- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
80

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

80

Fedraheimen.

20de Mai 1882.

Dei ørskar. Naar 114 folkevalde
Menn styrer, so er det Einvelde, meiner
den gode Doktaren og Maalgranskaren
Chr. Vidsteen. Men ”lat ei vera Herre!”
for naar em hev Magti, — so er det
ikkje Einvelde.

Hr. Vidsteen er ein snild og ut-
segjande Mann; han læt oss vita, kva
han vil. Budstikka, Fædrl., Mgbl. og
alle Høgreblad forkynner nok og, at
”Sjølvstyre er Einvelde,” men dei vaa-
gar ikkje aa segja ei Meining fullt ut;
dei tigjer med Konsekvensen ”heis koti-
ranos esto!”” — og det burde dei ikkje
gjera. Dei burde tala ut — som Hr.
Chr. Vidsteen.

Altso: 114 er Einvelde, 1 er ?kkje
Finvelde. Styrarar, som vert valde av
Folket sjølv tridjekvart Aar, det er
Trældom; ein Styrar, som ikkje er folke-
vald, som Folket ikkje kann kontrollera,
og som ikkje tarv bry seg um Folke-

viljen, utan naar han so finn for godt,

— det er Fridom. Svart er kvitt, og
kvitt er: svart. Isen er varm og Elden
er kald. Det som er, det er ikkje, og
alt som ikkje er, — ,det er!

Det er Bakstræv, segjer Vidsteen,
aa halda paa det me hev: Folkerepræ-
sentasjonen som Herre i Huset. Nei;
me skal gaa tilbake til Homers” Stats-

forfatning! Det vil ikkje vera Bakstræv.

Homer livde ikring 1000 Aar f. Kr.
Tri tusund Aar tilbake i Tidi skal me

altso gaa for aa finna ei Statsforfatning;

og naar me det gjer, — so er me ikkje
reaksjonære!

— Fridom er Bakstræv, | Bakstræv
er Framstig. Upp er ned, og ned er
upp. Naar Verdi snurrar, so snurrar
me med. Den absolute Fornuft afgik
ved Døden iaftes Kl. 11.

— da, slik gjeng det, naar Folk
ikkje vil halda seg til det, som er, men
vil dikta det um til nokot nytt og mot-
sett. Det hemner seg sjølv aa vera alt-
for ”aand”-full. Fraa den Stundi Høgre
tok til med aa ”finna” det absolute Veto
i Grunnloven, er det som dei ikkje var
heiltupp kloke.
skilja millom det, som er, og det, som
dei vilde skulde vera. Dei hev øvt seg
upp til aa sjaa absolut Veto i Grunn-
loven baade her og der, og no maa dei

Dei kann ikkje lenger

i eit Slags. politisk Dilirium sjaa sine
eigne Draumar allestader, Det, som er,
ser dei ikkje; men det, som ikkje er,
det ser dei so klaart!

Dei skulde koma burt til Engeland,
desse vaare ”Fortolkarar”, elder til eit
annat Folk, som hadde stød Sans for
”det som er!” Og so skulde dei der
gjeva seg til med aa forklara, at Parla-
mentsstyre er Trældom, og KHinvelde
Fridom, og at mange er ein, og at ein
er alle, og at det, som stend i For-
fatningi, det stend der ikkje, men det,
som ikkje stend, det stend i kvar einaste
Paragraff. ... Undrast paa, kva Engelsk-
mannen vilde segja.

Den nye Skikken aa jaga Kongar av
Landet maa du ikkje rolegt finna deg i.

+ Fridomen er lokkande nok 1 seg sjølv.

Dersom ikkje Kongarne forsvarar Konge-
dømi likso kraftigt som Borgarsamfundi
strævar etter Fridom, so vil det høgste
jamnast ut med det laagaste, inkje nokot
framifraa, inkje nokot, som lyfter seg

upp yver Mengdi, vil daa finnast i Sam-

X

fundi; Enden vil vera komen for Konge-
dømi, denne fagraste Tingen millom
Gudar og Menn.”

