- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
166

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

166

Fedraheimen.

22de Oktbr. 1881.

Reaksjonen hatad, og berre dette, at
han tagde um desse Ting, gjorde, at
Bakstrævet kunde lika han. Bakstrævet
krev ikkje stort annatenn dette nega-
tive av ein Diktar. Men det gjorde
dessutan nokot annat. Den Tanken,
som Diktaren elskad, var ein Tanke,
som det hadde Braahast med; — for
so er det ofta med uhistoriske Tankar.
For kvar Dag som gjekk paa den gamle
Maaten, kom Ein lenger og lenger
burt fraa det, Diktaren hadde drøymt;
for kvar Dag vaks den sanne Historia,
for kvar Dag vart dei tri Folki, som
skulde støypast ihop, meir og meir
nasjonalt sermerkte og nasjonalt sjølv-
medvitne, og altso verre og verre aa
faa ihopstøypte: Og no saag Diktaren,
at Folket hans ikkje brydde seg um
hans store Tanke. Dersom det brydde
seg um nokot, so var det snarare um
sitt eiget Sjølvstende, men ikkje um
”Norden”. Dette gjorde, at Diktaren
vart harm og arg. Han vart vond
paa Folket sitt. Og dette gjorde, at
han gav seg til aa piska og tukta
det so godt han kunde, men i Sinne,
so at Tukti snarare vart til Skjend.
Dette hadde ”dei gamle” her i Landet
Bruk fyre. Det likad dei. Var det
ikkje det same, Morgenbladet sjølv
gjorde til kvar Dag, um enn ofta av
reint andre Grunnar? Og kor godt
var det ikkje aa hava ein Mann som
Ibsen til aa hjelpa seg med dette, ein
Diktar, som alle maatte segja var med
dei beste, og ein so munnkvass Mann,
at ”det rapad berre han tok til aa
skjella!” Jau, slik skulde dei hava det,
desse ”raabarkede”. Til slikt Nedriv-
ings-Arbeid hadde dei Bruk for ein
stor Diktar. Og paa den Maaten kom
dei til aa tru, at han var som ein av
dei. Mange andre trudde det same.
Men dette var so langt ifraa sannt,
at Ibsen sjølv eingong skal ha sagt,
at det var ingen han vanvyrde meir
enn just vaare ”gamle.”

Me skal i Bøkerne hans fraa den
Tidi finna meir ein eit Prov paa, at
han ikkje høyrde Bakstrævet til. Var
han enn som Diktar bunnen til ein
uhistorisk Tanke, so var han likevæl
Tenkjar nok til aa forstaa, at eit Folk
ikkje kann halda paa og liva paa daude
Tankar elder ”driva paa og staa.”

(Meir.)

Pædrelandet*

hev teket seg til med eit Arbeid, som
ser ut til aa gaa det reint i Veret,
og som det difor no bed alle Folk
hjelpa seg med; serlegt vil det hava
Hjelp av Vinstrebladi, og det nemner
med stor Harm ” Fedraheimen”, fordi
denne ikkje stend paa | Fædrelands-
Sida i denne Saki. Det religiøs-poli-
tiske Bladet hev nemlig reist ein Krig
mot den nye naturalistiske Diktingi*),
fordi denne Diktingi etter det Fædre-
landet trur, skal vera ”usedeleg”. Bla-

*) Naturalistisk Dikting er den, som skil-
drar Livet slik som det er, ”Livet i sine
Kvardagsklæde”, utan aa pynta det ut,
”utan aa leggja til elder taka ifraa.”
Ho gjeng for Aalvor ut ifraa, at Livet
sjølv er den beste Diktaren, og at den
sanne Skaldegaava er den: aa kunna
sjaa Livet og Naturen klaart og sterkt
som dei er.

det kjenner ikkje stort meir av denne
Diktingi enn ein Føljetong, som stod
i Dagbladet her ei Tid sidan, og som
skildrad ”Napoleon den 3dies Hoff”,
og av Grunnsetningarne for Natural-
ismen kjenner det ikkje annat enn eit
Par Ord av Dr.G. Brandes, som stod
i ei Brevsending til Dagbladet for
endaa lenger sidan. Og av det, Bladet
skriv, kann Ein sjaa, at det i det heile
forstend seg lite paa Æsthetik og Bok-
væsen; det syner i kvar Lina, at det
her er so utanfor alt, som det best
kann vera. Men likevæl legg Bladet
i Veg. Det driv paa so Sveitten silar
med aa tøygja aa slita i dei Setning-
arne av Dr. Brandes for aa faa dei
til aa meina nokot reint stygt, og
Romanen um Napoleons Hoff hakkar
det i som ein Ramn for aa finna ut
nokot, som skulde vera usedelegt. Men
du kann skyna, at her kjem Bladet
ille ut, naar det ikkje forstend seg
meir paa Litteratur. Og det er daa
berre naturlegt, at det ser seg um
etter Hjelp.

