- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
167

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22de Oktbr. 1881.

Fedraheimen.

167

vera ein Munk or eit Kloster, som
hadde brennt inne med ein heit og
syndig Natur so lengje, at han ikkje
vyrde nokon Ting, berre han kunde
faa sleppa seg laus i Synd.

Me las Romanen med Kaldhug for
det fyrste, for Brummel skildrar rolegt
og litt tungt. Men ettersom me kom
lenger og lenger ut og fekk meir og
meir Tak paa dette Hofflivet, som
skal vera so herlegt, las me med sti-
gande Mothug; og daa Diktaren til-
slutt læt den amerikanske Kvinna
gjenom Mord og Sjølvmord ryma ut
or den Verdi, som ho hadde tenkt aa
vinna og njota gjenom Synd og Sjølv-
visa, daa var det som heile det straal-
ande Hofflivet krengde seg um for oss
i ein vill, syrgjeleg Draugedans. Me
vart reint forundrad, daa me sidan
fekk høyra, at Fædrelandet hadde
funnet denne Romanen ”faarleg”. Etter
vaart Vit var han ikkje faarleg for
annat enn — Kongetrui. For den
kviler mykje paa denne gamle Innbill-
ning um, at Livet i Kongsgardarne
skal vera so stort og so gildt, at det
løner seg aa halda, ein Konge berre
for aa hava den Stasen glansande paa
Landsens Topp til Æra for Riket og
til eit Mynster for Nasjonen. Men
naturalistiske Skildringar som Brum-
mels, dei lærer Folk nokot annat.

Naar me hadde eit slikt Inntrykk
av Brummels Roman, so kann vel ikkje
Fædrelandet undrast paa, at me ikkje
kunde hjelpa det til aa slaast mot
Dagbladet for Brummels Skuld. Og
det me hellest kjenner av Naturalis-
men, kann helder ikkje faa oss til aa
tru, at det no skulde vera Grunn til
aa innføra Censur mot Diktningi.

Meir.)

Eksis og Krig.

Det er naudsynlegt aa læra upp
Folk til aa forsvara Landet; det er
nokot me veit. Men det er mange
som spør, um det daa alt er Lands-
forsvar, som Ein lærer paa Moen.
Aa læra ganga aa springa i Takt, aa
snu seg 1 Takt, aa taka i Byrsa i
Takt, slikt er det, den meste Tidi
gjeng til, og det kan vera godt til
sitt Bruk, Men naar Ein ser, at dei
held paa med slike Øvingar i heile
140 Dagar, — so maa Ein spyrja seg
sjølv, um ikkje det er for mykje. Det
er mange som trur, at den halve Tidi
vilde vera meir hell nok til aa læra
dette paa. Eg veit med meg sjølv,
og eg tala med mange andre, som
hadde sama Meiningi: me var ikkje
eit Grand betre til aa ekséra paa
seinste Mynstringi hell paa den fyrste.
Er daa ikkje dette Burtøyding av Tid
og Pengar? — Til stor Hjelp for Lands-
forsvaret kann det væl knapt verta.
Eg trur, Skjotelagji heime skapar likso
gode Landsforsvararar mest for ingjen-
ting.

Eksisen gjeng no for seg so godt
som berre paa slette flate Moen. Tru
desse Øvingarne er nyttelegaste, naar
me tenkjer paa, korleis ein verkeleg
Krig hertil Lands maatte førast? Eg
trur, som det stend i Songji:

”Norges bedste Værn og Fæste
er dets gamle Fjeld;

skumle Død sig skjuler

i dets dybe Huler;”
og daa vilde me vist ikkje søkja so
mykje etter Sletterne hell arbeida so
med Takten, som me gjer paa Moen.
Det hev vist seg, at Skog aa Fjell er
Normannens rette Kampplass, aa der
hev han gjort sine Stcrverk. Men
soleis som det no er, hev Syldatarne
so godt som inkje slike Øvingar. Det
er berre den Utmarsen paa 1", Mil
hell noko slikt, og so einkver Gongen
seinst i Bataljonsturarne, at dei vert
øvde utanfyr Moen.

