- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
186

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

26de Norvbr. 1881.

Valere

(til Mariane).
Hev so du elskat meg, at du no vil meg daara
Og narra? ...

Mariane.

No bed eg, du maa kje meir meg saara!

Du nyleg hev sagt fritt og raadt meg sjølv dertil,
At eg skal taka den til Mann, som Far min vil.
Eg takkar for di Raad og vil deretter gjera,
At du for dine Raad deg vinner Agt og Æra.

Valere.
Orsaka deg kje! Fyrr eg kom og gav deg Svar,
Den heile Saki den alt upp- og avgjord var.
Det nyttar ikkje deg; kvar Grunn den vil deg trjota,
Naar du orsakar, kvi du vil din Lovnad brjota.
Mariane.
Jau, det var fagre Ord!
Valere.
Eg trur kje, at din Barm
Var nokon Gong for meg rett heit og elskhugsvarm.
Mariane.
Det stende so til deg, um du vil soleis tenkja.
Valere.
Ja vist! Men denne Tåla di, den maa meg krenkja
So djupt, at eg som du riv sunder no det Band.
Det finst vel onnor Dros, som eg kann gje mi Hand.
Mariane. å
Ja, dine Dygder vist varm Elskhug til deg vender.
Valere.
Tal ei um Dygd hjaa meg! Med den vist smaat det
stender,
Alt sidan du til meg kann ha so liti Tru;
Min Hug eg fær vel til ei onnor Gjenta snu.
Kannhenda for mitt Tap ho meg den Hugnad give,
Som eg maa missa no, daa du deg fraa meg rive.

Mariane.
Aa Tapet er kje stort, og deri hev du Rett,
At du kann taka det so likefram og lett.

Valere.
Til det eg stræva maa, so godt det læt seg gjera;
Det Hjarta, som meg gløymer, kann eg ikkje æra.
Og kann eg det kje heilt i Gløymeboki faa,
Eg freista maa, at eg det læst som gjera maa.
Det er ein Vesaldom, ein seg vil ei vedkjenna,
Aa halda Hug til den, som seg fraa Ein vil venda.

» Mariane.
Den Kjensla, trur eg vist, maa haldast høgt i Pris,
Valere.
Eg vonar nog, at mangein tenkjer paa slik Vis.
Du kann kje venta det, at eg deg tru kann vera,
Og at eg for di Skuld mi Sjæl skal heilt upptæra
Og sjaa paa det, at du ein annan gjev di Hond,
Og daa kje freista paa faa knyta nye Bond.
: Mariane. 2
Nei, langt fraa det, so vist eg ikkje um det syter,
Men ynskjer, at du snart din nye Fagnad nyter.
Valere.
Det ynskjer du?
Mariane.
Ja vist.
Valere.
Det krenkjer meg no hardt.
Eg stræva skal, at du fær sjaa den Fagnad snart.
(Han gjeng eit Par Stig fraa).
Mariane.
D’er bra.
Valere. å
(vender seg tilbaka)
Men kom 1 Hug, at det er du, som velde
Og tvingar Hjartat mitt til det, som her det gjelde.
Mafiane.
Ja væl!
Valere. :
K (vender seg enno tilbaka)
At paa den Veg, som eg no fylgja maa,
Der gjekk du fyre meg.
Mariane.

Eg fyre, ja! lat gaa!

Valere

(gjeng burt). ’

So gjeng eg no herfraa; ditt Paalegg eg daa lyder.
Mariane.

Ja væl!
Valere.

(vender seg enno tilbaka).
D’er no for siste Gong Farvæl eg byder.

Mariane.

Ja Takk for alt!
Valere

(vender seg, daa han er nær vsd Dyri).
Kva?
Mariane.
Kva?
Valere.
Hev du kje paa meg kallt?
Mariane. %
Du drøymer vist.

Valere.

So tok eg mist; no gjeng eg alt.
Farvæl, Jomfru!
(han gjeng sakte burt)

Mariane.

Farvæl, min Herre!

Dorine
(til Mariane).

" Eg maa vonast,
De gjeng fraa Vitet, og mi beste Von burt tjonast.
Eg leet dykk skjellast av einnann” i Mak og Ro;
Men no det gjeng for vidt med dykker baae tvo.
Høyr daa, Valere, høyr daa!
(Ho tek Valere i Armen).

>

Valere
(som læst standa imot).

Kva vil du meg, Dorine?

Dorina.
Vent her!

Valere.

Nei, kvi skal eg meg lenger lata
pine?

Heft meg kje lenger du! Ho vil, at burt eg fer.

