Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
på
Fedraheimen.
tide Januar 1899.
aa banna. Reiner hadde sagt det,
og han maatte vita det betre enn no-
- kon annan, meinte dei.
Mange heldt af Reiner, som han
skulde voret ein Gud, Det var ikkje
berre hans eigne Soknefolk, som sette
han høgt. Bispar og Provstar gav
han og Lovord. I ein Visitats svarad
Ungdomen ein Gong framifraa godt
og fortalde meir um Apostlarne, enn
der stend i sjølve Testamentet. Bispen
gjekk burt og spurde, korleis dei kunde
hava Greida paa Ting, som inkje stod i
Bibelen. ”Jau av Josefi Berettning,” sva-
rad ein og byrjad aa fortelja myket, han
hadde leseti Josefus, som han hadde
laant av Presten. Bispen stod som fjet-
rad.” Hvilkenskjøn Ungdom!” sagde han,
og naa kom der ein heil Lovtale. Han
hadde høyrt Reiner umtalad som ei
lysande Stjerna; men naa fekk han
sjaa, at Ljoset var meir straalande,
enn han hadde vonat aa finna nokon
Stad. Reiner var no helder inkje
nokon Kastekjepp. Paa hans Tid vaks
der upp Folk i Gjeldet med Vit i
- Hausen og Bein i Nasarne. Ein av
- deim var Knut Sjøtavoll, Upphavsman-
men til dei ”Sterktruande”, dei kallar,
som me kanskje skal faa høyra nokot
um ein annan Gong.
Men det var naa ikkje alle helder,
som heldt af Reiner. Ei Slaaskjempe
lagde seg ein Gong i Vegen fyr han
og prylte han so syndlegt upp, at han
etter den Dag sjeldan vaagad aa fer-
dast eismall.
Tron Lauperak totte Reiner var
myket til Mann; hellest heldt han naa
med deim, som mislikad, at Presten
slo og reiv Borni, og det var mange
dette. 1799 skulde Bispen P. Hansen
halda Visitats. Sogodtsom alle Mann
vart daa samde um aa klaga Reiner,
fyrdi han foor so hardt fram med
Borni. Tron vart av alle vald til aa
bera fram Klagemaalet; ingen annan
vaagad gjera det. Tron var den Tid
72 Aar og inkje lenger so spræk som
fyrr; han binkad og haltad og var
litet god fyre aa koma nokon Stad;
men dei naudbad han, so han laut ut.
Det vart avtalt, at alle skulde reisa
seg, naar Tron hadde talt Saki for
Bispen, og samstava i det, han hadde
sagt. Dagen kom — det var den 30te
Juli —, og Folk samlad seg mann-
sterke til Kyrkja. Med Preiking og
Spørjing klarad Reiner seg godt som
vanleg, Daa Gudstenesten var tilende,
byrjad Visitatsmøtet, som vart haldet
i Kyrkja fyr heile Kyrkjeaalmugen.
Bispen spurde bl. A., um nokon hadde
nokot aa segja paa Presten. Tron,
som hadde valt seg ein Plass i ein
av dei fremste Stolarne, stod daa upp
og sagde, at dei likad Presten vel i
mange Maatar; men dei hadde det aa
segja, at han var for hard med Borni,
han reiv og slo deim so agaleg, at
dei mest vart vitskræmde..Og naa
skulde han i manges Namn beda, um
Presten inkje kunde fara lindare fram.
Tron nemnde fleire Stykke, Presten
hadde gjort med Lesarborni, og daa
han endad Talen sin, sagde han, dei
skulde reisa seg dei, som heldt med
han; Folk visste, det var sannt det,
han hadde sagt, Reiner vart so sinnt
at han knapt kunde staa. Han saag
med harde Augo ut yver Mannamugen.
Folk saag au paa Presten; der stod
slik: Age av han, at ingen vaagad aa
reisa seg fyrst, og so vart det helder
ingen, som reiste seg. Og daa Bispen
spurde, om der var nokon, som heldt
med den Mannen, som hadde talt,
var der ikkje svarat eit Ord’) Bispen
meinte daa, det inkje sætte nokot det, |
ein einaste Mann sagde, og han bad
Folk takka Gud for, at dei hadde so
dugleg Prest.
Daa Folk var komne or Kyrkja, og
Bisp og Prest foor til Prestegarden,
gav Tron ifraa seg. Han gjekk ikring
i Mannaflokkjen og sagde, dei var nokre
Stakkarar alle ihop. Sume spende
han, og sume slo han, og sume støytte
han med Staven sin. Ingen lagde
imot; dei totte, han hadde Grunn til
dette.
So gjekk. Tron til Prestegarden;
han vilde gjera seg tilvens med Pre-
sten atter og forklara, korleis det hadde
seg. Daa han kom 1 Gangen, stod
Stovodøri paa Glytt, og han høyrde,
at Bispen og Presten talad um han.
