- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
7

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

l4de Januar 1882.

Fedraheimen.

inkje saman Ideal, han steller ikkje
upp tenkte Skapnader, jsom vert prydde
med alle mogelege fullkomne Eigen-
skaper, at dei kann vera til Myuster,
han teknar Personarne sine etter det
verkelege Livet, og desse Personarne
vert visseleg ikkje so ideale, so upp-
høgde, slike Mynstermenner, for endaa
dei beste hev sine Lyte, men so er dei
so mykje meir verkelege att. Det er
Folk slike som dei er og ikkje slike
som dei i eit og alt burde vera.
Skal Diktaren skildra Folk slike som
dei burde vera, maa han gaa utanfyr
Livet, han maa setja saman (kon-
struere) og Framstellingi hans kann
vera so god ho vil, ho vil endaa ikkje
hava den rette Vyrdnaden, for ein
merkar fort, at det heile er nokot
tilgjort.

Hr. Å. synest tvila paa at den na-
turalistiske Diktaren kann skildra det
-kristelege Livet, og naar Diktaren
ikkje gjere detta, trur Hr. A. det kjem
av Mothug mot Kristendomen. — Fyrst
bed me Hr. Å. sjaa etter, kor mange
Diktarar av dei andre Retningarne
det er som hev lagt fram den Sida av
Livet. Og so kann Hr. Å. vera viss
paa, at den naturalistiske Diktning,
likso væl kann skildra denne liksom
alle andre Framsyningar ved. Livet,
og spyrr han, kvifor ho daa ikkje gjere
detta, so er Grunnen kånn henda den,
at Diktaren kanskje ikkje hev haft
Tilfelle godt nokk til aa granska denne
Sida av Livet. Hr. A. vil væl gjera
store Augo naar eg vaagar aa peika
paa at det kann vera mogelegt at ein
Diktar midt i eit kristet Samfund ikkje
skulde ha Tilfelle godt nokk til aa
granska det kristelege Livet, men lat
oss ei Gong vera ærlege. Kor mange
av dei Menne, me ferdast imillom,
kann me med Grunn reikna fyr sanne
Kristne? Me hev visseleg raakat mange
vyrdande, skikkelege og bra Folk, men
hev me ogsaa fengjet nokot tydeleg
Inntrykk av at desse ogso var verke-
leg sanne Kristne? Med andre Ord:
Dei Kristne i vaar Tid er ikkje like
Byen paa Berget, som ikkje kann
løynast, detta maa me tilstaa vil
me vera ærlege. Med detta hev
eg ikkje sagt elder meint, at der no
fyr Tidi ihkje finnst Kristne. millom
oss; ein lyt minnast, at der jamvæl i
Elias’s Dagar fannst 7000 ”som ikkje
hadde bøygt Kne fyr Baal”, men
desse livde so løynt, at endaa ikkje
det kvasse Profet-Augat kunde merka
dei. Eg meiner det er nokot likt med
dei Kristne no fyr Tidi (jamfør Chr.
Bruuns Ord i Studentarsamfundet og
annarstad). Kom det kristelege Livet
meir fram slikt som t. D. i Kristen-
domens fyrste Dagar hell i Reforma-
sjonstidi, so vilde Diktararne visseleg
kunna henta mykje Emne til sine
Verk derifraa.

Underleg nokk held Hr. A. paa,
at alle dei andre Diktningarne: her
livt paa kristelege Tankar, paa Tan-
kar som Kristendomen hev fostrat, —
detta kann daa ikkje vera Tilfellet
med dei sokallad Klassikararne, denne
Forntids Diktning, som blømde i den
heidne Tidi. Denne Diktningi vert
daa meti fyr aa vera framifraa og
vert lesi baade i dei høgre Skularne

