Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
25de Marts 1882. Fedraheimen. AT
Hop (0: ei smal Vik). Der fann det|yve Folkje til Karlsemne, og det let|stegjerningi si fyr Gud, daa Radi var |ikkje verta Ende paa Rikjet hans. (34)
sjølvsaadde Kveiteaakrar, der som dei |fælt i han, der han falt ner. Ved|komi til honom (9) etter Sedvane i|Men Maria sagde til Engelen: Kor-
var Lægder, men der som Lande var
høgre, var det alstad Vin-tre. Kvar
Bekk :der var full av Fisk: Dei gjorde
Graver nere i Flodmaale; naar so
Sjøen fall, var det Hellefiskar (Kvei-
tor) i Gravenne. Der var ei stor Mengd
Dyr i Skogjen av alle Slag. Dei var
der ein halv Maanad og moroa seg og
vart ikkje vare noko. Fee sit hadde
dei med seg. Og tileg ein Morgon,
daa dei saag seg um, saag dei nie
Skinnbaatar, og dei sto veiva rettsøles
med nokre Stavar i Baatanne; det let
mest som naar ein trøskjer. Daa sae
Karlsemne: ”Kva tru det tyder dette
Teikne?? Snorre svarar han: ”Det
kann vera, at det er eit Freds-teikn:
lat oss taka ein kvit Skjold*) og bera
imot.” Og so gjorde dei. Daa rodde
hine imot og undra seg paa dei og
gjekk i Land. Dei var smaae og ills-
lege Folk og hadde stygt Haar paa
Hovude, dei var storøygde og med
breide Kinner. Dei var der eit Bil
og undrast. Sidan rodde dei burt sud
fyre Nese. Dei hadde bygt Husi sine
upp ifraa Vatne. Sume av Stovonne
var næmare Vatne, og andre lenger
uppe. Dei var der denne Vetren; der
kom ingjen Snjo, og Fee deira gjekk
ute og fødde seg sjølv.
10. Daa det tok til aa vaarast
fekk dei sjaa ein Morgon tidla, at det
kom —vroande ei Mengd Skinnbaatar
sunnantil fyre Nese, so mange at det
saag ut liksom det var straatt med
Kol; dei veiva med Staurar i Baatanne
daa au. Dei lyfte daa upp Skjoldanne
og byrja Kaupstemna med einannan.
Det Folkje vilde helst kaupa raudt
Klæde; dei gav imot Skinnvaror og
Graaverk. Dei vilde au gjerna kaupa
Sverd og Spjot, men det forbaud Karls-
emne og Snorre. Dei gav fint Graa-
verk fyr Klæde, og gav eit Skinnn
fyr eitt Stykkje Klæde, ei Spann langt,
og batt det um Hovude; so gjekk det
eitt Bil. Men daa Klæde tok til aa
minka, skar dei det sundt, so kvart
Stykkje berre. var ein Finger breidt,
men endaa gav Skrælinganne likso
mykje hell meir fyr det.
11. Det hende seg, at ein Stut,
som Karlsemne aatte, kom rennande
utor Skogjen og bura høgt. Skreælin-
ganne vert fælne og renner i Baatanne
og rodde sidan sud fyre Lande; dei
fornam ikkje noko til dei i tri Vikor
etteraat. Men daa den Stundi var
lidi, ser dei ein stor Flokk med Skræ-
lings-baatar koma sunnantil firrande
fort; det vart daa veifta rangsøles med
Stavar, og alle Skrælinganne ylte høgt.
Daa tok dei raude Skjoldar og bar
imot. Dei gjekk daa mot einannan
og slost; det vart ei hard Rid med
Skot; Skrælinganne hadde Valsløngor*)
au. Karlsemne og Snorre ser, at
Skrælinganne hadde upp paa ei Stong
ein Ball so stor paa Lag som ein
Saudyomb og blaa paa Liten; dei
fløygde han av Stongji uppaa Land
’) Ein kvit Skjold var Freds-Teikn, men
ein raud var Ufreds-Teikn.
2) Valsløngar var eit Slags Slyngjor hell
her kannhenda det same som ”Strids-
flygjel”, ein Stav med ei tung Kula,
som var fest med ei Reim (Vigfusson).
dette kom der ein svær Otte yve Karls-
emne og hans Folk, so dei gav seg
til aa hopa undan og upp med
Aai, for dei totte, Skrælinganne kom
imot dei fraa alle Kantar, og
stodva ikkje, fyrr dei kom til nokre
Hamrar; der gjorde dei eitt hardt
Modstand. Frøydis kom ut og saag,
at dei drog seg unda. Ho ropa: *Kvi-
for renner di unda desse Stakkaranne,
so gilde Karar som di er, eg totte di
kunne hogga dei ner som Bufe: hadde
eg Vaapn, meiner eg, eg skulde slaast
beter hell nokon av dykk.” Dei gav
ingjen Gaum etter Ordi hennar, Frøy-
dis vilde fylgja dei, men ho vart noko
sein, for ho var fremmeleg; ho gjekk
endaa etter dei i Skogjen, men Skræ-
linganne søkte aat ho. Ho fann fyre
seg ein daud Mann, Torbrand Snorre-
son, og det stod ein flat Stein i Hovude
paa han; Sverde laag hjaa han og ho
tok det upp og vilde verja seg med
det. Daa kom Skrælinganne til henne;
ho tek Brjoste upp or Serkjen og slær
paa det med berre Sverde. Daa fæ-
lest Skrælinganne ved det og renner
undan til Baatanne sine og rodde burt.