Aa so det, at Syldatarne skjynar
ikkje, kva Nytte der er i mangt av det,
dei strævar med i Eksisen. Der vert
ikkje prøvt paa aa gjeva dei ein
Tankje um dette, naar eg tek unda
det, som einkvar Gongen kann bli
lært av denne ”Soldatundervisningi.”
Nei, berre dei skjynar Komando-ordi,
so skal det vera nok; so gjeng dei
som ei Maskjine heile Dagarne igjenom.
Difyr er Tidi so lang au paa Moen;
for det, som ein ikkje skjynar, hev ein
ikkje Hug til, og so prøver dei daa
berre aa gjera Ende paa Tidi, mest
like glade, kva dei brukar ho til. Og
so finst der ikkje Samliv hell Sam-
rødur millom Syldatar aa Offiserar.
Difor skjynar ikkje Offiserarne Syl-
datarne, aa daa gjeng det au seigt
aa læra dei. Det er no vist dessutan
so, at det mest er denne Mynstringi,
som ligg under hjaa mange av Offi-
serarne; difor vert Øvingarne lagde
mykje etter den, anten dei no er nytte-
lege hell ikkje. Offiseren tenkjer væl
i sitt stille Sind som so, at gjeng det
berre vigtigt godt aa greidt fyr han
paa Myunstringi, so er det nok det,
der vert set mest paa, naar han skal
tenkja paa aa avansera. Og daa er
det ikkje aa undrast paa, um Offi-
seren. legg svært mykje Lag paa
”Parade-Eksisen”. Det er som naar
ein Skulemeistar halve Skuletidi ten-
kjer paa Eksamen; det kan daa gaa
greidt nok der og vera nokso fint aa
høyra paa; men" der er visst ikkje
mykje av verkelegt Verd i det. Soleis
er der au mykje ”Eksamensstræv” i
det militære. Eg kann nemna ein
Ting, som viser, korleis det kan vera.
Det var paa Graatenmoen ifjor; naar
Wergeland kom paa Mynstringi, so
lyt han no jamt upp til Kokkarne aa
sjaa og smaka paa Maten, maavita;
han kom daa netupp naar me fekk
utleverat Middagsmaten. Daa plaga
no manga av Syldatarne ganga inn
paa Matsjappunne og kaupa seg Mat,
av di dei kann ikkje lita seg med den
Maten, dei fær hjaa Kokken; men daa
maatte ingjen ganga derinn, solengji
Generalen saag det; for her skulde
vera Overflod av alle Ting daa, veit
du, og alt skulde sjaa gildt ut. Og
paa same Maaten kann det vera med
sjølve Ekseringi, som dei brukar so
lang Tid til, og som kostar Landet
so mange Pengar; — til aa læra upp
duglege Landsforsvararar kunde, Ein
greida seg med mindre, naar Ein stellte
seg paa ein vitugare Maate.

— Det var paa denne Moen, og
just ifjor, at den Soga med Ivar Mor-
tenson gjekk fyr seg. Eg kann ikkje
slutta dette Stykje anna segja, at eg

hev "kje treft ein av Syldatarne kvor-
kjen ifjor hell iaar, utan dei hev
kjent Samhug aa vori Venir med Ivar
Mortenson. æy.

Ben nye lensmanslogi.

Storthingjet heve no i aar andre
gongi tekji ved lensmanslogi, men ho
hev inkje fengjet sanksjon i aar helder.
Den nye logi skipar det so, at naar
amtmannen skal setja inn lensmann i
ei bygd, maa han taka ein av dei tri
mennanne, som formanskape set upp;
no er det so, at amtmannen kann taka
kven han vil, berre ban sender inn
til departementet ei utgreiding av grun-
nanne han heve havt til aa velja som
han gjorde.

D’er hellest uvandt aa skyna, kvi-
fyr styret vaart set seg so hardt imot
logi. Amtmennanne fekk ikkje raa seg
daa som dei vilde — dei maa ha ab-
solut veto dei med. Dei likar det best,
slikt som det no er. Og dei kann hava
vinning av det some tider. Amtmannen
heve ofta skrivarkarar med lite til løn,
men kann han so giva dei voner um
eit godt lensmanns-umbod, fyst dei
heve tent so held so lengje, og slitet
seg upp paa amts-kontoret, so kann
han faa folk likevæl. Difyr er det
au 1 sume amt svært mange lens-
mennar, som heve voret skrivarkarar.
Det var t. d. fyr nokre aar sidan ei
bygd paa Vestlandet, der dei var sam-
stelte um aa vilja hava ein bonde til
lensmann — mannen er endaa ein av dei
eldste og hævaste stortingsmennarne
vaare; baade far og farfar hans var lens-
mann i bygdi, og han er av ei namn-
gjeti æt. Men amtmannen — han
er daud no — sette inn ein av skri-
varkararne sine. Det er daa mest
so, at det berre er dei store lens-
mansumbodi, som amtmannen gjev sine
skrivarar; umbod som er mindre, fær
ofta skrivarkararne aat futen held
skrivaren, um amtmannen vil gjera
dei einkvar godviljen. Det kann au
vera godt, at lensmannen heve den
rette politiske fargjen og heve lært
den rette ”respekt” fyr storfolkjet.