og ved Universitetet vaart av den stu-
derande Ungdom. Det. er svært mer-
kjelegt, at samstundes som dei i heilag
Nidskjærskap fordømer den naturali-
stiske Diktningi, dei likvæl finn det
Rett, at desse heidne Skaldeverki vert
lesne i Skularne og ved Universitetet
og vert lesne av dei som i serleg Mun
skal verta utrustad til Lærarar i Da-
ning og Uppfostrarar aat Folket vaart
— ja endaa til Tenarar av Kristi
Kyrkja. Dei hev mint ”Fædrelandet”
um detta, men Bladet hev ikkje svarat,
og dertil hev det væl haft sine gode
Grunnar. ”Fædrelandet” bør likvæl
hugsa, at inkje Svar ogso er eit Svar.
—- Men um me endåa vil halda oss
innanfyr Kristendomens Tid, kann det
daa ikkje negtast at det lyder nokot
underlegt at alle andre Diktningar
motsett den naturalistiske skal reiknast
fyr kvistelege. Eg trur snaudt, at
t. D. Goethe og Schilller fyrr hev haft
den Æra aa gjelda fyr vidare kriste-
lege. — Det ser ut til at emi sitt
Stræv med at forfylgja dei naturali-
stiske Diktararne reint gløymer alle
dei andre. Vil ein endeleg fordøma
den naturalistiske Diktningi, ja, ja —
men so skal ein og vera fylgje-
streng (konsekvent), og daa vert det
ikkje stort atter. (Meir.

Syrgjelege Framsteg.

Hr. Bladstyrar! I 1880—81 naadde
Høgre langt. Kor langt vil det naa i
1882? G

Det var faa, ’som trudde, at Re-
gjeringi vilde vaaga aa negta ”Sank-
tion” for 4de Gong til Riksraadssaki.
Men ”Sanktions”-Negtingi kom, og der-
med Kravet paa absolut Veto i Grunn-
loyssaker. Dette var mykje! Folk vart
reint forstøkte; for slikt hadde ingen
drøymt um. Det var mykje, — men
det var ikkje nok. Dei vilde. hava
absolut Veto i Bevilgningssaker og.
Det skulde vera so godt for Landet,
at Rikskassa fekk ”dobbel Laas”, heittest
det. Men snart kom dei etter, at slik
ein Laas kunde verta ulagleg, — der-
som Ein ikkje sjølv fekk hava baae
Lyklarne. Og daa so siste Storthing
talad paa aa gjera Innknip i Utgif-
terne til Regjeringskontori, so for-
kynnte ”Morgenbladet? mest beint fram
den Læra, at Regjeringi i so Tilfelle
vilde ha Rett til aa bevilga seg sjølv
”det fornødne” gjenom Yverskridingar.
Naar det etter Grunnloven tilkjem
Storthinget aa fastsetja dei Pengesum-
marne, som trengst til Riksutgifterne,
so skal altso det takast paa den Maa-
ten, at Storthinget er skyldigt til aa
gjeva det Regjeringi krev; for det er
den, som best kann avgjera, kva som
”trengst?”, og vaagar Storthinget aa
hava si eigi Meining her, so kann Re-
gjeringi taka seg til Rettes. Det
neinnde Grunnlovsbodet skulde altso et-
ter Høgres Meining lydaso: Det tilkjem
Regjeringi aa taka av Rikskassa det
ho finn er naudsynlegt. Med andre
Ord: Regjeringi vil hava baae Lyk-
larne til den ”dobble Laasen.”

