Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
27de Mai 1882.
Fedraheimen
83
Rusland enn her. Likevæl er det ille
nok, og her hev det amerikanske Sam-
fund eit av sine største Umbøtings-
arbeid.
Men ingen Amerikanar vilde upp-
gjeva nokot av sin Fridom, fordi, um
det her, som andre Stader, finst Mis-
bruk. Tvertimot. Di større Fridom,
di større Von um aa faa Misbruki
etterkvart avtynte.
— Åa ja, segjer mange der heime;
men det nyttar no lite aa snakka um
Amerika; det er so rikt og stort det;
mangt kann gjerast der, som ikkje
her vilde gaa an. — Men, var Amerika
so rikt og stort, den Gongen det gjorde
seg fritt? Nei, der var nok Skil paa
det! Men det gjorde seg fritt, og so
vart det rikt og megtigt, so at det no
stend som den fyrste Stat paa Jordi.
— Sist eg skreiv til ”Fedrh.? var
eg 1 ein stor By. Sidan hev eg reist
mykje paa Landet, og allestader kann
ein i det store og heile sjaa, for ei
Framgangsmagt Fridomen er. Sku-
larne er gode. Rettargangen er meir
beintfram og kostar ikkje Landet elder
Mannen Helyti mot vanlegt heime.
Veg-Verket vert styrt countyvis av tri
valde Menn. Her i Story Co. er det
tri Bønder, ein norsk og tvo Yankeear.
Dei hev Namn av ”Supervisors”. Skatte-
likningi vert utførd gjenom ein Mann
i kvart Herad (townslvip). Han fær
rundt med ei Bok og fær uppgjevet
av kvar Mann, kva han eig. Alt vert
reknat etter laag Takst, og so vert
det dreget ein Tridjepart ifraa. Skule-
styret er framifraa billegt. Prestarne
hev ikkje nokot med det ber. Kvart
”township” kaarar em ”director” (Styrar)
bland Farmarne (Bønderne).
I Norig høyrer eg der er Prestar,
som skriv imot Total-Avhald fraa
sterke Drykkjer. Her vert det arbeidt
trutt paa aa fremja den store og
gode Saki, som no hev god Framgang
rundt heile Amerika. I Jowa vil her
snart koma ein Lov mot baade Øl,
Vin og Brennevin. Her er nok Prestar
(helst av Synoden), som er imot denne
Goden her med; men Lukka er, at dei
Kararne hev ikkje so mykje aa segja
1 dette Landet.
Med det same eg røder um Prestar
lyt eg fortelja, at Storjohann er komen
her ut og preikar i Synode-Kyrkjurne
no um Dagen for fulle Hus. Han
”mekar money” (tenar Pengar) som
Sand, meiner eg. — Undrast paa, um
det er meg, han fylgjer etter? Han
veit kanskje, at eg likar han so godt
- ifraa Fanevigsla og Himmelferds-Preika
hans 1 1881. — I denne Tidi, daa det
reiser so mange Prestar herifraa og
heim, var det ventande, at Presteskule-
tanken hans Storjohan fekk god Inn-
gang her. Men so vart der Kvakl
um, kven av dei mange Slags Kyrkjur
her skulde hava Retten til desse Preste-
Emni, naar dei kom hit, ferdige fraa
Skulen hans. Han tok daa den Raadi
— gjorde Storjohann — aa gjera Kon-
trakt med den norske Synoden um, at
dei alle skulde ”ekspederast” fraa honom
til Synodens Preste-Høgskule i Deco-
rah, Jowa. Er ikkje det som det skal
vera? Er det ikkje mest som aa selja
Folk? Enn um no dei unge Gutarne
ikkje vilde gaa til Synoden? Skal dei
maatte gaa likevæl, fordi Storjohan,
dei uspurt, hev sett upp denne Kon-
trakti? — Det kunde væl henda seg,
at det fanst einkvar Ungguten, som
ikkje hadde Hug til aa vigja seg til
elt Kyrkjelag, som hev voret med paa
aa forsvara Negertrældømen, og som
held slike Sjælehyrdingar som Skarven
Bernt Muus. å
Her kjem ”Norskar? reisande all-
stødt. Dei læt no alle so ymist um
VYverferdi, og mest daa av di dei hev
voret for mange ihopstuvade paa kvart
Skip. Det er mykje til Medhug, desse
nykomne møter herute. Eg hev no
nokre Dagar lagt Merke til det, naar
Jarnvegsskreidi kjem austantil. Ifyrr-
dags var her tvo nokot eldre Konur
fraa Hardang, som av Jarnvegsmannen
vart viste av her i Nevada; men dei
skulde til næraste Byen vestanum her,
daa dei der ikring ein Stad hadde
gifte Born. Dei bar seg ille, fordi
dei ikkje skulde faa vera med dit, og
eg bad daa Konduktøren, um han ikkje
kunde lata dei gaa med fritt den vesle
Biten; men han berre synte meg Pass-
Brevet, og det lydde paa hit. Pengar
hadde dei ikkje, og eg stod just og
vilde taka upp nokre Skillingar (det
var 52 Cent, som skulde til) og betala
for dei for den Molen, som var att.
