- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
60

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HE
|
|

det.

60

Fedraheimen.

s

l5de April 1882.

so greidt aa setja fram sine Tankar og
Kjenslar so klaart og fullt, at me fær
eit sannt Bilæte av dei; men hjaæ oss
sjølve aa faa eit sannt Bilæte av Livet
utanum oss, er mykjet vandare. Um
det so berre er eit Landskap, kann det
vera ulike Meiningar um det millom
tvo, som hev set like mykje paa det;
den eine tykkjest hava set det, den an-
dre bitt. Me tarv her inkje koma inn
paa den filosofiske Tvilen um Sansningi
er aa lita paa; det er visst nok, at ho
er ufulkomen, og det sama er vaar Upp-
fatning av det, me hev sansat. Dette
kjem att og mykjet vandare, naar me
hev med Menneskjet aa gjera. Her kjem
det so mykje an paa, kot me likar elder
mislikar. Me likar og mislikar Dyr,
Tre, Stein, Gras og Blomar, men størst
vert Skilnaden, naar det gjeld um Men-
neskjet. Men, det me inkje likar, vil
me inkje gjeva oss Tid til aa studera,
og um me endaa gjev oss i Ferd med
det, vil me inkje hava god Framgang
med aa skyna det. Mange Menneskje
forstend me aldri, fyrdi me inkje gjev
oss nokot av med dei, avdi dei inkje
kann kveikja nokon Fysnad hjaa oss, elder
avdi me inkje forstend Grunnlaget 1 dei
og Livssynet deira. Og lat oss inkje
gløyma det: Me hev vondt fyr, med
bedste Viljen vaar, aa gjera Rett og
Skjel mot alle i Umdøme vaart. Og so
tilsist: me kjem so litet vidt med Ran-
sakingi og Røynsla vaar. Det er inkje
mange av oss, som kjenner godt meir
held nokre faa; og eit grundt Kjenn-
skap , til Mennesket er litet aa lita
paa. Me tek fyr oss Sogemennerne:
kor faa det er, me torer lita paa i
alle Stykkje! So vantad det nokot
paa deira Skyn, so var dei blinde av
Medhug elder Mothug i det, dei lagde
fram. Og mno skulde me i eit Sprang
hava sett framum denne Vanraad! Det
djupaste i Mannalivet er Trui. Lat
den naturalistiske Diktaren setja fram
fyr oss sitt religiøse Livssyn og si Røynsla
i den Vegen, so me kann faa sjaa, um
dei hev Dugleik til aa døma um det

religiøse Livs ulike Framsyningar, i.

D. Hev dei inkje det, so kann dei inkje
døma um det djupaste i Mannalivet.
Eg trur, at Naturalistarne, um dei hel-
lest er sanne mot seg sjølve, hev Vilje til
aa syna fram Livet som det er, men dei

- evler inkje Saki; dertil vantar det baade

paa naturlegt og andelegt Tilføre. Det
var dette, som stod fyr meg, naar eg

skreiv: ”Ein Diktar lyt hava eit Hjarta,

som lever med i det, som vert skildrat;
hev han inkje det, so er han ingen
Diktar; han maa vera livande interesserat
i det han set fram fyr oss; han lyt i
Skildringi syna si eigi Uppfatning av
det, han skildrar; han set Farge paa det
av Livet, som han syner fram i si Dikt-
ning; han skildrar Livet, som det er,
med den Baktanken aa syna oss, korleis
det skal vera; han lyt vilja nokot med
det han skriv; han lyt vilja gjera seg
til Folkets Lærar” Hr. G. tykkjest
hava forstadet desse Ordi slik, at eg
vilde gjeva Diktararne ei Fyreskrift,
ein Recept, som dei skulde dikta etter.
Tru det gjerer Hr. G. nokor Æra, at
han hev forstadet meg slik?” Tru han,
naar han vilde analysera Ordi etter

Aristoteles” Tankelære, vilde koma til

denne Slutningi? Eg kann inkje sjaa
Bg kann inkje sjaa annat, enn at
mine Ord ovanfyr kann og lyt takast
um ei Naudsyn, som er grunnat inkje i
Diktningslogi, men i Menneskjenaturi,
og som altso høyrer til den sanne ”Na-
turalismen”,