Karlsemne og hans Folk fann henne
daa og rosa Mode hennar. Tvyo Mann
fall av Folkje til Karlsemne og fire av
Skrælinganne, men endaa rauk dei fyr
Yyemakti. Dei for so til Budenne
sine og undrast kva det var for Slag
alt det Folkje, som søgte inn paa dei
fraa Landsida; dei synest, at det berre
hev vore Folk det, som kom i Baa-
tanne, men det andre Folkje hev
vore ei Synkverving. =Skrælinganne
fann au ein daud Mann, som det laag
ei Øks hjaa. Ein av dei hogg i Stein
med ho, so ho brotna. Daa totte dei
ho ikkje va-til noko, naar ho ikkje
beit Grjot, og kasta ho ner.
(Meir)
Vangilja etter Lukas.
Fyste Hovudstykkjet.*)
(1) Avdi mange hava teket seg til
aa setja upp ei Forteljing um dei
Ting, som hava voret fullgjorde hjaa
oss; (2) soleis som dei hava lært oss
det dei, som fraa fystunne voro Auge-
vitne og Tenarar aat Ordet; (8) so
totte eg det var best etter at eg med Um-
sut hadde ransakat alt fraa Grunne,
aa skriva um det i Ordning til deg,
gjævaste Theofilus, (4) for at du kunde
verta viss paa Sanningi av dei Lær-
domar, som du er upplærd i.
(5) Det var i dei Dagom, daa
Herodes var Konge i Judæa, ein
Prest av Abias Skifte, som heitte
Sakarias; og Kona hans var av
Arons Døtter, og ho heitte Elisabet.
(6) Dei voro baae tvau rettsluttige fyr
Gud, og dei livde olastande etter
alle Herrens Bodord og Fyresetnin-
gar. (7) Og dei aatte ikkje Barn, avdi
Elisabet ikkje var barnkjømd, og
baae tvau voro langt uti Aari.
(8) Men det hende, daa han gjorde Pre-
*) Som Lesararne veit, er det no i Arbeid
aa faa skrive um noko av Bibelen paa
norsk. Her er ei Prøve paa, korleids
ein Mann tenkjer Umskrivti skulde
sjaa ut.
dei
Prestetenesta aa ofra Røykoffer fyr
Gud, daa gjekk han inn i Gudshuset.
(10) Og heile Folkemugen stod utan-
fyr og bad i Offertima. (11) Daa viste
det seg for honom ein Herrens En-
gel, som stod paa høgre Sida av Røyk-
offer-Altaren. (12) Men Sakarias vart
rædd, daa han saag Engelen, og der
kom Otte yver honom. (13) Men Enge-
len sagde til honom: Ottast ikkje
Sakarias, for Bøni di er høyrd, og
Kona di Elisabet skal eiga ein Son aat
deg, og du kjem til aa kalla Nam-
net hans Johannes. (14) Og du skal
hava Fagnad og Glede, og mange
skula fegnast ved hans Føding; (15)
for han skal verta stor fyre Herren
og ikkje drikka Vin elder sterke Dryk-
kjer; og han skal ifraa Moderlivet sit
fyllast med den heilage Ande. (16) Og
mange av Israels Born skal han hug-
venda til Herren deira Gud. (17) Og
han skal ganga fram fyre honom i
Elias" Ande og Kraft og hugvenda
Hjarto aat Fedrom til Bornom og dei
ulyduge til Hugen aat dei rettsluttige
og bua til eit vælstelt Folk aat Herren.
(18) Og Sakarias sagde til Engelen:
Kvat skal eg vita dette paa? for
eger gamall, og Kona mi er komi
langt uti Aari. (19) Og Engelen
svarade og sagde til honom: Eg er
Gabriel, som stend fram fyre Gud.
Og eg er send for aa tala med deg
og gjeva deg dette glade Bodskap.
(19) Og sjaa! du skal verta maallaus
og ikkje kunna tala, til den Dagen
kjem, daa dette hender, avdi du ikkje
vilde tru Ordi mine, som skal verta san-
nade i si Tid. (21) Og Folket bidde
paa Sakarias og undrast paa, at han
drygde i Gudshuset. (22) Men daa han
kom ut, kunde han ikkje tala til deim,
Jog Folket skynade, att han hadde set
ei Syn i Gudshuset; og han veittade
til deim og vart verande maallaus.