— 80 talad, 500 Aar f. Kr., den
store romerske Hardstyrarkongen Tar-
kvinius Superbus, som for sine Synders
Skyld var uppsagd og fordriven fraa
Rom, og no rømde til Grannelandet for
aa søkja Hjælp der. So talad han, um
me kann tru gamle Fader Livius.

— Og so talar Morgenbladet enno.

Dei fer ikkje med for mykje nytt,
desse Kongeverjarar heruppe!

Det religiøs-politiske Blad Luthersk
Ugeskrift inneheldt den 6te Mai ein ” Re-
daktions- Artikel”, som er med det gro-
vaste me enno hev set av politisk Bak-
stræv i dette Landet.

Det var nok paa høg Tid, .at Thinget
fekk avtynt ”den mnaadigste”. For av
Luth. Ugeskr. kann ein sjaa, at det hev
voret Meiningi gjenom denne ”uskyldige”

”Høfligheds”-”Form? aa lura inn att

”Kongedømet av Guds Naade” i full

Stil og i full Stas, — og so kanskje
gjera dette til eit Prestevelde.

— Naar Ugeskr. og slike Folk segjer,
at Kongen er av Guds Naade, so meiner
dei ikkje dermed, at Kongen liksom
kvar annan Mann hev Gud aa takka for
sitt Embætte elder si Livsstilling; nei,
dei meiner, at Kongen hev si politiske
Magt ifraa Gud; so at Folket berre hév
aa lyda honom, — lyda og betala, men
ikkje hev den minste Rett til aa vera med
i Dandsstyringi, utan daa Kongen av
sin Naade gjev det ein slik Rett. Kon-
gen er Guds Utsending paa Jordi; hans
Vilje er Guds Vilje, so at um kvar
Mann i Folket vilde det motsette, so
gjorde han sin Vilje like godt. Daa han
hev si Magt ifraa Gud og ikkje fraa
Folket, so hev han ikkje nokot med aa
gjera Folkets Vilje; han skal gjera ”Guds”
Vilje, og det vil i politiske Ting segja,
at han skal gjera sin eigen Vilje.

Luth. Ugeskr. segjer det endefram.

”De moderne Bestræbelser efter at
gjennemføre Folkesuverænitetsprincipet
i vor Statsorden (sic)”, byrjar Bladet,
”har i den sidste Tid givet sig Udtryk
ogsaa inden vor Folkerepræsentation”
(fyrr hev det altso voret framande Folke-
repræsentasjonar, som hev drivet paa med
”de moderne Bestræbelser efter at gjen-
nemføre Folkesuvereniteten i vor Stats-
orden.”) ”Saaledes”, held Bladet fram,
har det nu forsamlede Storthing besluttet
at afskaffe Prædikatet ”naadigste Konge”
2. Og ber gjeld det meir enn ”blotte
Høflighedsformer.” Det gjeld, ”om Øv-
righedens Autoritet er at søge fra oven
eller fra neden. Det er det store Spørgs-
maal, om Konge og Øvrighed skal be-
tragte sig som ”Guds Tjener” (Rom.
13, 4) eller blot som Folkeviljens Tjener,
og om Statens Retsorden skal bygges
paa den guddommelige Aabenbarings
Moral:ov og være et Udtryk for Guds
Lov og Guds Orden, eller om den skal
bygges paa Folkeopinionens Grund og
gjøre sig til Udtryk alene for vilkaar-
lig (3) menneskelig Selvbestemmelse.”

Det er Spursmaalet, meiner Luth.
Ugeskr.

Me hey aldri set so mykje Tøv upp-
dyngt i so faae Ord.