Hr. G. meinar, at Diktningi altid
er poetisk, naar ho berre er naturalistisk,
syner fram Livet som det er. Det er
Zolas Meining, og det er Arstoteles’s
Meining —? Fyrr me prøver denne Tan-
ken, skal me som viljuge Læregutar aat
Aristoteles sjaa til aa faa Tak idet, som
meinast med ”Livet som det er”, med
”det verkelige Livet”. Bene docent,
qui dene distingumt (”skal me læra

klaart, lyt me tenkja klaart”). Me hev,
so vidt eg veit, tri Slags Liv, Vokster-
liv, Dyreliv og Mannaliv — og uedan-
fyr Livet ligg det livlause Tilvære.
Trur Hr. G., at Naturalistarne er dei

fyrste, som hev uppdagat, at Jordi med

alt, som er paa den, er ven? Veit han
inkje, at Bibelen segjer oss: ”Himlarne
fortelja oss Guds Æra og det utspennte
Tjeld hans Hendars Gjerningar?” og:
”Heile Jordi er full av Herrens Herleg-
dom?” Kjenner han inkje Brorsons:
Op al den Ting, som Gud har gjort?
Me trur vel, at Syndi hev lagt som ei
Skodda yver Naturi, og Menneskjet hev
vel og ofta skjemt hout; difyre meinar
me ogso, at likesom Mannatanken og
Mannaarbeidet kaun gjera Naturi venare,
enn ho er i seg sjølv, so kann Kunsten
gjera det sama; men endaa so er me
fullt med paa, at al Guds Skapning,
fraa Berg og Stein til Hest og Løya er
full av poetisk Venleik. Er det no det,
Hr. o. meinar, at den naturalistiske
Diktning altid er fager, avdi ho syner
fram Guds Gjerning i Naturi?” Det
meinar han vel inkje. Diktaren kann
vel i Ord teikna Landskap og Dyr fyr
oss, men han stend no i dette Stykkjet
langt attum baade Maalaren og Biæt-
hoggaren. Diktaren hev fyrst og framst
med Mannalivet aa gjera; i det er vel
Hr. G. samtykt med meg. Men daa lyt
han ogso — etter sine eigne Ord —
meina, at der altid er Poesi i Manna-
livet. dJa, naar berre inkje Syndi var!
men ho gjerer Livet svært stygt, ho.
Var det i Mannalivet inkje nokot høgre
enn i Vokster- og Dyrelivet, so vilde det
uok altid vera vent, trur eg. Men
Mannen kann gjera seg sjølv stygg, han,
avdi han hev Fridom. Det gjerer ein
stor Skilnad det. Hr. G. hev leset Ari-
stoteles, vonar eg. Vil Hr. G. fortelja
oss, korhelst Aristoteles segjer det, at
Manmnalivet altid er vent, og at den
naturalistiske Framsyningi av det altid
er Kunst og Poesi?

Medan eg skriv, kjem Avisorne; i
dei stend det um ei Sak, som vert førd
millom den naturalistiske Diktaren Zola,
som me fyrr hev nemnt, og ein Sak-
førar i Paris. Sakføraren er Klagaren.
Forsvararne hans greider ut fyr Retten
um Tendensen i Zolas Romanar. Det
er no inkje berre Advokaten, som talar
um denne Tendens; Zola gjerer det
sjølv. I eit Skriv, han set inn i eit
Blad, segjer han, at han med Diktningi
si berre hev havt eit moralsk Fyre-
maal fyr Augo og at han med Vilje
hev maalat ”Situationen” med
stærke FVargar "for aa gjeva Røyns-
lurne (Kjendsgjerningerné) ein skarpare
Logik.” Og endaa fortél Hr. G. oss, at
Naturalisten skriv utan Tendens, einast
for aa syna fram Livet, som det er,
utan aa vilja ”prakka sine Tankar elder
sine Kjenslur inn paa Folk” (’).