No er det ingenting, me for vaar
Part likar mindre enn usedelege Bøker,
so at dersom Fædrelandet hadde Rett
i det det segjer um Naturalismen, so
skulde me gjerna hjelpa det, endaa
um me ikkje likar Bladet. Men som
det alt fyrr hev voret sagt her i Fedrh.,
so trur me ikkje, at Naturalismen er
usedeleg, og dessutan hev me liten
Hug til aa slaast saman med eit Blad,
som hev so skrale Vaapen, og som
kann so lite bruka dei, som Fædre-
landet.

Til Prøve paa, kvå Tankar Fædrl.
gjer seg um Dikting og Moral, skal
me berre fortelja ein slik Tiug som
den, at Bladet trur, at ei Skildring
vert usedeleg, fordi ho handlar um
Synd. Iallfall fortel Bladet Gong etter
Gong, at Romanen um Napoleons Hoff

”dreier sig om Usedelighed fra Ende

til anden”, og dette skal daa vera
eit Prov paa, at han er usedeleg.
Maken til Barnesnakk hev ikkje me
høyrt, elder iallfall ikkje set det paa
Prent., Det er her, me hev sagt, at
det som er sannt, det fær og segjast.
Var det franske Keisarhoffet slik? —
Dersom det var slik, so fær Diktaren
skildra det som det var. Skildrar han
det annorleis, so lyg han, og Diktaren
hev ikkje meir Rett til aa ljuga enn
nokon annan.

Men kanskje Diktaren skulde tigja
med slikt. Ja, det kunde so vera.
Men gjeng det daa an aa halda Hoff,
som er av det Slaget, at Ein ikkje
kann skildra dei? — Fædrelandet for-
svarar Monarkiet med Nebb og Klo,
og det same gjer alle Prestar; kann
dei daa i Jesu Kristi Namn forsvara
eit Væsen, som fører med seg slik
Griseskap, at det ikkje kann nemnast
millom Folk? Nei, det vil nok ikkje
Fædrelandet høyra. Det, som Prestarne
og Fædrelandet sjølv forsvarar, det
maa ingen tru er nokot so stygt. Naa.
Altso: Hoffi er ikkje som desse Husi
ned i Vika, at dei ikkje kann nemnast.
Hoffi er ”anstendige Steder”. Altso
maa dei kunna skildrast. Og daa
Folki, som betalar Milliardar for aa
halda desse ”anstendige Stederne”
uppe, hev eit Slags Rett til aa vita,

korleids det der gjeng til, so bør
Hoffi skildrast. Men kann dei skil-
drast og bør dei skildrast . . . naa
ja, so bør dei skildrast slik som dei
er. Det vilde vera blodig Synd aa
narra Folk til aa tru, at Hoffi var
verre elder betre enn dei er; det skal
knapt Fædrl. kunna negta.

Naar no denne Brummel skildrar
Livet ved det franske Keisarhoffet,
og naar det no er sannt, at dette
Livet var ein einaste ”fin Svir” med
straalande Festar og lause Kvinn-
folk, — kor kann so Fædrl. finna aat
Brummel, fordi Boki hans kjem til aa
«dreie sig om Usedelighed fra Ende
til anden?* Vil Fædrl. skjenda paa
nokon her, so maa det vera paa Keisar-
hoffet, som førde slikt Liv, endaa det
gav seg ut for aa vera ”kristelegt”,
og endaa det ”studde Kyrkja” av all
Magt. Men hev Fædrl. gjort det nokon
Gong? Ikkje det me veit.

Men so fær det helder ikkje gjeva
vondt paa Diktaren. Det er ikkje
hans Skuld, at Hoffet var som det var;
han tek det han finn, han, og etter
det lagar han Forteljingi si. Han
lagar ikkje Foten etter Skoen, men
Skoen etter. Foten, og det skal, etter
gamal Segn, vera vis Aatferd.

Men, segjer Fædrl., dersom han
skildrar eit slikt Emne, so skulde han
iallfall visa, at han var forargad yver
det. Han skulde skildra det slik, at
Folk saag, at Syndi var ufyseleg.

Dertil svarar Naturalismen, at han
fær skildra Syndi slik, som ho i Røyndi
ser ut, elder serleg som ho saag ut
paa den Tidi og den Staden, som han
i kvart Tilfelle skildrar. Og Fædrl.
maa ikkje innbilla seg, at Syndi ved
det franske Keisarhoffet saag ut som
Syndi i Pipervika elder i Vognmanns-
gata. SyndiikKongsgardarne er straal-
ande og fager aa sjaa til, hev me
høyrt, og um Fædrelamdet kom der
upp, so kunde det lett henda, at
det kom til aa bøygja sin moralske
Rygg djupt for Folk, som det seinare
vilde finna var det verste Pakk. So
fær daa Diktaren halda seg deretter.
Det, Ein kan krevja av han, er, at
han paa ein elder annan Maate læt
oss sjaa elder skyna, kor tomt og holt
og jammerlegt dette straalande Synde-
livet i Grunnen er, og kor lite det
kann gjera sine Folk sæle, um det ser
aldri so gildt ut. Men det hev Brum-
mel gjort, ikkje paa ein, men paa mange
Maatar. Ja Romanen hans kann Ein
segja gjeng ut paa dette aa visa, at
Syndi kann vera so fin og fager og
klok som ho vil, ho fører til Under-
gang like fullt.

