- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
59

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

men den minste

15de April 1882.

Fedraheimen.

59

som skal bua Vegen din fyre deg.
(28) For eg segjer dykk: av deim, som
era fødde av Kvinnor er ingjen større
Spaamann enn Johannes Døyparen;
i Guds Rikje er
større enn han. (29) Men alt Fol-
ket høyrde det, og Tollmennerne gaavo
Gud Rett, daa dei vorto døypte med
Daupen hans Johannes. (30) Men Fa-
risæarne og dei loglærde mismætte
Guds Raad for seg sjølve, og dei vorto
ikkje døypte av honom. (31) Men Herren
sagde: Kva skal eg likna Folket av
denne Ætti med? Og kva era dei
like? (32) Dei era like dei smaa Born,
som sitja paa Torge og ropa til kvar-
andre og segja: Me spelade for dykk,

| og de dansade ikkje; me songo Syrgje-

songar for dykk, og de greto ikkje. (33)
For Johannes Døyparen kom, han kor-

- kje aat Braud elder drakk Vin, og de

segja: han heve ein urein Ande. (34)
Meneskje-Sonen er komen, han eter
og drikker, og de segja: Sjaa, for
ein Storetar og Drikkar, Ven av Toll-
menn og Syndarar. (35) Og Visdomen er
dømd . rettsluttig av alle Bornom sinom.

(36) Men ein utav Farisæarom bad ho-

’haare sinom.

dineera gjevne deg til.

nom, at han vilde eta hjaa honom,
og han gjekk inn i Stova hjaa Fari-
sæaren og sette seg til Bords. (389)
Og sjaa, der var eit Kvende i Staden,
som var ein Syndar; daa ho fekk spurt
at han sat til Bords i Stova hjaa Fa-
risæaren, tok ho fram ei Alabaster-
Krukka med Salva, (38) og stelte seg
attum honom ved Føterne hans, gret
og byrjade aa væta Føterne hans med
Taaror, turkade dei med Hovudhaaret
sit, kyste Føterne hans og smorde dei
med Salva. (39) Men daa Farisæaren»
som hadde bodet honom, saag det,
talade han ved seg sjølv og sagde:
Var han ein Spaamann, visste han,

v N
kven og kvat Slag Kvende denne er,

som rører ved honom; for ho er ein
Syndar. (40) Og Jesus svarade og
sagde til honom: Simon, eg heve no-
kot aa segja deg! Men han sagde:
(41) Meistar, seg det! Ein Gjøldemann
hadde tvo Skuldemenn. Ein var skul-
dig fem hundrad Peningar, og den
andre femti; (42) men daa dei inkje
hadde aa bitala med, gav han dei
baaom det etter. Seg: Kven av deim
skal difyr halda mest av honom? (43)
Men Simon svarade og sagde: Eg tyk-
kjer den, som han gav mest etter.
Men han sagde til honom: du dømde
rett. (44) Og han snudde seg til Kvinna
og sagde til Simon: Ser du denne
Kvinna? Eg kom inn i Stova di; du
heve ikkje gjevet meg Vatn til Føtom
minom; men ho vætte Føterne mine med
Taaror og turkade deim med Hovud-
(45) Du gav meg ikkje
Kyss; man sidan ho kom inn, heve ho
ikkje haldet upp med aa kyssa Føt-
erne mine. (46) Du heve ikkje salvat
Hovudet mit med Olja; men ho sal-
vade Føterne mine med Salva. (47)

- Difyre segjer eg deg, at dei mange

Synderne hennar era gjevne henne til,
for ho elskade so mykjet; men den, som
litet er gjevet til, elskar litet. (48)
Men han sagde til henne: Synderne
(49) Daa byr-
jade dei, som saato til Bords med ho-
nom, aa segja ved seg sjølv: Kven
er denne, som tilgjev Synder? (50)

Men han sagde til Kvinna: Trui di
heve frelst deg: gakk burt i Fred!
Aattande Stykkjet.

Og det hende sidan, at han gjekk
gjenom Stader og Byar og preikade
Gledebodet um Guds Rikje, og dei
tolv med honom. (2) Og nokre Kvin-
nor, som voro heilbrigde fraa vonde
Andar og Sjukdomar: Maria, som
kallast Magdalena, sjau vonde An-
dar hadde faret or, og Johanna,
Kona til Kusas, som var Faut
aat Herodes, og Susanna og manga

