- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
161

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

EE ae kB Sa en i Te

Gea bd å

Pr ED Pk annen vaksine
r

Fedraheimen.

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Fit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,

og dåa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. ak

Krisnane den 158de Oktober 1881.

5. Aarg.

L
VITE

Kristian Elster: Farlige Folké.
(Slutten.)

Knut Holt er Fritenkjar liksom
kar hans. Men morallaus er han ikkje.
I si verste Tid, daa han hadde

deppt alle Voner og alt sitt Mod, so

«n ikkje lenger visste, kva han skulde
«ra med Livet sitt, kom han ned til
-ad-Amerika, og der gjorde han nokot,
som han ikkje skulde gjort. Han kom
1 Lag med ei Gjenta, som ban inn-
bilte seg at hann likad, og henne
snakkad han so mykje med, at ho
fekk all Grunn til aa tru, at han vilde
gifta seg med henne. Men so vaknad
han og forstod, at dette var galet, og
at han aldri kunde halda ut med dette
halvville Kvinnfolket. Han gjorde
Fant av seg og rymde.- Men daa han
fekk tenkja seg betre um, forstod han,
at dette var endaa galnare. Det var
uærlegt. Hadde han narrat den stak-
kars Gjenta inn paa slikt, so fekk han
sjølk taka Fylgderne. Han snudde
9tso, kom tilbake til Gjenta og gjorde
det fast av med henne. So reiste han
til Lissabon; der vilde han slaa seg

ned; og so skulde ho koma etter,
naar han hadde fengjet stellt seg
istand.

Ja, ho reiste. Men Skipet forliste.
Og etter alt det Knut kunde faa spyrja,
var baade ho og dei andre paa Skipet
komne burt.

Og so kom han heim. Der fann han
Kornelia Vik, som hjelpte han ut av
den store Modløysa hans og gav han
nye Livsvoner. Henne kom han til
aa elska 1 full Sanning og med heil

ug. Og no vilde han just taka til
aa liva og arbeida.
Daa dukkar dette halv-ville
amerikanske Kvinnfolket upp att. Ho
hadde vortet bergad likevæl og no hev
O spurt han upp. Paa utruleg Vis

hev ho fiktat seg fram til han, og no

krev ho, at han skal taka henne og
ata den andre fara.

So streng ei Tru hadde Elster paa,

åt Syndi altid straffar seg sjølv, og

straffar seg her i Tidi. Og so streng
er Moralen i denne Boki, at Knut
Holt tek den amerikanske og forlæt
den, han held av, — endaa dette for

honom er det same som aa ofra Livet.

Det fell honom grøteleg tungt.
vrid seg under det som under ein
Daudedom. I si siste Naud, daa han
skal skiljast fraa Kornelia, er det som
han bed henne um aa frelsa seg.
Dersom ho vilde krevja, at han skulde
svika den andre, so vilde han hava

Han

SSRI

nokot aa skulda paa, og so kanskje
Ein kunde vrida seg fraa det! — Han
er ikkje meir enn Menneskje. Men
Kornelia veit. kva ho hev aa gjera, og
Offeret vert fullført. —

Kor strengt han tek det med San-
ningi og Ærlegdomen i alt, kann Ein
sjaa av dei harde og i seg sjølv urett-
vise Ordi, han segjer til Far sin etter
den store Arbeidsstansen. ”Jeg tror
ikke, du har bedraget disse Folk, Far,
dertil er du for klog”, segjer han;
”men jeg tror rigtignok, at du har
havt en større Forretning i Sigte.
Officielt lyder det paa Arbeidernes
Vel, paa Frihed og Retfærdighed, lige-
som man paa den anden Side af Ga-
den, i de gamle Huse, gjør i ”Sam-
fandets helligste Interesser.” Men kom-
mer man ind i det lille hemmelige
Bagværelse, hvor de rigtige, de ægte
Bøger ligger og den virkelige Status
opgjøres, da finder man, at det hele
har dreiet sig om noget ganske an-
derledes solid end det, Annoncerne lød
paa: der finder man Fisken, Far, Fi-
sken. — Der er saa umaadelig faa,
som er virkelige Stridsmænd under
den Sandhedens Fane, de har valgt
sig som sin specielle, — de aller,
allerfleste er bare Folk med ualmin-
delige Anlæg for Handel, og medens
de gaar i de store Ideers Tog, faar
Fisken, Fisken strygende Afsætning”.
— Han kjem til aa trega paa, at han
hev sagt slike Ord til Far sin; for Far
hans viser seg aa vera ein betre Mann,
enn han nokon Gong hev visst. Men
Ordi 1 seg sjølv viser, at han er ein
Mann, som ikkje forstend seg paa Fusk.
Han kann 1 det heile bruka svære
Ord sometider. Soleis naar han talar
med Kornelia um det sjuke Barnet til
den forførde Gjenta Marie Hansen.
”Tror De, hun mister den lille?” spør
Kornelia. ”Jeg er bange for det,”
segjer Knut. ”Det bliver en haard
Tugtelse for Moderen,” svarar Kor-

nelia, og det skulde Ein no tru, ho
maatte hava Rett til aa segja. Men
Knut vert vond. ”Hvad er det

for en oprørende Tanke, De der ud-
talte!” segjer han. ”Hvad ved De for
det første om den ulykkelig Kvin-
des Brøde? . . . Men lad være, at hun
har feilet. Skammer De Dem da ikke
ved at tilstaa, at De tilbeder ’en saa-
dan Vildmandsgud, der for at ramme
Moderen piner hendes uskyldige Barn?”