Presten gav paa Tron og sagde seg
sjølv aa vera utan Skuld. Men so
vart Presten var Tron, og dermed gaut
han ut med slik Fart, at han inkje
gaadde ein Tenar, som just med det
same kom i Døri med eit stort Fat
med Flaskur og Koppar og Ty, men
foor beint paa han, so alt datt i Gol-
vet, og Mat og Drykk flaut utyver
Gangen, og so rauk han paa Tron og
kilte ban ut igjenom Døri og byrjad
lampa og slaa. Bispen kom etter og
ropad Presten inn. Kva han sagde
med han daa, er inkje fortalt; men
det vert sagt, at Reiner inkje var fullt
so hardbalen etter den Dag. Reiner
hadde Kallet, til dess han døydde i
1824. Daa Søldaterarne foor framum
Helland i 1814 og skulde møta Sven-
skjen, tok Reiner inn det eine Kom-
pani etter det andre og gav dei Mat
og Drikka og eggjad Søldaterarne til
aa bruka Byrsa og Bajenetten paa
Svenskjen; men daa dei kom atter, og
han hadde høyrt, at me skulde under
Svenskjen, gjekk han imot deim og
skjende og gav vondt alt det, han
orkad. Naa var dei ikkje værde mno-
kon Ting, endaa Søldaterarne skulda
det paa Høvdingarne og meinte, dei
nokk skulde tynt Svenskjen, naar dei
berre hadde sluppet til.
Tron Lauperak døydde i 1804, og
der vart ei stor Ætt etter han. Sume
åv Ættarmennerne hans heve voret
elder er Garmenner i Dalarne , enno,
og sume er Kaupmenner anten i Sta-
vanger elder i Eikersund. Sou hans
Torleiv, han, som laut tena Kongen,
vart Lensmann, og etter han fekk So-
nen hans Umbodet. Hjaa denne Lens-
mannen stend enno Staskista hans
Tron paa ein Sal. Makjen til Kista
skulde ingen hava set korkje i Stor-
| leik, Styrkje elder Gjerd. Ho er av
Eik og slegi med utkrotat Jarn, som
bøygjer seg i Sveivar hit og dit baade
uppe og nede og vert til store Rosor.
Tron arbeidde 2 Vikor paa Jarnslaget,
endaa han hadde ein Smed med seg.
Den Kista kan staa Mann etter Mann.
1) Det var ”norskt”, det. Bidst.
naturalistiske Diktningi.
Nokre Ord til Hr. Asperheim.
Ordet ”naturalistisk Diktning” hev
berre Umsyn ’paa den Framgangs-
maaten Diktaren hev brukat 1 si
Framstelling. Likeins er det med Ordi
realistisk elder romantisk Diktning.
Desse Ordi hev derimot inkje aa gjera
med korleis Diktningi stend til Kristen-
domen. Eit Dikt kann like fullt vera
kristelegt elder ukristelegt, anten det
so er naturalistisk elder ei. Fr Dik-
tet ukristelegt, maa Grunnen til detta
liggja i Diktarens eiget Livssyn og
ikkje i den Framgangsmaaten han hev
brukat. Fraa Diktekunstens Sida kann
der vera Spursmaal um den naturali-
stiske Diktnings Rett, men naar ein
ser det fraa Kristendomens Sida, hev
ho like so god Rett som all onnor
Diktning. — Baade den realistiske og
den naturalistiske Diktaren spyrr mest
etter um Framstellingi er sann. Dei
vil baae syna fram Livet slikt som
det i Røyndi er. Det som gjer Skil-
naden millom dei er væl mest det, at
den realistiske Diktaren ikkje tek med
meir av det ufysne og stygge i si
Skildring enn som mnetupp er naud-
synlegt til Gangen i Forteljingi, dert-
mot tek Naturalisten med alt, anten
det so er stygt elder fagert. Dei vil
baae ikkje fortelja annat enn det som
er verkelegt, men Naturalisten vil
Inkje dylja av det, som er verkelegt.
Ja, segjer Hr. A., det er just det som
er Lytet, at denne Diktningi inneheld
so mykje stygt (liksom den serleg likad
Søyla), at ho dreg fram so mange av
Skuggesidurne ved Livet; slikt verkar
skadeleg, i alle Fall paa den som ikkje
er andeleg frisk og sterk, vog endaa
den friske kann vandt gjera seg fri
fyr den Verkningi som slik Lesnad
hev. Lat derimot Historiskrivaren
fortelja um alt det som han finn fyre
seg i Samfundet — dei myrkaste Si-
durne og — det er han som skal taka
alt med og inkje Diktaren. — No maa
ein leggja Merkje til, at det ikkje er
paa Diktarkunstens, men paa Kristen-
domens Vegner, at Hr.YA. lastar den
Han hævdar
nemleg, at denne Diktningi paa Grunn
av det som er sagt er ukristeleg. Men
so er det daa underlegt at han vil
gjeva Historiskrivaren Lov til aa gjera
det som er ukristelegt fyr Diktaren.