Morgenbl. meinte, at dersom dei av-
tok Prædikatet ”naadigste”, so vilde

Norig ikkje lenger vera Kongedøme.
Men Ugeskr. gjeng endaa lenger. Kastar
me ”naadigste”, so vert Samfundet uæri-
stelegt, meiner det. Samfundet vert
gudlaust, ja morallaust!

Det læt seg ikkje gjera aa byggja
”Statens Retsorden” paa Guds Lov, der-
som ein segjer berre ”Deres Majestæt”
elder ”Til Kongen”. Fær ikkje Kongen
vera ”naadigst”, so vert han ikkje lenger
”Guds Tenar (Rom. 13, 4)”, men ”Folke-
viljens Tenar”, og vert Folkeviljen Herre,
so kann ikkje Staten byggjast paa Guds
Lov, fordi Folkeviljen er syndig og ”vil-
kaarlig.”

Men Kongeviljen; — den er ikkje
syndig og vilkaarlig, den? Nei. Alle
Kongar hev gjort Guds Vilje og haldet
seg til ”den guddommelige Aabenbarings
Morallov”, naar dei berre fekk vraa seg.
Og dei hev aldri bygt ”Statens Rets-
orden” paa nokot ”vilkaarligt” elder
sjølvtykkjelegt. Me kann berre minnast
dei ”allerkristelegaste? Ludvie”ar i Frank-
Dei gjorde Guds Vilje alle Mann,
og daa var ”Samfundets Retsorden et

rike.

.Udtryk for Guds Lov og Guds Orden.”

— Presten hev sagt det!
Ugeskr. gjeng endaa lenger. Kastar
me ”»naadigste”, so at altso Folkeviljen
vert Herre i Landet, — so vert Sam-
fundet ”naturalistiskt” segjer det.
Men Naturalismen er ”hverken mere
eller mindre end Skabningen, der gjør
Reyolte (Uppreist) mod Skuberen”. Po-
litisk Fridom — Upprør mot Gud! Folke-
su verænitetstanken
Ja, der stend so. Folkesuveræniteten
(”det naturalistiske Statsbegreb”) er en
”uforligelig Modsætning” til det ”kriste-
lige Statsbegreb”, — segjer Presten.

— Antikristendom!

—- Qg me, som i 68 Aar hev gjen-
get her og innbilt os, at Folkefridom og
Folkesuverænitet godt leet seg semja med
Kristendom og ”Guds Orden”! Ja hev
me ikkje tilmed takkat Gud for Fri-
domen vaar?” — No um Dagen gjer
Prestarne det ikkje lenger, det veit me
Men ikkje lenger sidan enn i 1864
— Fredrik Stang var endaa Øvstestatsraad

nok.

— ikkje lenger sidan enn i 1864 vart
det haldet Messe i alle Kyrkjur i Lan-
det til Takk for Fridomen av 17de Mai!

Og $ 79 var til daa og. Men $79,
som alle Nordmenn i eldre Tider heldt
for ”Perla” og Grunnsteinen i vaar For-
fatning, – den segjer so tydelegt som
ein Ting kann segjast, at Folket er det,
som skal raada i dette Land, Folke-
viljen er det, som skal vera Herre! —

Altso hev dei skikkelege, kristelege
Nordmenn i 68 Aar livt i Upprør mod
Gud, og so takkat Gud attpaa, fordi dei
fekk liva i slik ein Ulivnad! —

I Sanning, hev Presten Færden i
Ugeskriftet Rett, so vert ber ikkje onnor
Raad for Nordmennerne, enn at dei fær
gjeva Prof. Aschehoug Fullmagt til aa
”umstøypa” Grunnloven ”fullstendigt”,
som den gamle Mannen nok altfor
gjerna vil, og so fær dei heretter ikkje
halda Fest paa l7de Mai, men ”alminde-
lig extraordinær Bods- og Bededag,” og
daa gjera Bot for det, som var gjort i
1814, og for heile sitt Fridoms-Liv fraa
Men dersom Bids-
vollsmennerne hadde Rett, — og der-
som Chr. M. Falsen hadde Rett, daa
han sagde, at Kongemagti var ei Magt
utan Vilje, altso berre ein Reidskap, ein

daa av og til no.