Daa kjem det ein Amerikanar, som
hadde stadet og set paa dette. Han
fekk i ein Hast Greida paa Saki —
og det maatte gaa snøgt; for Folke-
Træn stanar aldri lenger enn i det
lengste 3 Minuttar —. ”Berre faa dei
inn i Vogni att,” sagde han; ”eg be-
talar Frakti!” Og avstad kom dei.
Sidan høyrde eg, at han i den andre
Byen (Ames) hadde fengje Tak i ein
Norsk og gjevet han em Dollar, for
at han skulde skaffa dei Mat og rett-
leida dei til aa finna Borni sine. Slikt
er fagert aa sjaa. Det ser i det heile
ut til, at Amerikanarne likar dei nor-
ske. — Men dei skarve Jarnyegs-Ågen-
tarne er den verste Møda for Utvan-
drararne. No er Frakti den same til
den nemnde Byen som hit. Kvi kunde
dei ikkje daa fengje Passet i Orden
fran New-York? Dei var fraastolne 25
Dalar attpaa, daa dei stanad i Chi-
cago. Nykomarar skulde aldri snakka
til ein Kryp, fyrr dei kom vestanum
Chicago. Desse tvo hadde hellest god
Greida paa, kor dei skulde av. Men
slik hev eg no raakat paa og havt
Rettleiding med tri-fire Mis-sendingar.
Ein god Ting for Landsmennerne
vaare er det, at det i alle Byar her-
ute finst einkvar, som snakkar Norskt.
Men det er gjerna eit snodigt Norské,
ein fær høyra i dagleg Maate her.
Det er no fyrst ei Babels Blanding av
alle Bygdemaali der heime. Eg hev
paa Ågentferder her paa ein einaste
Dag høyrt Vossemaal, Soknemaal, Har-
dingmaal, Fjordbumaal, Jærbumaal,
Austlands-, Trondheims- og Bergens-
maal. Og dertil kjem so ei forunder-
leg Blanding av amerikanske Ord inni-
millom. Jamleg er det reine engelske
Ord med norske Endingar. Soleis
segjer dei: Tubb’en (Stampen), Tail’en
(Spåndet), Boilaren (Kjedelen), Stoven
(Omnen), Piggjen (Grisen), Plainen
(Høvlen), Roaden (Vegen) — istaden-
for the tubb, the pail, the boiler, the
stove osfr. Det lydest reint som eit
Tatermaal. Andre snodige Vendingar
hev dei og so i Langpratet; men det
er daa slike, som kortar og lettar.
”Me lyt angla Corna,” segjer dei istan-
for: ”me lyt køyra rundt um Hyrna.”
Meiningi er like god, og so er Ordi
færre. Og det gjeng som Fot i Sokk,
naar ein fyrst vert lit van med det.
I det heile er Folk svært greide
her. Du finn ikkje mykje Krus og
Krot, men godt Hjartelag er der i dei.
Banning høyrer ein sjeldan, og her er,
so vidt eg kann sjaa, mykje meir ”Moral”
enn i mangt eit gamalt Samfund.
Her er mykje Misnøgje yver heile
Landet yver den harde Domen, som
Sersjant Mason fekk (han som skaut
etter Guiteau). Aa skjota paa ein
Fange er -væl 1 vanlege Laget Stor-
brot. Men daa Mason skaut paa Skar-
ven. Guiteau, var det ei onnor Sak.
Mason var der berre eit Slags Uttrykk
for Folkeharmen yver, at slik ein Us-
ling fyrst paa ein reint andfæl Maate
hadde drepet Præsident Garfield og
so sidan med skamlaust Uppsyn fekk
Lov aa gjera Narr av heile Landet
med sitt Komediant-Vanvit og sine
”Stalwart”-Venner til Ryggstøda. Ser-
leg hev dei undrast yver, at Krigs-
ministeren Lincoln godkjende Domen
yver Mason, endaa han er Son av ein
like eins snikskoten Præsident.
Vrengjer no Arthur det slik til, at
Guiteau slepp aa ”dingla”, so vert det
tekjet som Prov paa, at han heng ihop
med baade Mordaren og Mordet. Og
det vil’ikkje vera klokt gjort av Præsi-
dent Arthur.
Her er toleleg gode Tider. Land-
mannen fær! rett god Betaling for det
han hev aa yta. Det gjeng no paa
med Pløgjing og Horving for Maisen,
som her er den dei driv mest paa med.
Her var fælande blautt lengje; men
daa Tæla gjekk or Jordi, var det maka-
laust, kor fort det turkad. Tvo Da-
gars Turk gjer meir paa Marki her
enn ei heil Vika der heime. Her er
mykje Torever. Noi Vika var her ei
Nott slikt Nordljos, at ingen kunde
minnast aa ha set Maken; eg hev
helder aldri set slikt. Lenger Sud hev
”Skypumpa” gjort ikkje so liten Skade
paa Bruer og andre Byggverk.