Naar Fædrelandet ikkje forstend
dette, men berre hengjer seg fast i
desse serskilde Ting, som ein Diktar
maa taka med, dersom han vil skildra
sitt Emne som Diktar og ikkje berre
som Kronikør elder Memoireforfattar *),

*) Me er naturlegvis ikkje so kjende med
Livet ved Napoleonshoffet, at me kann
vita, um kvart Ord og kvar Setning er
plent slik, som ban maatte vera. Det
kann henda, at det Hoffet kunde skil-
drast betre enn Brummel hev gjort det.
Men me trur ikkje, at der daa vart
mindre av ”Frivolitet” (Lettlynde og
Lauslynde) i Skildringi, — for den høyrer
nok til Emnet.

so kann vituge Folk ikkje snakka med
det um desse Ting. Og heile det
Staaket, det fører, vert upp i umyndigt
Vas — elder nokot endaa verre.

Me hev leset Brummels Roman,
me og. Og no skal me sannferdigt
og ærlegt fortelja Fædrelandet, kva
Inntryk me fekk av han.

Me visste fyrr, at Hofflivet under
Napoleon hadde voret baade laust og
lystigt. Men daa me fekk lesa denne
Romanen, som Fædrl. finn so forlokk-
ande, so maatte me tenkja med oss
sjølv, at var det so ille, og var det
paa same Tidi so i Grunnen ufagert
og simpelt og tomt, — so Gud bevare
oss for Greidur det er, Folk ligg og
kostar Pengar burt paa, og som Prest-
arne bed for i Kyrkja kvar Sundag.
Var dette det store og høge og glans-
rike Kongeliv, dette ideale Adelsliv,
som Folk gjeng og inbiller seg skal
vera Blomen paa det jordiske Sam-
fund? Me hadde daa altid tenkt
oss — for slikt heng ved, naar Ein i
Ungdomen hev livt paa Ingemann og
Walter Scott, men aldri set ”Konge-
liv” paa Nærhaand — me hadde daa
altid innbillt oss, at Hofflivet maatte
hava litt Poesi, litt Lyftning, litt Stor-
dom, litt, som det kunde vera verdt
aa liva etter; men her —, kva fann
me? Den ynkyerdigaste Humbug. Det
armaste og tomaste, som me kunde
drøyma. Der gjekk desse Hotfolki og
og straalad fraa ”Fest” til ”Fest” og
var so leide av seg, at dei braut sine
Hoyud sund med aa grunda paa, kva
dei skulde faa Tidi til aa gaa med.
Ikkje ein Tanke, som var verd so
mykje kvitt Papir som han kunde
skrivast upp paa; ikkje eit Verk, som
fortente eit Namn, ikkje eit Menneske,
som Fin gat reisa seg upp for; eit
stort, straalande Teater, der dei spelad
eit jammerlegt Spektakelstykke, kvar
Dag det same upp att, tomare og aand-
lausare enn Bajaskunster paa ei Mark-
nadsbud. Og for aa halda ut i al
denne Lediggangen og Livslygni, so
heldt dei ”Moro”, — ja, Gud betre oss
for Moro. Det skulde ingen Djevel
missunna dei den. Der gjekk ein
høg Adelsmann og gjorde seg til Narr
og til Fant for eit Teaterkvinnfolk,
som ”elskad” og plyndrad han for aa
kunna stasa seg for Lapsen og ikkje
var annat enn eit dumt, kjeidsamt
Stykke ” Weiberfleisch”; der gjekk den
høge Adelsdama og dreiv paa Folke-
bal og i Lag med silkeklædde Stor-
mannshorur for aa faa litt ”Byte paa
Maten”; der gjekk heile denne Horgi
av ”Kokodetter” og Hofflaps og heldt
Møte um, korleids dei skulde bera
seg aat for aa faa ”læ litt”, — og
innimillom alt dette Jukset dei fælaste
Frambrot av raa og vill Hugbrand,
som gjorde Folk til Dyr, til Tullinger
og til Brotsmenn. Det var so stygt,
so uhyggjelegt, at kvar og ein, som
las det, og som hadde sin sunne Na-
tur, maatte takka Gud for, at han var
ein skikkeleg Mann, som hadde sit
ærlege Slit og Stræv og slapp aa liva
millom slike. At nokon Mann skulde
faa Hug paa det Livet, som der vart
skildrat, elder faa Smak paa den syn-
dige og pinefulle Livs-Uppøyding, han
der fekk sjaa . .. ja daa maatte han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free