jandra, som tente honom med Eigedom- |

om sinom. (4) Men daa mykje Folk
var komet saman, og dei gjengo ut til
honom or Stadom, sagde han til deim ei
Likning: (5) Ein Saamann gjekk ut
til an saa Sædet sitt; og daa han saadde.
fall nokot ved Vegen, og det vart trødt
ned, og Himelens Fuglar aato det upp;
(6) og nokot fall paa Berg; og daa det
voks upp, turkadest det burt, for det
ikkje hadde Vætska. (7) Og nokot fall
midt: millom Tyrner, og Tyrnerarne
vokso upp og kvavde det. (8) Og no-
kot fall i god Jord og voks og bar
hundrad Foll Aavokster. Daa han
sagde dette, ropte han: Den, som
heve Øyror aa høyra med, han
høyre. (9) Men Læresveinarne hans
sporde honom og sagde: Kvat skal
denne Likning tyda? (10) Men han
sagde til deim: Aat dykk er det gjevet
aa vita Guds Rikjes løynlege Ting;
men aat dei andre gjenom Likningar, for
at dei, som sjaa, ikkje skula sjaa, og dei,
som høyrar ikkje skula høyra. (11)
Men det er Likningi: Sædet er Guds
Ord. (12) Men dei ved Vegen era dei,
som høyra; deretter kjem Djævelen og
tek Ordet burt or Hjarto deira, for
at dei ikkje skula tru og verta frel-
ste. (13) Men dei paa Berget era dei,
som taka imot Ordet med Gledi, naar
dei høyra det; og desse hava ikkje
Rot; dei tru eit Bil men falla ifraa
i Freistings-Tidi. (14) Men dei, som falla
imillom Tyrnerom, era dei, som høyra;
men daa dei ganga med Sut for Rik-
dom og i Lystom, verta dei kjøvde,
og dei ber ingjen full Aavokster. (15)
Men det i den gode Jord er dei, som
sjøyma Ordet i gode og sæduge Hjarto,
naar dei høyra det, og bera Alda av
det i Tolmod. (16) Men ingjen, som
tender eit Ljos, gjøymer det under eit
Kjer, elder han set det under Benken,
men set det paa ein Stake, so at
dei, som koma inn, kunna sjaa det.
(17) For det er ikkje nokot gjøymt,
som ikkje skal verta openbert, og ikkje
er nokot løynt, som ikkje skal verta
kjent og koma fram 1 Ljoset. (18)
Sjaa difor etter, korleis de høyra;
for den, som heve, til honom skal verta
gjevet, og ifraa den, som inkje heve,
skal det’ takast det, han synest aa
hava. (19) Men Moder hans og Brø-
derne hans komo til honom og kunde
ikkje faa honom i Tala for Folkemugen
si Skuld. (20) Og det vart sagt til
honom: Moder di og Brøderne dine
standa der ute og vilja sjaa deg. (21)
Men han svarade og sagde til deim:
Moder mi og Brøderne mine er dei,
som høyra Guds Ord og gjera etter
det. (22) Og det hende ein av dei
Dagom, at han og Læresveinarne hans
gjengo ut paa ein Baat, og han sagde

til deim: Lat oss fara yver Vatnet,
og dei foro ut. (23) Men daa dei
siglde, sovnade han; og der kom upp
ein Kvirvelvind paa Vatne, so at Baa-
ten vart fyld, og dei voro i Faare.
(24) Men dei gjengo til honom, vekte
honom upp og sagde: Meistar, me
forgangast. Men han reis upp og
døyvde Vinden og Vatnsbylgjorne, og
dei lagde seg, og det vart Stilla. (25)
Men han sagde til deim: Kor er
Trui dykkar? Men dei ottast og un-
drade seg og sagde til einannan: Kven
er denne, for han byd baade Vind og
Vatn, og dei lyda honom. (25) Og
dei siglde til Bygdi ved Gadara,
som ligg midt imot Galilea; men
daa han gjekk paa Land, møtte det ho-
nom ein Mann utor Staden, som i
lang Tid hadde havt vonde Andar, og
som ikkje hadde Klædi paa seg og
ikkje budde i Hus, men i Gravom.
(28) Men daa han saag Jesus, ropade
han, fall ned fyr honom og sagde med
høg Røyst: Kvat heve eg aa gjera
med deg, Jesus, den høgste Guds
Son? eg bed deg, at du maa ikkje
plaga meg. (29) For han hadde bedet
den ureine Auden fara ut or Mannen;
for den hadde sletet honom i lang
Tid, og han hadde voret bunden
med Lekkjor og Fjøtra og voret
vaktat, og han hadde rivet sunder
Fjøtrarne og var driven av den vonde
Ande ut i Øydemarkjerne. (30) Og
Jesus sporde honom og sagde til ho-
nom: Kvat er Namnet dit? Og han
svarade: Legion, av di mange vonde
Andar voro farne inn i honom. (31)
Og dei baado honom, at han ikkje
skulde bjodadei aa fara nedi Avgrunnen.
(32) Men der gjekk ein stor Svineflokk
i Beite paa Berget. Og dei baado ho-
nom, at han vilde lata deim fara inn
i desse, og han let deim gjera det.
(33) Men dei vonde Andar foro ut or
Mannen inn i Svini; og Svineflokken
velte seg strakst utfyr Bakkarne ned
i Vatnet og bleiv. (34) Men daa Gjæ-
tarne saago det, som var hendt, flydde
dei og fortalde det i Staden og
paa Landet. Men dei gjengo ut
aa sjaa det, som var hendt; og dei
komo til Jesus og funno den Man-
nen, som dei vonde Andarne voro