Arm, Armen for Folkeviljen, — og
dersom Henrik Wergeland hadde Rett,
dan han sagde, at Grunnloven tolde og
kravde ein Fridom som Fristatens, —
og dersom Fredrik Stang hadde Rett,
daa han i 1833 kallad vaar Forfatning
”ein Modifikasjon av Republikken”, —
og dersom den same Mannen hadde Rett,
daa han i 1864 leet alle Prestar Landet
rundt halda Takkebøner for det som
vart gjort den l7de Mai 1814, — 50
burde Pastor Færden for sin politiske
Redaksjons- og Reaksjonsartikel dømast
til, kvar 17de Mai aa gaa fremst i den
store Processjonen, berande det reine
norske Flagget og ropande for kvart
tiande Stig: ”Vive la republique!” —
og endaa vilde Straffi vera for mild,
(Meir.)

Stortinget hev etter Forslag fraa Jaa-
bæk vedtekjet, at der ikkje skal gjevast
noko til kongelege Kommissionar. Der
var 74 Røyster mot 38. Bye, Berg, Di-
drichsen, Thuesen var med vinstre, Gre-
gersen og Hurum med høgre.

Tinget hev sagt ja til Sverdrups For-
slag um aa setja ein Stortings-Kommis-
sion paa 7 Mann til aa faa i Stand ein
Jurylov. — Der var 80 mot 830. Med
Sverdrup røystad og: Jebsen, Hurum,
Krag, Furu, Didrichsen, Motzfeldt, Thue-
sen, Svendsen, Essendrop, Bye og Berg.

Wde Mai vart halden paa vanleg
Maate med Guta-Tog, Flagtog og Folke-
fest. Flagg med svenske Fargar millom
dei norske var jamt aa sjaa. Some
Svenskar var med i Festen; dei bar ei
Sløyfe med dei norske Fargarne og yver
den eit gult Band. — Det hev voret
sagt, at desse Svenskarne var — norske
Høgremenn.

I Esypten hev Kongen vorte samd
med Ministrarne sine att.

Valet i Kr.a Arbeidarsamfund skal hal-
dast um Sundags Eftan Kl. 5. Val-
Lista stod i fyrre Nr. Der møter vist
innpaa 4000 og røystar. Det er uvist,
korleids det gjeng.

Lysingar.

Hos Ed. B. Gjertsen i Bergen er ud-
kommet og erholdes i alle Boglader: Bibel-
saga ved Paulsen og Mo.

(Vestmannalagets Utgaava).
Pris indb. 70 Øre.

Hos Ed. B. Gjertsen i Bergen er ud-
kommet og erholdes i alle Boglader: Vid-
steen, Oplysninger om Bygdemaalene i Sønd-
hordland. Pris 1 Kr. ;

Roiskolemode I Seljord

Fra 18de Juni til 9de- Juli holde-
Møde med Foredrag og Ordskifte i Sels
jord for ældre Høiskoleelever og andre
lidt videre komne Mænd og Kvinder.
Christopher Bruun har lovet at hjælpe
mig en Tid af Mødet og andre Talere
har jeg ogsaa Haab om. Kost og Logi
paa Skolen I Kr. Dagen, Deltagelse i
Mødet 6 Kr. for hele Tiden. Man an-
modes om at melde sig itide.

V. Ullmann.

(D. 11547—3.00).

Adr.: Seljord, Telemarken.

Lystspel i 5 Bolkar av

Tartyfle Moliére. I Umskrift fraa

J Fransk av J. Belsheim.
119 8. Pris 1 Kr. i Posten 1.10.
Nikolai Olsens Boktrykkeri,

Torvgaden 5 b.

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free