- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
198

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 198

Fedraheimen.

17de Desbr. 1881.

Elmire.
Ja, no fekk eg ei Hosteflaga.
Tartuffe
(byd Elmire Lakris.) ;
Litt Lakris gjerer godt, naar Hosten hardt mun
plaga,

Elmire.
Nei Takk! Det hjelper ei mot slik ei Hosterid,
Den ganga maa sin Gang, den hava maa si Tid.

Tartuffe.
Aa, det var leidt! ....
Elmire.
Kann henda det seg snart kann
giva?
Tartuffe ,

Eg maa væl endeleg din Otte fraa deg driva;

Ei nokor Menneskja den Sak aa vita fær;

Dei reiknast kje for Synd, det ein i Løyndom gjer;

Daa fyst det verte Synd, naar alle det kann røyna,

Men ikkje naar ein det for alle Folk kann løyna.

Elmire
(hostar enno haårdare og sher utolug i Bordet).

No gjeng det hardt paa meg, no teiknar det seg galt;

No stend det mesta slik, eg maa gje tapt i alt;

Ein er kje nøgd med det, som eg med Sømd kann

giva,

Men krever meir og vil meg yver Striket driva.

Or denne Leidsemd, som eg no er komen i,

Med all min beste Hug eg kann kje verta fri,

Men hardt det er fyr meg i slik ei Knipa førast,

Og at ein fyr mi Sømd og Sorg og Sut kje rørast,

Men vil med Augo sjaa det, som han borde tru.

Kor skal væl eg meg her i dette Tilstand snu?

Men vert eg driven til aa spela ut slik Terning,

Daa vert det verst fyr den, som driv meg til slik
Gjerning.

Eg vonar, at den meg kje reiknast bør til Last...

Tartuffe.
Nei stola paa mit Ord rett baade fullt og fast!

(Han kjem nærare for aa femna um Elmire.)
Elmire
(peikar paa Dyrri til Forstovå.)

Sjaa etter i kvar Krok! Min Mann der kunde vera
I Løyndom for aa sjaa og høyra, kva me gjera!
Tartuffe.

Trengst slik ei Varsemd her for slik ein Tosk som han,
Som alle hev til Narr, so fort dei vil og kann?
Eg tek ved Nasen han so tidt — det kann du

minnast —
heve lært han upp aa tru, kva ei kann finnast.

E
(ve)

Elmire.
likevæl deg bed, du strakst paa Timen gaar
etter ser so væl, at ingjen løynd der staar!

Sette Mötet.

Orgon.

Eg
Og

Elmire.
Orgon
(som kjem fram undan Bordet).

Det var ein fager Fugl, som er or Reiret sloppen!
Den Kjeltring dreper meg! eg skjelv paa heile
Kr ;

Elmire. en
Kva? kjem du fram so snart? det er kje enno Tid.
Gakk burt tilsides her og vent ei liti Rid!
Dess betre Prov du fær, dess mindre tarv du tvila;
Naar fyst du Vissa fær, du alting rett kan skila.
Orgon.
I heile Helvit vist kje verre Djævel bur!

Elmire.
No, vara deg, min Mann, at ei for lett du trur!
Den stakkars Mann kann henda du kann Urett gjera?
Av eigne Syn du kann den reine Sanning læra.

(Elmire let Orgon stella seg attum Ryggen hennar.)
Sjaunde Mötet.

Tartuffe. Elmire,
Tartuffe

(som ikkje ser Orgon).
Ei minste Hindring det no fyr vaar Hugnad er;
Eg er no viss paa det, at ingjen lurer her.
No glad eg gjenger dit, som meg min Kjærleik driver.

(Daa han slær Armarne ut for aa femna um Elmire, skvett ho

Orgon.

tilsides, 80 at Tartuffe femner um Orgon.)

Orgon.
Nei, stogga lidt! Sjaa til, at ei for hardt du river!
Tak no ved Nasen meg! Kva gagnar deg slik Gir?
Ein heilag vert den ei til Æra, men til [r.
Du agar Kjøt og Blod med Magt, — og du vil taka
Mi Dotter til di Brud og lokka burt mi Maka.
Eg lengje tvilte um, at dette Aalvor var;
Men eg no meir enn nog av denne Prøva har.
Ei meire Vitnesburd i denne Sak eg trenger;
Eg heve Vissa no, eg kann kje tvila lenger.
Elmire
(til Tartuffe)
At eg er Skuld i dette heve voldt meg Sut;
Men eg laut ei Gong koma or den Snara ut.
Tartuffe
(til Orgon).
Pruredda
Orgou.
Med Vaset ditt eg vil meg ikkje plaga;
Men utor Huset mitt eg vil deg beinast jaga.
: Tartuffe.

Min reine Hug...
Orgon

Eg gjeng no ikkje meir i Rus.

Paa Timen strakst du lyter ganga or mitt Hus.
Tartuffe.
Fyr slike harde Ord du kann deg gjerne spara,
For Huset er no mitt. Du lyt or Huset fara;
Dei spinn kje Silkje dei, som mot meg brukar Svik;
Og eg skal læra deg, du ei av det vert rik.
Dei kjem kje lett fraa det, som List mot meg vil
nytta;

Eg veit, korleis eg skal mot slike Folk meg hytta.
Det Brot, du her med Svik mot Himeln heve gjort,
Du skal faa ira paa, eg skal det hemna fort.

