- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
44

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

44

Fedraheimen.

18de Marts 1882:

bad Leiv bruka dei, fyst ban hadde
’Bruk fyr Snarleik, for dei var skjotare
enn ville Dyr. Desse tvo gav Leiv
og Eirik Karlsemne med paa Ferdi.
Og daa dei hadde siglt fyre Furde-
strendanne. daa sette dei Skotlending-
anne i Land, og bad dei laupa sud-
etter og sjaa, kosso Lande.var laga
og kom aatte, fyrr tri Døgr var lidne.
Dei var klædde so, at dei hadde eitt
Plagg, som dei kalla Bjaval; det var
so laga, at det var ei Hetta øvst paa
det, og det var ope paa Sida, og utan
Ermar og knept millom Fotom; der
var det heft i Hop med ein Knapp og
ei Hempa, men bellest hadde dei ikkje
noko paa seg. Dei kastå Ankar og
laag der dette Bile. Og daa dei tri
Daganne var lidne, rende dei ner av
Lande; og den eine av dei hadde daa
ein Vindruve-Kongul i Hondi, og den
andre ein sjølvsaatt Kveite-Aks. Dei
sae til Karlsemne, at dei tottest hava
funne godt Land. Dei tok dei daa um
Bord og for sin Veg, til dess det gjekk
ein Fjord inn’ i Lande. Dei styrde
med Skipi inn i Fjorden. Der laag ei
Øy utfyre, og der var store Straumar
kring Øyi, difor kalla dei ho Straumsøy.
Der var so mykje Fugl der, at ein
snaudt kunne faa sett ned Foten millom
Eggji. Dei helt inn etter Fjorden og
kalla han Straumsfjord, og bar Farmen
av Skipi og stelte seg til aa slaa seg
ner der. Dei hadde med seg allslags
Fe og let det beita der, for der var
mykje Gras. Der var Fjell der og
fagre Utsyner. Dei brydde seg ikkje
um anna enn aa ransaka Lande. Dei
var der um Vetren, og Vetren vart
hard, og dei hadde ikkje sytt fyr det,
som turtest, so det vart trongt um
Maten, og Veidni tok au av. Daa for
dei ut til Øyi, for dei tenkte, dei kunne
finna noko Veideskap hell eittkvart
som kunne reka i Land. Dei fekk
likvæl lite til Mat, men Fe’e deira
treivst væl der. Sidan kalla dei paa
Gud, at han skulde senda dei noko til
Mat, men det kom ikkje so braatt,
som dei ynskte. Torhall kvarv burt,
og Folk gjekk burt fyr aa leita etter
han; dei helt paa med detta tri Døgr.
Den fjorde Dagjen fann Karlsemne og
Bjarne han Torhall paa Hamar; han
laag med Andlite 1 Vedre, og gapte
baade med Augo og Munn og Naser
og klora seg og klypte seg og mulla
noko. Dei spurde, kvifor han var
komen der; han svara, at det var det
same og bad, at dei ikkje skulde undra
seg yve det; han segjer, at han hev
livt si meste Tid so, at dei ikkje turte
syta fyr honom. Dei bad han fara
heim med seg; han gjorde so. Litt
etterpaa kom der ein Kval, og Folk
dro daa til og. skar han upp, men
:dei kjende ikkje, kva Slags Kval det
var. Karlsemne hadde mykje Kjenn-
skap til Kvalar, men han kjende endaa
ikkje denne. Denne Kvalen saud Mat-
sveinarne, og dei aat av han, men fekk
alle vondt av han. Daa gjeng Torhall
til, og segjer: ”Var det ikkje so, at
- Raudskjeggjen (d.e. Tor) vart ein beter
Ven enn Kristus dykkar? dette hadde
eg fyr Skaldskapen min, daa eg dikta
um Tor, Hjelparen min, sjeldan hev
han svikta meg.” Og daa Folk fekk
vita dette, vilde ingjen njota av det,

men kasta det ut fyr Bergje og sette
si Sak til Guds Miskunn. Dei fekk
daa ro ut, og det skorta daa ikkje
paa Føda um Vaaren. Dei fer inn i
Straumsfjord og hadde Byrgsla av baae
Landi, Veidn av Fastlande, Egg-Vær
og Utror av Sjøen. (Meir).