Hermed fær eg slutta. Gud Lukka
baade for Dykk, Hr. Bladstyrar, og
for ”Fedraheimen!” T...—
Fi Bispevigsla.
(Innsendi.)
Truleg æ dæ, Fedraheimens Lesarar
heve ikkje jamleg Høve til aa sjaa
slike, aa difyr heve eg haatta paa,
åt det kunne vera godt dei fekk høyra
kos de gjeng til. Dæ høvde seg her
nyleg, dei vart bispalause ein Stad|
eg vil kalla Rogaland. Dei gjekk der
Folk, aa dømde paa, som dei plaga
gjera, naar der bli presta- hell bispa-
laust, ”kven tru me no ska faa att?
Dei spurde ette au; — kven æ væl fri
fyr aa vera spurvis? — gjissa paa den
aa paa den; men Enden vart, at dei
fekk den Kongen vilde. — Dæ va
snaudt den, Folkje vilde kaart paa,
um dæ hadde stae til dei; men Kongen
ha ikkje for Naud te lya ette dæ,
3
store Horg.
han, maa tru. Han ha ikkje Bo aa
leggja fram Grunn dessmeir, kvifyr
han nemde ut den aa ikkje hin.
Dæ tore væl vera, at ”Kongedøme
av Guds Naade” skjemde seg ut, um
dæ leet Folk glytta paa Botnelagje.
D’æ sjølvsagt, at dei, som ser ein
Ting blir til, aa ikkje fær vita, ka Rot
dæ stende paa, dei hitta her aa der
ette Roti. Soleis tore der vera dei,
som meina, at denne Presten vart
Bisp, med di han va so hard til aa
preika Politik. — Kven veit? han kunde
magta aa hjelpa Ungdomen fram til
Novembermenn? Ette so eg heve haurt,
ska Unge aa Gamle no vera so sterke
Vinstremenn, dei truleg maatte døypas
paany, um dei sko verta litande paa. —
Nok æ de, Mannen vart Bisp aa maatte
vigslast.
De spurdest snart, ka Dag de sko
vera, aa tvo Timar fyre Tidi sto der
paa Plassen fyre Kjyrkja ei uhorveleg
Politie va testaes, aa
stagga inn i Rekkja alt dæ der kom;
so nær som dei Utvalde, som hadde
fengje Setel til Sæte.
Horgji sto der aa venta med Tola-
mod til Tidi kom, aa daa vart Kjyrkja
stappa med ein Gong. Der inne sto
Rader med Soldatar paa Kjyrkjegolve,
Bajonetten til Vers aa Chakoen paa
Hove. Va em so heppen han kom
langt nok inn 1 Kjyrkja, daa va der
vel eit Syn aa sjaa. Dæ bytte seg i
tvo Luter. Den eine i Samarie aa
Prestekrage var lang; den andre med
Gull paa Kragen, Sabel paa Sida aa
Stjønnur paa Bryste, so dæ glima i
Augo. Dæ va so mykje dæ leet seg
kje telja; de va vist samla alt de Byen
kunne avsjaa; — aa! enn all den Sta-
sen.. Fin kunne bli ør i Hove av
Syne. Bispe-Emnet preika. So daa
han va færeg med dæ, las han upp
ei Regla um, kos han hadde livt fraa -
Ja han hadde
Barndomen til dessa.
skrive dæ sjølv. Daa dette va Ende,
stelte han seg upp ve Altarfoten, aa
gamle Bispen las Latin lengje av ei
Bok. De skjønte ikkje eg. So la han
Haandi paa Bispe-Emne, vigde han aa
ba. Daa va han au Bisp.
Dæ gjekk visst rett aa beint til alt
ihop; de tvilar vel Ingjen paa. —
Stasen va der, Bajonettarne va der;
ei usturteleg Horg med Folk va der;
men kor va Hjarta?
Ska der so uskapeleg ein Stas til
aa tekkjast Gud — so maa der vera
|klein Gudsfrykt i dei Bygdar, der den
Vigde ska vera Bisp.
Men der æ Von um, at den, som
ser alt, finn likso hjarteleg Andagt i
den tronge Stova, der den kufteklædde
Bygdamannen les. aa ber, som han
finn, der dæ glimar av Gull, Stjønnur
aa Bajonettar!
Kristiania, den 26de Mai.
«Kongens Anskuelse** — skreiv
Dølen i 1869 — ”Kongens ”Anskuelse”
verdt det talat um i Foredraget til
Forslaget um ei ny Riksakt. Hot for
nokot? Les eg rett?” Skal han og hava
? Anskuelser” no? Det er mildast talat
uformelegt dette; for det stend i vaar
Grunnlog, at Kongen er ”hellig” og at
”Ansvarligheden paaligger hans Raad”.
Han kann difor ikkje vera med i slike
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>