliknar,
mitt kaate Mote no heve stiddna;
som Grase falmar aa fell te Jor,
so hev de stiddna mitt kaate Mot. *)
Som den strie Aane utette strøymer,
so fekk eg Suti, eg alli gløymer;
som den strie Aane ho renn i Ring,
so kom Suti i Hjarta inn.
Mæ eg va liti, eg
fyst aire sytte, eg sat aa fælte,*)
fyst aire sytte for Guto si,
so sat eg lilla i Fløyta mi.
gjekk aa gjætte,
Ungdomsgle’inn dei æ burtsvive,
eg veit kje, kor dei hev atte blive;
Ungdomsgle’inn dei æ forbi,
eg maa syt" aa graate mi heile Ti.
Nokle Vikur, dei tak" snart Ende, U
men heile Alderen den var” lengje;
nokle Vikur i Sorg aa Sut.
men heile Alderen. varer drjugt.
Ai, ai, ai, her hev tungleg gjengje;
mitt kaate Hjarta hev Suti fengje;
ai, ai, ai, her hev gjengje te,
mitt kaate Hjarta hev sukkje ne.
No hev eg gjenge aa sytt so lengje,
aa djupe Veitur i Hjarta fengje;
no hev eg sytt i so lange Ti.
dæ æ djupe Veitur i Hjarta mi.
Tiss du kje vondt itt *) du ser eg græte,
du veit eg hev ingjen anen kjær”e;
tiss du kje vondt aa sjaa Taarinn” renn,
d’æ du, som velle, min Hug æ sprengd!
Men Guten min æ ”kje sjæleræd(d)e, *)
som Lovnasori maa ikkje sæte:
han maa ”kje une 1 Live væl,
som hev bedrøva so saart mi Sjæl.
Ja
eg
du
eg
du som hev meg so saart bedrøva,
vill, du laag dø ne fe mine Føta;
som hev bedrøva mitt unge Liv,
vill”, du laag dø ne fe Foto mi.
1) falla.
2) Dette vri Gutanne um so dei:
Som Grasi falmar aa Lauve bliknar,
so bli Gjentunn, fyst dei bli gjifte;
som Grase falmar aa fell te Jor,
so falmar dei som ein Skaaleblom.
3) Ho totte, det var fælt og fureleg. dei kunde syte
yver slikt.
JEG
3) — ”har intet Samvittighedsnag”.
Kristiania, den 7de Oktbr.
Eit elder tvo norske Flag — rette
norske Flag -— skal det likevæl ha voret
aa sjaa i Karlsruhe. So mange Flag
hadde dei altso. Men dei maatte natur-
legviss hava fleire, og so var det, at dei
tok det blaa-raude med Unionsmerket.
Det var Greidur som paa ein Gard, og
Ein skulde aldri tru, at det var den
norske Krunprinsen, som hadde Brud-
laup der nede!
Det finst norske Blad, som forsvara
dette Ustellet. Millom dei er fyrst: og
fremst Novemberbladet Budstikken.
— Aa ja; me veit det fyrr, at No-
vemberlaget ikkje bev nokot Samfund
med den nasjonale Æra.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.
JE EE
Ea
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>