farne utor, sitjande paaklædd og med

full Sans ved Jesu Føter, og dei vorto
rædde. (36) Men ogso dei, som hadde
set det, fortalde, korleis han, som
hadde havt dei vonde Andar, var
heilbrigd. (37) Og alt Folket i
Bygdi umkring Gadara bad honom,
at han vilde ganga ifraa deim, for
dei hadde fengjet ein stor Otte. Men
han gjekk inn i Baaten og for tilbaka
att. (38) Men den Mannen, som dei
vonde Andar voro fårne utor, bad, at
han maatte faa vera hjaa honom; men
Jesus let han ganga og sagde: (39)
Gakk til Huset dit og fortel, ko store
Ting Gud heve gjort imot deg. Og
han gjekk og forkynde 1 heile Staden,
ko store Ting Jesus hadde gjort imot
honom.

(40) Men det hende, daa Jesus
kom att, daa tok Folket imot honom;
for alle ventade paa honom. (41) Og
sjaa, ein Mann kom til honom; han
heitte Jairus og var Styresman for
Stemnetova; og han fall ned for

Jesu Føter, bad honom koma heim i
Huset sitt. For han hadde ei ein-
bernd Dotter, tolv Aar gamal, og ho
var daai; men daa han gjekk, trengde
Folket inn paa honom. Og eit Kvende,
som hadde havt Blodgang i tolv Aar
og hadde kostat burt al sin Eigedom
paa Lækjarar og hadde ikkje vorte
heilbrigd av nokon; (44) kom attentil
og srørde ved Kanten av Kjolen
hans; og straks staggade Blodgan-
gen hennar. (45) Og Jesus sagde:
Kven rørde ved meg? Men daa
alle negtade det, sagde Petrus og
dei, som fylgde med honom: Meistar
Folket skyv og trenger deg, og du
segjer: Kven rørde ved meg? (46)
Men Jesus sagde: Nokon rørde ved
meg, for eg merkte, at ei Kraft gjekk
ut or meg. (47) Men daa Kvinna saag,
at ho ikkje kunde løyna det, kom ho
skjelvande og fall ned for honom og
fortalde, so heile Folket høyrde paa det,
kvifyr ho rørde ved honom, og korleis
ho strakst vart heilbrigd. (48) Men
han sagde til henne: ver frihugad,
Dotter! Trui di heve hjelpt deg; gakk
burt i Fred! (49) Men daa hån enno
talade, kom det ein ifraa Huset til Stem-
nestovestyraren og sagde til honom:
Dotter di er daai; umak ikkje Mei-
staren! (50) Men daa Jesus høyrde
det, svarade han og sagde: Ottast ikkje!
tru berre, so skal ho verta frelst.
(51) Men daa han gjekk inn i Stova,
let han ingjen ganga inn, utan Petrus,
Jakob og Johanies og Fader og Mo-
der til Barnet. (52) Men dei greto
alle og syrgde yver henne. Men han
sagde til deim: Graate ikkje! ho er
ikkje daai men ho søv. (583) Og
dei logo til honom, for dei visste, at
ho var daai. (54) Men han dreiv
deim utalle, treiv Hondi hennar, ropte
og sagde: Barn, statt upp! (55) Og
Anden hennar kom att, og ho reis
strakst upp; og han baud deim gjeva
henne aa eta. (56) Og Foreldri hen-
nar vorto reint forstøkte; men han
baud deim, at dei ikkje skulde segja
nokon det, som hadde hendt.

Tilsvar fraa 0. Åsperheim.

(Frambald.)

Hr. G. hev inkje sagt meg nokot
um den naturalistiske Diktningi, som
eg inkje visste fyreaat. So som han
definerar henne, vert ho altid definerat
av dei, som likar henne. Den natura-
listiske Diktningi gjev eit sannt Bilæte
av Livet som det er, meinar dei alle,
og det er alt, ho gjerer. Berre L*yvet
som det er, utan al Tanke, um korleids
det skal vera, det er den naturalistiske
Diktnings Program. Det visste me, fyrr
me høyrde det av Hr. G. Denne Dikt-
ningi gjer altso Krav paa aa vera mis-
takslaus; ho gjer seg til ein Paye i
Diktheimen. Me fær vel Lov til aa sjaa
litet paa dette. Den naturalistiske Dikt-
aren vil avskildra Livet som det er;
men han lyt daa fyrst hjaa seg sjølv faa
ei Greida paa, korleis det er. Det kjem
altso inkje berre an paa, at han syner
oss Livet slik, som han hev Skyn paa
det; hans Uppfatning lyt ogso vera beilt
upp rett og sann, um hans Diktning
skal vera som eit Fotografi av Livet.
Den naturalistiske Diktaren meinar daa,
at han ser Livet likso mistakslaust som
det Bilætet er fullkomet, som me finn
i Fotografens Objektivglas. Det er inkje
litet, ban krev fyr seg. Det er no inkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free