Kornelia vert forskræmd, som rime-
legt kann vera. ”Men vi lærer jo —”
segjer ho. Men daa kjem det endaa
fælare og endaa hardare:

”Jeg ved det nok,” afbrød han

TT TNT ETTE

hende bidsk, og blev derpaa veda t
at tale i den samme forbitrede og rev-
sende Tone om, hvad vi lærer om denne
Gud, som vi skal elske og tilbede,
blandt andet at han skaber Millioner
og atter Millioner ulykkelige Væsener,
om hvem han paa Forhaand ved, at
de vil lide al optænkelig Nød i denne
Verden og hjemfalde den evige For-
dømmelse i den anden.” Kornelia vert
reint utav det av aa høra slikt Snak.

Prestarne trur, her som hellest, at
naar Knut Holt ikkje trur som dei,
so kjem det berre av vond Vilje. Men
det er langt ifraa, at Knut kjenner
seg sæl i Vantrui si. Daa han kjem
i si verste Naud, kunde han ynskja aa
hava ein Gud, um det so var den
verste Despot, berre for at han kunde
hava nokon aa krevja Hjelp av —
elder aa skulda paa. ”Menneskene
kan ikke slippe sine Guder. selv om
det blot er Stenbilleder, som de kan
piske, naar alle Bønner har været for-
gjæves!” tenkjer han med seg sjølv. —

Og daa han tilslut hev fylgt Kor-
nelia til Gravi, og Presten kjem og
segjer til han: Det er du, som er
Skuld i, at ho ikkje døydde som Kri-
sten, bøyg deg, forsak og tru! — daa
”saag Knut sorgfullt paa Presten” og
svarad:

”Ydmyge mig? Forsage? Kunde
jeg faa hendes Tro derved, Præst, jeg
skulde ydmyge mig saa dybt som no-
get Menneske har gjort. Forsage?
Hvad har jeg at forsage,somjeg ikke
med Jubel gav hen for at vinde hen-
des kjærlighedsfulde Haab? Hvad for-
langer De? Jeg skal træde mig selv
under Fod, slukke hver jordisk Læng-
sel i mig, dræbe mig selv tommev:is,
kan jeg derved faa hendes Vished.
Blot ét kan jeg ikke, vil jeg ikke:
lyve for mig selv eller for andre.”

— Dette er so aalvorlegt og so
djupt, at Ein forstend, at Diktaren
hev skrivet dette, daa han sjølv laag

for Dauden. —

Ein av dei beste Figurarne i Boki
er Redaktør og Overlærar Kristofer
Bjørnholt.

Han er lærd og raa, Talsmann for
”Intelligensen.” I Trudomssaker er
han ein Spottar, men likegodt Tals-
mann for Kyrkja og ”Kristendomen.”
Dei, som tek Hjelp av han, hatar han;
men dei treng til han, og so brukar
dei han. Dei treng til han, som Fi-
listrarne trong til Goliat: dei maa hava
slik ein Okse til aa senda i Veg mot
Oppositionen. Bjørnholt forstend dette,
og so hatar han dei igjen; men han

læt seg bruka likevæl, fordi han hatar
Oppositionen endaa meir enn han hatar
dei. Det er eit fagert Samband.

Dei, som Bjørnholt i Grunnen er
minst glad i, er Prestarne; dei spot-
tar han, kor han kann koma til. Men
han er nøydd til aa halda Lag med
dei, fordi dei hev Magt, og fordi dei
stend paa den rette Sida i Politikken.
Det er paa den Maaten, han styd Kri-
stendomen.

Det var i Grunnen Snedker Vild-
hagen, som hadde vekt det nye reli-
giøse Livet i Byen. Fyrr hadde dei
intelligente ikkje trutt meir enn godt
gjorde. Men so heldt Vildhagen ein
Uppbyggelse um ”den døde Kristen-
dom”. Dette vekkte det nye Livet
hjaa Millomklassen. Og so kom det
fleire unge Prestar, som førde Strau-
men høgare, so han kom inn i dei
”gamle Husi” og. Fraa den Dagen
vart det lagt Merke til, um ein Mann
gjekk i Kyrkja elder ikkje, og den,
som vilde hava Magt i Byen, maatte
fyrst og fremst halda seg til Vens med
dei ”aandelege”. Fraa den Dagen var
det og at Bjørnholt vart ”kristeleg? paa
sin Maate.

Men denne Venskapen med Kyrkja
og Kristendomen fell ofta Bjørnholt
tung. So tung, at han ikkje alltid
kann tigja.

”Død og P—!” segjer han til Knut
Holt, daa han raakar han ein Dag i
Vertshuset, ”De maa læse Amtstidendens
Redaktionsartikel for i Dag. Den er

fin. Den er imod Presten Fonn. Han
tyranniserer os. Nu faar han sine
Klaps — men fint; han er jo
med os!”

Men naar han kan bruka Prestarne,
so gjer han det. Same Dagen, daa
Presten Strand sitt hjaa Jakob Vik og
talar um Madagaskar, kjem Bjørnholt
farande ”med ei Fart av sekstan Miler
i Vakti” —: ”Godaften, Godaften!
Allerede i Tvist? Jeg hørte De var i
Afrika. Jeg beder Dem dog ikke blot
at tage Dem af de sorte, men ogsaa
af de røde Hedninger.” Han vil
hava Presten til aa ”missionera” paa
Knut Holt, so denne kann verta fullt
grunnfestad i sitt nye ”Freds-Lag”.
Og Presten lær og lovar aa gjera
sitt beste; for ”Staten og Kyrkja bør
vera eit”.

Naar Bjørnholt trur seg, so talar
han um Prestarne og um Lægprædi-
kantarne i denne Tonen her —: ”Strand
ynder sterke Midler. Allerede som
Student holdt han Skræktaler i et re-
ligiøst Samfund. ’Nu skal jeg op og
varme dem ordentlig!” sagde han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free