Speande segjer Hr. G., at ”Striden
(um Naturalismen), som i Frankrike er
ein Strid millom æsthetiske og sam-
fundsmoralske Synsmaatar, hjaa oss vert
til ein Strid um Trui.” Veit Hr. G,,
korleis dei kristne 1 Frankrike fører
Striden, og kot dei kjempar imot hjaa
den naturalistiske Diktningi? Trur han,
at dei kristne i nokot Land skil Sam-
fundsmoralen ut fraa Trui, so der inkje
vert nokot Samband millom dei? Dei
Franskmenn som inkje skriv ut fraa
eit kristelegt Livssyn, ser vel inkje len-
ger enn til Moralen; men Hr. G. gjer
best fyr seg sjølv i inkje aa fortelja oss,
at dei kristne i Frankrike 1 Striden
mot Naturalismen berre syner fram
Umoralen i denne Diktning:i.

(Meir).

-
Retting j f. No. ”Naturalismen ein
Spescies m. Am.” istf. ”ein Species av
den.”

Kristiania, den l4de April.
Eit Ministerinm Sverdrup tek dei til
aa krevja no. Tvyo store Folkemøte hev
med stort Fleirtal sagt, at Sverdrup

maa vera Mannen til aa føra Landet

fram til Ro att etter denne lange og
leide Striden..

Det er godt, at dette vert sagt. Det
er so greidt, at Folk maa forstaa det,
endaa um dei ikkje er ”Genier”. Og

mot slike Uttal kann det ikkje nytta|

Høgrebladi aa koma med ”Fortolkningar”.
Morgenbladet likar det ikkje helder,
kann Ein sjaa.

Men um Folket fær sitt gode og
naturlege Ynskje fram, — det kjem an

Op um

paa den ”kongelege Visdom”. g

den er der so mange Meiningar. —

I 1880 hadde Vinstre funnet seg 1 eit
Riksraad Sibbern. Me fekk ikkje Sib-
bern. Men
der er dei,som trur, at Kongemagti no
hev det ”historiske Kall" aa umyenda
dei gamle kongedyrkande Nordmennerne

TIaar krev dei Sverdrup.

til Fristaten, og dersom dette er so, —
so fær me ikkje Sverdrup belder. Konge-
magti vilde svika sitt historiske Kall
ved det: ho vilde styrkja seg sjølv ista-
denfor aa styrkja Fristatstanken. —
Men Folket bør ærlegt og fast segja
sin Vilje. Resten fær daa koma an paa
”den kongelege Visdom”, — kor som er.

Budstikka fortél, at Karl IT Johan
aatvarad Son sin mot ”Genierne” elder
dei ”sterke Aander”.

Folk, det, meinte gamle Jean Baptiste.

Det var faarlege

Naa, jaja; me skal ikkje segja so
mykje um det; smaa Menn er altid rædde
Men at Budstikka vil fortelja
Det er
Var me som Budstikka, so

dei store.
Folk ein sovoren Ting! meir
merkjelegt.
vilde me %igja- med slikt!

— Ein Ting synest hellest vera viss:
Karl Johans Ord kann ikkje ha voret
Slik ein Ting
som Selmers Ministerium f. Eks:, — det

skriyne 1 Gløymeboki.

maatte just vera nokot for den gamle
Revolusjonsgeneralen, som var so rædd
for ”sterke Aander”! For der kunde han
leita med baade Ljos og Lykt, og endaa
ikkje finna nokot av det Slaget.

Vinsirebladi hev ei Tid brukt aa prenta
av $ 119 i Grunnloven, for at Folk lik-
som kunde læra den, elder for at dei all-
stødt. kunde sjaa, at den Paragraffen av
Grunnloyen, som handlar um Grunn-
lovsforandringar, ikkje veit av det abso-
lute Veto.

Til Svar prentar Fædrelandet i kvart
No. med uhorvelege Bokstavar — den
Paragrafen i Grunnloven, som gjev Kon-
gen absolut Veto? Nei. Ingen Paragraf
i Grunnloven. I Grunnloven kann
Fædrel. ikkje finna det absolute Veto
Nei; Fædrl.
prentar av — med uborvelege Bokstavar

meir enn mnokon annan.
— tvo Adressesetningar fraa 1824.