Dette var mykje! svært mykje;
men det var endaa ikkje nok. Det
viste seg Teikn til, at Høgre vilde faa
ein Ende paa Storthingets Lovgjevar-

magt og. Det tok til aa fingra paa
sjølve $ 79. Sjølve Regjeringi sagde,
at ”en betænkelig konstitutionel Kon-
flikt” (Grunnlovsstrid) kunde koma, der-
som Thinget for 3dje Gongen vedtok
Lennsmannsloven. No kann der in-

gen Grunnlovsstrid koma upp um dette, |

utan so er, at Ein reiser Tvil um $ 79.
Av Høgrebladi var det ”Fædrelandet”,
som vaagad seg lengst fram paa dette
Leitet. Det skreiv mill. A.: ”Grund-
lovens $ 79 har sagt, at Beslutningen
ddje Gang bliver Lov, for at sikre
Lovens Tilbliven, — hvad der dog ikke
er lykkets, fordi Grundloven ikke i $ 81
har givet nogen særskilt Regel om slige
Loves Udfærdigelse*) ”Fædrelandet”
finn altso, at det ”kke er lykkets at
sikre Lovens Tilblivelse” 9: at det ikkje
er visst, at ei ”Beslutning” vert Lov
etter $ 79. ”Fædrelandet” hev sidan
set seg nøydt til aa taka 1 seg eit
annat Uttal, som det kom med i den
same Saki; men det, som me her hev
prentad av, hev Bladet ikkje gjort
nokot ved, og Ein maa altso tru, at
det enno godkjenner denne Setningen.
Og dermed kann Fin ikkje vera i Tvil

um ”Fædrelandets” sanne Meining.

So vil Høgrepartiet hava eit Over-
hus og Rett for Kongen til naarsom-
helst aa uppløysa Thinget og lysa ut
nye Val, og dertil kunde det ikkje
vera or Vegen aa faa Røysteretten inn-
knipt eit lite Grand. Og endaa er
ikkje Høgreflokken fornøgd! Tingen
er, at alle desse ”Grunnlovsfortolknin-
gar” kann vera gode nok i ei snøgg
Vending; men i Lengdi vert dei nokot
brydsame. Difor hev dette Partiet, som
kallar seg Grunnlovspartiet, funnet
ut, at denne same Grunnloven vilde
hava svært godt av ei fullstendig ”Um-
støyping” (Revisjon). Han skal i Støy-
peskeidi for aa faa ei Form, som knnde
høva betre for dei ”grunnlovstro?! Det
var ein Innsendar i eit konservativt
Blad, som endaa reint ut fyreslog, at
det skulde setjast ei Nemnd til aa
gjera dette Arbeidet, og den Nemndi
skulde vera ferdig med sitt store Verk
i 1888, og so skulde væl Tinget ved-
taka den nye Grunnloven i 1889 (100
Aar etter den franske Revolusjonen).
Dei tenkjer væl, at Thinget daa vil
vera so ”upplyst” (av Novembersoli)
og so ”fedrelandshugat” (d.v.s. ”Fæ-
drelands”hugat), at det finn seg i
alt, som Høgre vilde leggja fram.
Men — vilde det ikkje daa vera godt,
um Kongemagti hadde absolut Veto?
spør du. Aa, gode Lesar, -eg er rædd
det vilde litet nytta. Der er ingen
Grunn til aa tru, at Kongen 1 eit slikt
Tilfelle vilde bruka Vetoet, um han
hadde det. —

Er det dit, Grunnlovspartiet vil?
Er det ei full Grunnlovsumstøypning,
det vil hava, ei Kollkasting av Eids-
vollsverket og av den Forfatningi,
Landet hev voret lukkelegt med 1 snart
70 Aar? Og er det for aa faa slik
ei Forfatningsumstøyping, at dei no
ligg og skræmer so smaatt med
Statskup?

*) Til dette siste maa merkjast, at det er
ikkje eingong sannt. $ 81 inneheld um
desse Lovarne: 1) at dei skal utgjevast
i det ”norske Sprog”; 2) at dei ikkje
skal utgjevast i Kongens Namn.

4g Det ser so ut. Høgre er langt

komet. Kor langt skal det koma i
1882? 2.

Kristofer Janson som Prest.