Kristiania, den’ 17de Marts.

Stortinget hev iseinste Vika synt, at
det med Aalvor og Kraft vil føra Striden
mot Regjeringi. Soleids negtaddetPeng-
arne (52000 Kr.) til Skars Krutverk.
Welde kom*fram med fremste Grunnen
for denne Negtingi, naar han sagde, at
det var ei Plikt paa alle loglege Maa-
tar, um det so var reine Budgetnegtin-
gar, aa faa Kongen til aa gjeva Gaum
etter det naudsynlege i aa skilja seg
ved eit Riksraad, som var til Skade for
Landsens Utvikling. I denne Saki stod
Vinstre som ein Mann. Ho gjekk igje-
nom med 70 mot 40 Røyster.

Dette er berre fyrste Tiltaket til ei
heil Rad med Bevilgningsnegtingar, som
Stortinget vil gjera i detta Aaret. Det
er soleids paa Tale, at det i det heile
vil verta eit Avslag i det kgl, Budget-
forslaget paa kring 1", Mill. Kr.

Av dei Bevilgningar, som vil verta
negtade kann ein fyrst og fremst merkja
seg. Forslaget um aa gjeva Kronprinsen
større Løn (80,000 Kr. for 30,000).
Detta Forslaget var uppe fyrre Aaret,
men fekk daa Fleirtal imot seg, serleg
av den Grunn, at Stortinget paa den
Maaten vilde syna, at det inkje hadde
Tillit til Riksraadet. Endaa det er dei
same Menn, som no sit i Tingsalen, og
endaa det politiske Tilstandet ev helder
verre iaar en ifjor, hev likavel Regje-
ringi vasgat seg til aa koma fram med
det same Forslaget aanyo, og ho hev
gjort det med Grunnar. som reint ut er
aa hæda Stortinget, idi ho hev sagt,
at ”Riksens Ara og Tarv” krev denne
Bevilgning og soleids skuldat Stortinget
for, at det inki skyna seg paa, kvat
Riksens Æra og Tarv krev. So my-
ket meir Grunn er det for Stortinget
aa segja nei her.

Av andre Bevileninesnegtingar, som
det er Tale um, kann me nemna Ut-
givtarne til Regjeringskontori (kring
50,000 Kr.), flestalle nye Saker, den nye
Anatomibygning, lesesalen aat Univer-
sitetsbilioteket, fleire Utgifter til Land-
bruket (nye Bygningar paa Aas Skule)
til Hamnebyggjing o. s. b.

Under Ordskiftet um Bevilgning til
Skars Krutverk nytte Byfut Livius
Smitt Tilføret til aa korma med ei poli-
tisk Preika um Regjeringi og dei ”store
og gode Handlingarne* hennar. Regje-
ringi hadde synt slik ,,.Imødekommenkhed-*
mot Stortinget; det skulde vera usant
aa segja annat.

At Regjeringi hev negtat aa gjera
Ross til Professor i Norsk;

at ho med *Reglementar* hev frei-
stat med aa gjera til inkjes fleire Skip-
nadar, som Stortinget hev vedteket (Sjø-
krigsskulen),

at ho hev motsett seg den Herskip-
naden, som Stortinget hev vedteket, og
som høver med "Tanken i Grunnlogi
og med Landsens Bvne;

at ho hev sett det suspensive Vetoet
mot nyttige lLogforslag (Prestegards-
logi, Skattelogi og Lensmannslogi);

at ho hev sagt nei til alt Samar-
beid og freistat med eit absolut Veto,
som Riksskipnaden ikkje kjenner, i Grun-
logssaker og Bevilgningssaker;

alt detta tykkjer Livius Smitt er
aa syna *Imødekommenhed* mot Stor-
tinget. I

I 1880 meinte ban nokot annat. Daa
sette han sjølv fram Forslag: til Mistil-
litsadresse mot Regjeringi. Men den
Gongen hadde Regjeringi ikkje synt
seg *imødekommende* mot Hr. Livius
Smitt ved aa gjera honom til Byfut i
Brevik.

