Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
|
-
26de Novbr. 1881.
Fedraheimen.
187
(til Valere)
Gakk*no herfraa og sjaa, um dine Vener kann
Ei nokot gjera for den Ting aa faa istand!
(til Mariane)
Kom no, me gjeng til Frua sjølv og hennar Broder;
Dei vilja hjelpa til — du hev ei god Stjukmoder ...
Farvæl ...
Valere
til Mariane)
Kva Augemaal ho beve no for meg,
Mi allerbeste Von den set eg no til deg.
Avstad! og det i Hast!
Mariane.
(til Vatere).
Eg veit vælikkje rett, koss" Far min vil det maka;
Men ingjen annan eg enn deg, Valere, vil taka.
Valere.
No fyst eg verte glad! kva dei vil vaaga paa.
Dorine.
Med Kjærast-Folk det kann kje nokon Ende faa.
(til Valere)
Valere.
Ogleg 2
Dorine.
. No fær de vandre.
Du fær gaa denne Veg — og du fær gaa den andre.
(Ho slær dei baae tvan paa Akslerne og bed deim gaa).
(Meir.)
Christofer Braun um vaare
Teologar.*
(I Ordrag etter Referat i MgUl.)
(Slutten.)
Te meire snar og hugheil han er
til aa svara, te meir viser han, at
han hev tenkt for lite yver Saki.
Soleis tenkjer eg t. D. det hev gjenget
med dei, som hev komet frami den
nyare Filosofien. Eg trur, at um du
gjeng med slike Spursmaal til Luthersk
Ugeskrift — det er der Ortodoksien
hev Heimen sin — so trur eg du vil
kjenna, at dei jamnast ikkje evlar aa
gjeva paalitligt Svar. No, her i Lan-
det er det væl ikkje so mange, som
hev komet inn i den nyare Filosofien,
men det er andre Spursmaal, som
høyrer til vaar Tid, meir praktiske
Ting, som ligg meir for Folket vaart
og hev naatt fleire Sinm enn dei filo-
sofiske Spursmaali. Eg skal nemna
Kvinnesaki. Ein kann ganga til dei
med dette; dei vil ikkje standa fast
for Svar: Kvinna skal tegja i For-
samlingi, og Kvendespursmaalet skal
og tegja. Men Ulukka er, at det
ikkje stend noko um Kvendespurs-
maalet hjaa dei gamle. — Hell eg
skal nemna Skulesaki. Eg meiner
ikkje her, anten det er Staten hell
Kyrkja, som skal styra Skulen, men
um den skal vera Friskule, skal høyra
til Heimen. Skulespursmaalet, soleis
som det er vekkt ved Folkehøgsku-
larne og Friskularne, finst det ikkje
helder nokon Ting um hjaa dei
gamle, som ventande kann vera. Teolo-
garne kann ikkje segja her, at det er
reist av den ”moderne Vantro”, som
dei plagar hava til Avvisningsgrunn.
Men so segjer dei, at dette Spurs-
maal er reist av Grundtvig, av ein ”pela-
gianiserende Teolog”, som dei kallar
han, og som ein slik Teolog greider
med 3—4 Linur. ”Av slikt Tre kann
det ikkje koma gode Frukter”, segjer
ein høg Skulemann um dette. Skule-
spursmaalet skaltegja seg som Kvinne-
spursmaalet, det er Grunnen 1 Vis-
domen. Men so er det Spursmaal,
som trengjer seg inn i endaa fleire
Sinn, politiske Spursmaal, som no
gjeng mest i alle Bygder. Um dette
hev ikkje dei gamle Dogmatikarar
nokon Ting, men Luthers Ugeskrift
er ikkje uppraadd for det. Det er so
lettvinnt til aa svara, at det tykkjest
vera reint eit Mynster paa sæteslaus
Aatfaring hjaa Teologarne. Som no
i eit Stykkje, dei held paa med endaa,
der segjer dei, at her i Landet er det
Sersyn, at Fridomsfolket legg seg ihop
med dei Vantrue paa dei same Fyre-
maal som dei, medan det er so ute i
Evropa, at dei ;Kristne og Vantrue
stend mot kvarandre i tvo store Herar.
Dette lydest væl, men tru det er so
sætande. Tru det er daa dei same
Krav som dei Vantrue ute i Evropa
og Fridomsflokken her heime set upp?