Aattande Mötet.
Orgon. Elmire.
Elmire.

Kva? Talar han um Hemn? Kva vil den Tala segja?

Orgon.

Au! eg vert reint forstøkt! Eg maa no berre tegja?
Elmire.

Korleis? ...

Orgon.

Min Fel eg ser, eg no maa ira paa,
At eg det Gaavebrevet der let honom faa!
Elmire.
Det: Gaavebrev? ...
Orgon.
Ja, alt mitt Gods eg heve givet
Til honom. Men ei verre Sak gjeng meg paa Livet.
Elmiro.
Kva Slag? ...
Orgon.
Eg svara skal. Men kom og lat os gaa
Og leita upp eit Skrin, som stender ovanpaa!

Femte Bolken.
Fyste Mötet.

Orgon. Kleante.
Kleante.
Kyi fer du fram so fort? ...
Orgon.
Eg veit kje...
Kleante.
Du maa hava
Eit rolegt Sinn og sjaa til, at du kann deg kava
Snart ut or denne Sak, so at det betre gjeng.
Orgon.
Med detta Skrinet all Ulykka paa meg heng!
Mot detta Skrinet alt mitt Tap er inkjevetta.
Kleante.
Kva tyder det væl paa? Ligg der slik Magt paa
detta?
Orgon.

I Skrinet låag dei Brev, som av Argas eg tekk.

Han sjølv og al hans Sak meg hardt til Hjarta gjekk;

Den Gong han rymde, ei han torde med seg taka
Dei Brev, men gav meg deim, til han kom her
tilbaka.

For desse Brev hans Gods og Liv i Faare staa.
Kleante.

Men kvi let du Tartuffe daa dessa Brevi faa?
Orgon.

Den Saki laag meg tungt paa Samvit og paa Hjarta;

Um den i Løyndom eg med dene Niding gartad”.

Med sleiske, treiske Ord han sagde daa til meg,

At det var best, at han dei Brev tok inn til seg;

At um eg so vart frett, eg trygt daa kunde sverja,

At dessa Brevi der kje funnost i mi Verja.

Eg kunde — sagde han — med Fagnad og med Fynd
Daa gjera Eid paa Lygn; det var daa ikkje Synd.
Kleante.

I Sanning denne Saki synest meg aalvorleg!

Det Gaavebrevet og den Tillit, — alt var daarleg.

Du hev det lagat so — eg segjer likafram —

At alt kan verta deg til Skade og til Skam.

Med slike Pantar kann han alt det verste laga

For deg, som: Armodsdom og Refsing, Skam og
Plaga.

Du borde set deg um og tekjet deg i Agt,

Naar du no viste det, han hadde slik ei Magt.

Orgon. ;

Aa den, som soleis kann i fager Ham seg hylja

Og all sin Kjeltringskap med væne Liter dylja!

Fraa Tiggjarstig eg honom tok i Huset inn...

So blind var eg...men no vert eg kje lenger blind

For all den Lygn og Last, dei løynd i Barmen bera

Dei Folk, som stødt for Heilagskap vil kjende vera.

Kleante.

No tykkjer eg, at du paa nytt vil gaa for vidt;

Din Braahug den er slik, den dreg deg med seg tidt.

Det tryggast er for deg paa Midelvegen fara;

Til høgre elder vinstre gjeng du lett i Snara.

No skyner du fyst rett, kor leidt og laakt det var,

At i so lang ei Tid Tartuffe deg heldt for Narr.

No ser du. det var vondt; men vara deg no berre,

At ei du gjerer det, som daa er mykjet verre!

Um han ter seg som Skarv og det av verste Slag,

Tek alle gudleg" Folk det ei paa dette Lag;

Um han med List og Lygn hev so det kunnat maka.

At han i alle Ting ved Nasen deg fekk taka,

Du difyr ei maa tru, at alle er som han,

Og at der aldri finst: paa Jord ein gudleg Mann!

Lat deim dei Tankar ha, som alting spotta vilja!

Og lær, det, som er sant, ifraa det falske skilja!

Det trengst, at du fyr alt Ovlæte varar deg p

Og altid gjenger fram den rette Midelveg, —

At ei du List og Lygn for gode Varor teker,

Og at kje Heilagskap som Skrymt du fraa deg reker.

Og um du so for vidt deg venda kann og snu,

Gakk ei for vidt i Tvil, men helder daa 1 Tru!

Andre Mötet.

Orgon. Kleante. Damis.

Damis.
Min Fader! Er det sant, at denne Skarv og Ljugar
For di Vælgjerning. deg med all Ulukka trjugar?
At han av Høgferd nytta vil til Vaapn for seg

Mot deg dei Gaavor, som han heve faatt av deg?

Orgon.
Ja, Son min! det er tungt, langt meir enn eg kann
bera.
Damis.

Eg strakst paa Timen vil av honom Øyro skjera;
Med slik ein Kjeltring kann ein taka Saki fort.
Det berre trengst eit Slag, og dermed er det gjort;
Han ærleg hev fortent, at ein hans Nakke knusar .....
Kleaute.
For høgt og hardt din Braahug
bruser.
Den Saki taka maa me paa eit annat Lag.
Det er mot Landsens Log aa bruka Hogg og Slag
Og annat Valdsverk; det vil valda verre Møda.
(Meir.)

Min unge Ven!

å

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0202.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free