(23) Og det hende, daa Tenestedag-
arne hans voro ute, gjekk han heim
til Huset sit. (24) Men etter dette
vart Kona hans fremmeleg og helt
seg heime i fem Maanadar og sagde:
(25) Soleis heve Herren gjort imot meg
i dei Dagom, daa han saag til meg for
aa taka burt mi Vanvyrdsla imillom
Folket.
(26) Men i den sette Maanaden vart
Engelen Gabriel send av Gud til ein
Stad i Galilea, som heitte Nasaret, (27)
til ei Ungmøy, som var trulovad med
ein Mann, som heitte Josef, av Davids
Ætt. (28) Men Ungmøyi heitte Maria,
og Engelen kom inn til henne og
sagde: Heil deg, som er full av Naade!
Herren er med deg, du vælsignade
imillom Kvinnorna! (29) Men daa ho
saag honom, vart ho rædd ved Ordi
hans og undrast paa, kvat det skulde
vera for ei Helsing. (30) Og Engelen
sagde til henne: Ver ikkje rædd,
Maria, for du heve funnet Miskunn
hjaa Gud! (31) Og sjaa! du skal verta
med Barn og eiga ein Son, og du skal
kalla Namnet hans Jesus. (32) Han
skal verta stor og kallast Son aat den
høgste. Og Gud Herren skal gjeva
honom Kongestolen aat David, Fader
hans, (83) og han skal raada yver
Jakobs Hus i all Æva, og der skal
leis skal detta ganga til, daa eg ikkje
kjenner nokon Mann? (35) Og Enge-
len svarade og sagde til henne: Den
heilage Ande skal koma yver deg, og
Krafti aat den høgste skal skyggja
yver deg; difyr skal og det heilage,
som vert født av deg, kallast Guds
Son. (36) Og sjaa! Elisabet, Frend-
kona di, ho er og vorti fremmeleg
med ein Son i Alderdomen sin, og
denne Maanaden er den sette for
henne, som var kallad uberd, (37) for
hjaa Gud er ingjen Ting umogeleg.
(38) Og Maria sagde: Sjaa! eg er
Herrens Tenestkvinna. Lat det timast
meg etter dine Ord. Og Engelen gjekk
bort ifraa henne.
(39) Men Maria stod upp i dei
Dagom og gjekk skundsamt uppi aat
Fjellbygden aat ein Stad i Juda (40)
og gjekk inn i Huset aat Sakarias og
helsade til Elisabet. (41) Og det
hende, daa Elisabet høyrde Helsingi
hennar Maria, rørde Fostret seg i
Livet hennar, og Elisabet vart upp-
fyld av den heilage Ande. (42) Og ho
ropte med høg Røyst og sagde: Væl-
signad er du bland Kvinnom, og væl-
signad er Livsfrukti di. (43) Og kvat
kjem det seg av, at Moder aat Her-
ren min kjem til meg? (44) For
sjaa! daa Helsingsrøysti di kom meg
for Øyrom, daa rørde Fostret seg 1 Li-
vet paa meg av Gleda. (45) Og sæl
er ho, som trudde, for det skal full-
gjerast, som er kunngjort henne av
Herren.
(46) Og Maria sagde: Sjæli mi lo-
var Herren, (47) og Andi mi gled
seg i Gud, Frelsaren min, (48) av di
han heve set ned til Smaalætet aat
Tenestkvinna si; for sjaa! ifraa dette
Bilet skal alle Ætter kalla meg sæl;
(49) for den allvelduge heve gjort store
Ting imot meg, og Namnet hans er
heilagt; (50) og Miskunni hans varar
fraa Ætt til Ætt mot deim, som ottast
honom. (51) Han heve gjort Storverk
med Arme sinom; han heve støkt fraa
einannan deim, som hava storlaatne
Tankar 1 Hjarto sine. (52) Han heve
støytt dei velduge ned av Kongstolom
og heve hovet upp dei smaalaatne. (53)
Dei svoltne heve han fyllt med goda
Gaavor, og dei rike heve han sent
burt tomhendes. (54) Han heve hjelpt
Israel, Sveinen sin, og minnst Miskunni
si; (55) soleis som han talade til Fe-
derne vaare til Abrabam o3 Avkjøme
hans i all Æva.
(56) Men Maria drygde hjaa henne
um Lag tri Maanadar; sidan foor ho
heimatt til sitt.
(57) Men Tidi kom for Elisabet, at
bo skulde eiga, og ho aatte ein Son.
(58) Og Grannarne og Skyldingarne
hennar høyrde, kor stor Miskunn Her-
ren hadde gjort mot henne, og dei
samfagnade seg med henne. (59) Og det
hende den aattande Dagen, at dei komo
og skulde umskjera Barnet og kallade
han Sakarias etter Farsnamnet hans.
(60) Og Moder hans svarade og sagde:
Ikkje det, men han skal heita Johan-
nes. (61) Og dei sagde til henne: det
er ingjen i Ætti di, som hadde det
Namnet.
(62) Og dei gjorde Teikn til Fader hans,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>