Aa nei det er det ikkje. Det var væl
snaut ein truande Schweizer, som ikkje
vilde synast, at Fridomskravi vaare
er fælt rimelege, og skulde det vera
noko, so laut det einast vera, at dei
ikkje gjekk vidt nok. Samaleis er det
i Holland. I Danmark og Sverige er
det som hjaa oss. Der hell dei seg til
Vinstre dei Bønderne, som i det heile
trur paa Kristendomen, endaa Fri-
tenkjararne hev ein stor Lut i den
Politiken. No vil eg spyrja: yuskjer
Luthersk Ugeskrift, at ein skal sky
denne Politikken, berre for det, at
Fritenkjarar er med der, Nei det er
Tyskland berre, dei ortodokse Teolo-
garne held seg til, det er Tyskland
dei meiner, naar dei talar um, korleis
det er ute 1 Evropa. Dette hev eg
berre nemnt som eit Døme, og eg segjer
upp att det, at naar desse Teologarne
skal svara utor sitt eigjet Hovud paa
dei nyare Spursmaal, so er det ikkje
slik som naar dei hev Tankeverket av
2 Aarhundra i Ryggen.. Det er sanne-
leg ikkje so lite eit Mein dette, at dei
hev tenkt so sæteslaust yver sovorne
Ting; men me maa ikkje ofsa det hell,
for det avgjer ingen Ting um Kristen-
dom; ein kann vera ein livande Kri-
sten og ein god Prest, um ein ikkje
hev Greide paa desse nyare Spurs-
maal. Ein slik ortodoks Prest kann
godt vekkja eit Menneskje upp or
Svevne og gjeva den som leitar, paa-
liteleg Upplysning um Vegen til Guds
Naade, og den som hev vunnet Fred
med Gud kann han gjeve god Rett-
leiding i dei daglege Livsforhold. Men
det er mange, som treng meir, det er
mange, som er komne livande inn i
desse nyare Spursmaal, og for dei vil
det vera tungt, naar dei merkjer, at
dei nettupp ikkje kann faa Retleiding
der dei ynskjer det so sterkt. Like-
som hjaa Pietistarne, so vantast det
ogso mykje hjaa dei ordodokse i For-
holdet til det reint menneskjelege Liv.
Dei hev opna Dører, som fyrr var
stengde, soleis til Kunst og Dikting
— det skulde daa einast vera um
Diktararne er for stride til aa vekkja
Ordskifte um flokutte Spursmaal.
Dei slepper inn Vitenskapen, so nær
som noko av Filosofien, ja Politiken
teshell, berre den gjeng dugeleg mot
Høgre. Men det er ei heil Rekkje
med Spursmaal i Samtidi, som dei held
utestengde. og som dei vil hava dei
Truande til ikkje aa bry seg um hell
og til aa arbeida imot; dette meiner
eg hev ikkje so lite paa seg. For det
er paa slike praktiske Strier og Tankar
um aa linna Naudi i Samfundi, at mange
av dei beste Menn no vigjer sitt Liv
og vaagar baade Hug og Pengar. Eg
tykkjest tru, at um gale skulde vera,
so var det betre, um dei Truande var
blinde for Kunst og Dikting med si
Gløding og Vitenskapen med sine Ut-
finningar enn at dei skulde vera fram-
ande for den Eld, som driv Menn og
Kyvende til aa setja alt paa Vaag for
ei gjæv Sak og ein god Tanke. Blomen
paa Kulturen trur eg er dei styrande
praktiske Tankar, og det er fraa desse, dei
kristne vert stengde. Dei vert stengde
ute fraa Tenesta for det, som er sermerkt
for vaar Tid. Tru det skuide daa vera
rett aa lata Fritenkjararne hava dette
aaleine? Me skal minnast, at det er
mange Fritenkjarar, som hev vigd seg
til aa tena slike Tankar paa ein gjæv
Maate. Eg vender dette Spursmaalet
serleg til den unge Ætti: Vil De
ikkje vera med 1 Tenesta og vaaga og
arbeida noko for den lidande Manna-
ætt paa den Maate som eg her talar
um? Det er ille i seg sjølv dette aa bak-
binda Sjælekrefterne, og allvist er det
uklokt no i Striden mot Fritenkjarar-
ne. Eg maa her vara meg mot Mistyd-
ing; eg vil paa ingen Maate segja, at dei
ortodokse Teologarne strider faafengt,
dei gjer det baade djervt og heilhugt
og duglegt au paa si Vis, men like-
væl vantar det mykje. Kor stor ein
Rett dei so hev, so tykkjest dei vera
Undermenn i Tankekraft og 1 Vit:
Dette fær no Kristendomen vera buen
paa, aa hava minder tankedjupe Maals-
menn enn hine, det er ikkje verste