Dorine.
Vent no! :

Valere.

Nei, eg vil gaa, det fast og avgjort er.
Dorine.

Aa Tøy!

Mariane (avsides).

D’er best, eg gjeng, han toler vist kje sjaa
meg.
Naar burt eg fer, so slepp han venda seg ifraa meg.
Dorine
(som slepper Vålere for aa stogga Mariane).
No, du vil med du og?
Mariane.
Slepp meg!
Dorine.
So ver no her!
Mariane.
Du held meg ikkje fast; for deg det faafengt er.
Valere (avsides).

Åa sjaa paa meg for henne, det er vist ei Pina.
D’er best, eg gjeng min Kos, so ho no slepp aa grina.
Dorine
(som slepper Mariane for aa taka fat paa Valere att).

For Pokker, gakk no ei! So vil eg, det skal gaa!
Kom baae hit, og lat slikt Spøk ein Ende faa!
(Ho tek Valere og Mariane i kvar Hand og leider dem tilbaka).

Valere
(til Dorine).
Kva er det no, du vil?

Mariane
(til Dorine).
Kva er, som no skal henda?
t

Dorine.

Eg dykk forlika vil og ut or Knipa venda:
(til Valere)
Korleides vil du no deg skapa som eit Narr?

Valere.

Du høyrde, korleis hennar Ord og Tala var.
Dorine
(til Mariane).

Du hev vel dine fem, kor kann du slik deg bera?
Mariane.

Du hev vel høyrt, at han eit annat Val vil gjera?
Dorine
(til Mariane).

De spøkjer baae tvau.
(til Valere).

Ho tenkjer berre paa,
At ho snart vil med deg i Brudesessen gaa.
(til Mariaue).
Han berre held av deg, og fast ved deg han henger.
Det vitnar eg for deg, um du til Vitne trenger.
Mariane. G
Kvi gav han meg slik Raad? Det eg kje gløyma maa.
Valere
(til Mariane).
Kvi bad du meg um Raad? Eg skynar kje derpaa.
Dorine.
De tøver. Kom og gjev einannan Hender dykkar!

(til Valere)

Fyst di!
Valere
(som rekkjer Handi til Dorine).
Kvifyr?
Dorine
(til Mariane):

So di! Kva nyttar slike Nykker?
Mariane 4
(som ogso rekkjer Handi til Dorine).
Kva skal det vera til?
Dorine.
Kor godt det no gjeng an!
De elskar meir einann, en sjølv de tenkja kann.

(Valere og Mariane halda einannan i Hender ci Stund utan aa sjan

paa einannan)
Valere
(til Mariane).
Gjer ikkje alt so tvert, at det veld berre Pina,
Og sjaa paa meg litt blidt, og halt upp med aa
grina!
(Mariane vender seg og Ser smilande til Valere)
Dorine. Av
At soleis Kjærast-Folk kann gjera seg til Narr!
Valere
(til Mariano).
Men seg meg sjølv, um du ei alt for meinhard var,
Det var væl Grunn for meg aa klaga her og klynka,
Naar du med meg dreiv Spott istadenfor aa ynka.
Mariane
(til Dorine).
Tru nokon Kjærast var utakksam slik som han?
Dorine.

Nei tala kje um slikt, men tenk paa, koss me kann
Den Avgjerd med Tartuffe faa reint til inkjes maka!
Mariane.

Ja, gjev du viste det paa rette Maaten taka!
Dorine,
Med Løgje, ja med List, alt maa me taka her.

(til Mariane)
Halt Far din upp med Spøk!
p (til Valere)
Best, du til Ro deg slær!
(til Mariane)
For at din Fader kann i beste Laget vera,
Du læst, som du vil honom alt til Viljes gjera,
At du hans Ven Tartuffe vil taka til din Mann,
So vil det laga seg, at Tid du vinna kann;
Og vinne du fyst Tid, du ogso Raad vil vinna.
Det mange Krokar er; ein Utvyeg du kan finna.
Det kunde koma paa, at anti du vert sjuk,
Eld* vonde Varslar kjem — slikt gjer din Fader mjuk, 44
Allstødt um gyrmutt Vatn og annat stygt d’u
drøymer
Ei Likferd tykst du sjaa, det Syn du aldri gløyme,
Den bedste Trøyst, eg veit, er den, at ingjen kann, |
Naar sjølv du segjer nei, deg vigja til ein Mann. |
Meu no d’er best, de gjeng; det kunde verta Hinder
For Saki, um din Far dykk her tilsaman finner.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free