I sume fjellbygdar hadde det hellest
fyrr liksom vortet ein fast takst, at
naar ein vilde bli lensmann, fekk han
gjeva amtmannen ein slaatr-ukse. Det
vart fortalt um ein lensmann, at daa
amtmannen skulde setja han inn, kravde
han uksen. Ja, lensmannen sagde nog
det, at han var ein fatik kar og inkje
hadde raad til aa vera av med so
mykje, men det hjelpte inkje, uksen
maatte amtmannen faa. Den lens-
mannen, som kom etter honom att,
gav ein ”grøn setel” til amtmannen i
staden fyr uksen. Lensmanns-emnet
skulde nog prøvast au, um han kunde
skriva, men folk forstod det mest so,
at uksen var det vigtugaste, og prøva
ei ”hisag?. DI

Skal det altid vera slik?

Umkring i Landsbygdarne brukast
den Skjikken aa lata Folk, som inkje
kann forsyrgja seg sjølv, vanka ikring
fraa Gard til Gard for aa faa Mat og
Upphelde. Det kallast aa gaa paa

Legd. Den Tidi, dei skal vera paa
kvar Stad, vert tidast avgjord etter
Skuldi paa Gardarne. Sometider vert
det daa lenge, og sometider kort. Dei
Stakkararne, som inkje hev gjort noko
vondt, skal so gaa der fraa Hus til
Hus og taka imot den Medferdi, dei
kann faa; mangein Gong kjem dei til
Folk, som knapt hev Mat til sin eigen
Mund, og so kann ein vita, korleis
Lægdemannen fær det. For kor klein
ein Ting er, so er det no altid godt
nok til Lægdefolket, maa vita. Naar
so Tidi paa ein Stad er ute, so lyt
Lægdemannen hell Lægdekona ut, an-
ten Føre er so hell so. Berre det er
slik, at Stakkaren ikkje nettupp døyr
paa Vegen, so lyt han av Garde. Er
det ikkje fælt aa fara slik med Folk?
— for Lægdemennerne er daa Folk,
dei og.

Kvar og ein kan tenkja med seg
sjølv, kor vondt det kan vera aa trengja
til andre; men endaa verre verdt det,
naar Ein skal gaa slik som ei Bygde-
reka fraa Mann til Mann, endaa
Ein veit, at Ein sjeldan og aldri er
vælkomen. Mangein Gong er det ei
Mor med ein heil Flok af Smaaborn
med seg, som maa gaa slik. Stakkars
ho, og stakkars dei smaa, som skal
hava det paa denne Maaten; dei kann
aldri læra nokot godt. Ingenstad væl-
komne, og ingenstad vyrde, ofte vert
dei endaa mottekne med UWUvilje og
med kalde Ord; — kva Slags Folk
skal det verta av slike? :

Kor er det med vaar Menneske-
kjærleik og Kristenkjærleik, naar me
kann sjaa paa sovoret Stell med so
kalde Hjarto? Vart det no so mykje
dyrare aa fara med dei Fatige som
Folk aa lata Borni deira faa ei skik-
keleg Upplæring, so dei kunde verta
til Nytte for Landet, istadenfor som
det no tidt gjeng, at dei vert upp-
lærde slik, at dei berre so fort dei
kann kjem paa Fatigkassa att? —

Her maa vera ein betre Maate aa
stella det paa enn denne ”Lægsinsti-
tusjonen?” G. Thortveit.

Byrokratarne vaare heime og ute.

Det er aalkjent, at Byrokratarne
her heime prøver so godt dei kann
aa halda uppe den Standsskilnaden,
som alle frie Land for lengje sidan
hev skilt seg av med elder arbeider
for aa faa burt. Tilmed er det aal-
kjent, at ingjen Ting kan vera so
stengjande for eit Folks Utvikling som
netupp denne gamaldagse Skilnaden.
Og det er i Grunnen den Skilnaden
millom ”betre” og ”mindre gode”, som
hev reist heile det politiske Uføret,
som no ligg og rid det norske Folk
og Land som ei Mara.

Men no skulde ein tenkja, at slik
Smaadom og slikt vesalt Hjartelag —
for annat kann ein ikkje kalla slikt
— laut kverva burt elder daa visst
dyljast ned, naar desse ”høge” Folk
raakad Landsmenn i Utlandet.

Eg hev sjølv voret nokot ute i an-
dre Land og millom Utlendingar.
Altid fann eg, at Landsmenn, endaa
um dei ikkje var kjende og stod jamn-
høgt i Rang og Stand, fann seg best
med at halda Lag. Men det var no

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free