Til Nordbuarne i Amerika hev Kri-
stofer Janson haldet ein ”Program”"-
Tale, som me her tek inn etter eit
amerikanskt Blad, daa me trur, at
mange Lesarar vil hava Moro av aa
faa Greida paa hans Tru og Tankar.
Me vaagar dette for vaare Lesarars
Skuld, endaa Pastor O. Asperheim o.
fl. vil døma, at naar Fedraheimen kann
fortelja, kva Kristofer Janson trur, so
maa Fedraheimen sjølv tru som Kri-
stofer Janson.

Skandinaviske Venner!

Der har paa flere Steder her i Ame-
rika blandt Skandinaverne været ytret
Ønske om at faa en Præst hid paa et
mere liberalt Program. Venner, som
kjendte mit religiøse Standpunkt, have
troet, at jeg var Manden til dette Verk,
de har brevvexlet med mig om Sagen,
og Resultatet er, at jeg er kommen over
for at gjøre et Korsøg. Dette er den
egentlige Hensigt med min Reise denne
Gang. Jeg har kjempet lenge med mig
selv, før jeg turde vove dette Skridt.
Jeg forlader et nybygget, hyggeligt Hus
i en sund, vakker Ben; jeg forlader en
fri Virksomhed, som har interesseret
mig, og som hidtil har ladet mig wube-
rørt af økonomiske Sorger; jeg forlader
et friskt Kampliv, hvor der var fuldt
op for mig at gjøre, og som skal bygge
op det norske Folks Fremtid; jeg maa
opsige den Digtergage, hvormed det
norske Storthing har beæret mig; jeg
maa rive op min Familie og forsøge at
plante den om 1 en anden Jordbund;
Jeg maa lævge hele min Fremtid over
i andre Spor. Og hvad faar jeg isteden ?
— Det gjemmer Fremtiden i sit dunkle
Fang, men et er vist — jeg vil faa
megen Kamp og mange Bekymringer;
jeg vil faa en Strøm af Skjeldsord og
gemene Skriverier over mig; jeg vil
af dem, som kalde sig sande lutherske
Kristne, blive fremstillet som en Kjelt-
ring og en Djevelens Udsending til mit
Folk. Jeg har jo alt den korte Tid,
jeg har været her, seet Prøver paa den
Ting. Hvad kan da drive mig til at
forsøge dette Bytte” Først det, at jeg
fra min tidligste Ungdom har følt Trang
og Kald til Prestegjerningen, og at jeg
umulig kan opnaa den Stilling i en
norsk Statskirke med mine friere Ån-

skuelser; saa det, at jeg begynder at —

trættes ved de idelige Reiser, som et
Forelæsninosliv fører med sig i Norge,
at jeg længes til en mere stille Virk-

somhed inden en snevrere Kreds, hyor
jeg haabede at kunne virke til Velsig-

nelse. Udviklingen i Norge er desuden
nu kommen i saa gode Spor, og der er
saa mange gode Kjæmpere for Aands-
frihedens Sag, atjeg der er bleven mere -
overflødig. Her i Amerika troede jeg
at have et større Felt for min Virk-
somhed; jeg troede at kunne gjøre mere
for mit Folk herfra end fra Norge af.
Mesteparten af det morske Folk i
Amerika er jo repræsenteret af den ar-.
beidende Klasse; de er kommet: over
som. fattige, ulærde Folk, man kan ikke
rimeligvis blandt dem vente at finde no-
gen Leder, og den aandelige Udviklings
Strøm herover er derfor ganske natur-
ligt kommen i Presternes Hænder som
dem, der har de største Kundskaber, den
største Udvikling til at organisere, og
som ved sin Embedsstilling indtager den Å
mest fremskudte Plads. Den aandelige
Udvikling har derfor saagodtsom ude-
lukkende gaaet 1 religiøs Retning. Og
hvorledes har de norske Prester i Å merika
ialmindelighed benyttet denne sin Leder-
Stilling? Jo istedetfor at føre sine Me.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free