Stortingethev ogso stroket Tiltalen
«*Naadigste Kouge.* Daa Præsidenten
kom fram med det vanlege Forslag um
at Stortinget skulde søkja Kongen um
Rett til aa sitja lenger en dei tvo Maa-
nadar, sette Qvam fram det Forslaget
at dei skulde bytta *naadigste Konge
med Til Kongen.* Han meinte det var
paa Tide aa faa burt den gamle usanne
Stasen. Sverdrup meinte og, at i den
skrivtlege Henvendelsen til Kongen var
det rettaste aa bruka *Til Kongen."
Forslaget vart vedteket med 60 mot 40
Røyster. Dei 60 var: Kaxrud, Sver-
drup, Frilseth, Berner, Krogh, Tonning,
Kirkhorn, Liljedal, Skaar, Konow, Lø-
berg, Juel, H. Bentsen, Thomesen, Rinde,
Egge, Leer, Jørg.-Veum, Hvamstad,
Blilie, Jørstad, Bilertson, Hektoen, Jacob-
sen, Mortensen, Hjelmstad, Glestad, Go-
yerud, Jahnsen, Holmesland, Reierson,
Jaabæk,’ Olsen, Lindstøl, Liestøl, Lille-
holt, Holm, S. Nielsen, Havig, Arctan-
der, Andersen, Aarflot, O. Nielsen, Qlaf-
sen, Bjering, Castberg, Borge, Lien,
Huser, Lisleby, Eskeland, Øverland, Kol-
benstvedt, Ueland, Wennberg, Tollefsen,

Qvam, DL. Bentsen, Soelberg, Vindal.
Burte var: Furulund, Taraldsen, Dahl,

Fougner, | Welde, Iversen, Aschehoug,
Krag, S. Soelberg, Knudsen, Schjørn,
Bisp Smitt, Fssendrop, Jenssen.

Det var soleids 7 Vinstremenn for
at *Naadieste* skulde verta standande:
Steen, Storsteen, Hurum, Haugland,
Enge, Didrichsen, Jakob Sverdrup.

Som me veit hev fleire av, vaare
Landsmenn utvandrat til Sandvichsøy-
arne, og fraa nokre av desse er det ko-
met Klagemaal um, at dei mest bev
det som Trælar der burte. Andre hev
sagt, at det inkje er so galet. Saa my-
kje kann ein daa segja, at det hadde
voret Skylda aat Repgjeringi aa fan
Greida paa Saki. No segja dei og, at
Regjeringi skal tenkja paa aa senda
nokre Diplomatar burt til desse Øyarne.
Det vert soleids talat um Nordmannen
Grip og Svensken Bildt. Samstundes
hey fleire Arbeidarar søkt Stortinget
um, at Tilstandet der burte maa verta
granskat, og Universitetsstipendiat Hel-
land hev søkt um ei Bevilening paa
8000 Kr. til ei Ferd der burt; under
denne vilde han baade granska Tilstan-
det og dei merkjelege naturvitenskape-
lege Tilburdar som finst paa desse Øy-
arne. Paa Grunn av detta hey Konow
sett fram Forslag um, at Stortinget skal
inkalla Statsminister Selmer, for at han
skal gjera Greida i Saki. Forslaget vil
vist verta vedteket af Stortinget, og 75
hi Grunlogi soleids koma i Bruk.

TI Odelstinget hev det voret eit
studt og breidt Ordskifte um Preste-
gardslogi. Det var Spursmaal um aa
driva henne igjenom ved Hjelp af $
79i Grunlogi, utan Samtykke av Regje-
ringi. Som ein kunde vita mislikad
Regjeringsfolket detta, og dei gjorde di-
for alt det, dei kunde, for aa faa Tin-
get burt.herfraa. Men det gjekk ikkje.
Bonnevie sette fyrst fram eit. Forslag
um at Odelstinget ikkje skulde ganga
inn paa Saki, men herimot røystad 60
Mann og berre 23 for. So sette han
fram det Forslaget, at dei skulde taka
det kongelege Forslaget, men herimot
røystad 58, men 29 var for det. Dei
58 var Vinstre og nokre moderate Høgre-
menner. Tilslut var det berre 21 Mann
som røystad for dei Forslag, som Bonnevie
og Roll sette fram til Umbrigde i Logi.

Kongen og Dronningi reiste um Tys-
dagen, Kongen til Sverige, Dronningi
til Holland.

Bjørnson hev halde Foredrag elder
kjem til halda i Eiker, Sandsver, Kongs-
berg, Sverdyik, Id, Berg.