Og fyrst denne Diktningi er so faarleg
fyr Lesararne, so maatte vel ei hi-
storisk Framstelling av dei. same Emni
vera likso faarleg. Det er nok Hr. Å.
og ikkje ”Fedraheimen” som motsegjer
seg sjølv. Med Umsyn paa alt detta
stygge som dei klaga yver, so spyrr
me: Skal der tigjast med den Ting
hell inkje? Kva er mest moralsk,
anten aa tigja med Mannalivets Bre-
ster og so mykje som mogelegt er
løyna burt Ureinska i Krørne fyr aa
halda uppe den Innbillingi, at alt er
som det skal vera — elder aa draga
fram i Dagsljoset det verkelege Til-
standet? Her vert det ikke spurt,
kva som er mest hugnadlegt elder
lystelegt, men kva som er mest mo-
ralsk. Naturalisten trur det er best
aa syna fram Livet slikt som det er,
han er ikkje rædd fyr aa røra ved
Svullen — ein skrik, som ventande er,
men det fær ikkje hjelpa — det maa
røyrast ved Svullen, um han skal verta
lækt. — Det er greidt, det ikkje er
naudsynt, at denne Diktningi berre skal
syna fram det stygge og uhyggjelege;
ho kann skildra likso væl dei ljose
som dei myrke Sidurne ved Livet,
naar ho berre ufraavikeleg held seg
til Livet. Hr. Å. er nokk paa ein
Maate sams med Frdh. i at det ikkje
skal tigjast med Samfundets Synder,
sidan han vil gjeva Historiskrivaren
Lov til aa tala, men Frdh. trur at
Diktaren hev same Retten. Slike Skal-
deverk er ikkje av det Slaget som iser
er etlad til aa njotast, dei er deri-
mot meir lagad til aa framkalla aal-
vorlege Tankar hjaa Lesaren og vekkja
Samvitet hans. Detta kann kanskje
vera mindre ”hyggjelegt”, men um det
vert det, som sagt er, ikkje spurt.
Vidare segjer Hr. Å. og fleire med
han, at den naturalistiske Diktaren
ikkje skildrar Syndi som Synd, so
ho kan vekkja Mishug, men tvertimot
syner ho fram i lokkande, daarande
Toner. Til detta skal me svara, at
Diktaren skildrar Syndi slik ho syner
seg i Livet, og der visar ho seg ikkje
alltid i sitt raae og stygge Skap, ho
tek tidt paa seg ein fin Ham og sy-
ner seg i ein straalande Glans. Dik-
taren skildrar denne fine Syndi og,
men han gjere det paa ein slik Maate,
at ein likevæl vert gripen av Fæla;
han visar likefram, korjammerleg det
til Slutt gjeng med all denne falske
Herlegdomen; ein fær sjaa den Hol-
skapen og Tomleiken, som løyner seg
attum det glansande Skalet, og detta
hev den rette Verknaden, for med det
misser dei straalande Fargarne si daa-
rande Makt. Ein læt seg ikkje lokka
av Huldri, naar ein hev set ho attan-
til. Det er det sermerkte ved denne.
Diktningi, at Diktaren skildrar det
han finn fyre seg av vondt elder godt
so upersonlegt som mogelegt er; han
preikar ikkje Moral; han uttalar ikkje
sin personlege Dom og likvæl kjem
hans Uvilje mot det vonde fram so
tydeleg, at Lesaren vert riven med og
gripen av den same Kjensla.
So segjer Hr. Å. at den naturalisti-
ske Diktning hev kastat fyr Bord det
ideale, men sidan, daa han tek fat
paa Elsters Farlige Folk synest han
motsegja sit Paastand. Denne Boki
hev etter hans Meining eit annat Lyte,
nemleg at dei ideale Kravi vert fyllte
utan Studning av Religionen.*) Med
Umsyn paa detta siste vert det skotet
til Heims-soga; ho fortel um mange
Menner, som hev utført store og edle
Gjerningar, Menner, som hev ofrat alt
like til Livet naar det galdt. Kann
det no visast at alle desse Menner hev
haft sin Studning i Religionen? Det
kann vera uvisst det, men lat gaa;
daa bør ein daa vita, at Fritenkjaren
og hev sin Religion, som han styd.
seg paa, og som hev stor Innverknad
paa Gjerningarne hans. Det er i alle
Fall visst, at Fritenkjaren aalment er
minst likso moralsk som andre. Um
korleis den naturalistiske Diktaren stend
til Idealet skal me segja, at han set
*) Med Ordet Religion meiner væl Hr. Å.
ikkje berre Kristendomen, men og all
annan Religion.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>