Meinet; men dertil kjem det, at all-
stad der Striden ikkje gjeld Kristen-
trui, men eitkvart tidhøvelegt Spurs-
maal, som heng ihop med den, der er
det jamnt so, at Fritenkjararne hev
Rett og Kristendomsverjararne Urett,
og det er ikkje hugsamt aa sjaa. Det
er ikkje godt, naar det skal verta til
det, at det er Fritenkjararne, som ar-
beider for Framgangen, for det, som
i Røyndi er Guds Vilje, og at det er
dei Kristne, som stend imot. Det eg
ynskjer er ein Teologi, som ikkje
nøgjest med aa kjenna den kristelege
Tenkjing i det 16de—18de Aarhundra,
eg ynskjer ein Kristendom, som hev
Mot paa aa gange livande og kraftigt
inn i vaar eigi Tid aa freista og løysa
dei Flokar, som er uppe no. Men
skal me hava det, so kann me ikkje ven-
ta det fullferdigt med det same; det
er ei nokso greid Sak aa eigna til seg
eit ortodokst System, men aa ganga
inn i Tidi og Tankarne til den, det er
langt Lereft aa bleikja; der lurar Freist-
ingar og Villur for kvart Stig, og
likevæl vil mange segja: ”me hev Hug
til det”, og det med Rette; det er der
Tidi vaar hev dei serskilde Stridarne
sine; det er der, at Tidi vaar au hev
si Krone. — Dei er so glade desse
ortodokse i aa pryda seg med Namnet
hans Martin Luther; ja det er eit gjævt
Namn, men endaa skal eg ikkje ov-
unda dei det. Det er berre eit Namn,
som eg ynskjer aa pryda meg med i
min Fatikdom, og det er det Namnet,
som er yver alle Namn. Men so gjerne,
som eg unner dei Namnet hans Luther, ,
so trur eg det, at dei liknar ikkje
Luther, berre um dei segjer upp alt
det han hev sagt fyrr, um dei so kann
gjera det aldri so plent. For Martin
Luther var ikkje den Mannen, som berre
tok upp att det, som var sagt 2 Aarhun-
dra fyreaat, det høyrer nettupp med til
Sermerkjet og Storleiken hans, at det
var ingen, som gjekk inn i Stridarne
til Tidi paa alle Leider slik som han,
baade i Skule, i Politik og i Sam-
fundslivet. Den Kvelden han lovad
aa ganga i Kloster, tok han med seg
nokre av sine klassiske Bøker. Det
er Vitnemaal um, at endaa den Dagen,
han skulde ganga til Dauden aa kalla,
kunde han ikkje gjeva fraa seg det,
som Hugen leikad friskast for i Sam-
tidi. Tenk paa Forholdet hans til
Humanismen, Strævet for den gamle
romerske og greske Tidi. Tenk paa
Forholdet hans til Adelen, til Borgar-
og Bondestandet. Fordi han gjekk
djupaste inn i Stridarne til Tidi, kunde
han løysa Flokarne som ingen annan,
og eg meiner: me liknar Martin Luther
litet, naar me berre tek upp att det
han hev sagt, endaa naar me var sikre
paa aa segja rett; me liknar honom
minder med det, enn naar me gjeng
inn i Tidi og tenkjer Tankarne og
strider Stridarne, kvar med den Kraft,
som han hev fengjet ovanfraa. OQg
det gjeld ikke berre Martin Luther,
dette gjeld so mange store Menni Kyrkje-
soga. Det gjold Bernhard av Clair-
vaux, han var livande og kruftigt med
i si Tid, han var med i kvar den
Sveiven ho gjorde. Det gjeld ein Mann
som Origines, det gjeld alle Kyrkje-
federne. Det gjeld ein slik Mann som
den store Munketader Benedikt av
Nursia, det gjeld mange av Grunn-
leggjararne av Munkelagi; for kvart
Munkelag er bygtuppum ein Tanke. Det
gjeld i det heile um den store Samling
av Menn og Kvende, som hev verka
for Kristendomen, det gjeld Kristen-
domen i det heile. Det er Kristen-
domen, som hev lært Menneskja i dei
siste 18 Aarhundra aa strida for Tankar.
Det er den som hev styrt Utviklingi
og Folkeframstiget. No er det nokre,
som segjer, at Tankarne i vaar Tid er
so framstigne og store, at dei rømest
ikkje i den gamle Kristendomen. Ja,
eg kann ikkje segja det. Eg hev freista,
so godt eg kann, aa gjeva meg inn i
Arbeidet, aa tenkja Tankarne i Tidi
og strida Stridarne, men eg hev funnet,
at den vesle Idealitet, mitt Sinn kann
røma, ligg berre som eit lite Rak i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>