Vedret er vaarlegt no som fyrr. Lerka
er komi, og Vaarblomarne tek til syna
seg.

England. Seks Gonger hev dei freista
paa aa taka Live av Viktoria. Her ein

Dag vart ho endaa ein Gong skoti paa
ay ein som heiter Maclean. Han raaka
ikkje, segjer at han ikkje sigta desmeir,
men gjorde det av Svolt. Det er uvisst,
um han ikkje er galen. — Gladstone hev
halde ein Tale paa 51, Time for Munn-
korglogi, so dugleg og overtydande, at
mest alle vart vunnne. Lordarne hev
bori Bord til si eigi Likkiste att; mange
av dei hev havt svære.Tap ved Glad-
stones Landlog i Irland; dei vilde no
sende ei Nemnd over og granske Saki.
Dette trur Underhuse, Gladstone og
Folke, dei ikkje hev Rett til og negtar
dei Pengar og Studnad. Det vert visst
ikkje lenge, fyrr ein Part av Pitts Spaa-
dom kjem til ganga for seg: at Over-
huse og Kongedøme fyrst vilde rjuke
med i det engelske Riksstelle. — Handels-
pakti med Frankrik hev ikkje komi
istand, men England er mest like negd.

Frankrike hev fengje nok aa gjera i
Tunis att. Dei hev vunne fleire Kast,
aa Mode tek alt paa falla hjaa Uppreist-
Mennenne. — I Tinge vil dei taka paa
eit Ordkast um aa segja upp Kyrkje-
pakti med Paven, Det kan bli ein stygg
Stein aa lyfte for Riksraade.

Tyskland. Bismark hev fengje sett
igjenom, at ein Sendemann skal fara til
Rom. Det nye Rikshushalds-Raade hans
hev tekje ved Tobakssaki (Bismark vil,
at Styre skal faa Einerett til aa laga til
Tobak; dei kann daa taka so mykje for
honom som dei vil og paa den Maaten
faa mange Pengar inn i Rikskassa). Saki
fær fleire og fleire Motstandarar, so det
er liti Von um at ho vert vedteki. Det
er vel daa mogeleg, at Stortinget vert
uppløyst, og so vert det daa Valstrid ut
over Sumaren.

Rusland. Den store Nibilist-Saki er
det no Slutt paa. 5 skal hengjast, an-
dre hev fenge Tvangsarbeid paa wuviss
Tid. Nibilistarne hev vunne alle ved
si Ferd og Skildringarne sine under
Forhøyre. Sjølve Keisaren skal ha vorte
kløkkt. Ein Løytnant, Sukanov, for-
talde, korleids all den Fælske og Rote,
han saag hjaa’alle Overmennenesine, hadde
nøydt han til aa bli Nihilist; dei mer-
kelegaste Ting kom for Dagen.

Austerike hev endaa ikkje fengje
knekkt Uppreisti i Herzegovina. Dei
hev do vunne i fleire bloduge Möte. —
Mest i alle Luter av Riket strider dei
ymse Folki for Maale sitt og Tjodska-
pen sin; den tyske Flokken er argare
enn nokonsinne. — Dei stræva med Ut-
vidking av Røysteretten, so alle fekk,
som betala 5 Gulden i Skatt (9 Kronor).

Serbia hev vorte Kungerike,

Rettingar i Nr. 10. I 2dre Lina paa
Iste Sida stod *foloa*, istdf. folna.
Nederst. paa 2 Sp. paa 4de Sida skulde
standa: av dei 384 røystad 27 o.s. b.

Fær du ikke Bladet lenger en Maa-
naden ut, so er det, av di du ikkje
hev betalt.

Naar du skriv til Bladet um noko,
so skriv tydelegt Namn og Posthus i
Brevet, ellest kann me ikkje godt vita,
kven du er, elder kvar du er.

Lysingar.
Overretssagfører Kr. J. Olsen,
Torvgaden 5b. Kristiania,
udfører Retssager, Inkassationer m. v.

Eit eksemplar tå A. Vangs ”Reglo o
Rispo frå Valdris” o eit tå ”Segner fra Byg-
dom I”, kjøpest gjedne te dubbelt pris av

Olav Semeleng, v. Slidre.

Kristiania.

Nikolai Olsens Boktrykkeri.

kane

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free