— For i Grunnloven sjølv finst Vetoet
ikkje!

Av sine eigne skal ein ha det! No-
vemberformannen OC. Gulbranson, som
fer ikring og agiterar, men som %kkje
er ”omreisende Agitator”, sagde til dei
50 Novembermenn, som heldt ”PFolke-
møte” i Sandviki her um Dagen, at
den politiske Striden, Landet no var
komet uppi, var so øydeleggjande, at
Norig kanhenda alt hadde ”set sine be-

ste Dagar". — Stakkars Regjering! |

Av Biskop Smitt fekk ho vita, at Sank-
sjonsnegtingi av 29de Mai

1880 var |

”den største Daarskap, som var gjord

her i Landet etter 1814”, og av Gul- |

branson maa ho no høyra, at ho kanskje
hey øydelagt sjølve Landsens Framtid.

Usæl er den, som fær slikt Lov, —

og det av sine eigne Venner.
Aandsmagter. ”Dei gode Vinstremenn
fær ikkje driva det for vidt; dei kann
ikkje vita, kor lengje Sverig vil finna
seg i det”, segjer Morgenbladet.

Det paakallar — Provinsaanden.

”Storthingsmajoriteten er ikkje faar-
leg; berre Bygde-Interessurne kjem upp,
so kløyver han seg, og so vinn Mino-
riteten,” segjer Morgenbladet.

Det byggjer paa — Bygdeaanden.

”No hev Bønderne Magti; men held
dei Lag med Vinstre, so kjem dei til
aa hjelpa andre Stand fram ved Sida
av seg, og so vert det Slutt med Bon-
dens Magt,” segjer Morgenbladet.

Det hev Bruk for — Klasseaanden.

Provinsaand — Bygdeaand — Klas-
seaand, det er nok Høgrepolitikkens store
”Aandsmagter no.”

Men det er rimelegt nok, at det
gjeng bak-ut med Bakstrævet!

Taake Fuglar maa Fredriksstad-Sjø-
gutarne vera, dersom Ein skal tru den
Fredriksstadske ”Presse”. Dei
nemleg ikkje aa sjaa sitt Fedrelands
fortél eit MHøgreblad

”taaler”

Nasjonalfargar,
der nede.

Jarnvegen millom Halden og den
svenske Sjø Venern er privat. Det er
meste norske, som eiger ban, men alt
Styret er svenskt (forutan Stasjonsme-
strarne paa norsk Grunn). Ahlbom hei-
ter han som hev voret Formann for
Drifti, og Bjurling hev vore Kasserar.
Desse hev slegje seg i Hop og søkt
snyta Jarnvegen. Men Sakførar O. Å.
Dietz, som er Ettersynsmann for Reikn-
skapet gaadde at det, og no er dei baade
sett fast. Det er nok ein 20,000 Kro-
nor dei hev tekje til dess.

Politisk Høte vart halde i Hougsund 3
Paaskedag. Det var Høgrefolk, som
fekk istand Møtet; likevæl var det
505, som røystad for Kravet paa Johan
Sverdrup til Fyrsteriksraad, men berre
25 imot.

Et Møte same Dagen i Kil inmed
Kraakerøy gjorde same Kravet.

Ein stor Komet skal koma til Suma-
ren. Dei segjer jamvæl, at han skal
verta sjaaande ljose Dagen.

Tingvale i Sud-Trøndelagen skal hal-
dast den 17de September. :

Ein Arbeidarbank freistar dei faa i
Stand i Kristiania Arbeidarsamfund.

Retting. I Salma: ”Gud Heilagaand
hjelp oss” stod i lste Verset ”Sannings-
grunn”, skal vera Soningsgrunn.

Ly SI in gar.
Det norske Samlaget

Aarsmöte Tysdag 18de April Kl.
8!/, Kveld i Studentarsamfundets Re-
stauration. Rekneskapsavgjerd, Val m.m.

Styret.

EEE æ

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free